Gå til innhold
Arkivverket

Haagen Johannesson (1776-182?) - ein frustrerande huslyd frå Luster med forgreiningar mellom Herdla, Askøy, Fjell og Sund - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Haagen Johannesson, son av Johannes Bottolfson (1729-1800) og Malena Rasmusdotter (1739-1835), plassfolk på Notasva under Hauge i Luster, vart døypt i Luster 31.3.1776, men flytte på 1790-talet til Bergenskanten og gifte seg på Herdla i 1800 med Anne Dorthea Helene Olsdotter frå Herdla.  Dei fekk visstnok ti born i lag, dei tre siste fødde på Solsvik i Fjell, før dei hamna som plassfolk på Morlandsstøen under Morland i Fjell.

 

Det har vore ei frustrerande oppgåve å følgja denne ætti, ikkje minst på grunn av geografien i området.  No vonar eg at nokon med lokal kunnskap, kanskje med hjelp av bygdebøkene for Fjell, kan hjelpa meg få eit skikkeleg oversyn over dei?

 

Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Mange interessante og spennande opplysningar er komne inn, og manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #7 nedanfor!

 

Eg vil vera svært takksam for alle gode tips om denne «kaotiske» huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Johanna Haagensdotter, f. på Herdla 17.11.1800, d. som husmannskone på Havrøen i Fjell 1.11.1875.  Johanna gifte seg første gongen på Askøy 2.2.1823 med Iver Andersson frå

     ##### (opphavet hans? – 1823: innerst Pollen i Fjell!)

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans – kring 1801?

 

 Denne var litt interessant med tanke på faddere 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000884851

 

Vielse til Ingeborg Thomasdtr: fra Bjorøy i Fjell

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001006106

https://media.digitalarkivet.no/view/11694/90425/19

 

Nr. 31

 

URN:NBN:no-a1450-kb20070521640224.jpg

 

 

 

 

Dette kan være far til Ingeborg - Thomas Nielsen - N. Biørøen

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000004750434

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000004747618

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Bertelson på Herlø,

 

 

 

##### (sjekka bustad?)

 

 

 

opphavleg frå

 

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

 

og kona Barbro Stephensdotter frå

 

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

 

 

Ole, 1774, Askøy

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4XT-KVS

 

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Fødte og døpte 1774, Side 247
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640670.jpg
 

Aleth, 1777, Askøy

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4XL-R2N

 

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Fødte og døpte 1778, Side 162
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640583.jpg
 

Anna Dorthea Helene, 1780, Manger

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWLS-DL4

 

Hordaland fylke, Manger, Hordabø (Bø), Sæbø, Herdla i Manger, Ministerialbok nr. A 1 (1759-1791), Kronologisk liste 1780, Side 140
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514640039.jpg
 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser på FS at det er en Ole Bertelsen som får barn i Lygra, Hordaland på 1760-tallet:

 

Stephen, 1761

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPV-K24

 

Helje, 1759

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPV-KMG

 

Alith, 1764

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPV-9T5

 

Men dette er vel neppe samme Ole Berthelsen som er far til Anne Dorthea Helene...????

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Haagen Johannesen ble til slutt busett på husmannsplassen Havrøyna under Vindenes i Fjell kommune.

Det står veldig mye om denne familien under Vindenes i Fjell.

Har sendt deg en e-post, hvis den er riktig.

 

Oddvar S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Ole Bertelsen Ullebust (Ålbost) f. 1732 i Førde d. 1798 på Skråmestø i Askøy gift 1756 med Barbro Steffensdtr. Refsdal f. 1736 i Førde. I 1758 kjøpte Ole et gårdsbruk på Instebø på Radøy (hørte da til Lindås prestegjeld). Han eide bruket på Instebø frem til 1770 da han solgte det til presten Edvard Meyer, men Ole fortsatte som leilending frem til 1776. Barbro og Ole flyttet senere til Strømsnes og Herdla på Askøy hvor de var pakterfolk. Se også bygdebok for Radøy bind V side 263-264

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland   

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er imponert!  Hjarteleg takk til Ivar, Grethe, Oddvar og Kenneth for kjempeflotte innlegg, og ein stor takk til Oddvar for dei tilsende sidene frå bygdeboki for Fjell!

 

Det ser ut til at bygdebokskrivaren ikkje har oppdaga opphavet til Haagen Johannesson frå Luster, men so hadde han heller ikkje tilgang til kjeldematerialet som prova dette...  Elles sleg det meg at nokre av dei opplysningane som kjem fram, kan vera gjenstand for debatt?

