Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2017 #3 - Peder Pederson Haugsøren - fødd i Luster 1807 - flytte i ung alder til Nordland - budde 1840 i Øksnes - 1853 ukjend adresse - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi gjeld denne karen frå Luster:

 

Peder Pederson Haugsøren, son av Peder Johannesson (1748-1829) og Gjørond Østensdotter (1764-1840), husmannsfolk på Haugsøyri under Hauge i Luster, vart døypt i Luster 18.5.1807 og vart konfirmert i Luster i 1825: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/83

 

men flytte i ung alder til Nordland.

 

Då mori døydde i Luster i 1840, heiter det seg at Peder var busett i Øksnes i Vesterålen.

 

I 1853 seier søskeni hans i Luster at dei hadde «ingen Oplysninger» om kvar Peder då hadde tilhaldet sitt!

 

Er det mogeleg å finna lagnaden til Peder Pederson i Nordland?

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle ein God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg motteke ei direkte melding frå bygdebokskrivar Johan Borgos for Øksnes som skriv at han ikkje dreg kjensel på denne Peder Pederson i Øksnes.  Han nemner òg at det er ein gard Øksnes i Lødingen, men slik det er uttrykt i dødsmeldingi frå Luster frå 1840, trur eg helst det må vera prestegjeldet det vert sikta til.

 

Kanskje Peder Pederson berre har vore «innom» der ei kortare tid...?

 

Uansett, han kom etter kva eg veit aldri attende til Luster, so ein eller annan stad nordpå har han nok «gøymt» seg.  Det gjeld «berre» å finna ut kvar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Peder Pederson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Etter at Ivar Moe i eit anna tema har henta fram etterlysingi som skifteretten i indre Sogn sendte ut i 1853 for å finna ut kvar Peder Pederson då oppheldt seg (i etterlysningi referert til som «Peder Johannesen Hauges yngste søn»), vil eg i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi.

 

image.png.89793e1262b666f4df01f21c4736993d.png

 

image.png.a3ac882ce917a3dab3d65e2e13d16788.png

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar Peder Pederson «gøymde» seg i Nord-Noreg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.