Gå til innhold
Arkivverket
Morten Sylte

SF, Stryn, Selje og Davik, opphavet til Anna Rasmusdatter med gardsnamn Svarvestad ved dåpen til sin uekte datter Malene Pedersdatter i 1822

Recommended Posts

Morten Sylte

Eit av mine store slektsmysterium har i mange år vore gåten Anne/a Rasmusdatter som hadde dattera Malene til dåpen i Stryn i 1822. Far hennar var ungkaren Peder Pedersen Skarstein, f. 1801. Opphavet og familien hans har eg god kontroll på og eg trenger ingen opplysningar om han denne gongen. Her er dåpen i 1822, nr. 96.

 

SAB, Innvik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1820-1832, s. 14
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509650204

 

Derimot har eg, i alle dokument eg har sett gjennom i Stryn, til dags dato, ikkje funne nokon fødsel eller annan dokumentasjon om nokon jente døypt Anne Rasmusdatter med fødselstilhøyrigheit til Svarstad og som føder barn i 1822. Der er rett nok ein Rasmus i Svarstadvika i 1801, men han har ikkje nokon datter ved namn Anne sovidt eg har funne ut. Eg har ikkje heilt avskrive muligheita for ein samanheng, men all dokumentasjon eg har funne hittill fortel meg at det er lite trulig. (T.d at det i 1801 ikkje er nemnd nokon Anne i samanheng med Rasmus, samt at den eventuelle mora då er 49 år gamal. Ikkje umulig, men svært usansynlig at ho fikk barn i den alderen. Uansett finn ein ingen dåp i dåpsregistera i Stryn (og Innvik) i åra etter 1801 og til og med 1809 der Rasmus Svarvestad er far). Alt eg har funne i Stryn peikar mot at ho trulig har vore tjenestejente på ein av gardane under Svarstad i tida rundt 1820 og kanskje hjå husmannen Rasmus i Svarstadvika sidan sonen hans (Jon) er fadder ved dåpen til Malene. Men like gjerne hjå ein annan sidan alle fadderane er frå gardar under Svarstad.

 

Difor vil eg her setje fram ein tanke som eg sjølv har forfølgt i nokre år, utan å finne klare entydige bevis. Nemlig eit spor i Selje som eg sporadisk forsøker å etterforske.

 

Sporet frå Selje kom eg over ved at eg kan følge Malene frå giftemålet hennar til Ole Kristian Larsen Øykjevik (Viken) i 1852 i Vanylven (par nr. 2) via innflyttinga hennar til Vanylven [nr. 6] og frå Selje [nr. 15]  i 1843 og til konfirmasjonen hennar i 1838 i Selje. (konfirmasjonsinnføringa kom forresten fram via ein diskusjon på disnorge). Kvifor konfirmerer Anne dattera i Selje? Skam? (ho ville røyme unna frå bygdepraten) Eller kan det ha vore for å være nær familien? Ikkje veit eg, iallefall viser

 

komfirmasjonsinnførninga i kyrkjeboka i 1838 at foreldra er oppførde som "Tjenestekarl Peder Pedersen og pige Anne Rasmusdatter" og fødestaden til Malene er "Svarstad i Indvigen" (sjå https://media.digitalarkivet.no/view/11650/135) slik at det er liten tvil om at det er same jenta. Kva tid ho kom til Selje har eg ikkje funne. Eg kan heller ikkje tenkje meg at ho vert komfirmert i Selje utan å ha ein form for tilknytning til området ... Men det er sjølvsagt spekulasjon!

 

Det som gjer at eg finner det trulig at Selje kan vere opphavet til familien hennar er at ein i folketellinga i 1801 finn at ekteparet Rasmus Enoksen og Mari Andersdatter Hamre (lille) har ei datter Anne som er tre år gamal. I forhold til "min" Anne er ho ein nær sagt ein perfekt "match". Sett i lys av at ho kan ha hatt eit ynskje om å vere nær familien med eit nyfødd born og å fostre det heime er det ikkje usansynlig at ho reiste frå Stryn og til familien i Selje.

 

Eg har tidlegare forsøkt å følge historia til denne Anne frå [Lille-] Hamre, men har ikkje klart det på ein slik måte at eg kan sansynliggjere at ho er lik "min" Anne.

 

Det eg har funne er dette:

Ho vart døpt 7 desember 1798 med fadderar frå Krakereide, Hamre og Hammersvik.

