Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Aamund Sølfestson Skjolden (1727-1785) og borni hans - fire av dei flytte frå Skjolden i Luster i ung alder - truleg til ytre Sogn, men finst det spor etter dei nokon stad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein skikkeleg «frustrerande» huslyd.  Som so mange andre born av fattige plassfolk i indre Sogn so laut nok ogso denne søskenflokken frå Skjolden ut for å tena til livets opphald.  Berre ei dotter vart att i heimbygdi.

 

Men kvar vart det av dei?  Det ligg nær å tru at dei er flytte til ytre Sogn, men Bergen var jo òg ein «magnet» på den tidi, so det er ikkje godt å seia...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Sølfestson Skjolden, frå Kreken under Bolstad, var f. kring 1727 og vart gravlagd frå Skjolden 16.4.1785.  Han gifte seg 16.10.1755 med Britha Østensdotter frå Skår, f. kring 1729.  Ho vart gravlagd som legdelem frå Skjolden 22.1.1815.  Det var kring 1757 at Aamund og Britha fekk ta over denne plassen på Skjolden, og Aamund dreiv nok plassen dei åri han levde, men Britha hamna på legd.  Truleg vart ho likevel buande på plassen resten av levetidi si.  Me kjenner til fem born etter Aamund og Britha (men det kan ha vore fleire…):

 1. Siri Aamundsdotter, døypt 5.6.1755,

Siri Aamundsdotter flytte

 

 

##### (flytte frå Luster før ho vart konfirmert – kan henda til ytre Sogn?)

 

 

 2. Hans Aamundson, døypt 8.4.1757,

Hans Aamundson flytte

 

 

##### (flytte frå Luster før han vart konfirmert – kan henda til ytre Sogn?)

 

 

 3. Eli Aamundsdotter, døypt 13.5.1764,

Eli Aamundsdotter flytte

 

 

##### (flytte frå Luster før ho vart konfirmert – kan henda til ytre Sogn? – kva med Elen Amundsdotter gift i Bergen 22.6.1794 med Andreas Holm?)

 

 

 4. Ragnhild Aamundsdotter (1768-1849), det einaste av borni i denne huslyden som vart buande i Luster, tente i Kilen då ho vart konfirmert, og i 1801 budde ho på Heltne, men ho kom sidan attende til Bolstad og d. her som legdelem.  Ragnhild var ugift.

 5. Kari Aamundsdotter, døypt 26.7.1772,

Kari Aamundsdotter flytte

 

 

##### (flytte frå Luster før ho vart konfirmert – kan henda til ytre Sogn? – kva med Karen Amundsdotter gift i Bergen 25.5.1801 med Brynild Larsson?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore heilt kjempe om nokon greide å løysa delar av denne gigantiske «floki», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 3. Eli Aamundsdotter, døypt 13.5.1764,

 

Eli Aamundsdotter flytte

 

 

 

##### (flytte frå Luster før ho vart konfirmert – kan henda til ytre Sogn? – kva med Eli Aamundsdotter Ovrie gift i Vik 6.10.1792 med John Andersson Rislau? – eller Elen Amundsdotter gift i Bergen 22.6.1794 med Andreas Holm?)

 

I folketellingen 1801 for Vik står Eli med farsnavn Hermundsdatter:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001228

 

Men hun har farsnavn Amundsdatter ved dåpen til datteren Ragnhild i 1797 (FS):

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH61-GML

 

Sjur, 1787

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHXM-39J - foreldrene ser ut til å være gift allerede da: 

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1787, Side 0-1
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070523640599 

 


 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg om Eli Aamundsdotter i Vik.

 

Det ser nesten ut som om dei ikkje tok det så nøye dette med giftingi «i tide».  Også Kari Aamundsdotter, som ikkje gifte seg med Anders Arneson før hausten 1802, står som kona hans i februar 1801!

 

Elles ser det ut til at me lyt avskriva Eli som eit alternativ for «vår» Eli.  Det vart nemleg døypt ei Eli Aamundsdotter frå Ovri i Vik i 1767, og ho passar jo heilt nøyaktig i alder til ho som gifte seg med John Andersson Rislau, og som attpåtil hadde namnet Ovri ved vigsli!

