Gå til innhold
Arkivverket

Morten Erikson - fødd i Sør-Fron 1851 - utvandra til Amerika i 1870 - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi kjem frå Amerika og gjer krav på lokal kunnskap i Sør-Fron:

 

Morten Erikson var fødd 11.9. og døypt 26.10.1851 i Kjørstadeiget i Sør-Fron.  Foreldri var husmann Erik Hansson og Gunnhild Ingebrigtsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8919/44

 

Morten utvandra til Amerika frå Kjørstadeiget i 1870: https://media.digitalarkivet.no/view/6081/408

 

FT1865 syner huslyden på plassen Guttuen under Kjørstad i Sør-Fron: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038061004383

 

Eg har ogso finne vigsli til foreldri i Fron 5.6.1844, husmannsson Erik Hansson Strandrønningen og husmannsdotter Gunnhild Ingebrigtsdotter Skar: https://media.digitalarkivet.no/view/9258/168

 

Men då er det at lokal kunnskap, eventuelt ei bygdebok, truleg må trå til for å komma vidare:

 

** Er det mogeleg å seia kva plass under kva gard Erik var fødd og oppvaksen på?

 

** Er det mogeleg å seia kva plass under kva gard Gunnhild var fødd og oppvaksi på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessante opplysningar om Erik og Gunnhild!

 

Då har me fødslene deira på plass, men eg er framleis svært i stuss når det gjeld geografien her.

 

* Strand(e) ser ikkje ut til på vera nokon eigen matrikkelgard i Sør-Fron; derimt ser eg ved FT1865 både Rønningen og Strand som to husmannsplassar under Bekken i Sør-Fron!  Dette får meg til å tru me kan seia: Erik var «frå Strandrønningen under Bekken», men sikker er eg ikkje...

 

* Skar er heller ikkje nokon eigen matrikkelgard i Sør-Fron, men i 1865 har me to husmannsplassar, Skar nedre og Skar søndre, som båe ligg under Solbrå i Sør-Fron!  Kanskje kan me seia: Gunnhild var «frå Skar under Solbrå» men igjen er eg usikker...

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp med denne utfordringi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan spe på med litt mere opplysninger.

Gunhild var datter av Engebret Johannesen Skar og Kari Andersdtr. Kari kalles Grav (Grov) når de gifter seg i 1800. Gunhild hadde også en søster Mari f 1804 (min tipptipptippoldemor) og brødrene Johannes 1801, Jakob 1812, Ole 1816 og Lars 1824.

Skar-plassene ligger under Solbrå og i tillegg til nedre og søre Skar har det også vært en tredje Skar plass, øvre (nørdre), også den under Solbrå. Om det var to eller tre Skar-heimer allerede tidlig på 1800-tallet tør jeg ikke mene noe om, ei heller hvilken av disse plassene denne familien kan ha bodd på. Men å si at de var frå Skar under Solbrå blir i alle tilfeller riktig.

Så til Strandrønningen.

Her har jeg ikke stort å bidra med, plassen nevnes såvidt i Einar Hovdhaugens bok Garder og slekter i Fron, bindet for Sør-Fron, der Strandrønningen nevnes som en husmannsplass under Revlingsvolden/Stranda, i boka nevnes det store skader på Revlingsvolden samt husmannsplassen Stranda under ofsen i 1789, før han hopper frem til 1865 da det er to husmannsplasser under garden. Brukere og eiere på 1800-tallet er ikke nevnt.

Erik er som det allerede har kommet fram her sønn av Hans Olsen Strandrønningen og kona Mari Eriksdtr. De hadde i tillegg sønnen Ole 1789 og fem døtre, Abelone 1792, Lisbeth 1793 (min tipptippoldemor), Kari 1798, Marit 1803 og Embjør 1804.

 

Mvh Anders Bakken

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anders for eit spennande innlegg om denne utfordringi!

 

Eg har spekulert på denne saki fleire gongar sidan meldingi kom.  At Skarplassen - eller -plassane - ligg under Solbrå er ei grei sak, men eg har framleis vanskar med denne Strandrønningen.

 

Du syner til Einar Hovdhaugen som omtaler Strandrønningen som plass under Revlingsvolden/Stranda, men eg finn ikkje nokon av desse gardane nemnde i FT1801 for Fron.

 

I 1801 finst det i Fron berre eitt einaste par Hans Olson og Mari Eriksdotter, og dei var plassfolk under Sylte, båe 30 år gamle og med ei dotter Anna på 2 år: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058253003503

 

I det digitale fødselsregisteret frå Fron som børjar 1799, finn eg:

 

Hans Olson og Mari Eriksdotter Sylte:

* Ingeborg, døypt 13.2.1803: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012925459

* Eli, tvilling, døypt 13.2.1803: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012925462

 

Hans Olson og Mari Eriksdotter Strand/Rødningen:

* Marit, døypt 6.2.1803: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012925456

* Embjørg, døypt 6.10.1805: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012926495

* Mari, døypt 31.1.1808: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012927302

* Hans, døypt 25.12.1811: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012928601

 

Hans Olson og Mari Eriksdotter Lovstetten?

