Gå til innhold
Arkivverket

Aamund (1698) og Jørgen (1704) Haagenssøner - brør frå Fortun sokn i Luster - til Årdal kring 1730/1733 - og so - til Kongsberg?? - eller til Bergen? - kvar vart det av dei og borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Haagen Andersson (1670-1739) og kona Guri Jørgensdotter (1668-17..), husmannsfolk i Nausane under garden Søvde i Fortun sokn i Luster hadde minst fire born, mellom anna desse to sønene:

 

* Aamund Haagenson, fødd i Luster kring 1698, fekk kring 1717 ei «uekte» dotter Kari med ei eller ukjend Ingeborg Sjursdotter.  Denne Kari voks opp i Luster og døydde her i 1791 etter to ekteskap.  Nokre år etter gifte Aamund seg, men det er ikkje kjent kven kona hans var, om det var den same Ingeborg Sjursdotter eller ei anna...  Uansett dukkar Aamund opp i ÅRDAL der to søner vert døypte:

 

~~~~~

 

** Anders Aamundson, døypt i Årdal 29.10.1731

 

** Christopher Aamundson, døypt i Årdal 4.4.1734

 

(Eg har tidlegare trudd at Christopher Aamundson var identisk med ein Christopher Aanundson som døydde i Hauge sokn i Lærdal 17.7.1786, men denne Christopher var 60 år gamal, og nyare forsking har synt at han var frå Mo i Hafslo og vart døypt der 21.10.1725!)

 

~~~~~

 

* Jørgen Haagenson, fødd i Luster kring 1704, gifte seg truleg sist på 1720-talet med ei enkje som sat med ein husmannsplass i Kvenolane under garden Berge i Fortun sokn.  I so fall skal namnet hennar ha vore Inga Olsdotter, men dette er høgst usikkert...  Eitt barn er kjent:

 

** Udøypt barn, født og avlide i Luster i februar 1732, to timer gamal

 

Kort deretter flytte ogso Jørgen til Årdal der han i januar 1734 er nemnd som fadder for Ole Avdalens son Knut.

