Gå til innhold
Arkivverket

HO - "synden for Bergen" - Peder Andersen Mjeldvigen = ?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I skiftet etter Sjur Olsson Røyrvik i SF Gloppen i 1780 er det nieser og nevøar som arvar, og mellom dei "Peder Andersen Mjeldvigen". Han er fødd på Holme i Hyen i 1710, og i skiftet etter faren i 1752 står det at han er busett "syndenfor Bergen", men noko gardsnamn er ikkje nemnt då. 

 

I 1790 er det skifte etter broren Reiel Åsebø; Peder er då død, og ein son Nils i Bergen arvar hans part.

 

Er det nokon som kan gje meg eit tips om kvar denne "Mjeldvigen" kan vere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mjeldviken nevnt her;

 

Fiskets Gang, nr 9, 1968 - bibsys brage

Innsiden av Jomfruland og ved Risør,. Gannsfjorden, Boganesbukten- masse små- skjell i 1964,. Hillestadvågen - mange små skjell,. Mjeldviken, Foldnesvågen,.

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det henvises til SK 21, som må være Sjøkart 21. Slik det ser ut i artikkel, så nevnes steder som er i nærheten av hverandre samtidig.

Foldnesvågen ligger på Sotra pr. definisjon sør for Bergen. Vi snakker her om garden Foldnes i Fjell kommune.

Mjeldviken, som nevnes i samtidig med Foldnesvågen, vil jeg tro ligger ett eller annet sted i nærheten av Foldnesvågen, men jeg finner ikke navnet på nyere søkbare kart.

 

OS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha du og! Eg prøvar å google stadnamnet i ulike variantar, og då finn eg Mjelkevika i Fana - kanskje kan det vere ein ide? Mjeldvika finn eg i Bodø og Mjellvik i Volda....

 

Mjelkevika finst visst fleire stader "synden for Bergen og" - så eg får ta meg ein titt på dei.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Eg løftar opp denne igjen - eg er like langt unna å finne uta av dette som eg var for snart eit år sidan. Er det nokon som kjenner ein Peder Andersson med son Nils som kan passe her? Peder er fødd 1710, død ein gong mellom 1780 og 1790, då sonen Nils trer inn som arving i eit skifte i slekta. I eit anna skifte i 1796 er sagt at Nils bur i Bergen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit søk hjå FamilySearch gjev tre eller fire alternativ for Nils, son av Peder Andersson, fødd i Hordaland mellom 1730 og 1770:

 

https://www.familysearch.org/search/search/record/results?count=20&localeSubcountryName=Hordaland&query=%2Bgivenname%3ANils~ %2Bsurname%3APederson~ %2Bbirth_year%3A1730-1770~ %2Bfather_givenname%3APeder~ %2Bfather_surname%3AAndersson~ %2Brecord_country%3ANorway %2Brecord_subcountry%3A"Norway%2CHordaland" %2Brecord_type%3A(0)

 

Ein er i Haus (inkl. Osterøy) og ein i Fana - kan ein av dei vera mannen du Aase leiter etter?

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gode framlegg! Eg skal sjå på dei - men lenka du legg, Lars, må ein logge seg inn for å lese..

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men det er gratis og so langt utan fare å logga seg inn hjå FamilySearch...  Har du elles vanskar med å sjå alternativi. so gje meg eit ord, og eg kan skriva dei ut for deg...

 

Eg hadde forresten for ikkje lenge sidan ei liknande utfordring med ei ung dame frå Sogndal som på 1770-talet skulle bu «syndenfor Bergen».  Ho fann me endeleg att som avlidi på St. Jørgen hospital i Bergen...

 

Slike utfordringar er spennande, og eg ønskjer deg lukke til vidare med leitingi...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du dåpsdato og sokn, skal eg nok finne dei. Eg er grunnleggande skeptisk til å logge meg inn på frammande stader..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant den i Fana på digitalarkivet. Han var fra Rød i Fana.  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000221616

Han fra Haus kan være han fra Kleiveland. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001125046

 

men hvordan ble «syndenfor Bergen» brukt; mentes det Søndre Bergenhus eller sør for Bergen?? Og hva kan betydningen av Mjeld- være? Samme som i Milde (Fana) og Mjelde (Haus-Osterøy)??