 

** Det synest umogeleg å finna eit dødsfall for Haagen Johannesson, som forfattaren meiner skal ha vore første husmannen på Havrøy.  Han er avliden før 1830, men er ikkje innført korkje i Sund eller i Askøy!  Då dotteri Kari vart konfirmert i 1827, heitte ho Solsvik, og eg har finne fleire dødsfall på Havrøy kring 1824/1825 for personar som ikkje høyrde til huslyden hans Haagen.  Eg ser ingen dokumentasjon på at Haagen budde på Havrøy, so eg stiller eit spørsmål ved denne utsegni!?

 

** Me manglar ogso dødsfall for svigersonen Iver Andersson, som eg vil tru må vera avliden kring 1826, kan henda på Turøy?

 

** Eg trur at kanskje alle dei tre borni som Haagen og Anna fekk etter dei flytte til Fjell, må vera avlidne i ung alder, noko som igjen underbyggjer teorien min om at kyrkjebøkene for Fjell sokn er svært mangelfulle, særleg når det gjeld avlidne i denne perioden!?  Elles mistenker eg den yngste dotteri Helga for å vera ein gut Helge, sjølv om barnet er ført under «pigebørn».  Grunnen til dette er at presten i denne perioden konsekvent har nytta formi Helje for gutar og Helga for jenter, og denne jenta heiter Helje, som ein gut!  Her er det dessutan rimeleg å tru at den første Helge er avliden, og at dei har kalla opp att neste barnet på same vis!

 

** Bygdebokskrivaren nemner so ei dotter Anna Haagensdotter som skal vera avlidi på Solsvik i 1820, 8 veker gamal.  Men eg finn ikkje noki Anna avlidi på den tidi, so kvar er den opplysningi teki ifrå?

 

** Eit spørsmål til som er høgst relevant, er dette med Christi - kontra Christine...  Eg trur ganske bestemt at det har vore to jenter i denne søskenflokken, ei Christi og ei Christine, for sjølv om denne vigsli i Domkyrkja frå 13.2.1852 for Christine Haagensdotter syner fødestad Sogndal, er alderen rett, og farsnamnet stemmer.  Ingen Christine Haagensdotter er fødd i Sogndal på den tid!!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8332/77

 

** Siste innlegget frå Kenneth kom etter at eg hadde børja på dette innlegget.  Eg er svært takksam for oppklaringi av opphavet til Anna Dorthea Helene på Herdla, men eitt spørsmål kjem opp der som ganske so «relevant».  Ole Bertelson og Barbro Stephensdotter skal vera flytte til Skrommestad, men kva yrkestitel hadde dei der?  Er Skrommestad eit eige bruk, eller ein husmannsplass under Herdla gard?  Kanskje det var der Haagen Johannesson og Anna budde då dotteri Johanna var fødd i 1800?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Haagen Johannesson (Notesvad), døypt i Luster 31.3.1776, vart konfirmert frå Notasva i 1790.

Haagen flytte alt i 1790‑åri til Bergenskanten og gifte seg på Herdla 7.4.1800 med Anna Dorthea Helene Olsdotter frå Skrommestad på Herdla.  Ho var dotter av paktar

 

##### (eventuell annan yrkestitel?)

 

Ole Bertelson på Skrommestad,

 

##### (sjekka bustad? – var Skrommestad eigen gard eller plass under Herdla gard???)

 

opphavleg frå Ullebust i Førde, og kona Barbro Stephensdotter frå Refsdal i Førde og vart døypt på Herdla 16.4.1780.  Haagen og Anna budde ei tid som plassfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass? – Skrommestad?)

 

under Herlø i Herdla, men flytte kring 1817 til Solsvik i Fjell og vart på 1820-talet dei første plassfolki på Havrøen under Vindenes i Fjel der Haagen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1830!)

 

Anna gifte seg att i Fjell 28.6.1830 med enkjemannen Gregorius Thomasson, opphavleg frå Geitanger i Fjell.  Han var son av gardbrukar Thomas Nilsson på Geitanger, opphavleg frå Spjeld, og kona Kari Gregoriusdotter frå Kobbeltveit og f. i Fjell kring 1784. 

