Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2017 #3 - Peder Pederson Haugsøren - fødd i Luster 1807 - flytte i ung alder til Nordland - budde 1840 i Øksnes - 1853 ukjend adresse - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi gjeld denne karen frå Luster:

 

Peder Pederson Haugsøren, son av Peder Johannesson (1748-1829) og Gjørond Østensdotter (1764-1840), husmannsfolk på Haugsøyri under Hauge i Luster, vart døypt i Luster 18.5.1807 og vart konfirmert i Luster i 1825: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/83

 

men flytte i ung alder til Nordland.

 

Då mori døydde i Luster i 1840, heiter det seg at Peder var busett i Øksnes i Vesterålen.

 

I 1853 seier søskeni hans i Luster at dei hadde «ingen Oplysninger» om kvar Peder då hadde tilhaldet sitt!

 

Er det mogeleg å finna lagnaden til Peder Pederson i Nordland?

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle ein God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke ei direkte melding frå bygdebokskrivar Johan Borgos for Øksnes som skriv at han ikkje dreg kjensel på denne Peder Pederson i Øksnes.  Han nemner òg at det er ein gard Øksnes i Lødingen, men slik det er uttrykt i dødsmeldingi frå Luster frå 1840, trur eg helst det må vera prestegjeldet det vert sikta til.

 

Kanskje Peder Pederson berre har vore «innom» der ei kortare tid...?

 

Uansett, han kom etter kva eg veit aldri attende til Luster, so ein eller annan stad nordpå har han nok «gøymt» seg.  Det gjeld «berre» å finna ut kvar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Peder Pederson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.