Endret av Arnfrid Dommersnæs Mæland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dei fire barnedåpane refererte hjå FamilySearch:

 

* Nils døypt 4.12.1753 i Haus - foreldri Peder Andersson og Britha Nilsdotter

(finn ikkje vigsli hjå FamilySearch)

 

* Nils døypt 19.4.1744 i Fana - foreldri Peder Andersson og Randi Jeremiasdotter

(foreldri vigde i Fana 10.1.1740)

 

* Nils døypt 29.12.1754 i Samnanger - foreldri Peder Andersson og Kari Nilsdotter

(foreldri vigde i Samnanger 19.6.1746)

 

* Nils døypt 21.4.1736 i Opdal sokn, Tysnes - foreldri Peder og NN

 

Vonar dette kan vera til litt hjelp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk igjen! Det er dessverre lite opplysningar å finne i samband med vigslene. Eg har også vore i skifteregistera for Hordaland og leita etter Peder Andersson, men finn ingen av interesse. Eg finn han heller ikkje som avdød i personsøk, men der er sjølvsagt mange kyrkjebøker som ikkje er digitaliserte. Dette ser ikkje ut til å vere noka enkel nøtt!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder fra Osterøy er fødd på Vevletveit i 1724. Dødsår står ikke. Sønnen Nils er født på Kleiveland i 1753. Det står ikke hvor han ble av. Kilde Haus i soga og segn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Arnfrid - då er han i alle fall utelukka. Min Peder er fødd i 1710, på Holme i Hyen. Foreldra hans er Anders og Ågåte, så det er ingen openbar logikk i at han skal ha ein son som heiter Nils. Eit alternativ er sjølvsagt at han har gifta seg med enkja etter ein avdød Nils, og brukt det namnet som skikken var. Han kan også ha vore gift med ei Nilsdtr.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake til skiftet etter broren Reiel i 1790. I innleiinga er det sagt at det er Peder sine "børn" som arvar, men ingen av dei tilstadeverande kan oppgje namn eller opphalds-stad. Dette står i konflikt med det eg skreiv i innlegg 1 - det er altså IKKJE oppgjeve namnet Nils i 1790. Seinare i skiftet er ingen arvingar nemnde, så det har nok ikkje blitt noko å dele. Derimot er namnet nemnt i skiftet på Løkkebø i 1796,  men det gjev ikkje nærare opplysningar om Nils, anna enn at han bur i Bergen.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at Peder har hatt ei syster i Bergen også - Brite Andersdtr, f.1708 - ved skiftet etter faren i 1752 er det sagt at ho er gift og bur i Bergen. Ho må dermed ha døydd barnlaus før neste skifte; eg får leite litt etter henne også, og sjå om der kan vere mulege spor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt om navnet Mjeld- med utg pkt i Mjelde i dagens Osterøy:


«52-54. Mjelde øvste, midtre og nedre. Kaldes mjæ`dla,
mi`ttmjædla og ne2sstemjædla. ― a Mollða BK. 62 a. Miðmoldi, i
Molðe BK. 62 a. i nesta Mialða BK. 63 a. øfsta Miølde DN. XII 60,
1331 Mioldi DN. XII 226, 1490 [Mielde, Melde NRJ. I 126.]
Mielde, [Østemielde] NRJ. II 493. Øste-, Mid- og Nestemelle NRJ. III
449-451. [Millde DN. XVI 661f., 1530.] Mielde 1563. DN. IX 225,
1573 Midmielde 1610. Øfuerste, Mit og Nederste Mielde 1667. Øfste,
Mit og Neste Mielde 1723.

