Gå til innhold
Arkivverket

Kari Olsdotter, fødd kring 1728 - med bestefar frå Skjolden i Luster - levde i 1740, men kan ikkje ha butt i Luster - kvar vart ho so av? - kan henda i Askvoll? - ei skikkeleg «utfordring»!!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei nøtt som eg har hatt liggjande i 35 år, og eg har vel meir eller mindre «resignert», men kven veit?  Kanskje er det nokon som har ein «glup» idé for å komma vidare?  Eg har ikkje nokon lyst til å gje heilt opp, endå...

 

Det vart 26.3.1740 holdt skifte på plassen Vinjane under Bolstad i Luster etter husmann Peder Olson som døydde barnlaus: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/187?indexing=

 

Mellom ervingane hans var ein bror Ole, som var avliden og etterlet seg ei dotter Mari «Maren» Olsdotter, som òg var avlidi, men som etterlet seg ei dotter att som heitte Kari Olsdotter på 12 år, d.v.s. fødd kring 1728.

 

Bestefaren til barnet, Ole Olson Skjolden, var fødd på Eide i Luster kring 1680 og er nemnd «soldat» i 1711.  Det er alt me veit om denne karen.

 

Dotteri Mari «Maren» veit me absolutt ikkje noko om i det heile, anna enn at ho må vera fødd kring 1703-1707.  Om ho var gift, seier skiftet ikkje noko om, og diverre manglar det kyrkjebøker for Luster før 1731, so me har ikkje høve til å sjå etter korkje vigsle eller dåp av Kari i Luster.  Men sikkert er det at Kari Olsdotter IKKJE vart konfirmert i Luster, so ho må vera oppvaksi ein annan stad, og kanskje ogso fødd ein annan stad?

 

FamilySearch syner at:

 

** ei Mari Olsdotter gifte seg i Askvoll 12.11.1724 med ein Ole Gunderson - desse får ein son Nils, døypt 25.12.1724: https://media.digitalarkivet.no/view/8593/89

 

** ei Maren Olsdotter gifte seg i Nykyrkja i Bergen 14.1.1725 med ein Ole Iverson - desse får berre eitt barn i Nykyrkja: Johanna, døypt 19.12.1725

 

** ei Mari Olsdotter gifte seg i Nykyrkja i Bergen 16.12.1725 med ein Ole Halvorson - desse får ingen born i Bergen det eg kan sjå...

 

Når det gjeld Askvoll, so får ein Ole Sætre i Askvoll eitt barn, dotteri Karen døypt i Askvoll 14.12.1728: https://media.digitalarkivet.no/view/8593/188

 

Me har òg Ole Sætre som får born i Askvoll i 1739 (Thomas), 1746 (Britha) og 1751 (Mathis)

 

So er spørsmålet: Kan det vera Ole Gunderson og Mari «Maren» Olsdotter som får dette karen Karen på Sætre i Askvoll i 1728???

 

Bygdeboki for Askvoll har truleg svaret...?

 

Men det kan jo sjølvsagt òg tenkjast at svaret på spørsmålet om lagnaden til Kari Olsdotter ligg ein heilt annan stad...!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne jenta og lagnaden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Det ser ut til at Sætre i Askvoll kanskje ikkje er rette staden, sjå bilde, om det då ikkje var ein annan Ole Sætre der samtidig.

I oversikten mangler tydeligvis Karen f. 1728 og Mathis f. 1751.

 

Sætre Askvoll.jpg

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for interessant, om enn skuffande, melding!

 

Då lyt me førebels «avskriva» Askvoll som reisemål for Mari Olsdotter, med mindre Ole Gunderson og Mari Olsdotter skulle ha fått ei dotter Kari kring 1728?

 

Eg takkar igjen for avklarande opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for nytt innlegg frå i går.

 

Eg ser at «kandidaten» din hadde tilhald på garden Eide i Fana, og han var tydeleg gift med ein son Henrik f. kring 1697.  Det er nok diverre svært lite sannsynleg at dette er mannen eg leiter etter.  Me har ingen nøyaktig alder på «min» Ole, men broren Peder, som i 1701 tente på garden Fjøsne i Luster, var fødd kring 1685, og so mykje eldre kan ikkje «min» Ole ha vore.  Han hadde ?og to søstrer, men dei var endå yngre...

 

«Min» Ole Olson er nemnd i ei soldatliste frå Luster frå 1711, der det står at han var fødd på Eide i Luster, men eg har so langt ikkje greidd å identifisera denne soldaten i boki til Egil Øvrebø over soldatane frå Bergenhus som var innblanda i store nordiske krigen!  Han har so altfor mange Ole Olson...!

 

Eg vil vel tru det må vera enklare å leita etter kombinasjonen Mari Olsdotter/Kari Olsdotter, men spørsmålet er berre kvar!  Eg trur me kan utelukka Hafslo, Årdal, Lærdal og Sogndal, men Kari KAN som før nemnt godt ha vore fødd i Luster.  Berre det at kyrkjebøkene manglar...  Og ho var tydeleg flytt frå Luster FØR ho kom i konfirmasjonsalderen...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.