Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Øyanes påskenøtt 2017 #6 - Christine Haagensdotter (1816- ) gifte seg i Domkyrkja i Bergen i 1852 med Albrigt «Albert» Eriksen (1824- ) - kven var Christine og kvar vart det av dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dagens påskenøtt frå mi side er plukka ut som ei førebels «uløyst» sak frå dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209507-haagen-johannesson-1776-182-ein-frustrerande-huslyd-frå-luster-med-forgreiningar-mellom-herdla-askøy-fjell-og-sund-hjelp/

 

og knyter seg til denne vigsli i Domkyrkja i Bergen 13.2.1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8332/77

 

Brudgom: Albert Erichsen, ungkarl og matros, 28, fødd i Domkyrkjesokni, son av Abel Erichsen

 

Brur: Christine Haagensdotter, pige, 36, fødd i Sogndal, dotter av Haagen Johannesson

 

Eg kan ikkje sjå at Albert og Chrisine fekk born i Bergen, og eg ser dei heller ikkje i FT1865.

 

Her er dåpen til Albert, døypt som Albrigt: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007603600

 

No finst det ikkje nokon Christine Haagensdotter fødd i Sogndal kring 1816 og heller ingen Haagen Johannesson.  Dermot finn me denne jenta som del av det nemnde emnet:

 

Christine, fødd 6.6., døypt 9.6.1816 i Herdla, Manger som dotter av husmann Haagen Johannesson og Anna Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11605/5

 

Eg TRUR det er ho som gifte seg i Domkyrkja i Bergen i 1852, men kan ikkje prova dette.  Er det mogeleg å finna ut meir om lagnaden til dette paret?

 

Eit «kompliserande» forhold er det faktum at Haagen Johannesson og Anna Olsdotter òg hadde ei dotter Christi Haagensdotter på om lag same alder som gifte seg på Askøy 10.4.1842 med Ole Olson Ravnanger: https://media.digitalarkivet.no/view/6962/7

 

Her er denne Christi i FT1865 på Askøy: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038240004413

 

Eg TRUR me har å gjera med to søstrer med nesten same namn, Christi og Christine.  Mellom det føregåande barnet i denne søskenflokken, Kari, fødd 1810, og Christine, fødd 1816, er det nemlig eit so langt «intervall» (6 år) at det høgst truleg har vore eitt barn til som manglar i kyrkjeboki...

 

Difor er det so viktig å finna ut kva som skjedde med Christine og Albert for sikkert å identifisera opphavet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle ein riktig God Påske!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror jeg har løst denne påskenøtten :-)

 

I forlovererklæringen står det at bruden er født 4.11.1815. Der står det i tillegg at farens navn er Haagen Johnsen Birkeland. Birkeland er en gård i Sokndal i Rogaland, og der fant jeg dåpen til "Kirstine" med faren Haagen Birkeland. Kirstine flyttet til Egersund i 1830 og ble konfirmert der samme år. Ved konfirmasjonen står det at farens navn er Haagen Johnsen. Jeg kan ikke skjønne annet enn at dette er  påskenøttens "Christine"?

 

Forlovererklæringen (til høyre): https://media.digitalarkivet.no/view/4563/185

Dåpen i Sokndal (nest øverst til venstre): https://media.digitalarkivet.no/view/15866/46

Flyttingen til Egersund (nr. 1): https://media.digitalarkivet.no/view/1583/562

Konfirmasjonen i Egersund (nr. 54): https://media.digitalarkivet.no/view/1583/267

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars Waaltorp skrev:

Jeg tror jeg har løst denne påskenøtten :-)

 

I forlovererklæringen står det at bruden er født 4.11.1815. Der står det i tillegg at farens navn er Haagen Johnsen Birkeland. Birkeland er en gård i Sokndal i Rogaland, og der fant jeg dåpen til "Kirstine" med faren Haagen Birkeland. Kirstine flyttet til Egersund i 1830 og ble konfirmert der samme år. Ved konfirmasjonen står det at farens navn er Haagen Johnsen. Jeg kan ikke skjønne annet enn at dette er  påskenøttens "Christine"?

 

Forlovererklæringen (til høyre): https://media.digitalarkivet.no/view/4563/185

Dåpen i Sokndal (nest øverst til venstre): https://media.digitalarkivet.no/view/15866/46

Flyttingen til Egersund (nr. 1): https://media.digitalarkivet.no/view/1583/562

Konfirmasjonen i Egersund (nr. 54): https://media.digitalarkivet.no/view/1583/267

 

Godt jobba! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo berre som ein draum!  Hjarteleg takk til Lars W. for eit skikkeleg spennande og i høgste grad avklarande innlegg om Christine Haagensdotter!

 

Eg tenkte ikkje tanken om at ho kunne vera frå Sokndal på Jæren, men eg er ikkje ein augneblink i tvil om at du har finne løysingi!

 

No kan eg stryka denne jenta frå huslyden til Haagen Johannesson frå Luster!

 

Denne påskenøtti er soleis løyst, og eg takkar på ny for kjempegodt arbeid!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.