* Ole, døypt 16.12.1804: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012926147

 

Kan henda er denne bustaden Lovstetten? plassen under Sylte der det første paret budde, men eller kjem det heilt klart fram at me har TO par i Fron med identiske førenamn og farsnamn for mann og kone!  Kvar budde so det andre paret, d.v.s. «vårt» par, i 1801??

 

Spørsmålet som uansett står att å finna svar på, er:

 

*** Under kva matrikkelgard ligg/låg Strandrønningen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordringi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror at folka på Strandrønningen rett og slett ikke er registert i folketellinga i 1801, muligens har det ikke vært fastboende på Revlingsvolden/Stranda på denne tida. (Merk; det er min teori) I Hovdhaugens bok, som er svært kort i omtalen av denna garden og bruka under, nevnes det at i 1865 var det to husmenn under Revlingsvolden, Rønningen og Stranda.

En annen teori kan være at Hans Olsen og kona Mari Eriksdtr befant seg i et annet sogn i 1801, før de kort etter havner på Fron. Nærliggende ville være å lete i Ringebu, Gausdal eller Øyer men jeg har ikke funnet noe som tyder på det.

 

Strandrønningen omtales også i dette temaet på det gamle brukerforumet, uten at det vel der kommer frem noe annet enn hva vi er inne på her.

 

Mvh Anders Bakken

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anders for eit nytt avklarande innlegg!

 

Me veit frå andre døme at FT1801 ikkje er 100% komplett.  Eg har eit døme frå Luster der ein husmannsplass manglar, og eg veit om fleire einskildpersonar som ikkje er nemnde i det heile, både i Luster lg andre stadar!

 

Eg vil ikkje ha noki meining om kven som eventuelt er utelete i Fron, men alt tyder jo på her at Hans Olson og Mari Eriksdotter er mellom dei som rett og slett ikkje er medkomne.  Når so Hovdhaugen seier at plassen låg under Revlingsvolden, godtek eg det!

 

Då vil eg gjerne få syna fram manuskriptet der Morten Erikson er nemnd hjå meg:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Christensdotter (Hauge), f. i Luster 12.6.1844,

Kirsti Christenson utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg i Dane Co., Wis. 19.12.1871 med Morten Erikson frå Kjorstad i Sør-Fron, i Amerika kjend som Martin Erickson.  Han var son av husmann Erik Hansson på Guttuen under Kjorstad, opphavleg frå Strandrønningen under Revlingsvolden (Stranden), og kona Gunnhild Ingebrigtsdotter frå Skar under Solbrå og f. i Sør-Fron 11.9.1851.  Han utvandra til Amerika i 1870.  Martin og Kirsti farma ei kort tid i Vienna township, Dane Co., Wis., men flytte alt på 1870-talet til ein farm i Leaf Lake township, Otter tail Co., Minn.  So flytte dei inn til Henning, Otter tail Co., Minn. der Martin var hestekøyrar («livery man»).  Sist på 1890-talet flytte dei so til ein farm i Girard township, Otter tail Co., Minn., men kort etter hundreårsskiftet vart Martin hotellvert («hotel keeper») i Henning, Otter tail Co., Minn.  Kring 1910 flytte dei visstnok inn hjå søster hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Kirsti d. 27.9.1917.  Martin Erickson flytte året etter inn på en heim i Alexandria, Douglas Co., Minn. der han d. 2.8.1927.  Dei skal ha hatt eitt barn i lag, men dette d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bortsett ifrå at eg aldri har greidd å finna ut om det eine barnet som Morten og Kirsti fekk i Amerika, men som døydde kort etter fødsli, ser eg på manuskriptet mitt som «komplett», og eg vil gjerne på ny få takka for den framifrå hjelpi eg har fått i Brukarforum med å få dette til!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gløymde sjølvsagt å seia:

 

Dersom nokon vil freista finna dette barnet som Morten og Kirsti fekk, er de hjarteleg velkomne til det!  Kanskje noko for deg, Sven?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(Strand)Rønningen har Gnr 139, b.nr 3 i Sør Fron kommune. Idag Rønningen.

Merk også at Morten Eriksen ved utvandring kom fra Kjorstadeiet, ikke Kjørstadeiet. Gardsnavnet er Kjorstad , (gml Tjodrekstadir).

Eiendommen Rønningen ble voldsomt ødelagt under flommen Storofsen 1789, så muligens ikke bebodd i F.t. 1801.

(kilde: Hovdhaugen)

mvh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for interessant kommentar!

 

Då har eg retta manuskriptet mitt frå innlegg #7 ovanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.