 

##### (finn ikkje nokon fødsels- eller dåpsdato?)

 

Gregorius og Anna var plassfolk på Morlandsstøen under Kolltveit i Fjell der Gregorius d. som husmann 28.5.1833.  Anna d. som husmannskone same staden 12.9.1836.  Gregorius hadde tre søner frå første ekteskapet sitt, medan Anna i alt fekk ti born, som alle var frå første ekteskapet hennar med Haagen:

 

##### (sjekka om eg har fått med meg alle?)

 

a. Johanna Haagensdotter, f. på Herdla 17.11.1800, d. som husmannskone på Havrøen i Fjell 1.11.1875.  Johanna gifte seg første gongen i Fjell 2.2.1823 med Iver Andersson frå Pollen i Fjell, døypt i Fjell 29.11.1801.  Dei var plassfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Turøen i Fjell der Iver d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1826?)

 

     Johanna gifte seg att i Fjell 13.4.1830 med Simon Knutson frå Bergen,

 

     ##### (eller var han oppvaksen på Florvåg, Askøy? – oppgjeven far ved vigsli: Knut Simonson Florvaag!)

 

     f. i Bergen 13.9.1810.  Han d. som husmann på Havrøen 22.2.1842, og Johanna gifte seg tredje gongen i Fjell 21.7.1849 med Nils Olson frå Hummelsund i Sund, f. i Sund 3.1.1826.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865!)

 

     Både Simon og Nils var husmenn på Havrøen under Vindenes i Fjell.  Johanna fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

b. Ole Haagenson, f. i Bergen 30.9.1802, d. som husmann på Havrøen i Fjell 20.11.1861.  Ole gifte seg i Sund 30.7.1825 med Ingeborg Thomasdotter frå Bjorøy nordre i Fjell, døypt i Fjell 24.7.1803.  Ho d. som husmannsenkje på Havrøen 1.12.1878.  Ole og Ingeborg vart husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell og fekk ni born i lag.

c. Barbro Malene Haagensdotter, f. på Herdla 1.1.1805, f. i Fjell 30.3.1838.  Barbro gifte seg i Fjell 2.7.1835 med Peder Christopherson frå Hetlevik på Askøy, døypt på Askøy 29.7.1810.  Han d. som enkjemann og legdelem på Hetlevik nordre på Askøy 25.9.1869. 

 

     ##### (NB: står i FT1865 som attgift med ei Cecilia Jacobsdotter – f. Hamre kring 1795, men eg finn korkje vigsli eller spor etter dødsfallet hennar!)

 

     Barbro og Peder var husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell, men som enkjemann flytte Peder attende til ein plass under Hetlevik på Askøy.  Barbro og Peder fekk to born i lag.

d. Britha Haagensdotter, f. på Herdla 18.2.1807,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Kari Haagensdotter, f. på Herdla 7.6.1810, d. som husmannsenkje på Rong på Herdla 12.5.1894.  Kari flytte i 1837 attende frå Fjell til Herdla der ho 10.6.1838 gifte seg med Abraham Olson frå Rong på Herdla,

 

     ##### (sjekka opphavet hans? – fødd på Skrommestad, Herdla!)

 

     f. på Herdla 16.3.1808.  Han d. som husmann på Rong på Herdla 25.7.1872. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1865: husmann utan jord og fiskar Rong på Herdla!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ole, f. Manger 31.7.1838

            * Anne Dorthea, f. Manger 9.9.1840

            * Ragnhild Helene, f. Manger 14.7.1843

            * Anne Helene, f. Manger 18.1.1846 – n. 1865 (Anna Helene Dorthea)

            * Brithe, f. Manger 16.6.1848

            * Barbra Malene, døypt Manger 21.9.1851)

 

f. Christi Haagensdotter, f. på Herdla kring 1813,

 

     ##### (finn ho ikkje? – nemnd fadder Fjell 1841!)

 

     d. på Grønnevik på Askøy 7.2.1872.  Christi gifte seg på Askøy 10.4.1842 med Ole Olson frå Hop på Askøy, f. på Askøy 27.1.1816.  Han d. som husmann på Grønnevik 31.1.1892.  Han gifte seg att på Askøy 22.4.1873 med Elen Pedersdotter frå Ravnanger på Askøy, døypt på Askøy 23.6.1816.  Ho d. som husmannsenkje på Ravnanger 11.11.1893.  Ole og Christi var ei tid paktarar av eit bruk på Grønnevik på Askøy, men vart sidan plassfolk i Hagen under Grønnevik.  Ole var òg notbindar.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka at eg har fått med meg alle?