I skiftet etter faren Rasmus Enoksen i 1813 er ho 15 år.

Ho vart komfirmert året etter [16 oktober 1814] 16 år gamal (sjå nr. 11)

Neste gong eg veit ho er å finne i arkiva er i 1865 der ho bur hjå og vert forsørga av systera Oline og familien hennar 69 år gamal.

Eg har ikkje funne at ho har eigne (andre) born enn den eventuelle dattera Malene

 

Opphavet til Rasmus Enoksen (Indre Davik) (son av Enok Knudsen) og Mari Andersdatter (Liset i Davik) (datter av Anders Jacobsen på br. nr. 2) har heller ikkje (så langt) gjeve meg nokon svar

 

Det er det eg har hittil. Trulig er dette korrekt Anne eg har funne og "min" Anne er lik Anne frå Lillehamre, men som nemndt klarar eg ikkje å knyte dei i hop. Håpar difor nokon "der ute"  kan hjelpe meg å finne noko som oppnår dette.

 

Ein stad eg ikkje har sett er i rekneskapen til den "makten" som krev inn leiermålbøtene denne tida. Eg veit ikkje heilt kvar eg skal leite for å vere ærlig. Så dette er også noko eg håpar å få eit svar på...

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ei Anne Rasmusdatter Mandsetter var innflyttar til Selje frå Eid (Stårheim sogn) i 1823. Dette er etter alt å dømme ikkje "min" Anne Rasmusdatter. Utflyttingsprotokollen for Eid fortel at ho er 30 år dette same året då ho melder utflytting der. Dvs rundt 5 år eldre enn "min" Anne. Skiftet etter Rasmus Olsen Mannset i 1837 nemner dattera Anne gift med Ole Sjursen Hagevig og denne Anne er trulig den same som det er skifta etter i 1846 og då kalla Ole Sjursens Kone, husmansfolk under "Hagevin"

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ingen andre Anne Rasmusdøttre melde som innflytta før i 1835 då to kom. Men begge to oppgjev at dei er 21 år gamle og dermed for unge til å vere "min" Anne.

 

SAB, Selje sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 9, 1829-1844, s. 263
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650122

 

sjå nr. 6 - Anna Marie Rasmusdatter som kom frå Vik i Aalfoten, men fødd på Skram som då vel må vere Skram i dagens Måløy

 

og nr. 14 - Anne Rasmusdatter - som oppgjev å kome frå Øfreberg i Indvigen. Ser ikkje ut til å vere datter av korkje Rasmus Pedersen eller Rasmus Absalonsen Øvreberg ...

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har dessverre ikkje noko konkret å melde til deg, men vil berre nemne eit par måtar eit slikt "laust menneske" kan knytast til ein gard; eg har halde på med nettopp nokre slik tilfelle i det siste; eg tillet meg å bruke dine namn for å forklare kva eg meiner.

 

1 - Anne Rasmusdtr Svarstad kan vere dotter til ei jente frå Svarstad som har vore gift med eller berre hatt barn med ein Rasmus, busett kvar som helst (gjerne i Bergen), og så sendt heim att pga dødsfall eller annan grunn.

 

2 - Anne Rasmusdtr Svarstad kan vere dotter til ei enkje som har gifta seg til Svarstad og hatt med seg eit barn frå eit ekteskap med ein Rasmus.

 

Denne siste løysinga har hjelpt meg å lokalisere 2 "uforståelege" personar i Gloppen nyleg, så eg ville no berre nemne det. Eg går vel ut frå at du har tenkt på desse utvegane sjølv, men kan vere greit å ta det med likevel.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Takk for gode tips, Aase.

 

Og nei, akkurat dette har eg ikkje testa ut før du nemnde det. Men no i ettermiddag har eg forsøkt å bruke tips nr. 2, dessverre utan å kome noko nærare. Det store problemet er jo kvar skal ein byrje å leite ... ? Muligheitane er jo nær sagt endelause. Ei av damene på Svarstad - Kari Knudsdatter - hadde faktisk ei utanomekteskaplig datter med ein Rasmus som var einaste arvingen hennar i skiftet. Så tanken er svært god! Dessverre både feil namn og feil alder i det tilfellet ... Dei andre skifta eg har lese har ikkje gjeve noko nyttig informasjon.

 

Korleis ein skal fange opp slike tilfeller som du nemner berre ved å leite er noko eg må tenkje litt på!

