Gå til innhold
Arkivverket

Mons Christenson (Fortun) - fødd i Luster 1842 - utflytt til Lofoten i 1861 - kvar vart han av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Mons Christenson, son av Christen Johannesson (1813-1848) og kona Gjertrud Monsdotter (1811-1874), plassfolk i Kvenolane under Berge i Fortuns sokn i Luster, var fødd i Luster 28.11.1842, men voks opp på plassen Lægene under garden Fortun og flytte derifrå i 1861 med reisemål Lofoten!

 

Dette er det siste me ser til denne karen, og no er det spørsmål om nokon kan fortelja meg kvar det vart av Mons?

 

Eg kan leggja til at Mons hadde ein eldre bror Johannes (1835-1921) som i 1863 flytte til Helgeland og i 1865 tente på Tjøtta,  I 1885 gifte Johannes seg i Buksnes, men etter at kona hans døydde der i 1892, flytte Johannes attende til Luster!

 

Eg takkar so mykje på førehand om alle gode tips når det gjeld lagnaden til Mons!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan det vart presentert i fjor.

 

I mellomtidi har me hatt oppe eit tema som gjeld broren Johannes: https://forum.arkivverket.no/topic/222772-johannes-christenson-fortun-1835-1921-frå-luster-til-nordland-og-attende-huslyden-hans/

og dette emnet er nesten heilt løyst.

 

Som me såg under hitt emnet, var Johannes i mange år busett i Hol sokn i Buksnes i Lofoten, og me skal vel ikkje sjå heilt bort ifrå at ogso Mons kan ha butt der?  Det er berre so underleg at han ikkje dukkar opp i folketeljingar derifrå...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Mons!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for siste innlegget.

 

Eg ser at det er ein Mons Christenson som er fødd i Gloppen 24.12.1843, og eg vil tru det må vera han som i 1865 budde i Gloppen: https://media.digitalarkivet.no/view/8389/26

 

Men namnekombinasjonen er sjelden, so ein Mons Christenson fødd på den tidi KAN godt vera mannen frå Luster som eg leiter etter...

 

Kan det tenkjast at «vår» Mons har sett livet til på sjøen før 1865?  Eller er namnet rett og slett feilskrive i folketeljingi?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Mons!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.