Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Monsina Jensdotter Bolstad (1832-1915) - frå Luster til Bergen - gift med Erik Johnson (1820-1871) frå Egge Gloppen - huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

So har eg sett lite vetta på endå ei Bolstad-jente frå Luster som busette seg i Bergen, Monsina Jensdotter.  Problemet med ætti hennar er dei vanlege namni - særleg JOHNSEN,  Men so fann eg dødsmeldingi hennar frå 1915, og der kjem det jo fram litt av kvart.  Den var sogar so vanskeleg å lesa at ein av svigersønene framleis står som heilt ukjend - sjå:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27860/33?indexing=

 

Eg føler eg er på «staden kvil» med denne huslyden no, men kanskje nokon finn detaljar som eg har oversett?

 

Her følgjer manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og spåennande innlegg har eg no førebutt eit oppdatert manuskript, som følgjer i innlegg #12 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 66

 

Sør-Trøndelag fylke, Bakklandet (Bakke) i Trondheim, Ministerialbok nr. 604A27 (1917-1933), Døde og begravede 1920, Side 67
Permanent bilde-ID: kb10081112050070
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10081112050070
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081112050070.jpg

 

Nummer 15

 

Sør-Trøndelag fylke, Bakklandet (Bakke) i Trondheim, Ministerialbok nr. 604A27 (1917-1933), Døde og begravede 1924, Side 111
Permanent bilde-ID: kb10081112050114
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10081112050114
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081112050114.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

?? Nummer 50 Gerda Johanne

 

Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue i Trondheim, Klokkerbok nr. 602C14 (1904-1914), Døde og begravede 1909, Side 110
Permanent bilde-ID: kb20060126020195
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060126020195
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060126020195.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Den til no ukjende avdøde arbeidsmanden, mannen til Emilie; er vel helst løsarbeidar Daniel Olsen Sundsbak(k) i frå Åsane, då Hamre prestegjeld:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335055238

 

Her då henta frå FT 1900 for Bergen. Kan nok garantert leitast opp i både FT 1891 og FT 1910 òg

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Her er huslyden Sundsbak i FT 1910 for Bergen, merk at Emilie då er enkje og at dei framleis bur på samme adressa.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708039279

 

Det yngste barnet i familien, Norman, er fødd i 1903.

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Endå ein gong er eg imponert!  Hjarteleg takk til Sven, Terje og Carsten for informative og oppklarande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har oppdatert manuskriptet tilsvarande og fann på eigi hand òg eit par andre detaljar.  Her følgjer den oppdaterte versjonen til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Monsina Jensdotter (Bolstad), f. i Luster 3.3.1832,

Monsina Bolstad flytte alt i 1847 til Bergen der ho 20.11.1853 gifte seg med Erik Johnsen frå Egge i Gloppen.  Han var son av gardbrukar John Johnson på Egge og kona Borni Axelsdotter frå Bogstad og f. i Gloppen 25.11.1820.  Erik Johnsen var snikkar og sidan dikselsmann i Bergen, og dei budde fleire stader, mellom anna i Knøsesmuget og sidan i Nøstegaten der Erik d. som dikselmann 9.5.1871.  Monsina Johnsen budde som enkje mellom anna i Vestre Muralmenning og sidan i Tyskesmuget der ho d. 1.7.1915.  Dei fekk sju born i lag:

a. Johanne Jensine Eriksdotter Johnsen, f. i Bergen 5.3.1855, d. som enkje i Trondheim 13.2.1924.  Johanne gifte seg i Domkyrkja i Bergen 9.6.1880 med Andreas Thomasson frå Skjørseter under Øverland i Bolsøy, kjend som Andreas Øverland.  Han var f. i Bolsøy 3.4.1859 og d. som typograf i Trondheim 25.10.1920.  Andreas Øverland var boktrykkarsvein og sidan typograf, og han og Johanne budde i Trondheim. 

