Gå til innhold
Arkivverket
romeling

Ole Olsen, Elnæs

Recommended Posts

romeling

Eg har prøvd tidlegare å finna opplysningar om ein av mine tippoldefedre på Jevnaker i Oppland. I kyrkjeboka for Jevnaker for 1848 står Ole Olsen, Elnæs oppgitt som far til mi oldemor, Oline. Mora heitte Dorthe Thomasdatter. Ole og Dorthe var ikkje gifte, så Oline var "uekte". Eg har til no ikkje greidd å finna fleire opplysningar om denne Ole Olsen i offentlege dokument. Eg har derimot eit ark som er kommen frå ein av slektningane av mi mor på Jevnaker. Her står det at Ole Olsen er fødd 27.oktober 1817, far hans heitte og Ole Olsen og mora heitte Aase Evensdatter. Når eg søkjer i folketellinga i 1801 for Jevnaker, Gran og Toten, kjem det opp ei dame med namnet Aase Evensdatter. Om denne Aase er identisk med Olines farmor, er vanskeleg å vita. Meir veit eg ikkje. Merkeleg at eg ikkje dåpen til Ole Olsen i 1817. Kan nokon hjelpa??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
romeling

Hallo, hallo!!

Først til Ann-Mary: er lei for at i denne gongen var pålogga med mitt gamle, til dels uforståelege brukarnamn, eg har og ein annan konto med mitt skikkelege namn, må prøva å bruka den istaden

Så til Carsten Schanche: ja, sjølsagt er dette min tippoldefar, det var jo kjempeflott at du fann dette, eg kom jo ikkje på at denne Ole kunne vera fødd i Norderhov prestegjeld. Neste spørsmål vert då: kor blei Ole av etter "eventyret" med tippoldemor Dorthe? For Dorthe blei få år etterpå gift med ein Halvor Gulbrandsen. Og for det andre: Kor kjem namnet Elnæs inn i bildet i 1848? Har Ole flytta frå Norderhov oppover til Elnæs/Jevnaker..?

Til orientering: Dette barnet som blei fødd i 1848 er mi mormors mor. Dorthe er altså mi mormors mormor! (Reidar -> Dagny Henschien -> Trine Ruud -> Oline Olsdtr. Bråkerud -> Dorthe Thomasdtr).

 

Mvh

Reidar Olav Meling, Bømlo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.