Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Iverson Bolstad - fødd i Luster 1796 - reiste som ungkar til Nordland i 1851 - tok livet sitt i Karlsøy i 1865 - kva gjorde han der?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jens Iverson Bolstad, døypt i Luster 21.8.1796, fekk mellom 1831 og 1841 tre døtrer i Luster med nabojenta Guri Jensdotter Bolstad (1809-1845), men noko bryllaup vart det aldri...  I 1851 fekk Jens utflyttingsattest til Nordland, og me veit ikkje noko om lagnaden hans der oppe bortsett ifrå det som kjem fram i kyrkjeboki for Karlsøy i 1865:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002171083

 

So livet hans fekk jo ein heller tragisk utgong, men finst det opplysningar i Karlsøy om kva han gjorde der?  Hadde han gard eller kva?  Bustaden hans i 1865 var Jægervand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Jeg har søkt i kirkebøkene etter innflyttere uten å finne noe der.

Jægervand er i dag Jegervatnet i Lyngen kommune I Troms. Beliggende på vestsiden av Lyngenhalvøya

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for innlegget frå måndag om denne utfordringi i Karlsøy!

 

Me veit vel ikkje noko sikkert om at Jens fór direkte til Karlsøy få han reiste frå Luster.  Eg vil gissa på at han sikkert òg har butt andre stadar, men so mange år etter vert det nok vanskeleg å gjera eit målretta søk...

 

Men eg er uansett takknemleg for alle freistnader, og eg takkar nok ein gong for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alvin Andreassen

Jens I. Bolstad var (Jægervand i Ullsfjord) ungkar da han forlot dette livet.  Han var ikke bruker av noen gård.  De fleste gårdene i området var leilendingsbruk på den tiden..  Det var ikke vanlig at en ungkar var leilending eller eide en gård, om han da ikke hadde arvet den.  På den tiden var det tre gårder og tre husmannsplasser på Jægervand.  Gårdene var bra og ble drevet godt.  Folketellingen i 1865 viser at det var godt med tjenestefolk på gårdene.  Jens var nok tjenestekar, men han var i 1865 ikke lenger noen ungdom.  Kanskje kan det tyde på at han hadde vært på plassen en god tid. Hans reise til Nordlandene ble kanskje ikke som forventet.  Strengt tatt burde det finnes en form  for skifte etter ham, men skiftene er ikke utlagt lenger enn til 1866.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alvin for ein liten «analyse» av samfunnet på Jægervand i Karlsøy.

 

Eg er samd med deg i at Jens mest truleg berre har vore der som «dreng» på ein av gardane utan noki meir tilknytting, og det er vel ikkje so sikkert at eit eventuelt skifte etter han vil fortelja oss noko meir...

 

Men, eg har vorte overraska før, og eg har sjølvsagt ikkje noko imot fleire opplysningar som måtte dukka opp...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med lagnaden til Jens Bolstad!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×