 

     ##### (talet på born? – inkl.:

            * Elinus Gerhard Sverre Øverland, f. DK, Bergen 4.7.1880, gift Bakklandet 27.11.1904 med Hilda Sofie Larsen

            * Gerda Johanne Øverland, f. Kristiansund 1887 – d. ugift sypike Vår Frue, Trondheim 18.9.1909

            * Andrea Øverland, f. Trondheim 8.9.1888 – n. 1910

            * Erikka Øverland, f. Trondheim 8.3.1890 – n. 1910

            * Adler Øverland, f. Trondheim 2.2.1893 – n. 1910

            * Gerhard Øverland, f. Trondheim 1894 – n. 1900)

 

b. Jens Erikson Johnsen, f. i Bergen 26.9.1856,

 

     ##### (n. 1915 (sjømann) – lagnad?)

 

c. Bernt Martin Erikson Johnsen, f. i Bergen 20.4.1859, d. i Bergen 1.12.1859.

d. Berentine Emilie, kjend som Emilie Eriksdotter Johnsen, f. i Bergen 23.3.1861, d. som fiskehandlarenkje i Bergen 3.2.1935.  Emilie gifte seg i Domkyrkja i Bergen 5.6.1887 med Daniel Andreas Olson frå Sundsbakken i Åsane, Hamre, i Bergen kjend som Daniel Sundsbak.  Han var f. i Åsane 24.2.1857 og d. som fiskehandlar i Bergen 20.4.1907.  Daniel Sundsbak var lausarbeidar og sidan fiskehandlar, og han og Emilie budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Einar Sundsbak, f. Bergen 10.10.1887 – n. 1900/1910

            * Hjalmar Emil Sundsbak, f. NK, Bergen 15.5.1890 – n. 1900/1910

            * Dagny Marie Sundsbak, f. DK, Bergen 16.5.1892 – n. 1900/1910

            * Anna Modesta Sundsbak, f. DK, Bergen 3.1.1895 – n. 1900/1910

            * Hjørdis Emilie Sundsbak, f. DK, Bergen 1.12.1897 – n. 1900/1910

            * Solveig Sundsbak, f. Bergen 26.6.1900 – n. 1900/1910

            * Normann Sundsbak, f. Bergen 18.9.1903 – n. 1910)

 

    e. Hjalmar Martin Erikson Johnsen, f. i Bergen 21.6.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1934)

 

     Hjalmar gifte seg i Mariakyrkja i Bergen 28.10.1897 med Olina Andersdotter Johnsen frå Severeidstreet under Severeide i Fusa, f. i Fusa 9.6.1864.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1897: maskinist Bergen – 1922 lagermann – 1934 lagerarbeidar)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1922/1934 syner ingen!)

 

f. Øllegaard Augusta Amalie, kjend som Augusta Eriksdotter Johnsen, f. i Bergen 10.1.1868, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kan henda Augusta Øllegård Monsen, d. Bergen 1.8.1937)

 

     Augusta gifte seg i Domkyrkja i Bergen 21.12.1913 med Johannes Monsson frå Flesland i Fana, kjend som Johannes Monsen.  Han var f. i Fana 4.3.1871 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1934)

 

     Johannes var lagerarbeidar og sidan butikkmann, medan Augusta var kolonialhandlar i Bergen.  Dei var barnlause.

g. Emma Olufine Eriksdotter Johnsen, f. i Bergen 28.11.1870, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1934 – kan henda d. 6.2.1951?)

 

     Emma gifte seg i Domkyrkja i Bergen 30.11.1899 med Laurentzius Berentsen Henrikson Ottesen frå Bergen, f. i Bergen 17.8.1868.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1934 – kan henda 9.5.1957?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1899: murmeistar – 1934: fiskehandlar Bergen)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Henrik, f. DK 12.10.1900 – n. 1934 – kontorist

            * Erik, f. DK 28.4.1903

            * Astrid Rebekka, f. SV 29.1.1910 – n. 1934)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt og vonar på eitt og anna gullkorn i framhaldet...

 

PS: Eg vil senda spørsmål til Statsarkivet i Bergen for sjekking av dødsmeldingane etter Augusta og Emma...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.