            * Petriche Marie, f. Askøy 1.7.1842 – paktarbarn Grønnevik

            * Helene Dorthea, f. Askøy 4.3.1845 – paktarbarn Grønnevik

            * Barbra Helene, f. Askøy 18.12.1846 – innerstbarn Ravnanger – n. 1865

            * Oline Christine, f. Askøy 11.4.1851 – paktarbarn Grønnevik

            * Haakon Berthin, f. Askøy 18.8.1857 – husmannsbarn Grønnevik – n. 1865)

 

g. Christine Haagensdotter, f. på Herdla 6.6.1816, d.

 

     ##### (NB: ved vigsli er oppgjevi fødd i Sogndal, men dette kan ikkje stemma!)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Christine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.2.1852 med Albrigt, kjend som Albert Abelson Eriksen frå Bergen, f. i Bergen 31.5.1824.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1852: matros!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

h. Siri Malena Haagensdotter, f. i Fjell 2.10.1819,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

i. Helge Haagenson, f. i Fjell 27.5.1821,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

j. Helge Haagenson, f. i Fjell 25.7.1823,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

?k. Anna Haagensdotter,

 

     ##### (bygdeboki påstår at ei Anna Haagensdotter vart gravlagd frå Solsvik i 1820, 8 veker gamal, men denne jenta finn eg ikkje i kyrkjeboki!!!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne so «frustrerande» huslyden og vonar at eit og anna «ekstra gullkorn» vil dukka opp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iver Anderssen og Johanne Haagensdtr. bor som husmannsfolk på Turøy i 1825:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051094000885

 

Når det gjelder Herdla sogn var dette et eget sogn under Manger prestegjeld (senere utskilt som eget prestegjeld). Dessverre mangler man lister over døde i årene mellom 1791-1815

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her må en holde tunga litt rett i munnen, når det gjelder oppholdsted.

 

Johanne Haagensdatter 1g. 1823 Ivar Andersen 2g.1830 Simon Knudsen. Johanne og Ivar busett på Turøy. Simon fikk festeseddel på Havrøyna i 1835, det er vel dette dokument det vises til når det står at bruket hadde vært " afgagne Haagen Johannesen overladt til Brug og Beboelse. Dvs. Johanne må ha flytta fra Turøy til Havrøy ca1835.

 

Derfor må Haagen ett eller annet tidspunkt etter 1823 men før 1835 (da han er død) flytta fra Solsvik til Havrøy.

 

OS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

Britha Abrahamsdtr. f 16.06 1948 d.1935? gifter seg i 1873 med Ole Johan Knudsen f 1854, sønn av Knud Simonsen f 1831.

https://media.digitalarkivet.no/view/8278/61

Disse får en sønn Knut Martin i 1875: https://media.digitalarkivet.no/view/8275/65

Ole Johan dør i 1877. 

Britha før en sønn med sin svigerfar i 1880: https://media.digitalarkivet.no/view/2127/17 Nr.13 Hennes svigermor dør i 1889,

og hun gifter seg med sin svigerfar: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000795089

Ser nå at Lars har redigert litt.

Men var Brithe og Knud  også søskenbarn?

 

(Dette er min kones familie)

 

mvh Ottar

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kenneth, Oddvar og Ottar for nye interessante innlegg!

 

Det var kjekt med denne henvisingi til at Haagen Johannesson hadde butt på Havrøy.  Den må eg ha oversett då eg las igjennom dei tilsende sidene frå bygdeboki...

 

Ved gjennomgong av klokkar-/kyrkjebøkene som omfattar Fjell sokn, ser eg:

 

* Ole Hansson Havrøen (56 år) og likeins Elling Olson Havrøen miste livet på sjøen våren 1825: https://media.digitalarkivet.no/view/11694/110

 

* Christi Baardsdotter Havrøen (83 år) døydde i februar 1826: https://media.digitalarkivet.no/view/11694/112

 

* Ingeborg Albrigtsdotter Havrøen (4 veker) døydde i mars 1828: https://media.digitalarkivet.no/view/11693/230

 

* Kårmann Jacob Jacobson Havrøen (64 år) døydde i oktober 1828: https://media.digitalarkivet.no/view/11693/233

 

* Neste dødsfallet på Havrøy er so barnet Everine Simonsdotter i september 1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11693/241

 

Eg vart overraska over at Turøy høyrer til Manger (Herdla) i 1825.  Denne øya ligg jo heilt «på grensa» til Fjell.  Eg har no blatt igjennom avlidne i Manger mellom 1825 og 1831 og finn mange dødsfall på Turøy, men IKKJE Iver Andersson!  So kanskje ogso han døydde på Havrøy utan å vera oppskriven i kyrkjeboki?