 

Eksisterar 1815-tellinga for Stryn i transkribert versjon forresten? Den kunne ha vore ein mulig innfallsvinkel.

 

Ein skal ikkje sjå vekk frå at dette er ei av dei uløyselige gåtene ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg skal sjå om eg kan finne noko - og til det du nemner om tenestejente: Eg trur eg har til gode å finne ein person som får gardsnamnet knytt til seg på denne måten berre med å vere i teneste...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dessverre - ikkje noko funn. Eg ser at den som melder dåpen er Sjur Jakobson Svarstad, så vi kan gå ut frå at fødselen har skjedd i hans hus, men eg klarer ikkje å finne lause slektstrådar i hans familie som kan ende i noka Anne Rasmusdtr...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Eg takkar uansett for hjelpa!

 

Personlig gjekk eg litt lenger bak i "rekkene" og også til andre familiar, og har funne namnet Rasmus i samanheng med born (t.d. Rasmus Ingebrigtsen Kirkeide), men dessverre ingen Anne.

 

Eg utelukkar som nemndt ikkje at der kan vere ein samanheng og ein grunn til at ho brukar gardsnamnet Svarstad! Men som eg også har nemndt - det er for meg litt merkelig at Malene vert komfirmert i Selje. Eg forstår og ser ikkje vekk frå muligheita at det er ho sjølv som har vore sendt i teneste og fått komfirmasjonen "sponsa" av den ho gjekk i teneste hjå ... kven det no enn var.

 

Ei gåte er ho iallefall ho godaste Annemor!

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Berre for å pirre deg litt: Eg TRUR eg er i ferd med å finne Anne Rasmusdtr.  Framhald følgjer :-)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Vel, det vil i tilfelle vere ei av dei største gåvene eg kunne få! :-D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg sit IKKJE med fasiten. Men eg sit med noko som er veldig nær ved å likne på noko interessant. Du skal få tankerekkja mi.

 

Anne sin far heiter Rasmus, det veit vi. Men kva heiter Anne si mor? Jau, mest truleg Malene eller Magdalene.

 

Dermed gjekk eg til gamle DA, som uansett er det beste til slike leiteaksjonar, og leitte etter born An* med far Ras* og mor Ma*l - og det var ikkje så mange, faktisk berre 3 i 1750-1815, og berre ei som var såpass ung at eg fatta interesse for henne: Anne, f.1780 av foreldra Rasmus Bodvarson Fjellkårstad og kona Magdeli Jetmundsdtr. 

 

Så er neste punkt å sjå etter skifte etter foreldra - og eg finn etter faren, allereie i 1783; han etterlet seg sønene Bodvar, 6 år, Jetmund 1/4 år og Anne 3 år. Så vil eg gjerne vite om mora gifte seg igjen - og heldigvis har ho eit sjeldant namn, så det er ikkje tvil om at det er ho som gifter seg igjen i 1804 -

brudgommen er Erik Rasmusson Tisthammar, og brura er Magdeli Jetmundsdtr SVARSTADVIK.

 

Dermed finn vi henne også i Ft 1801 under Svarstadvik, men ho har ingen born med seg. Bodvar finn eg truleg som tenar på Heggdal, Jetmund finn eg ikkje nokon stad i landet i 1801, og Anne er truleg tenestejente på Øvreberg - det er i alle fall den einaste Anne Rasmusdtr i prestegjeldet som er fødd ca 1780.

 

I 1818 døyr stefaren Erik Rasmusson SVARSTAD.

 

Kva seier du? No har eg ikkje leita lenger, men kanskje kan der vere eit skifte ein stad som kan gje nærare svar. Intuisjonen seier at eg er på rett spor.

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Dersom du ikkje er på rett veg er det iallefall besnærande nær!

 

Her må det studerast!

 

Tusen takk uansett kva som vert resultatet :-)

 

* tillegg: Eit lite ankepunkt. I dag ikkje uvanlig sånn sett, men denne tida kanskje litt meir uvanlig?? Denne Anne Rasmusdatter vil vere rundt 42 år gamal når ho døyper Malene. Trekk frå graviditetsperioda og ein har fortsatt ei ganske godt vaksen dame ... ???

