Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2017 #10 - Ole Andersson og Anna Olsdotter - gifte i Luster 1746 - flytte herifrå med to born midt på 1750-talet - kan henda til Naustdal i Sunnfjord - eller til Bergen? - eller til Lom? - ei KJEMPEutfordring!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg hadde tenkt å venta til i morgon med å leggja ut dette emnet, men oppglødd av dei mange fantastiske lesarane av Brukarforum som stadig kjem med nye «gullegg», tek eg det no:

 

Denne huslyden budde ei tid på plassen Stein under garden Skagen i Luster og representerer ei skikkeleg kjempeutfordring som eg lenge har stussa på om eg skulle leggja ut i Brukarforum, men den «der intet vover, kan intet vinde», so eg let det «stå til»!

 

Dei kjende opplysningane går fram av følgjande «stutte» manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Andersson Stein, av usikkert opphav, var truleg f. kring 1720 og gifte seg 17.10.1746 med Anna Olsdotter frå Fortun, f. kring 1723.  Ole og Anna fekk rydda seg ein plass, truleg ein ny plass, i Stein kring 1750, og dei vart buande her til midt på 1750-talet.

Ole Andersson og kona Anna flytte kring 1755 til

 

 

##### (kvar kan dei ha vorte av? – for mange sidan kom det ei dame frå Naustdal i Sunnfjord som hevda at ho var ei ættling etter «gamle» Ole Olson på Fortun (far til Anna Olsdotter), og at forfaren hans, som òg heitte Ole (Olson?), skulle vera flytt dit på 1700-talet! – kan det vera tale om denne huslyden? – kanskje referansen gjeld sonen Ole Olson? – ELLER flytte dei til Bergen på same vis som ganske mange andre på den tidi? – ELLER til Lom?)

 

 

Me kjenner til to born etter Ole og Anna:

a. Ole Olson, døypt i Luster 24.8.1746,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 

b. Anders Olson, døypt i Luster 1.10.1752,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 

##### (eventuelt fleire born?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg hugsar at eg seint på 1970-talet sat timevis på Statsarkivet i Bergen og studerte dei gamle skiftekorti frå Sunnfjord for å freista komma på spor etter noko, men utan resultat.  Eg greidde ikkje finna noko samband med Luster eller Fortun!

 

Kanskje tidi no er komi for å freista på ny?

 

Eller kan det tenkjast at denne huslyden, slik som mange andre frå dette nabolaget på den tidi, flytte til BERGEN eller til LOM?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ville vera evig takksam om nokon greier å komma vidare i denne saki!

 

Riktig God Påskehelg til dykk alle!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank Marton Pedersen

Sikkert et langskudd, men i FT1801 har vi en Anders Olsen født ca. 1752, gift 1. gang med Johanne Torgeirsdatter, husmann ved Bollinberg i Luster:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058398001541

 

Trolovelsen mellom Anders og Johanne i oktober 1780 er gitt her:

 

https://media.digitalarkivet.no/kb20070511680401

 

Kan dette være Anders, sønn av Ole og Anna?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank Marton Pedersen

 

Denne var interessant!

 

Her har vi matros Ole Olsen Steen i FT1801 fra Bergen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390001158

 

Ole er født ca. 1747 og enkemann. Det ser ut til at han leier ut til et annet ektepar m/ barn. Merk den eldre kvinnen som også losjerer der: Ane Dorothea Olsdatter f. ca. 1724.

 

Men usikker på hvordan Mads Madsen Steen passer inn her.

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank Marton Pedersen

Mulig dødsfall til "vår" Ole Andersen (beregnet f. 1725) i Bergen i 1787:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000442447

 

Og en annen kandidat her: Ole Andersen Nyegaard, avdød matros i 1777. Har matrosyrket gått i arv fra far til sønn?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000134514

 

Endret av Frank Marton Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank Marton for nye spennande innlegg!

 

* Anders Olson Bollingberg (1752-1806) var frå Høyeim i Luster og soleis ein helt annan person.

 

* Dei to avlidne Ole Andersson i Bergen er det vanskeleg å ta stilling slik «utan vidare»..., men kanskje andre detaljar kring dei dukkar opp etter kvart?

 

* Ole Olson Steen, matrosen på 54 år, høyrest svært interessant ut, men eg finn han ikkje i Undersøkjingskommisjonen 1804, so me får ikkje nokon fødestad på han.  Men interessant er han i alle fall!  Leigetakaren Mads Madson er nemnd i 1804 som fødd på Westnes i Romsdalen, men utan Steen-namnet.

 

Eg har no sjølv sett litt på fødselsregisteri for Bergen, og eg finn eit par interessante namn:

 

Foreldre med namn Ole Andersson, dragar, og Anna Olsdotter «ved Nøstet» får desse to borni i Bergen:

 

** Knut, døypt i Domkyrkja 11.5.1760: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6184&personpostnr=50735&merk=50735#ovre

 

** Anna, døypt i Domkyrkja 13.12.1761: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6475&personpostnr=53061&merk=53061#ovre

 

Til namnet Knut er det det å seia at Anna Olsdotter hadde ein bror Knut som døydde ugift i 1752, 20 år gamal, og stemori hennar heitte Anna...

 

Men å følgja denne huslyden vidare i Bergen synest vanskeleg...

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp med denne huslyden og lever framleis i voni om «gullkorn».  Fortsett God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag sett litt meir etter denne matros Ole Olson Steen som i 1801 er 54 år og enkjemann.

 

Her har eg truleg finne eit barn av mannen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=49744&personpostnr=146328&merk=146328#ovre

 

Kona hans heitte då Lovise Larsdotter, og sonen Ole Steen jr. var f. i Nykyrkja i Bergen 25.1.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/70

 

Fadrane til dette barnet gjev oss, so vidt eg kan sjå, diverre ingen «peikepinn» om kven foreldri var, men ser me på fødsesregisteret for Bergen, so er det vel ei viss fare for at dette er dåpen til Ole Olson Steen (sr) i Nykyrkja 20.3.1745: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=44338&personpostnr=130220&merk=130220#ovre

 

So dei «heitaste» kandidatane for Ole Anderson og Anna Olsdotter er nok parfolket som fekk dei to borni Knut og Anna i Bergen i 1760/1761...

 

Hadde berre desse namni ikkje vore so «vanlege»...!

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer ein fortsatt God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.