Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Søstrene Karen Olsen (1835) og Anna Lagerløf (1841) - frå Luster til Bergen - og kven var Johan Lagerløf, den svenske mannen til Anna?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Desse to søstrene frå Luster har kan henda ikkje so stor etterslekt i Bergen, men eg vil tru det kan vera ein og annan.

 

Den kanskje største utfordringi her er Anna, som gifte seg med svensken Johan Lagerløf og som sidan «konverterte» til katolisismen.  Eg manglar både opphav og lagnad for denne svensken, og eg forstår ikkje kvar det kan ha vorte av Anna etter ho vart enkje!?

 

Her følgjer manuskriptet mitt for desse jentene:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempeflotte innlegg med spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

Bodø by 1816-1966

 

Handelsborgere og håndverksborgere i Bodø inntil utgangen av 1899

Lagerløf.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Vielsen til Herman og Ragna

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000522702

 

Fra kib

 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 4, 1896-1905, s. 4
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060623050042

 

Endret av Carsten Schanche

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

lagerløf.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Sveriges Befolkning 1880:

 

Post 1880-5-67-260

Lagerlöf, Johan Alfred
Skomakare

f. 1858 i Skällvik (Östergötlands län, Östergötland)

Ogift man, ensam i familjen

Stensätter
Börrum (Östergötlands län, Östergötland)

Registrerad födelseort: Skällvik Östergötlands län
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

AID:v40262.b157.s309

Skällvik-C-3-1818-1861-Bild-157-sid-309.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

AID:v24816.b327.s320

Kuddby-AI-19-1869-1875-Bild-327-sid-320.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Sveriges Dödbok 1901-2013

 

 

18580916

Lagerlöf, Johan Alfred

Ålderdomshemmet

Död 7/6 1939.

Kyrkobokförd i Styrstad (Östergötlands län, Östergötland).

Född 16/9 1858 i Linköpings Sankt Lars (Östergötlands län, Östergötland).

Änkling (1891).

Anm:
GB206
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2014:
Norrköpings Sankt Johannes, Norrköpings kn (Östergötlands län, Östergötland)

Födelseförsamling i källan:
Sankt Lars (Östergötlands län)

Källor:
DBU, FS
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

lagerløf2.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er endå ein gong mektig imponert!

 

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Sven for kjempeflotte innlegg om desse søstrene og huslydane deira!  Det ser so «leikande lett» ut, men eg veit det ligg mykje arbeid attom!

 

Det var interessant å lesa om Johan Lagerlöf og at han vart «enkjemann» i 1891!  Han flytte attende til Sverige i 1893, og dette må vel då tyda at han og Anna vart skilde på den tidi!?  Men kvar kan det ha vorte av Anna Lagerlöf etter 1900, tru?

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire spennande og interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #23 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats so langt for denne huslyden og ville sjølvsagt verta svært takksam for ytterlegare «gullkorn»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Emigrasjonen til Norge !

Name:Johan Alfred Lagerlöf

Gender:Man (Male)

Birth Date:16 sep 1858

Birth Place:Sankt Lars, Malmöhus (Skåne)

Departure Date:2 aug 1886

Departure Place:Landskrona, Malmöhus (Skåne)

Arrival Place:Norge (Norway)

Occupation or Relation:Skomakaregesäll

Marital Status:Unmarried (Single)

Notes:Travels alone

Original Page:210

Household Members:

Name

Johan Alfred Lagerlöf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjerteleg takk til Carsten, Kurt, Vibeke og Sven for nye imponerande innlegg om denne huslyden.

 

Særleg sat dødsfallet til Anna Lagerlöf langt inne!  Den gongen eg gjennomsøkte dødsbasen for Bergen, var ikkje gravferdene frå St. Paul med i basen!!

 

No har eg òg leitt fram dødsmeldingi hennar, men den var ikkje store hjelpi.  Ho let berre etter seg eit testamente!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27890/207?indexing=

 

So me kan vel gå sikkert ut ifrå at ho ikkje let etter seg born!?

 

Manuskriptet frå innlegg #17 ovanfor er no erstatta av dette nye:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Jensdotter (Bolstad), likeins dotter av Guri og gardbrukarsonen Jens Iverson frå Bolstad (bnr. 13) (1796-1865), var f. i Luster 1.12.1835.