 

Kanskje Iver Andersson og Haagen Johannesson flytte til Havrøy om lag på same tid, kring 1826/1827?  Kanskje omkom dei på sjøen i lag kring 1828/1829 sidan båe enkjene gifte seg att i 1830?

 

Finst det kan henda skifte??

 

Elles er det vel ingen tvil om at Knut Simonson (Havrøy) og Britha Abrahamsdotter (Rong) var søskenborn, so her har kona di, Ottar, tydeleg ei «dobbel linje» attende til Haagen Johannesson!

 

Elles lurer eg på om det kanskje òg kan mangla konfirmasjonar frå Fjell?  Me har Kari Haagensdotter konfirmert i 1827, men kvar er dei yngre søskeni, Christi og Christine?

 

Eg ser elles på spørsmålet kring Christine Haagensdotter gift i Bergen 1852 som ei skikkeleg utfordring og vil leggja den saki ut som eigi «påskenøtt»!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #7 i samsvar med dei nye kommentarane.

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bidrag til å komplettera denne huslyden og vonar på fleire «gullkanta» innlegg...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alle de du har linket til med unntak av Everine Simonsdatter er fra Hevrøy i Austevoll. Bak Everine står det F.S. Fjell sokn. På noen av de andre står det M.S. Møkster Sokn i Austevoll.

Austevoll, Fjell og Sund var under Sund på den tiden. En annen måte å se dette, er at de andre døde som er nevnt ovenfor og under de du linker til er fra gårder i Austevoll.

 

Ser jo at Johanne står som enke på Havrøy i 1830 når ho gifter seg 2g. så det er ikke utenkelig at Ivar døde på Havrøy, men de budde jo på Turøy i 1825, så det er altså ett sted mellom 1825 og 1830 at Johanne kommer til Havrøy og det er i denne periode at Ivar Andersen døde, noe nærmere eksakt tidspunkt for flytting enn dette trur jeg blir vanskelig.

 

OS

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Oddvar for ny avklarande melding med omsyn til denne huslyden og busetnaden på Havrøy.

 

Med denne meldingi ser me nok ein gong kor viktig det er med LOKAL geografikunnskap.  Eg visste ikkje at det i dåverande Sund prestegjeld fanst TO gardar med so like namn...

 

Sidan dødsfallet til Iver Andersson ikkje er å sjå på Turøy i Herdla (dåverande Manger), og med Havrøy som etternamn då Johanna gifte seg att, er nok «teorien» min om at Iver døydde på Havrøy, kan henda i lag med Haagen Johannesson, truleg ikkje so langt borte likevel...

 

Du nemner ikkje noko om skifte, so då reknar eg med at dette har vore undersøkt...?  Eg finn då heller ikkje noko i skifteregisteret for Nordhordland som kunne tyda på at det vart halde skifte etter dei...

 

Oddvar, har du forresten noki forklaring på utsegni om at Anna Haagensdotter Solsvik skal vera avlidi i 1820, 8 veker gamal?

 

Elles er spørsmålet kring Christine/Christi Haagensdotter no løyst.  Det syner seg at den Christine som gifte seg i Domkyrkja i Bergen i 1852, hadde opphavet sitt frå Sokndal på Jæren, so ho kan definitivt «eliminerast»!

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209577-løyst-øyanes-påskenøtt-2017-6-christine-haagensdotter-1816-gifte-seg-i-domkyrkja-i-bergen-i-1852-med-albrigt-«albert»-eriksen-1824-kven-var-christine-og-kvar-vart-det-av-dette-parfolket/

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #7 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye oppsiktsvekkjande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #21 nedanfor!

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå dugnadsarbeid om denne huslyden, samstundes som eg vonar på fleire «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når vi ser at de to enkene gifter seg samtidig, så ser jeg ikke vekk fra at Ivar Andersen og Haagen Johannesen kan ha komme vekk på havet. Dette er jo en naturlig forklaring på at vi ikke finner de nevnt, men det blir jo vanskelig å dokumentere riktigheten av dette. Har ikke funne noe skifte.

 

Når det gjelder Anna Haagensdatter Solsvik, så finner vi henne under Manger. Ho er trulig ei datter av Haagen, siden vi ikke har andre med dette navnet på Solsvik.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Mand1816&gardpostnr=307&merk=307#ovre

 

Christi Haagensdatter budde trulig også på Haugland på Askøy ei stund, siden de er nevnt Haugaland i denne dåpen .

