Gå til innhold
Arkivverket

Anna Cathrine Arnesdotter, fødd 1798, frå Hauge i Luster - gift til Breivik i Grytten - kven var andre kona til mannen Lars Knutson og kvar vart det av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hallo Lars.

Hvis det skal spikkes fliser så bør du helst presisere med Monsåshagen. Torvik/Monsåsgrenda ligger i Grytten prestesokn, ikke i Eid. Det var nok helst for å slippe å krysse fjorden at folket på Monsås dro til Eid for å døpe barn. Siden du også har en del stoff om Tokle i det du tar opp så kan det nevnes at finnes en matrikulert gård som noen ganger kalles Hagen, andre ganger Toklehage, så der kan det også ligge en mulighet til forvirring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Sven og Olav for dei siste interessante kommentarane og innleggi om dette emnet!

 

Eg har retta opp plasseringi av Monsåshagen i samsvar med kva du, Olav, seier.  Det er ikkje alltid so lett for oss utanforståande å halda styr på desse «lokale» grensetilhøvi mellom ulike kyrkjesokner....

 

Det er med stor glede eg kan slå fast at berre få detaljar manglar om denne huslyden pr. i dag.  Dei viktigaste er desse:

 

** Oppsjekking av opplysningane om Thorø Olsdotter frå Skjåk - om det er «rett» jente me har og om første ekteskapet hennar?  Hadde ho born?

 

** Sjekka at ikkje Knut Larsson Breivik hadde born med første kona Caroline?

 

** Dødsfallet til Gunnhild Hamre i Kristiansund etter 1910?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Cathrine, kjend som Cathrina Arnesdotter (Hauge), døypt i Luster 3.6.1798,

Cathrina Arnesdotter flytte med mori og stefaren til Mjelva i Grytten i 1808 og gifte seg i Grytten 7.11.1826 med Lars Knutson frå Breivik ytre i Grytten.  Han var son av gardbrukar Knut Olson på Breivik ytre og kona Berit Larsdotter frå Sletta og f. i Grytten 16.2.1797.  Lars og Cathrina tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Breivik ytre der Cathrina d. som gardbrukarkone 7.3.1855.  Som enkjemann gifte Lars seg 20.11.1864 att i Grytten med enkja Thorø Olsdotter, opphavleg frå Lund i Skjåk.  Ho var dotter av

 

 

##### (Ole Olson Harsem og jenta Cecilia Sevaldsdotter Lund)

 

 

og f. i Skjåk 21.10.1815.  

 

 

##### (sjekka at det verkeleg er ho?)

 

 

##### (ho hadde vore gift før! – oppl.?)

 

 

Lars og Thorø vart buande som kårfolk på Breivik ytre i Grytten der Lars d. som kårmann 5.2.1870.  Thorø d. som enkje og legdelem på Tokle i Grytten 28.9.1902.  Lars Knutson fekk seks born, som alle var frå første ekteskapet med Cathrina:

a. Arne Larsson, f. i Grytten 27.11.1826, d. som kårmann på Breivik 23.11.1901.  Arne gifte seg i Hen sokn i Grytten 16.6.1853 med Ingrid Johnsdotter frå Voldstad i Grytten, f. i Grytten 14.7.1827.  Ho d. som kårkone på Breivik 23.5.1894.  Arne og Ingrid tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Breivik ytre i Grytten og fekk sju born i lag.

