Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2017 #7 - Sophia Arnesdotter (Hauge) - av haugianarrørsli - fødd i Luster 1801 - oppvaksi på Mjelva i Grytten og gift 1824 med Ingebrigt Jørgenson (Høljenes?), fødd 1797 - levde i 1854, men kvar vart det av dei? - fekk dei born?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg kjem i dag med ei påskenøtt som truleg må løysast i Romsdalen.

 

Sophia Arnesdotter (Hauge), fødd i Luster 1801, var stedotter av den kjende haugianarleiaren Daniel Arneson som i mange år budde på Hole i Grytten.  Eg har finne vigsli til Sophia, og me har ei utsegn om at dei skal ha butt på «Breivikstrondi» og at dei båe levde i 1854, men eg finn dei ikkje i FT1865, og heller ikkje finn eg born etter dei!

 

Kanskje nokon har betre auge enn meg?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #7 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønkjer dykk alle ein riktig God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank Marton Pedersen

Her har vi en gårdbruker Ingebrigt Jørgensen som døde i Grytten, Mjelva, 5. jan 1857 i en alder av 59 år:

 

https://media.digitalarkivet.no/kb10711606140238

Endret av Frank Marton Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

6 e Ingebrigt Jørgensen Østigaard f.1797,Hølgenes.G. 8-7-1824 i Grytten Kirke m. P.,Sofie Arnesdtr.,Mjelva,f. 1801.Ingen barn innført i Grytten bøker.

ttp://murray.as/genealogy/Raumadalsfolket/browse.php?page=046

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank Marton og Ann-Mary for interessante og absolutt kjempenyttige innlegg!

 

Ut ifrå dødsfalli til Ingebrigt og Sophia kan me vel trygt slå fast at dei var gardbrukarar på Mjelva, og eg kan tenkja meg dei tok over på Mjelva alt i 1820-åri då stefaren hennar, Daniel Arneson, flytte frå Mjelva til Hole!?  Er det kanskje so at Mjelva er ein del av «Breivikstrondi» der me veit dei budde i 1854?

 

Elles er opphavet til Ingebrigt heller «uklart».  Han var fødd på Høljesnes, konfirmert frå Høljesnes og heitte Høljesnes då han gifte seg i 1824.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2267/124

 

Kvifor står då ymse biografiar på Østigard og Østigard.Sogge som bustad?  Kanskje foreldri Jørgen og Marit flytte dit då dei vart eldre?

 

Elles er vel Østigard ein «parsell» av storgarden Sogge...?

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt med følgjande erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Arnesdotter (Hauge), døypt i Luster 29.3.1801,

Sophia Arnesdotter flytte òg i 1808 med mori og stefaren til Mjelva i Grytten der ho 8.7.1824 gifte seg med Ingebrigt Jørgenson frå Høljesnes i Grytten.  Han var son av gardbrukar Jørgen Ingebrigtson på Høljesnes

 

##### (er referert til som Østigard, men budde han nokon gong der? – er det eit bruk av Sogge?)

 

og kona Marit Ellingsdotter frå Sogge

 

##### (er det rett å seia ho hadde opphavet sitt frå Sogge? – Østigard er vel ein «parsell» av Sogge?)

 

og f. i Grytten 8.11.1797.  Ingebrigt og Sophia vart gardbrukarar på Mjelva i Grytten der Ingebrigt d. som gardbrukar 5.1.1857.  Sophia Arnesdotter d. som kårenkje same staden 2.11.1862.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka at dei var barnlause?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og ønskjer nok ein gong God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Er i stuss om det finnes en husmannsplass under Brevik i Grytten som kalles Brevikstrand. At Brevikstrand finnes i Eresfjord er imidlertid sikkert.

 

Begrepet Østigard Sogge er ikke entydig, men siden jeg ikke har tatt for meg gårdshistorien etter 1800 skal jeg være varsom med å ha bastante meninger.

Før 1800 var det tre bruk som ble kalt Østigard, men navnet Soggereiten ble også brukt for ett av dem. Om, eller når brukene ble slått sammen vet jeg ikke.

