Gå til innhold
Arkivverket

SF, Stryn, Selje og Davik, opphavet til Anna Rasmusdatter med gardsnamn Svarvestad ved dåpen til sin uekte datter Malene Pedersdatter i 1822


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Tor, takk for kommentar. Og ja, veit og kjenner sjølv til damer som fikk ungar i denne - og eldre! - alder enn det som "min" Anne Rasmusdatter ser ut til å vere i 1822 ... Tanken var at det pga. stor slitasje på kroppen denne tida, saman med dårligare kosthold, kunne vere ein muligheit til at det då var ein litt framskreden alder å få born i. Noko det ser ut til at det slett ikkje var i dette tilfellet. Heldigvis!

 

Ang. qvindemsk var spørsmålsteiknet tenkt som eit spørsmål om det faktisk var msk som står der eller noko anna. Kanskje du kan tyde det betre enn eg ... ?

 

Harald, takk for din kommentar også! Når det gjeld ho Anne Rasmusdatter busett på min eigen farsgard på Sylte, vil eg tru ho er den Anne Rasmusdatter Folven som kom til Vanylven som tjenestejente ilag med fleire andre (totalt 5 jenter og ein gut) i 1820 (sjå nr. 4). Eg brukte nokre timar på denne dama før eg fann ut at der ikkje var noko å hente kan eg love deg ...

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0004: Ministerialbok nr. 501A04, 1816-1831, s. 302
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610477

 

Når det gjeld fadderar til borna til Malene er alle direkte knytt til familien til Ole Larsen eller andre personar i Vanylven. Så der vil ein nok ikkje finne nokon informasjon om Innvik, Stryn eller Selje. Dessverre.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har filosofert litt over denne saka, og funne ut at dette er eit godt eksempel på korleis ein bør arbeide for å identifisere slike "mystiske personar". Meininga er IKKJE å skryte av meg sjølv, for det er så avgjort ikkje eg som har utvikla denne tankegangen, men eg har som før nemnt fleire nylege døme på at han kan føre fram. I staden for å leite etter ein høveleg far på den aktuelle garden, leitar du etter ei høveleg MOR som har flytta dit med eit barn eller fleire "på lasset". Det er også høgst aktuelt å finne ut kvar det vart av den forrige generasjonen sine born, for mange av dei "uforklarlege" er barneborn av forrige brukar, sendt heim frå utflytte stader pga dødsfall, fattigdom, at garden hadde bruk for arbeidshjelp, eller andre grunnar.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.