 

~~~~~

 

Etter den tid ser eg ikkje noko meir til nokon av brørne, korkje i Årdal eller i Luster, og sønene til Aamund er likeins ukjende....  Eg veit ikkje om dei kan ha vore knytt til kopparverket i Årdal, men i so fall kan dei kanske vera reiste vidare til andre bergverk, til dømes på Kongsberg?

 

Eg finn mellom anna ei spennande vigsle på Kongsberg 31.1.1760 for Anders Amundson BERGEN og Anna Dorothea Baltzarsdotter, sal. Nils Haagenson Tislegaards: https://media.digitalarkivet.no/view/8571/288

 

Om det er den same Anders Aamundson som 10.10.1778 gifte seg (att?) på Kongsberg med Dorthe Cathrine Jensdotter Aanderud, veit eg ikkje...: https://media.digitalarkivet.no/view/8572/356

 

Eg ser forresten at ein Christopher Amundson gifte seg på Bragernes 19.2.1765 med Anna Cathrine Ottersdotter på Røe, men om dette er son av Aamnd Haagenson, veit eg ikkje..., kanskje heller tvilsamt...: https://media.digitalarkivet.no/view/8451/8

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var mykje flytting ogso til Bergen frå Årdal og Luster, og nett no ser eg denne dåpen 27.9.1737 i Krosskyrkja i Bergen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=6938&personpostnr=56235&merk=56235#ovre

 

Martha Aamundsdotter var altso barnet, og mori heitte Bertha Christensdotter

 

Ein månad etter Christopher Aamundson vart døypt i Årdal, finn me ei introdusert kone Britha på Bakken - høyrest «mistenkjeleg» ut...

 

Eg finn òg ein Aamund Haagenson gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 19.7.1754: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000735841

 

Og so har me denne konfirmasjonen i Krosskyrkja 1739 av Christen Aamundson, 18 år, fødd i «Leirdal», opphald hjå kona til Aamund Haagenson!: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf12011736kk&gardpostnr=241&personpostnr=241&merk=241#ovre

 

Denne siste Christen Aamundson er ikkje registrert døypt i Lærdal, men dette høyrest då vitterleg spennande ut, eller...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, det kan se ut som om det er noen forbindelser til Kongsberg her. Dette er hva jeg har:

 

 

Vielse 12/9 1750 på Kongsberg mellom Haagen Amundsen Aardal og Kirsten Andreasdatter Graaner: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610556

 

Haagen nevnes i Sølvverkets 1765-manntall som 39 år og født ved Årdal verk. Han arbeidet som ertssjeider ved 1. revir, hadde anfart i 26 år (altså siden ca. 1739), første arbeidssted var også ved 1. revir. Ellers var han gift og hadde to barn, en sønn (ikke i arbeid for Sølvverket) og en datter, og bodde i eget hus i bergstaden.

 

Haagen, 40 år, gravlegges 8/3 1766 sammen med sin sønn Andreas Graaner: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620148

 

Det skal ha vært påbegynt skifte etter Haagen samme år, avsluttet i 1767 , men det finner jeg kke registrert i skifteregisteret for Kongsberg.

 

12/12 1767 gifter Kirsten seg igjen som enke med enkemannen Ole Hansen Smed, og i 1776 holder Ole oppgivelseskrifte. Da nevnes konas første ektemann med etternavnet Berganhttps://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000546275

 

Hans datter Anna Barbara gifter seg 4/1 1777 med Christian Jacobsen Vogt, da med etternavn Aardahl: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620541

 

Jeg kjenner disse barna:

Karen, døpt 22/10 1750: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610389

Eric, døpt 14/1 1753: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610425

Anna Barbara, døpt 13/4 1754: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610444

Andreas, døpt 15/11 1755: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610541

Anna Barbara, døpt 9/4 1757: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610603

Amund, døpt 24/11 1759: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610634

Andreas Graaner, døpt 3/7 1762: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610676

 

 

De fleste fadderne er navn jeg kjenner igjen fra Graaner-familiens slekts- og forbindelseskrets, men ved dåpen 13/4 1754 var en av fadderne Anders Amundsen Aardahl. Det er vel ikke utenkelig at han er den samme som giftet seg i 1760 som Anders Amundsen Bergen. Jeg kan ikke se at han og Anna Dorothea fikk barn samme. Hennes etternavn var forresten Withart, noe som fremgår da hun giftet seg med Niels Haagensen Tislegard 23/1 1740. Ingen som kan være denne Anders nevnes i 1765-manntallet. Jeg har heller ikke funnet noe skifte etter ham eller kona.

 

 