 

Mjelva har ikke noe med Breviksstrand å gjøre, Mjelva ligger ved elveosen, mens Brevik ligger på nordsiden av Isfjorden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
20 minutter siden, Olav Bonesmo skrev:

Er i stuss om det finnes en husmannsplass under Brevik i Grytten som kalles Brevikstrand. At Brevikstrand finnes i Eresfjord er imidlertid sikkert.

 

Begrepet Østigard Sogge er ikke entydig, men siden jeg ikke har tatt for meg gårdshistorien etter 1800 skal jeg være varsom med å ha bastante meninger.

Før 1800 var det tre bruk som ble kalt Østigard, men navnet Soggereiten ble også brukt for ett av dem. Om, eller når brukene ble slått sammen vet jeg ikke.

 

Mjelva har ikke noe med Breviksstrand å gjøre, Mjelva ligger ved elveosen, mens Brevik ligger på nordsiden av Isfjorden.

 

Angående Brevigstranden i Grytten.

 

Gardsnr 38,bruknsnr 9.

Brevigstranden

 

1900-telling for 1539 Gryttens

Personliste Herad Krets Gardner Bruksnr. Gard Uthus Tal pers. Pers. tilstades Pers. heimehøyrande Korn, potet Kreatur Fjærkre Bikubar Kjøkkenhage Frukthage
315 6 Gryttens 6 38 9 Brevigstranden n 3 3 3 j j n n n n
  Hushald nr. Førenamn Etternamn Kjønn Busett Fam. stilling Sivilstand Yrke Fødd år Fødestad Nasjonalitet Trussamf.
1802 1 Iver A Brevig m b Hf ug Gaardbruger S 1870 T N S fglass.gif
1803 1 Anders I. Brevig m b Hf g Føderaadsmand 1837 Syndølven Rom N S fglass.gif
1804   Marit Sølfestsdatter k b Hm g Føderaadskone 1843 Syndølven N S

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f01539&gardpostnr=315&merk=315#ovre

 

----

 

2 husmannsplasser under gardsnr 38.

 

1900-telling for 1539 Gryttens

Husmannsplasser under nr 38.

 

Krets Gardnr Bruksnr. Gard Merknad Uthus Tal pers. Pers. tilstades Pers. heimehøyrande Korn, potet Kreatur Fjærkre Bikubar Kjøkkenhage Frukthage
314 5 Gryttens 6 Under 38 1 Brevigstrand husmandsplads n 6 6 6 j j j n n n
  Hushald nr. Førenamn Etternamn Kjønn Busett Fam. stilling Sivilstand Yrke Fødd år Fødestad Nasjonalitet Trussamf.
1796 1 Lars L. Brevig, eldre m b Hf g Husmand m J og skomager 1845 T N S fglass.gif
1797   Beret Halstensdatter k b Hm g Husmandskone 1848 T N S fglass.gif
1798   Lars L. Brevig, yngre m b S ug Skomagermester 1875 T N S fglass.gif
1799   Hærman L. Brevig m b S ug Skomagersvend 1877 T N S fglass.gif
1800   Peder L. Brevig m b S ug Søn 1888 T N S fglass.gif
1801   Lovise L. Brevig k b D ug Datter 1890 T N S

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f01539&gardpostnr=314&merk=314#ovre

 

----

 

1900-telling for 1539 Gryttens

Personliste Herad Krets Gardnr Bruksnr. Gard Merknad Uthus Tal pers. Pers. tilstades Pers. heimehøyrande Korn, potet Kreatur Fjærkre Bikubar Kjøkkenhage
313 4 Gryttens 6 Under 38 1 Brevigstrand husmandsplads. n 4 4 3 j j n n n
  Hushald nr. Førenamn Etternamn Kjønn Busett Sedvanleg bustad Fam. stilling Sivilstand Yrke Fødd år Fødestad Nasjonalitet Trussamf.
1792 1 Hans J. Brevig m b   Hf g Husmand m J 1840 T N S fglass.gif
1793   Synnøv Sørsdatter k b   Hm g Husmandskone 1841 T N S fglass.gif
1794   Gurianna Hansdatter k b   D ug Fjøsstel og husarbeide 1875 T N S fglass.gif
1795   Knudt Knudtsen m mt Aandalsnes. FL ug   1897 T N S 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f01539&gardpostnr=313&merk=313#ovre