b. Knut Larsson, f. i Grytten 19.11.1828, gifte seg første gongen i Grytten 23.10.1862 med Caroline Olsdotter frå Heen i Grytten, f. i Grytten 26.9.1833.  Men ho d. som paktarkone på Hegerholm i Grytten 21.3.1865.  Knut budde 1862 på Mjelva, men han og Caroline pakta sidan eit bruk på Hegerholm i Grytten.  Knut utvandra som enkjemann til Amerika i 1870, og under namnet Knut Brevick gifte han seg 29.7.1871 att i Buffalo Co., Wis. med Oliane Jacobine Olsdotter Vestad frå Ålesund, ei dotter av dagarbeidar Ole Andersson Vestad i Ålesund (1812-1843), opphavleg gardbrukarson frå Ormberg i Jostedalen.  Ho var f. i Ålesund 29.9.1843 og utvandra òg til Amerika i 1870.  Knut og Oliane Brevick vart farmarar i Nelson township, Buffalo Co., Wis. der Knut d. 4.3.1908.  Oliane Brevick d. same staden 21.9.1928.  Knut fekk i alt åtte born, som alle var frå andre ekteskapet med Oliane,

 

 

     ##### (sjekka at Knut og første kona Caroline ikkje fekk born i lag?)

 

 

     mellom anna denne sonen:

‑ Louis Brevick (1872‑1962), vart gift med husmannsdotteri Johanna Sjursdotter frå Kvalsøyri under Kvale i Luster (1879‑1967) (s.d.).

c. Sophia Larsdotter, f. i Grytten 5.3.1830, d. som gardbrukarkone i Monsåshagen i Eid, Grytten 9.4.1865.  Sophia gifte seg i Hen sokn i Grytten 16.10.1856 med Knut Iverson frå Hamre i Eid, Grytten, f. i Grytten 30.8.1820.  Han d. som tidegare bryggjearbeidar i Kristiansund 18.2.1910.  Knut gifte seg 4.1.1878 att i Kristiansund med Gunnhild Olsdotter frå Forset i Holtålen, f. i Holtålen 3.4.1846.  Ho d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

 

     Knut var gardbrukar i Monsåshagen, Monsås i Grytten, men flytte som enkjemann på 1870-talet til Kristiansund der han tok ættenamnet Hamre og livnærte seg som bryggjearbeidar.  Han fekk i alt fire born; av dei var tre søner frå første ekteskapet med Sophia.

 

 

     ##### (sjekka at eg har fått med meg alle?

            * Iver, f. gdb. Hagen, Eid (Grytten) 14.5.1857 – n. 1865 – 1875: Iver Hagen, bøkkersvein i Kristiansund!

            * Lars Edvard, f. gdb. Hagen, Eid (Grytten) 29.12.1858 – n. 1865

            * Mathias, f. gdb. Hagen, Eid (Grytten) 16.2.1863, d. Monsaashagen 22.9.1863

            * Sofie, f. Kristiansund 31.5.1879 – n. 1900 hermetikkfabrikkarbeidar – n. 1910 som gift med Edvard B. Olsen i Kristiansund!)

 

 

d. Berit Larsdotter, f. i Grytten 14.12.1831, d. på Breivik 18.2.1850.

e. Daniel Larsson, f. i Grytten 15.4.1834, d. på Breivik 29.11.1836.

f. Anna Maria, kjend som Maria Larsdotter, f. i Grytten 27.3.1837, d. som kårenkje på Jonstad i Naustdal, Førde 18.6.1912.  Maria tente på Breivik ytre i 1865, men flytte året etter til Vevring, Førde der ho 11.8.1866 gifte seg med Peder Olson frå Tingnes i Vevring, f. i Øyer 10.2.1829.  Han d. som gardbrukar på Jonstad i Naustdal 17.5.1896.  Peder og Maria var i mange år gardbrukarar på Kvammen i Vevring, Førde, men flytte sist på 1880-talet til garden Jonstad i Naustdal, Førde.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats når det gjeld denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Lars og Thorø vart buande som kårfolk på Breivik ytre i Grytten der Lars d. som kårmann 5.2.1870.  Thorø d. som enkje og legdelem på Tokle i Grytten 28.9.1907. 

 

En liten korreksjon. Thorø døde 28.9.1902 (jordfestet 3.5.1903): https://media.digitalarkivet.no/view/77509/251

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste merknad!

 

No har eg retta opp datoen i manuskriptutdraget i innlegg #27.

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.