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12461847&gardpostnr=251&personpostnr=1951&merk=1951#ovre

 

I Klokkarboka 1821 har vi Helje nevnt under mandkjønn nr.43

https://media.digitalarkivet.no/view/11694/25

 

I Klokkarboka 1823 har Helje skifta kjønn, der er han nevnt under mandkjønn nr.37 i motsetning til ministerialboka

https://media.digitalarkivet.no/view/11694/46

 

Slik Tore skriver, så snakker vi nok om garden Skråmestø på Askøy, se Kenneth Bratland sitt innlegg 6 om Ole Bertelsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Oddvar for nye spennande meldingar!

 

* Eg ser med glede på at klokkarboki har «plassert» yngste barnet til Haagen under gutar, so då lyt me tru at «teorien» min om dette rett.  Eit anna spørsmål ef sjølvsagt, kvar vart det av denne yngste Helge Haagenson?  Eg finn han korkje gravlagd eller konfirmert...  Kanskje endå eit dødsfall som ikkje er innført?

 

* Når det gjeld Anna Haagensdotter, ser eg at ho døydde i februar 1820, 8 veker gamal.  Eg er samd med deg, Oddvar, i at ho må vera ein del av denne huslyden, men dersom alderen stemmer so nokolunde, er det nok Siri Malena som har fått «nytt» namn!?  Kanskje presten ikkje hadde boki med seg då han gjorde denne gravferdi på «hi» sida av fjorden, og so har han tenkt på førenamnet til mori, Anna, då han skreiv det inn seinare?  Me ser jo at «intervallet» mellom Siri Malena og den første Helge er so stutt at me vel kan gå ut ifrå at Siri Malena døydde som barn!  Eit anna alternativ er at alderen til barnet er feilskrive.  Me har eit «intervall» på heile 6 år mellom Kari og Christi, og Haagen og Anna KAN godt ha hatt eit barn imellom der som då ville vera om lag 7-8 ÅR i 1820.  Men meir enn spekulasjonar vert ikkje dette...

 

* Med omsyn til Skråmestø, eller Skommestad, som det vart skrive den gongen, var spørsmålet mitt kva slag eigedom dette var?  Herdla var jo eit «storgods», og det kunne jo tenkjast at Skråmestø opphavleg var ein del (les husmannsplass?) under dette godset?  Har ein tankar om kva yrkestitel Ole Bertelson kan ha hatt, medan han budde på Skråmestø?

 

* Har ein elles tankar om kva for ein husmannsplass under Herdla Haagen og Anna budde på i so mange år, før dei flytte til Solsvik?

 

Eg sit med ei kjensle av at me kjem framover, litt etter litt, med denne huslyden, og eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats for å løysa «flokene»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Askøy er ikke mitt nærområde.

Søker en på Google maps så finner en Gulbrandsøy nord på Askøy med avstand til Herdla ca 3 km (nordover). Den gang var jo dette separate øyer. Skråmestø ligger ca 4 km andre veien (sørover) fra Gulbrandsøy.

 

Det er jo ikke utenkelig at Haagen flytter rundt på seg, slik at han først bur på Gulbrandsøy, deretter Herdla, så til Solsvik mellom 1816-1820 og til slutt Havrøy. Siden han ikke er nevnt på Gulbrandsøy i 1801, så må han være flytta, dattera Johanne er jo født der i 1800. Finner han ikke nevnt noen steder i 1801.

 

Skulle jeg tippe en yrkestittel på Ole Bertelsen, så må det være bonde og fisker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo berre helt fantastisk!  Hjarteleg takk til Ottar og Oddvar for nye spennande innlegg om Haagen og huslyden hans!

 

So var altso tanken min om at Haagen og Iver vart borte på sjøen, ikkje so langt unna sanningi.  Dei vart til og med borte i lag, og når ein ser på datoen dette skjedde, kunne ein nesten tru det skjedde på fisketur for å henta «juletorsken»...?