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Godt vaksa dame, ja. Men ikkje uvanleg å få barn med betydeleg yngre tenestekarar, så eg vil ikkje seie at det er noko tungt ankepunkt.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har prøvd å finne konfirmasjonen til denne Anne Rasmusdtr, men utan særleg hell så langt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Eg forsøker å rekkje opp i slekta til Rasmus Bodvarsen (no) og Magdeli Jetmundsdatter (seinare). Ho kan forresten sjå ut til å ha opphavet sitt på Øvreberg. Har ikkje funne det heilt enno.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det spørst om ikkje dette er Jetmund Rasmusson - det står ØvreBØ, men kan vel vere meir rimeleg at det er ØvreBERG. Dersom Magdeli er frå Øvreberg, er det elles ikkje så rart om dottera Anne tener der i 1801.

 

SAB, Innvik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1750-1816, s. 322
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509640527
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Trulovinga til soldat Rasmus Bodvarsen Tvinderem og pige Magdalena Jetmundsdatter Øfreberg 1. juni 1777. Gift 4. juli. [fyrste barnet døypt 11.11.1777 ;-)]

SAB, Innvik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1750-1816, s. 387
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509640558

 

Så då er vel den saken klar... Eller kan det vere andre stadar enn i Stryn dette kan vere?

 

Forlovarar var Hans og Knud Tvinderem

 

Las også gjennom skiftet til Rasmus Bodvarsen Fjellkårstad ein gong til og fann ei tjenestejente med namn Margrethe Jetmundsdatter som vert tilgodesett med løn. Mulig tilfeldig, men kan det vere ei syster av Magdeli/Malene/Magdalena? I 1801 er det ei Margrethe Jetmundsdatter i teneste på Øvre Tonning https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058410001457 som då skal vere 35 år gamal dvs. fødd ca 1766. Ikkje usansynlig dette er same dama. Men! Eg finn ho ikkje innførd som døypt i kyrkjeboka for Innvik! Eg har då sett gjennom 1764-68

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Det er vel ikkje urimelig å tenkje seg at den Anna Rasmusdatter som er på Øvreberg i 1801 også er den same som der i 1797. Ei Anna Rasmusdatter vart konfirmert som busett der dette året ... sjå nr. 19 Piger Nedstryen sogn

 

SAB, Innvik Sokneprestembete, Annen kirkebok nr. I.2.A, 1750-1835, s. 219
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509640634

 

Dessverre utan opplysningar om foreldre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg er heilt enig med deg der. Eg vil tru at enkja Magdeli med sine små born har hatt tilhald på Øvreberg i nokre år; så ser vi i 1801 at dei har skilt lag - Magdeli er koma i Svarstadvika og Anne/Anna er att på Øvreberg. Så gifter Magdeli seg i 1804, og blir enkje ogjen i 1818. Eg ser føre meg at DÅ, om ikkje før, flytter dottera til Svarstad, og ikkje lenge etter let ho seg sjarmere av ein ung tenestedreng, og får Malene. Broren Bodvar driv forresten i same bransjen - han har 2 "uekte" born i Utvik så vidt eg kan sjå; rett nok med gardsnamnet Kårstad, men eg finn ingen andre kandidatar.

 

Ja, eg får seie som bestemora mi sa: Dette er no MI tru. Men det endelege beviset har vi vel ikkje endå.

 

No har du ei innflyttande tenestejente frå Øvreberg ute i Selje, men hennar alder er absolutt ikkje passeleg til denne. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Det ser stadig meir plausibelt ut med din hypotese! Min tanke ang. Selje trur eg eg legg død!

 

Ang. tenestejenta frå Øvreberg i 1835 so ser det ut til at eg har funne ut kven ho var - og eg må også korrigere eit utsagn eg kom med i post nr. 3 over der eg trudde at ho ikkje kunne vere datter av nokon av dei to Rasmus-ane på Øvreberg denne tida. For det ser ut til at ho frå 1835 er den same som tre år seinare giftar seg med Lars Olsen Gald og som er datter av Rasmus Absalonsen Øvreberg... Alder er litt "off" mellom desse to registera men det trur eg ikkje betyr noko ...

 

sjå par nr. 32

SAB, Innvik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4II, 1832-1846, s. 313
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509650680

 

"min" Anne fødd ca 1780 finn eg ikkje som gift i Innvik/Stryn. Eg skal gjere eit forsøk på å finne ho som avdød ...

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Nei, takk for den! Vaksinasjonsprotokollen var faktisk ikkje i tankane mine ein gong.