Da blir spørsmålet om dette er samme mann, eller om det er tale om to forskjellige personer. 10/4 1753 på Kongsberg finner jeg denne vielsen mellom Amund Aasmundsen Aardal og Anna Hans-Christophersdatter Rud (også kalt Ruud og Rue): https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610560

 

Men i dette skiftet fra 1761, da han var død, kalles han Anders Aasmundsen Aardahl: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000536943

 

Men når Anne giftet seg igjen 20/3 1762 var det som enke etter Amund Aasmundsen Aardahl: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620164

 

Dermed må vi nok konkludere med at det dreier seg om to ulike personer, noe hans eget skifte fra 1759 bekrefter: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000535083

 

Der står det at han ikke hadde noen pårørende på Kongsberg. Det bør ikke alltid leses altfor bokstavelig da jeg har funnet samme formulering også i andre skifter med dokumenterte nære eller fjerne slektninger i byen. Han ble gravlagt 8/6 1759, og oppgis da å ha blitt 38 år gammel: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620101

 

Barn:

Sebella, døpt 17/3 1754: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610443

Gulbrand, døpt 30/5 1756: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610590

Ola, døpt 27/1 1759: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610624

 

Ved den første og siste dåpen var det i hovedsak konas slektning og familiekrets som gjorde tjeneste som faddere, men ved den midterst finner jeg også et par andre kjente årdalsnavn bosatt i samme nabolaget som ham.

 

Skifte etter kona og hennes andre ektemann: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000544911

 

 

Anders Amundsen Pop, som giftet seg i 1778, kan du se bort fra i denne sammenheng. Han var født i 1746, døde i 1811 og tilhørte en familie jeg kjenner.

 

 

Dermed, Lars, gjenstår det om du kan finne en forbindelse mellom noen av disse personene og den familien som er utgangspunktet for denne tråden. Det er også mulig at du kan finne flere opplysninger om dem i kommunikantprotokollene for Kongsberg, som ligger på Digitalarkivet i skannet utgave. de er imidlertid ganske tidkrevende å bla seg gjennom.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for eit skikkeleg spennande og interessant innlegg!

 

Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at me her talar om den same huslyden:

 

** Haagen Aamundsen burde vera «grei».  Eg kjenner ikkje til at Aamund Haagenson hadde ein slik son, men det ville jo vera heilt naturleg utifrå namnetradisjonane, og når han stundom vert omskriven som Aardal og stundom som Bergen, KAN ei mogeleg òrsak vera at han var fødd eller i alle fall som barn budde i Årdal, medan han nok flytte med foreldri sine til Bergen og budde der eit par år til han berre 13 år gamal vart «send» til gruvene på Kongsberg.

 

** Anders Aamundson er nok bror hans, fødd i Årdal i 1731, kalla «Bergen» etter staden der han voks opp.

 

Elles finn eg det påfallande at då bror deira Christen vart konfirmert i Bergen i 1739, står det at han budde hjå Aamund Haagensons KONE i Bergen.  Dette får meg til å tru at kanskje ogso Aamund sjølv er dregen til Kongsberg på gruvearbeid, kan henda i lag med sonen Haagen?  Om Anders er dregen på same tid, er vel ikkje so godt å seia...

 

Eg har sett litt meir på kyrkjebøkene i Bergen etter denne konfirmanten frå Krosskyrkja 1739, Christen Amundson, og han KAN vera identisk med denne:

 

Christen Amundsen gift Krosskyrkja i Bergen 1.1.1743 med Karen Jacobsdatter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=3129&merk=3129#ovre

 

og kanskje denne

 

Christen Aamundsen, dikselmann og enkjemann, gift Domkyrkja i Bergen 6.1.1755 med Christence Olsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=9156&merk=9156#ovre

 

Gravferdi til Christenca 28.7.1759: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=11958&merk=11958#ovre

 

Kanskje er dette gravferdi hans: ved Nøstet i Bergen 24.12.1766: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=13471&merk=13471#ovre

 

Denne Christen ser ut til å ha hatt ein bror Erik Aamundsen, for då Erik døyper eldste barnet sitt i Krosskyrkja 1745, er Christen fadder: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006204171

 

