Gå til innhold
Arkivverket

Ole Sørenson - fødd i Luster 1741 - var i 1766 soldat ved Kongens Regiment i Akershus stift - men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit utfordrande spørsmål som eg har hatt liggjande i mange år, men utan å komma nokon veg.  Kanskje andre har tankar kring problemstillingi?

 

Søren Johannesson (1711-1763) og kona Gjertrud Olsdotter (døydde før 1763) var husmannsfolk på plassen Kvenolane under Berge i Luster, og ein einaste son levde att etter dei i 1766:

 

** Ole Sørenson, døypt i Luster 13.8.1741, vart i 1766 sagt vera soldat i Kongens Regiment i Akershus stift!

 

Er det i det heile mogeleg å identifisera denne soldaten?  Han kom aldri attende til Luster, men ein eller annan stad må han jo ha gjort av seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og lever i voni...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Har du tatt tråklet deg gjennom de ulike militærrullene med fokus på Akershus? Er Kongens Regiment Akershus stift korrekt beskrivelse av enheten han tilhørte?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/finn_kilde?s=&fra=1700&til=1800&ka[0]=5&kt[0]=RULL&kt[1]=ELRU&kt[2]=HORU&kt[3]=ANRU&kt[4]=MØRU&kt[5]=SKRU&kt[6]=MARU&kt[7]=USRU&kt[8]=UTRU&kt[9]=UNRU&kt[10]=EKRU&kt[11]=DIRU&kt[12]=RERU&kt[13]=MIRU&kt[14]=NAVY&kt[15]=LERU&r[0]=0&f[0]=02&f[1]=03&k[0]=02*&k[1]=03*&page=1

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for interessante og utfordrande innlegg om denne unge soldaten frå Luster!

 

Eg har studert dei to «kandidatane» som du har oppdaga, men det førekjem meg nok at dei båe er litt i eldste laget!

 

Når det gjeld tenstestaden til Ole, so har eg ikkje noko anna å halda meg til enn det som kjem fram i skiftet frå 1766 etter bestefaren Johannes Sølfestson Berge i Luster (heilt øvst på høgre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24139/338?indexing=

 

Her står det «...en Søn ved Nafn Ole Sørensen 24 Aar gl: fraværende og tiennende i Hans Mays. Thieneste ved de Gevorbne Regimenter i Agershuus Stift, og paa hvis Vegne …»

 

Er det fleire vis å tolka dette på, tru?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan føra til i oppsporingi av Ole Sørenson og krossar finger og tær...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som kjent var de fleste soldatene i Norge på 1700-tallet utskrevne bondesoldater. De tjenestegjorde i så kalte nasjonale regimenter, som dekket hver sin landsdel. I fredstid var de hjemme på gårdene og møtte bare til periodiske øvelser.

 

I tillegg var det i perioden noen vervede soldater, det som på tiden var kjent som "gevorbne" soldater, som med visse unntak var yrkesmilitære. De fleste av dem tjenestegjorde i de (fra 1719) to gevorbne regimentene i Norge. Disse regimentene utgjorde i fredstid garnisoner på festningene og i byene. Regimentene var som regel kjent etter sine sjefer, men var også fra ca. 1760 benevnt henholdsvis Nordenfjelske og Sønnenfjelske gevorbne infanteriregiment.

 

Ole Sørensen må derfor søkes i et av disse regimentene. Det er noen ruller på DA: https://digitalarkivet.arkivverket.no/finn_kilde?s=gevorbne&fra=&til=&ka[]=5&kt[]=RULL&kt[]=ELRU&kt[]=HORU&kt[]=ANRU&kt[]=MØRU&kt[]=SKRU&kt[]=MARU&kt[]=USRU&kt[]=UTRU&kt[]=UNRU&kt[]=EKRU&kt[]=DIRU&kt[]=RERU&kt[]=MIRU&kt[]=NAVY&kt[]=LERU

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er to Ole Sørensen-er til, men det ser ut til at også disse er for gamle:

 

Nr. 1:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/51343/453/indv2 (se 12-63, venstre side; denne oversikten viser i hovedsak musketerer og grenaderer i kompanier i Akershus regimentet)

https://media.digitalarkivet.no/view/51343/661 (samme mann som i listen over, men her fra hovedlægdrullen)

 

Nr. 2:

 

Fra listen til Ola Teige i posten over:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/51413/22

 

Jeg tok forøvrig en kikk i Lusterske kompaniet (Bergenhus) rundt 1763 for å se om jeg kunne finne han her. Tanken var om han kanskje tilhørte et lokalt kompani før han ble overført/vervet seg til et Akerhus. Ingen treff.

 

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola og Frank Marton for nye spennande innlegg!

 

Eg fryktar nok for at ei leiting etter denne Ole Sørenson kan virka som leiting etter den berømte «nåli»...  Ein eller annan stad MÅ han jo vera!  Men kanskje meir interessant ville det vera å finna ei vigsle der brudgomen er soldat «frå det vesterlenske»...  Det er berre det at dette ikkje syner i registeri...

 

Ser ein på FT1801, er det likevel ikkje so mange Ole Sørenson i «høveleg alder» som lever i det «akershusiske», men nokre er det jo:

 

** Ole Sørenson mursvein i Christiania: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058232009678

 

** Ole Sørenson gardbrukar på Belset i Asker: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058218002069

 

** Ole Sørenson nybyggjar på Granerud i Stange: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058238000920

 

Elles ser eg fleire nedover i Vestfold og Telemark, men det vert vel litt for langt unna...

 

Han i Christiania synest eg ser absolutt spennande ut.  Ekteskapet hans med Gonnor Christensdotter ser eg fann stad i «Oslo» 29.5.1787.  Og kanskje første vigsli hans var same stad 13.8.1774 med Maren Christensdotter?

 

Men det er jo òg godt mogeleg at «vår» Ole Sørenson var avliden lenge før 1801...

 

Eit prosjekt som eg tykkjer ser svært so spennande ut, og som eg godt kunne tenkja meg delta i, når eg vert pensjonist, ville vera ei databaseregistrering av soldatar, særleg i perioden 1760-1815...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld Ole Sørenson og lagnaden hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for innlegg som syner dei to vigslene i Aker for mursveinen Ole Sørenson.

 

Som du seier, diverre er det ikkje mykje å henta frå nokon av desse vigslene.  Hadde det endå stått «tidlegare gevorbene soldat» eller noko liknande..., men med so tunne opplysningar føler eg me kan ikkje ta til med storstilt forsking på denne «kandidaten»..., eller...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å freista spora opp Ole Sørenson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror desverre også at du kan stryke ham på Granrud i Stange 1801. Det er kun 1 "Ole Sørensen" i Stange på den tida. Han dør i 1816 og ser ut til å være født i Stange i 1744 av foreldre Søren Vajuldsen og Mari Olsdatter.  OS sin første datter er oppkalt "Mari", så jeg er derfor temmelig sikker på at dette er en "lokal" OS født, gift og begravet i Stange.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Steinar for eit nytt og avklarande innlegg!

 

Då kan me tydeleg med godt samvet avskriva Ole Sørenson i Stange som «kandidat» til «vår» Ole Sørenson.

 

DERSOM «vår» Ole Sørenson framleis var i live i 1801, framstår etter kvart mursveinen i Chrisiania som den absolutt beste «kandidaten», men so var det å prova om det var han, då...?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.