 

Kan ein då etterkvart setje opp ein mulig tidsoversikt ... ? Noko slikt som:

 

Anne Rasmusdatter vert fødd 1780 til foreldre Rasmus Bodvarsen Tvindereim/Fjellkårstad og Magdeli/Magdelene/Malene Jetmundsdatter f. på Øvreberg (gift 1777)

 

Rasmus Bodvarsen døyr og er skifta etter i 1783. Har då tre born; Jetmund - spebarn 1/4 år, Bodvar 6 år og Anne 3 år. Enka tek med seg borna og vert tekne inn hjå broren Nils Jetmundsen Øvreberg. Ei Margrethe Jetmundsdatter er nemnd i skiftet.

 

Anne vert konfirmert 1797 busett på Øvreberg

Broren Jetmund Rasmussen vert gravlagd 25 des. 1797

 

I 1801 er ho tenar, 21 år og fortsatt busett Øvreberg

Broren Bodvar Rasmussen kan virke som er å finne som tenar på Hegdahl

Ein eller annan gong før 1801 har mora Magdeli flytta til Svarstadvika og er legdslem der i 1801

 

1804 giftar ho seg med Erik Rasmusen Tisthammer og dei ser ut til å fortsette å bu i Svarstadvika

 

sidan Erik døyr i 1818 og er då kalla Svarstad. Stedattera Anne er muligens flytta inn i husstanden

 

I 1822 døyper Qvindemsk (?) Anne Rasmusdatter Svarstad og Peder Pedersen Scharsten dattera Malene

 

1825 er Anna (og barn) fortsatt busett i Stryn sidan Malene vert vaksinert der dette året.

 

i 1838 finn ein Malene Pedersdatter frå Svarstad i Indvigen som konfirmant i Selje, foreldre oppført som Anna Rasmusdatter (pige) og tenestekaren Peder Pedersen. Malene er muligens reist i teneste. Uvisst kvar mora er på dette tidspunktet.

 

I 1843 flyttar tenestejenta Malene frå Skorge i Selje sogn, Nordfjord og til Skorge i Vanylven sogn, Sunnmøre.

 

I 1852 giftar Malene seg i Vanylven med Ole Kristian Larsen Viken/Thue. Faren Peder Pedersen vert då nemnd med bosted Tonning

 

Faren Peder Pedersen er i 1865 busett som husmann med jord i Ytre Bøe og gift med ei Oline Jonsdatter

 

Eg ser ikkje nokon problem med denne tidslinja. Sansynliggjort, men ikkje bevist som du allereie har påpeika, Aase.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Flott oversikt. Nokre få små detaljar: 

 

Slik kolonnene er utforma ved vaksineringa, kan ein lese det som at far er Peder, og barnet sin bustad er Svarstad.

 

Foreldreopplysninga ved konfirmasjonen er stort sett rein avskrift frå ein dåpsattest, når konfirmasjonssokn og dåpssokn ikkje er det same. Så Anne var Pige i 1822, men ikkje nødvendigvis i 1838.

 

Eg greier heller ikkje å lese dåpsinnføringa 100 %, men at mors "titel" er Qvinn-eit-eller-anna, er sikkert. Det er ikkje nokon æres-titel, og eg tykkjer det kan passe bra med den "gamle" dama vi trur er mor her. Ei uskuldig ungjente på hans eigen alder ville ikkje blitt omtala slik.

 

Det ser ut til å vere dårleg med skifte i familien som kan hjelpe deg vidare, dessverre. Og framleis har vi ikkje noka forklaring på kvifor Malene er i Selje. Kanskje er mor der også? Litt uvanleg å reise så langt ut i teneste før konfirmasjonen.

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Har ikke så mye å tilføye, men "Qvindemsk"  står nok for "kvinnemenneske" (kvinnfolk).  Når det gjelder alder ved fødsel er undertegnede eksempel på en som er født av en 42 år gammel mor, og hun mistet et barn etter en utforkjøring med sykkel i en alder av 44.

Endret av Tor Kvien

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Det er ei Anne Rasmusdtr. frå Stryn som er legdslem på Sylte i Vanylven 1865.

Rett nukk oppgjedd være 74 år og ein god del for ung for di Anne Rasmusdtr. men  så er det kor etteretteleg er alderen som er oppgjedd?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f61511&gardpostnr=119&personpostnr=594&merk=594#ovre

 

Har du sjekka fadderane til evt. barn til Malene Pedersdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.