 

----

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Kommune: Grytten
  • Sogn: Hen
  • Gårdsnummer: 38
  • Gammelt matrikkelnr: 10
  • Navn på gård: Breivik indre

Antall bruk registrert på matrikkelgården: 11


Bruksnr Gammelt
løpenr
Bruksnavn Brukers navn Skyld i
Mark-Øre
Skyld i
Daler-Ort-Skilling
Merknad
1 18a Breivik indre Iver Iversen 8-32 4-0-22-0  
2 19a Breivik indre Ørjer Eriksen 4-12 1-4-4-0  
3 19b Markeneset Johan Justsen 0-54 0-1-8-0  
4 19c Markenesteigen Lars Pedersen 0-48 0-1-2-0  
5 19d Markenesteigen Ole Petersen 0-33 0-0-18-0  
6 20a Breivik indre Amund Baardsen 9-92 5-1-7-0  
7 20b Breivik indre Ole Larsen 1-19 0-3-4-0  
8 20c Myren Anders Sørensen 0-95 0-2-12-0  
9 20d Breivikstranden Anders Iversen 1-19 0-3-3-0  
10 21a Breivik indre Søren Iversen 12-33 5-4-12-0  
11 21b Norvikstølen Ole Andersen Hatle 0-24 0-0-3-0  

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1539&gnr=38

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Olav og Ann-Mary for dei siste innleggi i denne debatten!

 

Eg lyt tilstå, eg er i grunnen «like klok» på denne gamle bruksinndelingi på Sogge, men Østigard er altso namnet på eit eller fleire Sogge-bruk?

 

Samstundes er Breivikstrondi tydeleg ein gammal husmannsplass under Breivik, men kan det stadfestast at Ingebrigt og Sophia verkeleg budde der?  Etter litt leiting fann eg denne innførsli i panteregisteret for Grytten - Mjelva bnr. 3: https://media.digitalarkivet.no/view/25853/174

 

Her ser me at Ingebrigt først i 1855 kjøpte denne garden, so då er det rom for at han og Sophia verkeleg var plassfolk på Breivikstrondi før den tid...

 

Det er so synd at Ingebrigt og Sophia tydeleg ikkje hadde born i lag, so me kunne sett kvar borni var fødde...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Arnesdotter (Hauge), døypt i Luster 29.3.1801,

Sophia Arnesdotter flytte òg i 1808 med mori og stefaren til Mjelva i Grytten der ho 8.7.1824 gifte seg med Ingebrigt Jørgenson frå Høljesnes i Grytten.  Han var son av gardbrukar Jørgen Ingebrigtson på Høljesnes

 

##### (er referert til som Østigard, men budde han nokon gong der? – er det eit bruk av Sogge?)

 

og kona Marit Ellingsdotter frå Østigard, Sogge

 

##### (er det rett å seia ho hadde opphavet sitt frå Sogge? – Østigard er vel ein «parsell» av Sogge?)

 

og f. i Grytten 8.11.1797.  Ingebrigt og Sophia var visstnok i mange år husmannsfolk på Breivikstrondi under Breivik i Grytten,

 

##### (sjekka at dette stemmer?)

 

men kjøpte i 1855 eit bruk på Mjelva i Grytten og budde sidan der som gardbrukarar.  Ingebrigt d. som gardbrukar på Mjelva 5.1.1857, medan Sophia Arnesdotter d. som kårenkje same staden 2.11.1862.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka at dei var barnlause?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med å greia ut om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Jeg slenger bare ut ett tips om Mjelva og Sogge.

 

Begge etternavn dukket opp i Trondenes-Harstad   ca.1880-1920.

 

Sogge familien har hytte i Tømmeråsen i Harstad , der jeg bor.

 

hilsen Odd Einar Tømmerås

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Ivar og Odd for dei siste innleggi om denne utfordringi!

