Gå til innhold
Arkivverket

Aamund Erikson Bolstad (1710-1783) frå Luster til Bergen - gift tre gonger - først med Ragnhild Jørgensdotter - kva med borni hans? - ogso dei to han hadde i Luster før han gifte seg - kanskje flytte dei òg til Bergen - eller med mori til ytre Sogn?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I desember 2015 la eg ut eit tema om Ole Aamundson Bolstad frå Luster og kona Ingeborg Jørgensdotter:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/199881-ole-aamundson-bolstad-1722-og-kona-ingeborg-jørgensdotter-frå-luster-til-kvinnherad-son-jørgen-gift-kvinnherad-1772-kven-var-kona-hans/#comment-1689132

 

Under nemnde emne vart òg søsteri til ingeborg nemnd, Ragnhild Jørgensdotter, som gifte seg med Aamund Erikson Bolstad.  Dette nye emnet handlar om Aamund og «forviklingane» hans!  Han var gift heile tre gongar, men me veit ikkje noko om kone #2 eller #3 anna enn namni deira...  Me kjenner berre til born frå første ekteskapet, MEN han fekk òg to søner med ei jente frå Skjolden i Luster, som forsvinn frå Luster som born.  Kan faren ha teke seg av minst ein av dei?  Eller flytte dei til ytre Sogn med mori?

 

Manuskriptet mitt er todelt, men båe delar handlar om Aamund Erikson og borni hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter interessante nye opplysningar og spennande «teoriar» er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Det er heller «pussigt» at Aamund og Ragnhild gifte seg på Fitjar, Stord, og eg har spekulert på om dei to søstrene kunne vera derifrå, men ei Ragnhild Jørgensdotter i «høveleg» alder vart konfirmert i Luster i 1738, so kanskje dei berre var mellombels på Fitjar «i arbeids medfør»...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og lever i voni om at nokon dreg kjensel på denne huslyden...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hun dør i 1790 og alderen tilsier at hun skal være født i ca. 1734

 

https://media.digitalarkivet.no/sk20110329610503

 

Mest sannsynlig er det Cecilie Cathrine du finner døpt i 1727 i Bergen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005951313

 

De samme foreldrene Jonas Olsen og Sidsele / Cecilie Catharine har også barna:

 

Christian i 1728:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005953019

 

Ingeborg i 1721

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005941512

 

Mest sannsynlig de samme som er nevnt i skiftet i 1790

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Kenneth for spennande og nyttige meldingar!

 

Etter dette ser det ut som om siste kona til Aamund Erikson Bolstad er eintydig identifisert.  Hadde endå andre kona hans, Maren Andersdotter, hatt eit like «spesielt» namn...

 

Men eg har no sete og jobba litt med spørsmålet kring Maren Andersdotter og har sett opp nokre tankar i ein oppdatert versjon av manuskriptet som følgjer.  Eg er ganske sikker på at ho hadde vore gift med skolappar Anders Olsen på Stølen, og at dei fekk tre born i lag.  Men ho var enkje alt då ho gifte seg med Anders Olsen i 1744, og eg spekulerer veldig på om ho kan ha vore gift første gongen med soldaten Lars Thomassen??  Det er ymse som kan tyda på det...  Me kjenner til at det var ein del «trafikk» mellom Bergen og Danmark i dei tider, særleg med soldatar...

 

Dette manuskriptet erstattar manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Aamund Erikson (Bolstad), f. i Luster kring 1710,

Aamund Bolstad flytte til Bergen kring 1742 og gifte seg på Fitjar, Stord 17.11.1743 med Ragnhild Jørgensdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

ei søster av Ingeborg Jørgensdotter som var gift med Ole Aamundson, ei tid husmann på Skjolden 2 under Bolstad, men sidan òg busett i Bergen. Ragnhild var f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1719? – kan henda konfirmert Luster 1738 – 20 år!?)

 

Men ho vart gravlagd frå «Fjellet» i Bergen alt 23.4.1749, og Aamund gifte seg 29.8.1751 att i Krosskyrkja i Bergen med enkja Maren Andersdotter,

 

##### (opphav og opplysningar? – 1751: «enkje på Stølen» - var enkje då ho 31.5.1744 gifte seg i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Anders Olsen, skolappar på Stølen! – vart gravlagd frå Stølen 2.11.1745, 50 år gamal – born:

       * Ole Andersson, tvilling, døypt KK 22.9.1744

       * Anders Andersson, tvilling, døypt KK 22.9.1744

       * Anna Elisabeth Andersdotter, døypt KK 1.3.1746

       So ser eg at ei Maren Andersdotter med mann, soldat Lars Thomassen (?vigde i Ugilt, Hjørring amt i Danmark 11.1.1722??) hadde desse borni:

