Gå til innhold
Arkivverket

Egil Øvrebø: I kongens teneste. Militær utskrining frå Bergens stift under store nordiske krig 1709 - 1719.


Leif Halleland
 Del

Recommended Posts

Eg søkjer opplysningar om Lars Bendixen Berge frå Etne. Han var registrert i FSSH = Faste Søndre Sunnhordlandske Kompani, reg. 091109, kassert 130811.

I kjelder til Landmilitær utskrivning 1709 - 1719 er det kanskje råd å finna meir om denne soldaten. Ved registreringa står det bokstaven " f " under kjelder.

Trur det må visa til Avgangs- og kompletteringsliste for Sunnhordland og Hardanger 23.12.1711 ( ibid. lnr. 1891 )

Eg er interesert i mest mulig opplysningar om han, serleg alder og kvar han har vore stasjonert.

Er det nokon som kan hjelpa meg ? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved søk Arkivportalen ser jeg at Statsarkivet i Kongsberg (SAKO) har kompletteringslister fra begynnelsen av 1700-tallet. Jeg vil tro at avgangs- og kompletteringsliste for Sunnhordland og Hardanger kan finnes i Statsarkivet i Bergen, men det har du allerede undersøkt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tusen takk for svar. I Etne soga er Lars Bendixen oppgjeven som fødd på Halleland i 1664. Han er min 5 tipp oldefar. Han har ein son til dåpen i 1717 og er død i 1727 på Halleland. Eg fekk interesse for denne personen sjølv om han i militærlista er skriven med Berge som etternavn. Berge og Halleland er nabogardar, det er også Auastad. Synest navnet hans er såpass spesielt at eg trur det må vera tale om same person. Noko som også talar for det er at han i folketeljinga i 1701 er nemd som soldat. No er det jo også eit faktum at me har 3 år i skilnad på fødselår. Men eg trur ikkje det kan vera tale om 2 forskjellige personar med same navn i eit så snevert nabolag.

Eg har tidlegare gjort ein førespurnad til Statsarkivet i Bergen, men svaret deira var at dei ikkje hadde kapasitet til å hjelpa til med slik ettersøkjing for privatfolk. Det har eg sjølvsagt full forståing for. Men eg skulle gjerne visst kvar eg kunne finna kjeldene som er nytta ved skriving av boka " I Kongens Teneste ". Tenkjer då serleg på " Avgangs- og kompletteringsliste for Sunnhordland og Hardanger 23/12 1711"  og om desse kan lesast av menigmann på eit eventult arkiv.

Håpar det er nokon som kan hjelpa meg med informasjon.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.