Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Aamund Ellingson (1752-1814) - frå Luster til Indrevær i Solund - kven var kona Elisabeth Olsdotter og kvar vart det av døtrene Olina og Kari?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei gåte som eg har hatt liggjande i mange år og som eg no ønskjer å henta fram til drøfting i Brukarforum.  Kanskje nokon med lokal kunnskap i Solund kan hjelpa meg vidare med identifkasjon av Elisabeth Olsdotter og lagnadane til dei to eldste borni deira, døtrene Olina og Kari?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Ellingson (Hauge), døypt i Luster 20.8.1752, son av Kari og husmannssonen Elling Sølfestson frå Kreken under Bolstad (1724-1760), vart døypt i Luster 20.8.1752.

Aamund Ellingson flytte i ung alder til ytre Sogn, og me finn han att i Solund der han 6.10.1776 gifte seg med Elisabeth Olsdotter, som den gongen tente på Værøy i Solund,

 

##### (kan ho ha vore frå plassen Hotlehaugen under Sandvik i Luster, døypt i Luster 9.5.1751, dotter av Ole Jetmundson og Kirsti Pedersdotter? – ho hadde ingen søsken, men ein faddar for Elen Marie i Bergen 1781 var ei Elen Olsdotter!? – https://media.digitalarkivet.no/view/8719/30

 

Aamund var matros og fiskar, og han og Elisabeth budde som husmannsfolk under Indrevær.  Elisabeth vart gravlagd frå Indrevær 31.5.1810, medan Aamund vart gravlagd same staden 3.4.1814.  Dei fekk sju born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born som døydde i ung alder?)

 

a. Olina Aamundsdotter, døypt i Solund 12.2.1777,

 

     ##### (finn ikkje konfirmert i Gulen! – lagnaden hennar?)

 

b. Kari Aamundsdotter, f. i Solund ?.8.1778,

 

     ##### (konfirmert Gulen 1795 – n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

c. Guri Aamundsdotter, f. i Solund ?.3.1780, vart gravlagd i Solund 28.3.1780, ein dag gamal.

d. Elen Marie Aamundsdotter, f. i Bergen 5.5.1781, vart gravlagd i Solund 26.6.1782.

e. Serine Aamundsdotter, døypt i Solund 22.3.1783, vart gravlagd i Solund 6.4.1783.

f. Stephen Aamundson, døypt i Solund 1.2.1785, vart gravlagd i Solund 9.2.1785.

g. Gunder Aamundson, døypt i Solund 24.5.1788, vart gravlagd i Solund 15.3.1812, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elisabeth Olsdotter frå Sandvik i Luster høver svært godt med kona til Aamund, når det gjeld alder, men eg likte ikkje heilt oppkallingane...  Mor ril Aamund heitte Kari, so det namnet er greitt, men denne Elisabeth hadde Kirsti til mor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.