       * Johannes Larsson, tvilling, døypt KK 3.1.1721

       * Elen Larsdotter, tvilling, døypt KK 3.1.1721

       * Anna Elisabeth Larsdotter, døypt KK 24.4.1725

       * Anna Marie Larsdotter, døypt KK 1.11.1727

       * Kirsten Larsdotter, døypt Ugilt, Hjørring amt i Danmark 7.4.1734

       * Kirsten Larsdotter, døypt Ugilt, Hjørring amt i Danmark 4.8.1737

       Det var underleg med dette namnet Anna Elisabeth, og likeins med tvillingfødslar hjå båe pari…!? – KAN tyda på at det er den same Maren Andersdotter??)

 

Maren d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

og Aamund gifte seg tredje gongen i Krosskyrkja i Bergen 25.4.1773 med Cecilie Cathrine Jonasdotter frå Bergen.  Ho vart døypt i Bergen 25.5.1727 og vart gravlagd i Bergen 19.7.1790.  Aamund Bolstad var bordarbeidsmann («snikkar»), og han budde for det meste på Stølen i Bergen.  Han vart gravlagd i Bergen 3.10.1783.  Me veit om to born etter Aamund Bolstad, som båe var frå første ekteskapet:

 

##### (fleire born??)

 

a. Erik Aamundson Bolstad, døypt på Fitjar, Stord 20.1.1745, d. i Bergen 22.12.1814. Erik Bolstad gifte seg i Sogndal 23.4.1772 med Ingeborg Maria Ingemarsdotter Bierch frå Sogdalsfjøra i Sogndal, f. i Sogndal kring 1744.  Ho d. i Bergen 24.7.1830.  Erik Bolstad var sersjant, og han og Ingeborg budde ei tid i Sogndalsfjøra, men han vart sidan overtollbetjent i Bergen, og dei busette seg i Ytre Markeveien i Bergen.  

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst tre:

            * Amund Fredrik Bolstad – busett i Bergen

            * Christence Høegh Bolstad Steen – busett i Bergen

            * Rangeline Marie Bolstad Møller – busett i Bergen)

 

b. Anne Kirstine Aamundsdotter Bolstad, døypt i Bergen 13.4.1749, vart gravlagd i Bergen 20.6.1749.

 

~~~~~~~~~~~~

 

 

 2. Synneva Olsdotter, f. kring 1706, levde framleis på Skjolden i 1738 då ho vart stemnd for andre gongs leigarmål.

Synneva Olsdotter flytte

 

##### (forsvinn frå Luster kort etter 1738! – kvar kan ho ha vorte av? – ytre Sogn eller Bergen?)

 

Ho hadde desse to gutane, medan ho budde i Luster:

a. Torbjørn Aamundson, son av Synneva og snikkar Aamund Erikson i Bergen (1710-1783), opphavleg frå Bolstad (bnr. 8), vart døypt i Luster 28.3.1734,

 

##### (flytte frå Luster før konfirmasjonsalder – truleg med mori – lagnaden hans? – ytre Sogn eller med faren til Bergen??)

 

b. Ole Aamundson, likeins son av Synneva og snikkar Aamund Erikson i Bergen (1710-1783), opphavleg frå Bolstad (bnr. 8), vart døypt i Luster 23.3.1738,

 

##### (flytte frå Luster før konfirmasjonsalder – truleg med mori – lagnaden hans? – ytre Sogn eller med faren til Bergen??)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar som alltid på at vankar eitt og anna ekstra «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingemar Hansen Bierck og kona Kristense Olsdotter Stueb nevnes i Sogndal bygdebok under Sogndalsfjøra, som bosatt der 1727-1777 ("Folk i Fjøra - uvisst kvar"). Det nevnes de tre barna du har, men det sies også at Erik hadde en sønn Erik f. 1772, med Gjøri Einarsdotter Lad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant og nyttig innlegg!

 

Eg har no oppdatert opplysningane om Bierch i manuskriptet i innlegg #5 ovanfor.

 

Men du hadde òg ei spennande sak om Erik Erikson fødd «uekte» i 1772.  Dette barnet skulle ha vore med under gnr. 144 i band IX i Luster, men vart oversett!  Finn du noko meir om Erik Erikson?  Gjøri gifte seg i Sogndal i 1777 med Jens Erikson frå Venes, og dei flytte til Vindedalen i Lærdal!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.