 

Men då er kanskje Kari Aamundsdotter eit betre alternativ.  Eg finn nemlig INGEN Kari Aamundsdotter døypt i Vik på den tidi som «vår» Kari skal vera fødd.  Her er borni som eg ser registrerte av Anders Arneson og Kari Aamundsdotter i Vik:

 

** Gjøri Andersdotter, døypt Vikøyri 7.3.1790

** Sigri Andersdotter, døypt Øyri 3.9.1792

** Kari Andersdotter, døypt Øyri 12.12.1793

** Aamund Andersson, døypt Øyri 30.11.1795

** Nils Andersson, døypt Vikøyri 15.11.1799

** Arne Andersson, døypt Vikøyri 3.7.1803

** Barbro Andersdotter, døypt (---) 24.11.1807

 

Kanskje Jon Sværen veit kven denne Kari Aamundsdotter kan ha vore?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og vonar at det framleis vankar eitt og anna «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Ja, KANSKJE Jon Sværen i Bergen veit noko ?  For dei som bur i Vik er levvvvande redde DA, ser det ut som !

-------

Lars !

 

På side 206 i Ættabokji for Vik, utg 2008, ser eg familien på Vikøyri. Anders Arneson 1763-1856. Kor Anders er født veit ikkje forf G. Balvoll (GB), men er konformert i 1783, adr Finden. Gift i Ytredalen, Høyanger (ikkje noko årstal oppgitt, men du har 8.9.1802) m/ Kari Amundsdtr f 1765 d 1858. 

Så er det viktigaste for deg, kvar kjem Kari Amundsdtr frå  ?

 

GB er i tvil og satsar i Ættabokji på at ho er ei dtr til eit par som bur på Vikøyri, Amund Nilsson Gotevik 1736-1826 gift 1764 m/ Sigrid Nilsdtr Høgheim, Fresvik, 1724-76. GB skriv at Kari Vigøren vart konfirmert i 1783. 

Og er ho født i 1772, så er ho ikkje konf i 1783.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Iflg det GB skriv i Ættabokji frå 2008, s 47, kan ein trygt avskrive Eli Amundsdtr gift m/ Jon Anderson Rislåg. For Eli hadde med seg ein morsarv på 58 "dalar", og Eli Amundtr i innlegg nr 1 hadde nok ikkje så mykje "å rutta" med.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for avklarande og gode innlegg!

 

At Eli ikkje var jenta frå Skjolden, var heilt klart, men opplysningane som du presenterer om Kari som dotter av Aamund Nilsson og Sigrid Nilsdotter frå Høgeim i Fresvik, tykkjer eg høyrest svært sannsynlege ut.  Då høver oppkallingane mykje betre!  Sigrid hadde ei søster Gjøri som truleg døydde ugift, og sjølv vart ho jo oppkalla som nesteeldste dotter!  Dessutan har me Nils-namnet!

 

Jau, eg er samd i at me lyt avskriva Vik som busetjingsstad for desse søskeni frå Skjolden, og leitingi går vidare...  Kanskje me lyt til Bergen likevel?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Og Karj Amundsd, 41 år (f 1774 etter mi hove rekning) FT 1815 i Luster, bustad Bolstad, Inderste og Dagleyer

IKKJE er ho Kari i inllegg nr 1 som er døypt i juli mnd 1772 som du er ute etter ?

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for ei ny utfordrande melding!

 

Denne Kari som du finn i FT1815 i Luster, er fødd på Skjolden i 1774 som dotter av Aamund Knutson Skjolden og kona Ingeborg Torkildsdotter.  Ho var ugift og døydde i 1819 i barselseng, 45 år gamal!  Ho var m.a.o. ei nabojente av den Kari som eg etterlyser!!

 

Men når det er sagt, denne andre Kari hadde òg ei søster som forsvinn frå bygdi før konfirmasjonsalder:

 

** Gjørond Aamundsdotter (Skjolden), døypt i Luster 20.3.1766.

 

Kanskje du eller nokon andre kan komma på sporet etter ho?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden og vonar på eit par «gullkorn»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Kom over denne tråden i dag og her er litt opplysningar frå Fresvik:

Nils Eirikson Nedre Hatlelid 1696-1765 gift 1721 med Synneva Botolvsdtr tretteteig død 1738

gift 1739 med Brita Endresdtr fødd kanskje rundt 1719

6 born med første kona der eldste sonen Eirik vart gift i Vik med Kari Bårdsdtr Øksdal

Yngste dottera Sigrid 1724-1776 gift i 1764 med Amund Nilsson Gotevik 1736-1826. Dei fekk ei dotter Kari i 1765,. Om dei hadde fleire born veit eg ikkje.

 

Nils Eirikson var leiglending på Høgheim i Fresvik, men i 1762 er han oppførd under Bøtun i Fresvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.