 

Då kjem me attende til spørsmålet om bustaden til Haagen, og ogso til Iver.  Havrøyna var ein ny bustad, og kan det tenkjast, Oddvar, at denne bustaden i børjingi vart rekna under Solsvik i staden for under Vindenes?  Kanskje presten tenkte slik?  Som du seier, dei to gardane er nabogardar, og ser ein på Googlemaps, ser det for meg ut til at Havrøyna geografisk ligg nærare Solsvik enn Vindenes??  Kanskje var det på Havrøyna Haagen busette seg då han og Anna kring 1817 flytte frå Herdla til Fjell??  Høyrest ikkje dette rimeleg ut?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet frå innlegg #14 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Haagen Johannesson (Notesvad), døypt i Luster 31.3.1776, vart konfirmert frå Notasva i 1790.

Haagen flytte alt i 1790‑åri til Bergenskanten og gifte seg på Herdla 7.4.1800 med Anna Dorthea Helene Olsdotter frå Skrommestad på Herdla.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Bertelson på Skrommestad, opphavleg frå Ullebust i Førde, og kona Barbro Stephensdotter frå Refsdal i Førde og vart døypt på Herdla 16.4.1780.  Haagen og Anna budde ei tid som plassfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Herlø i Herdla, men flytte kring 1817 til ein plass under Solsvik i Fjell, men Haagen og svigersonen Iver Andersson kom bort på sjøen og miste livet 18.12.1826.  Anna gifte seg att i Fjell 28.6.1830 med enkjemannen Gregorius Thomasson, opphavleg frå Geitanger i Fjell.  Han var son av gardbrukar Thomas Nilsson på Geitanger, opphavleg frå Spjeld, og kona Kari Gregoriusdotter frå Kobbeltveit og f. i Fjell kring 1784. 

 

##### (finn ikkje nokon fødsels- eller dåpsdato?)

 

Gregorius og Anna var plassfolk på Morlandsstøen under Kolltveit i Fjell der Gregorius d. som husmann 28.5.1833.  Anna d. som husmannskone same staden 12.9.1836.  Gregorius hadde tre søner frå første ekteskapet sitt, medan me kjenner til ni born etter Anna, som alle var frå første ekteskapet hennar med Haagen:

 

##### (sjekka om eg har fått med meg alle?)

 

a. Johanna Haagensdotter, f. på Herdla 17.11.1800, d. som husmannskone på Havrøen i Fjell 1.11.1875.  Johanna gifte seg første gongen i Fjell 2.2.1823 med Iver Andersson frå Pollen i Fjell, døypt i Fjell 29.11.1801.  Dei var plassfolk på ein plass under Turøen i Herdla, men flytte visstnok i 1826 til ein plass under Solsvik i Fjell.  Iver og svigerfaren Haagen kom bort på sjøen og miste livet 18.12.1826, og Johanna gifte seg att i Fjell 13.4.1830 med Simon Knutson frå Bergen,

 

     ##### (eller var han oppvaksen på Florvåg, Askøy? – oppgjeven far ved vigsli: Knut Simonson Florvaag!)

 

     f. i Bergen 13.9.1810.  Han d. som husmann på Havrøen 22.2.1842, og Johanna gifte seg tredje gongen i Fjell 21.7.1849 med Nils Olson frå Hummelsund i Sund, f. i Sund 3.1.1826.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865!)

 

     Både Simon og Nils var husmenn på Havrøen under Vindenes i Fjell.  Johanna fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

b. Ole Haagenson, f. i Bergen 30.9.1802, d. som husmann på Havrøen i Fjell 20.11.1861.  Ole gifte seg i Sund 30.7.1825 med Ingeborg Thomasdotter frå Bjorøy nordre i Fjell, døypt i Fjell 24.7.1803.  Ho d. som husmannsenkje på Havrøen 1.12.1878.  Ole og Ingeborg vart husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell og fekk ni born i lag.

c. Barbro Malene Haagensdotter, f. på Herdla 1.1.1805, f. i Fjell 30.3.1838.  Barbro gifte seg i Fjell 2.7.1835 med Peder Christopherson frå Hetlevik på Askøy, døypt på Askøy 29.7.1810.  Han d. som enkjemann og legdelem på Hetlevik nordre på Askøy 25.9.1869.  Peder gifte seg 12.9.1852 att på Askøy med enkja Cecilia Jacobsdotter, opphavleg frå Alvær i Hamre,

 

     ##### (f. Hamre kring 1795? – far Jacob Monsson? Alver)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865!)

 

     Barbro og Peder var husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell, men som enkjemann flytte Peder attende til ein plass under Hetlevik nordre på Askøy.  Peder fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Barbro.

