Gå til innhold
Arkivverket

Sølfest/Sylfest Hermundson (Moen), fødd i Luster 1775, vart enkjemann i 1802 og forsvinn deretter frå bygdi - kvar i all verdi kan han ha gjort av seg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har hatt liggjande i aldri so mange år, men som eg aldri har greidd å gjera noko med.  No vonar eg at andre auge kan sjå fakta som eg ikkje har sett?

 

Hermund Sølfestson (1730-1785) og Anna Jacobsdotter (1741-1814), husmannsfolk i Kreken under Bolstad i Luster, fekk to born, dotteri Sophia døydde kort etter fødsli, og so0 denne sonen:

 

Sølfest Hermundson, fødd i Luster kring 1775, gifte seg i Luster 8.6.1800 med Anna Monsdotter frå Fortun (midt på høgre spalte på høgre side): https://media.digitalarkivet.no/view/11589/236

 

Anna vart døypt 8.1.1758, og parfolket budde på ein plass i Haugen under garden Moen i Luster

 

sjå FT1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058398001991

 

men Anna vart gravlagd alt 21.2.1802.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

Dette er det siste me ser til Sølfest i Luster.  Eg er heilt rådvill når det gjeld lagnaden hans.  Kanskje fór han til Bergen?  Kanskje reiste han bort som soldat?  Eg veit ikkje!

 

Det ville vore «kjempe» om nokon greide å løysa denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for nye interessante meldingar om Sølfest Hermundson.

 

Konfirmasjonen gjeld «rett» mann, men Sølfest Halvorson Fortun var ein annan person, omskriven i manuskriptet mitt slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sølfest Halvorson Forthun, opphavleg frå Yttri, vart døypt 7.10.1766 og vart gravlagd frå Fortun 18.6.1809. I 1806 kjøpte han eit bruk på Ormelid då det vart selt på auksjon, men 4.6.1808 makeskifte han den garden mot dette bruket på Fortun, og han flytte då hit. Sidan har dette bruket på Fortun vore i eige hjå same ætti endå om Sølfest var lauskar. Han fekk heller ikkje driva garden meir enn eitt år før han gjekk bort. Det var broren Arne Halvorson på Yttri (1755‑1816) som ervde bruket etter Sølfest i 1809, men Arne hadde gard på Yttri og vart buande der. 2.6.1812 selde han dette bruket i Fortun til den berre 17 år gamle sonen Østen, men så d. Østen alt i 1815 utan at han nokon gong kom til å ta over bruket, og faren fekk på ny hand om garden. Etter at Arne gjekk bort i 1816, kom så ein annen son hit som eigar og brukar, sjå nedanfor. 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Sørfest Hermundson og held fingrer og tær krossa...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.