Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2017 #2 - Agatha Jensdotter - fødd i Luster kring 1719 - to gonger barnemor i Luster, men forsvinn etter 1741 - til fiskeleiene i ytre Sogn/Sunnfjord? - kan henda gift på Lygra i 1750? - sonen i Eidfjord? - dotteri i Kvamsøy?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg «påskenøtt» som truleg ikkje vert so enkel å løysa, men det er lova å freista:

 

Agatha Jensdotter, fødd i Luster kring 1719 som dotter av Jens Aamundson og første kona Mari Sjursdotter, plassfolk på Ørevollskogen under garden Hauge i Luster, fekk i sine unge år to born «utanfor ekteskap»:

 

* Elen Sjursdotter, døypt i Luster 9.3.1738 - barnefar var gardbrukar og gift mann Sjur Arneson på Ottum i Luster (1709-1783)

 

* Asbjørn Pederson, døypt i Luster 11.11.1741 - barnefar var gardbrukar Peder Ingebrigtson på Yttri i Luster (1708-1787)

 

Agatha og båe borni forsvinn frå Luster kort tid etter.  Kan henda reiste Agatha til fiskeleiene i ytre Sogn eller ytre Sunnfjord, som ikkje var so uvanleg for jenter på den tidi med fleire «uekte» born.  Der ser eg ikkje noko meir til ho, men derimot ser eg at ei:

 

Agatha Jensdotter Birkeland gifte seg i Lygra sokn på Lindås 28.6.1750 med Mons Endreson Sletten - det var ikkje so langt frå ytre Sogn til Lygra...!? https://media.digitalarkivet.no/view/11573/20

 

Når det gjeld borni, so var det faktisk tre Asbjørn Pederson fødde i Luster om lag på same tid, men dei to andre vart gifte og budde i bygdi.  Kvar vart det so av denne Asbjørn Pederson?  Kan det vera denne:

 

Enkjemann Asbjørn Pederson Maurseter gift i Eidfjord 27.6.1773 med Britha Knutsdotter Garen? https://media.digitalarkivet.no/view/11746/139

 

Med omsyn til Elen (Eli) Sjursdotter, so er det ei som fell meg inn i ytre Sogn:

 

Eli Sjursdotter Risløv gift i Kvamsøy (Vik) 6.12.1772 med Gullak Lasseson Holstad?

 

Det hadde vore heilt «kjempe» om me greidde spora opp Agatha og borni hennar, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!  God Påske!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke om denne tråden kan være av interesse:

Siste innlegg hvor en Asbjørn Pedersen Maursæter er nevnt.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit interessant innlegg!

 

Det er vanskeleg å tyda skrifti i desse skifteprotokollane, men dersom Asbjørn Pederson Maursæter er nemnd som gift (med ei første kone) alt i 1746, seier det seg sjølv at han ikkje kan vera mannen me leiter etter fødd i Luster i 1741!

 

So då lyt Asbjørn ettersøkjast ein annan stad...

 

 

Eg lyt nemna at Aamund Ellingson i Solund, omskriven i dette emnet,

 

 

 

var ein søsterson av Agatha Jensdotter, so tilknyttingi til ytre Sogn er til stades...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!  Fortsatt God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ottar for siste meldingi med skiftet etter Mons Endreson Mellingen!

 

Det er vanskeleg å lesa skrifti, men so vidt eg kan tolka skiftet, so levde Agatha att som enkje med to søner, Endre og Lars.  Aldersmessig kan Agatha godt passa, men er det ho?  Eg finn ikkje noko i skiftet som kan fortelja oss kven ho var!

 

Kva seier bygdeboki for Lindås om denne Agatha?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden og ønskjer igjen God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Bygdeboka for Radøy bind 2 (side 662) forteller oss at Agate var datter av Jens Jonsen Birkeland (f. ca. 1699 d. ca. 1748) og kona Mari Josefsdtr. (skifte 1747)

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/233/pa00000000779286

 

Fikk du forresten eposten jeg sendte til deg for en stund siden Lars (sjeleregister Leikanger) ?

 

Mvh.

 

Kenneth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kenneth for eit avklarande, om enn skuffande, innlegg!

 

Då kan me definitivt leggja bort Agatha Jensdotter Birkeland som «kandidat» for jenta frå Luster, og då veit eg ikkje kvar ein skal søkja vidare - kan henda likevel i yttre Sogn!

 

Framleis sit me att med Eli Sjursdotter i Kvamsøy som ein mogeleg «kandidat» til dotteri.  Kanskje ein eller annan dreg kjensel på ho?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer på ny ein riktig God Påske!

 

PS: Til Kenneth, meldingi om ekstraskatten for Leikanger er motteki; lagnaden til Clara Johnsdotter er kjend, men eit tema om huslyden hennar er under førebuing og vil komma i Brukarforum.  Hjarteleg takk til deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.