d. Britha Haagensdotter, f. på Herdla 18.2.1807,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Kari Haagensdotter, f. på Herdla 7.6.1810, d. som husmannsenkje på Rong på Herdla 12.5.1894.  Kari flytte i 1837 attende frå Fjell til Herdla der ho 10.6.1838 gifte seg med Abraham Olson frå Rong på Herdla,

 

     ##### (sjekka opphavet hans? – fødd på Skrommestad, Herdla!)

 

     f. på Herdla 16.3.1808.  Han d. som husmann på Rong på Herdla 25.7.1872. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1865: husmann utan jord og fiskar Rong på Herdla!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ole, f. Manger 31.7.1838

            * Anne Dorthea, f. Manger 9.9.1840

            * Ragnhild Helene, f. Manger 14.7.1843

            * Anne Helene, f. Manger 18.1.1846 – n. 1865 (Anna Helene Dorthea)

            * Brithe, f. Manger 16.6.1848

            * Barbra Malene, døypt Manger 21.9.1851)

 

f. Christina, kjend som Christi Haagensdotter, f. på Herdla 6.6.1816, d. på Grønnevik på Askøy 7.2.1872.  Christi gifte seg på Askøy 10.4.1842 med Ole Olson frå Hop på Askøy, f. på Askøy 27.1.1816.  Han d. som husmann på Grønnevik 31.1.1892.  Han gifte seg att på Askøy 22.4.1873 med Elen Pedersdotter frå Ravnanger på Askøy, døypt på Askøy 23.6.1816.  Ho d. som husmannsenkje på Ravnanger 11.11.1893.  Ole og Christi var ei tid paktarar av eit bruk på Grønnevik på Askøy, men vart sidan plassfolk i Hagen under Grønnevik.  Ole var dessutan notbindar.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka at eg har fått med meg alle?

            * Petriche Marie, f. Askøy 1.7.1842 – paktarbarn Grønnevik

            * Helene Dorthea, f. Askøy 4.3.1845 – paktarbarn Grønnevik

            * Barbra Helene, f. Askøy 18.12.1846 – innerstbarn Ravnanger – n. 1865

            * Oline Christine, f. Askøy 11.4.1851 – paktarbarn Grønnevik

            * Haakon Berthin, f. Askøy 18.8.1857 – husmannsbarn Grønnevik – n. 1865)

 

g. Siri Malena Haagensdotter, f. i Fjell 2.10.1819, truleg identisk med dotteri Anna som d. på Solsvik i Fjell 22.2.1820, 8 veker gamal.

h. Helge Haagenson, f. i Fjell 27.5.1821, d. på Solsvik kring 1822.

i. Helge Haagenson, f. i Fjell 25.7.1823,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kunne ein no berre finna noko meir om lagnadane til Britha (1807) og Helge (1823)?

 

 

Og kanskje kan nokon hjelpa meg identifisera denne andre kona til Peder Christopherson på Hetlevik, Cecilia Jacobsdotter, og eventuelt finna ut kva tid ho døydde?

 

Og kvar kan det ha vorte av Nils Olson, siste mannen til Johanna Haagensdotter?

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden, som no etter kvart børjar ta skikkeleg «form»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til innlegg 21. Vanskelig å svare på spørsmålet ditt Lars, men siden Havrøyna senere var regnet under Vindenes, så vil jeg tro at denne plassen har vært under Vindenes også tidligere. På Solsvik var det handelssted og mange husmannsplasser. Det var fraflytting fra disse husmannsplassene, som derved åpner for muligheten at Haagen Johannesen først flytter til Solsvik før han busetter seg på Havrøyna. Solsvik navnet kan derved ha blitt hengende igjen fra presten/klokker sin side.

 

Vi ser jo at Ivar Andersen sin sønn Haagen Ivarsen er først busett på Havrøy og siden busett på husmannsplass under Solsvik. Jeg har sett at det i enkelte familier var mye flytting innenfor en kort tidshorisont. Spesielt gjelder dette tilflytter familier.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anna gifte seg att i Fjell 28.6.1830 med enkjemannen Gregorius Thomasson, opphavleg frå Geitanger i Fjell.  Han var son av gardbrukar Thomas Nilsson på Geitanger, opphavleg frå Spjeld, og kona Kari Gregoriusdotter frå Kobbeltveit og f. i Fjell kring 1784. 

 

##### (finn ikkje nokon fødsels- eller dåpsdato?)

 

Antar at dette er dåpen til Gregorius Thomassen (øverst til venstre):

 

SAB, Sund sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 5, 1770-1795, s. 381-382
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070521620424

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.