 

Proklama frå 1863 er eit endeleg prov på at Sophia og Ingebrigt var barnlause, so dei einaste utfordringane som står att å finna svar på her, har å gjera med definisjonen av desse bustadane i Grytten.  Der har eg vanskar med å orientera meg, so eg vonar at nokon med lokal kunnskap kan trå til?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Arnesdotter (Hauge), døypt i Luster 29.3.1801,

Sophia Arnesdotter flytte òg i 1808 med mori og stefaren til Mjelva i Grytten der ho 8.7.1824 gifte seg med Ingebrigt Jørgenson frå Høljesnes i Grytten.  Han var son av gardbrukar Jørgen Ingebrigtson på Høljesnes

 

##### (er referert til som Østigard, men budde han nokon gong der? – er det eit bruk av Sogge?)

 

og kona Marit Ellingsdotter frå Østigard, Sogge

 

##### (er det rett å seia ho hadde opphavet sitt frå Sogge? – Østigard er vel ein «parsell» av Sogge?)

 

og f. i Grytten 8.11.1797.  Ingebrigt og Sophia var visstnok i mange år husmannsfolk på Breivikstrondi under Breivik i Grytten,

 

##### (sjekka at dette stemmer?)

 

men kjøpte i 1855 eit bruk på Mjelva i Grytten og budde sidan der som gardbrukarar.  Ingebrigt d. som gardbrukar på Mjelva 5.1.1857, medan Sophia Arnesdotter d. som kårenkje same staden 2.11.1862.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Hallo Lars.

Lett litt etter Marit Ellingsdatter.

Når hun vies 28 mai 1788 med Ingebrigt så er det i hjemmet, trolig Hyllesnes, etter kongelig tillatelse. Har ikke funnet noen forlovelse, og hun kalles bare Marit Ellingsdatter ved vielsen.

I FT 1801 kalles hun Marit Ellensdatter.

Gått gjennom døpte i Grytten 1765-69 uten å ha funnet noen Marit Ellingsdatter fra Sogge, men har ikke sjekket nøye etter Marit Ellingsdatter fra andre plasser.

Matriklene mellom 1766-91 har ingen driver på Sogge ved navn Elling.

Marits tilknytning er dermed  ikke knyttet opp mot noen driver på Sogge.

Ekstraskatten fra 1762 har heller ingen høvelig Elling blant husmenn/inderster/tjenestefolk/andre på noe av brukene på Sogge.

Hypotese: Marit Ellingsdatter har vært i tjeneste på Sogge omkring 1788, årsaken til kongelig tillatelse før vielsen er ukjent.

Mvh. Olav Bonesmo.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Olav for siste innlegget!

 

Det er tydeleg at denne huslyden ikkje skal vera av dei enkle å finna ut av.  Etter kva du seier, kan det sjå ut som om Marit Ellingsdotter/Ellensdotter ikkje var frå Sogge, men eg ser at ei:

 

Marit Ellingsdotter vart døypt i Grytten sokn i Grytten 9.2.1768 som dotter av Elling Setnæs: https://media.digitalarkivet.no/view/2266/39

 

Og ser me på FT1801 budde det den gongen på Setnæs i Grytten både ein Ole Ellenson på 45 år og ei Ane Ellensdotter på 49 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058421000565

 

Ole Ellingson vart døypt i Grytten sokn i Grytten 25.1.1758 som son av Ole Setnæs: https://media.digitalarkivet.no/view/16027/132

 

Legg merke til at namneformi Ellen - i staden for Elling - var lite nytta i Grytten i 1801, men at alle dei tre (trulege) søskeni då hadde Ellens-formi som patronymikon!

 

Kan Marit frå Setnæs vera ho som i 1788 gifte seg med Jørgen Hyllesnes?

 

Elles ser det ut til at Jørgen Ingebrigtson Hyllesnæs var fødd på Hyllesnæs og døypt der 6.2.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/2266/47

 

Kan henda treng me å finna ein «ekspert» på Grytten for å komma skikkeleg «til botn» i denne saki, men eg er uansett svært takksam for alle innspel og lever i voni om at ei eller fleire av dei tre utfordringane skisserte i innlegg #13 ovanfor kan løysast, før eller sidan...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Hallo Lars.

Kort: Setnes er delt fire bruk.

På det bruket som er aktuelt i denne sammenhengen så er ekstraskatten 1762 et godt utgangspunkt. 

Det året Elling Hansen driver, han er gift med Marit Larsdatter som er enke etter Ole Olsen Setnes, og i 1762 er barna på dette bruket Inger Olsdatter og Ole Olsen.