Mjǫlði m. Dette Navn (sædvanlig i Flertalsform) findes ogsaa i Lær-
dal (i Mialdum BK. 43 b. 44 a, i Mioldum BK. 44 b. 45 a), i Bodin
(af Mioldom AB. 92), i Steigen, i Tromsøsundet og mulig, i Formen Mjeld,
i Indre Holmedal; jfr. Mjeldelien i Lavik. Der nævnes også i 1611 en Gaard
Mielde i Jostedalen, hvorefter den nuv. Gaard Mjelvær (udt. med ø i begge
Stavelser) maa have sit Navn. Se Bd. III S. 383. XVI S. 202. Mjǫlði m.
kommer sandsynlig af en Stamme *Meluþan-, som er dannet til mjǫl n.
(Stamme *melwa-), Mel (i Stedsnavne vistnok brugt om fin Sand, se Bd.
XVI S. 173), paa væsentlig samme Maade som oldn. fjǫlði m. (Stamme
*feluþan-), Mængde, til fjǫl-, meget, gotisk filu-. Det er udentvivl
opr. et Fællesnavn med Betydningen: Sand, Sandmæl; jfr. oldn. melr og
det af Aasen fra Romerike anførte Mjele, fin Sandjord. Mindre opr. er
Sideformen Mjalð-, hvorfra Udtaleformerne med -jæ- ere udgaaede, idet
denne kan sammenlignes med fjalði, Sideform til fjǫlði. Med dette
Ord *mjǫlði, Sand, er Mjǫlðeimr, Mjeldeim (GN. 101) sms. Mjelde i

b.11,s.303 Haus har stærkt sandholdigt Jordsmon, og Mjeldeim ligger paa store Sand-
mæler. Nær beslægtet er Milde, GN. 102 i Fane, og det med vin sms.
Gaardnavn Mildin, Milli i Eidsvold. Det fortjener Opmærksomhed, at
denne sidste Gaard er Nabogaard til Hemli (Hemlin), hvis Navn kan
hænge sammen med hǫmulgrýti n., tæt Lag af Smaastene umiddelbart
under Jordskorpen, og saaledes kan indeholde en Modsætning til Milli, der
har Hensyn til fin Sand- eller Lerjord. Fjernere beslægtet er vistnok Mølster
(á Mylstri), GN. 46 i Voss. ― Nutidsformen af Mjelde i Haus synes at
stamme fra den gamle Dat. Ent. snarere end fra en Flertalsform. Udtalen
med -dl- for opr. -ld- forekommer ikke sjelden i nordhordlandske Navne
(jfr. t. Ex. GN. 101).»

 

 

 

Endret av Arnfrid Dommersnæs Mæland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slik det fremgår i link innlegg 2. Så ligger Mjeldviken plassert på Sjøkart 21 Mjeldviken, Foldnesvågen.

Det er vel kanskje noen som reise litt rundt med båt, som kanskje har sjøkart 21. Har sett på SK 21 en gang tidligere og det var vel området Sotra sørover til Austevoll.

I dag er vel alle disse kart digitalisert og derved søkbare, hvis noen kjører båt.

 

Det står jo også syndenfor Bergen og da skulle normalt Osterøy falle vekk. Det vil jeg tro at Tysnes også gjør, mener å huske at SK 21 ikke går så langt sør.

Rekkefølgen Mjeldviken før Foldensvågen, skulle tilsi ett sted fra Bergen sørover til Foldnes på Sotra.

 

OS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da sjekket jeg ut Lars Øyane sin Peder Andersen Rød i Fana.

 

Slik det fremgår så har han sønnen Nils og de flyttet til Mildevågen i Fana, under Milde. Så Mjeldviken, kan være jo være husmannsplass i Mildevågen.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FANADOEP&gardpostnr=1440&merk=1440#ovre

Vigsel til Peder

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FANAVIG&gardpostnr=524&merk=524#ovre

Vigsel til Nils

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FANAVIG&gardpostnr=967&merk=967#ovre

 

OS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mjelkevika i Fana ligger akkurat ved Hordamuseet i Fana og pr. definisjon er det 17 minutt med bil til Mildevågen.

Så Mjelkevika i Fana kan være stedet. Du kan bruke Google maps

 

Mjelkevika ligger under garden Stend i Fana, men denne Nils er nevnt under Mildevågen.

Det er uansett ingen lang avstand mellom disse to steder, men ingen Nils nevnt i Mjelkevika.

Ville sjekket denne NIls

 

OS

Endret av Oddvar Søreide
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Refererer til Oddvar "sin Peder Andersen".

 

Da er vel også Christi her barn av ham og bror til Nils.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000222198

 

Så da er vel ett av spørsmålene om Christi levde da skifte ble skrevet 

 

Og Ole - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000221101

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.