Gå til innhold
Arkivverket

Anders Hansson Myrmel og Synneva Larsdotter Ytterøy - vigde i Gulen 1789 - fekk to born i Askvoll og forsvinn! - bygdeboki Solund påstår Anders skal ha samband med Jostedalen, men korleis kjem han til den slutningi?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Under garden Ytterøy i Solund (bygdebok Solund, band I, side 376) skriv forfattaren om huslyden til Lars Johannesson (1730?-1763) og Magnhild Johnsdotter.  Ei einaste dotter levde att etter Lars:

 

«a. Synnøve, f. 1761, g. 1781 m. Anders Hansson Myrmel (JOSTEDALEN)!»

 

Eg finn vigsli 4.3.1789 i Eivindvik: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14111779&gardpostnr=334&personpostnr=667&merk=667#ovre

 

Korkje ved den originale trulovingi eller vigsli står det noko som helst om Jostedalen: https://media.digitalarkivet.no/view/11446/9

 

Eg finn to born etter Anders og Synneva, båe døypte i Askvoll:

 

* Magnhild, 4.9.1790 ved Leknessund: https://media.digitalarkivet.no/view/8597/93

 

* Hans, 9.5.1794 på Indreskorpen: https://media.digitalarkivet.no/view/8597/114

 

Sidan ser eg ikkje noko meir til denne huslyden, med mindre det er sonen Hans som bur på Kolgrov i 1801 som fosterson og med eion tenesdreng Anders Hansson på 44 år: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058400002744

 

Eg er interessert i lagnaden til denne huslyden, men endå meir undrar eg på kvar bygdebokskrivaren har henta «Jostedalen» ifrå!?  Eg kjenner ikkje til nokon Anders Hansson i eller frå Jostedalen som kan høva med denne!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Torodd for nye og, etter mitt syn, avklarande innlegg!

 

Då ser det jo heilt klart ut som om at Anders Hansson Myrmel, gift i Gulen i 1789, var frå Myrmel i Gaular og soleis ikkje kan ha hatt noko med Jostedalen å gjera, so eg vel å sjå bort ifrå den utsegni.

 

Då har eg heller ikkje interesse av å følgja etterslekti, og eg ser på problemet som løyst!

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Sjølv om du har "løyst" saka for din del så vil eg gjerne nøste vidare :-)

 

Er det mogeleg å stadfeste at det er Hans 7 år og faren Anders 44 år vi finn under kolgrov i Solund ved FT1801; https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058400002744 ?

 

Hans Andersen Indreskorpen gifter seg i Bergen; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000124688

 

Finn han att ved FT1865; https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249011784, har då ei dotter, Hilda Magrete Hansen (38 år), buande heime.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Det var tankelaust av meg å seia at problemet er løyst.  Rett nok er det ikkje meir eg kan gjera med denne saki, men eg forstår jo at du, Gisle, er interessert i følgja huslyden vidare, so eg har fjerna «LØYST»-stemplet frå innleiingi...

 

Lukke til med den vidare oppfølgjingi av huslyden!  Ser eg noko meir, skal eg seia ifrå...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.