Karen Bolstad flytte i ung alder til Bergen der ho 18.8.1867 gifte seg med Hans Olsen frå Horne i Hyllestad.  Han var son av gardbrukar Ole Hansson på Horne og kona Helena Nilsdotter frå Bjørnestad og f. i Hyllestad (Askvoll) 7.11.1842.  Hans var smedsvein, og han og Karen budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Nedre Strangehagen, men Karen Olsen d. i Fosswinckelsgate i Bergen 22.5.1894.  Hans Olsen d. som enkjemann og smedsvein i Rosenberggaten i Bergen 21.9.1902.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Herman Johan Hansson Olsen, f. i Bergen 6.3.1867, d. som maskinist i Bergen 15.11.1919.  Herman gifte seg i Nykyrkja i Bergen 20.6.1896 med Ragna Amalie Johansdotter Indseth frå Kristiansund, f. i Kristiansund 29.9.1873.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1919!)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: maskinist Munkebæksmuget i Bergen)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1910: ingen)

 

b. Olaf Hansson Olsen, f. i Bergen 23.2.1869, d. i Bergen 3.3.1869.

c. Helene Hansdotter Olsen, f. i Bergen 12.9.1870, d. ugift på ein pleieheim i Bergen 15.7.1923.

d. Olufine Hansdotter Olsen, f. i Bergen 2.4.1872, d. i Bergen 10.4.1872.

e. Olaf Hansson Olsen, f. i Bergen 23.4.1873,

 

     ##### (n. 1885/1891 (mekanikuslærling)/1900 (fyrbøtar) – lagnad?)

 

f. Carl August, kjend som Karl Hansson Horne, f. i Bergen 9.3.1875, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – sjekka dødsmelding Philadelphia, PA – Bergen 9.10.1968 – Carl Hjalmar Horne!?)

 

     Karl gifte seg i Nykyrkja i Bergen 21.8.1918 med Berthe Kathrine Christiansdotter Birkeland frå Bergen, f. i Bergen 2.12.1879.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg Bergen 9.9.1964)

 

     Karl Horne var bilethoggar, medan Berthe var forretningsdame. 

 

     ##### (kva slag forretningsdame?)

 

     ##### (bustad? – han utv. 1904 over Christiania til New York!!)

 

     ##### (born?)

 

g. Hans Olai Hansson Olsen, f. i Bergen 2.11.1876, d. som dampskipsmaskinist i Sandviken, Bergen 24.7.1909.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 12.1.1907 med Bergljot Katinka Olsdotter Skaar frå Bergen, f. i Bergen 12.12.1882.  Ho d. i Bergen 22.2.1967.  Bergljot gifte seg 15.11.1913 att i Johanneskyrkja i Bergen med Albert Mikal Martinusson Olsen frå Bergen, f. i Bergen 10.2.1883.  Han d. i Bergen 21.1.1968. 

 

     ##### (sjekka dødsstadane deira?)

 

     Hans Olai var dampskipsmaskinist, medan Albert var styrmann og sidan tolloppsynsmann.  Bergljot budde i båe ekteskapi i Bergen. 

 

     ##### (born? – ingen?)

 

h. Clara Maria Hansdotter Olsen, f. i Bergen 4.4.1878, d. i Bergen 29.12.1880.

 

~~~~~~~~

 

Anna Jensdotter (Bolstad), òg dotter av Guri og gardbrukarsonen Jens Iverson frå Bolstad (bnr. 13) (1796‑1865), var f. i Luster 14.1.1841.

Anna Bolstad flytte òg i ung alder til Bergen der ho 2.10.1887 gifte seg i Domkyrkja med Johan Alfred Johansson Lagerlöf frå Skällvik i Östergötlands län i Sverige.  Han var son av Maja Lena Blomquist og steson av båtsmann Johan August Johanson Alvarsam og f. i Skällvik, Östergötlands län i Sverige 16.9.1858.  Johan Lagerlöf var skomakarsvein og flytte i 1886 frå Landskrona til Noreg.  Han og Anna budde ei tid i Bodø og sidan i Nygaardsgaten i Bergen.  Johan og Anna flytte frå kvarandre i 1891, og Johan Lagerlöf flytte i 1893 frå Bergen attende til Styrstad, Östergötlands län i Sverige der han d. på gamleheimen 7.6.1939.  Anna Lagerlöf tok den katolske trui og arbeidde som strykerske i Bergen.  Ho busette seg i Lille Øvregaten i Bergen der ho d. 12.4.1909.  Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette kan eg slå fast; det er ikkje so mange «gullkorn» som står att å finna, bortsett ifrå:

 

** Lagnaden til fyrbøtar Olaf Olsen?

 

** Lagnaden til Ragna, enkja etter Herman?

 

Elles ser eg at eit par dødsmeldingar må sjekkast i Bergen...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegg!

 

Dødsmeldingi etter Ragna vert sjekka, so får me sjå...

 

Dødsmeldingi til Herman frå 1919 syner testament...: https://media.digitalarkivet.no/view/27861/304?indexing=

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.