Marit Larsdatter er fra Brevik og var først gift med Ole Olsen  NN, som var driver på Setnes fra ca. 1740 til han dør i 1755. (Oles aner er ukjent)

Marit blir gift på ny i 1757 med Elling Hansen Aag, de får sønnen Ole i 1758, han dør i 1765.

Marit Larsdatter dør også i 1765.

Elling Hansen blir gift på ny i 1767 med Birgitte Olsdatter Setnes og de får datteren Marit i 1768. Hun blir gift med Jørgen Ingebrigtsen Hyllesnes i 1788 og begraves 24 okt 1827.

Birgitte Olsdatter dør 1768.

Elling Hansen dør 1772.

Jeg har ikke arbeidet med den som overtar etter Elling Hansen.

Det er et par momenter som kan nevnes her:

Når Marit Larsdatter har røtter på Brevik kan det være grunnen til at Ingebrigt Jørgensen får en husmannsplass på Brevikstrand.

Når Marit Ellingsdatter bruker Soggenavnet kan det komme av at Elling Hansens bror Erik Hansen sitter som eier/driver på Sogge Megård fra 1766, og Elling Hansen Setnes har lånt Erik de nødvendige dalerne for å få kjøpt bruket.

I parentes - Erik Hansen er min 3xoldefar og Ole Olsen NN/Marit Larsdatter Brevik generasjonen før, så dette er "tjukke slekta." Eriks aner kan dras tilbake til Rasmus på Klungnes som er født på sent 1500 tall, og Marte Larsdatter  til Ingebrigt på Eide i Rødven, som levde samtidig med Rasmus.

 

Olav Bonesmo.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Olav for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg har studert opplysningane in innlegget ditt, og eg trur du har rett!  Då kan me altso slå fast at Marit Ellingsdotter verkeleg opphavleg var frå Setnes, og ettersom ho døydde på Hyllesnes i 1827, får me samstundes fastslege bustaden til Jørgen og Marit.

 

Etter dette har eg sett opp eit nytt manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Arnesdotter (Hauge), døypt i Luster 29.3.1801,

Sophia Arnesdotter flytte òg i 1808 med mori og stefaren til Mjelva i Grytten der ho 8.7.1824 gifte seg med Ingebrigt Jørgenson frå Høljesnes i Grytten.  Han var son av gardbrukar Jørgen Ingebrigtson på Høljesnes og kona Marit Ellingsdotter frå Setnes og f. i Grytten 8.11.1797.  Ingebrigt og Sophia var visstnok i mange år husmannsfolk på Breivikstrondi under Breivik i Grytten,

 

##### (sjekka at dette stemmer?)

 

men kjøpte i 1855 eit bruk på Mjelva i Grytten og budde sidan der som gardbrukarar.  Ingebrigt d. som gardbrukar på Mjelva 5.1.1857, medan Sophia Arnesdotter d. som kårenkje same staden 2.11.1862.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste spørsmålet som no står att å finna ei stadfesting på, er bustaden til Sophia og Ingebrigt før dei i 1855 kjøpte bruket på Mjelva, men sidan dei nokre år før er omskrivne som busette på Breivikstrondi, kan me ikkje liggja so langt unna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olav Bonesmo

Et lite P:S. i forbindelse med Marit Ellingsdatters nærvær på Sogge - Erik Hansens søster Birgithe er gift med lensmann Ole Olsen Sogge Megård på det andre Megård bruket. Marit har altså både onkel og tante på Sogge, så det er en dobbel tilknytning dit, så at hun kan ha kommet til Sogge når foreldrene dør er sannsynlig . At hun kan ha vært i tjeneste på Østigård Sogge etter at hun kom til skjels år og alder er en hypotese som ikke nødvendigvis  bør forkastes.

Olav Bonesmo.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Olav for nytt innlegg!

 

Det er vel sannsynleg, som du òg nemner, at Marit voks opp på Sogge, so kanskje kunne me skriva om teksten slik at dette kjem fram slik:

 

...«Marit Ellingsdotter, opphavleg frå Setnes, men oppvaksi på Sogge»...

 

Det er viktig at slike detaljar kjem fram, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.