Og då Erik døyper andre barnet sitt i Krosskyrkja to år etter, er Karen Jacobsdotter, kona til Christen, fadder: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006206336

 

Om denne Christen er rett person, må ogso Erik vera ein til no ukjend son i same huslyden, og me har jo «plass» til eit barn mellom Christen og Haagen!!  Men ogso Erik forsvinn frå Bergen etter 1747.  Kan han vera faren til Kongsberg?  Eldste son til Haagen heiter Erik (1753) og KAN vera ei oppkalling etter broren!?

 

Basert på desse tankane har eg no sett opp eit manuskript for denne huslyden, d.v.s. for Aamund Haagenson og borni hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Haagenson (Nausene), f. i Luster kring 1698, gifte seg kring 1720 med Britha Christensdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     truleg òg f. kring 1698.  Aamund og Britha budde framleis i bygdi i 1722, og kan henda hadde dei tilhald her i Nausane i lag med foreldri hans.

Men midt på 1720-talet flytte Aamund Haagenson og kona til Årdal der dei visstnok busette seg som plassfolk i Bakken under

 

##### (kva gard?)

 

##### (Aamund arbeidde òg på verket??)

 

Kring 1735 flytte so Aamund og Britha, då kjend som Bertha, til Bergen der Aamund vart gravlagd 19.7.1754.  Bertha Christensdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1739)

 

##### (NB: Det høyrest ut som Aamund IKKJE var heime då sonen Christen vart konfirmert i 1739 – var han kan henda borte på bergverksarbeid? – Kongsberg?)

 

Før han vart gift fekk Aamund ei dotter her i bygdi:

a. Kari Aamundsdotter (1717‑1791), dotter av Aamund og ei Ingeborg Sjursdotter, som me ikkje veit noko meir om, vart gift første gongen med paktar Hermund Erikson på Steig (1713‑1764) og sidan attgift med husmann og enkjemann Christen Nilsson på Stubbøy under Øyene (1705‑1783).

Dette var altso dotter hans Aamund.

Men Aamund og Bertha fekk òg minst fem born i lag:

 

##### (kan henda fleire?)

 

b. Christen Aamundsen, f.

 

     ##### (fødestaden hans? – konfirmasjonen i Bergen seier «Leirdal» (i.e. Årdal), men foreldri skal framleis ha butt i Luster i 1722!)

 

     kring 1721, flytte med foreldri til Bergen og vart kan henda gravlagd frå Nøstet i Bergen 24.12.1766.  I so fall er han truleg identisk med den Christen Aamundsen som gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 1.1.1743 med Karen Jacobsdotter

 

     ##### (opplysningar om ho?)

 

     So gifte Christen seg 6.1.1755 att i Domkyrkja i Bergen med Christenca Olsdotter

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Men ho vart gravlagd i Bergen alt 28.7.1759.  Christen var dikselmann og budde i Bergen levetidi ut, men me kjenner ikkje til born etter nokon av ekteskapi hans.

 

     ##### (NB: Usikkert om denne Christen Aamundsen verkeleg høyrer til denne huslyden!  Han var i 1745 fadder for eit barn av Erik Aamundsen – gift KK 2.7.1744 med Martha Olsdotter – medan Karen Jacobsdotter var fadder for hitt barnet:

            * Anna Marie døypt KK 20.2.1745

            * Aamund, døypt KK 19.2.1747 – Erik då underconstabel på Korskirkealmenningen)

 

c. Haagen Aamundsen (Aardal/Bergen), f. i Årdal kring 1726, vart gravlagd på Kongsberg 8.3.1766.  Han gifte seg på Kongsberg 12.9.1750 med Kirstine Andreasdotter Graaner frå Kongsberg, døypt

 

     ##### (dato og stad for dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

     Som enkje gifte Kirstine seg 12.12.1767 att på Kongsberg med enkjemannen Ole Hansson Smed,

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

     Haagen tok alt kring 1739, berre 13 år gamal, til som bergverksarbeidar på Kongsberg og heldt fram med dette arbeidet levetidi ut, medan Ole Hansson, som namnet hans seier, var smed på Kongsberg. 

 

     ##### (stemmer dette?)

 

     Kirstine fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet med Haagen, men berre ei dotter levde att etter han.

 

     ##### (borni:

            * Karen, døypt Kongsberg 22.10.1750

            * Erik, døypt Kongsberg 14.1.1753

            * Anna Barbara, døypt Kongsberg 13.4.1754

            * Andreas, døypt Kongsberg 15.11.1755

            * Anna Barbara, døypt 9.4.1757 – gift Kongsberg 4.1.1777 med Christian Jacobson Vogt

            * Amund, døypt 24.11.1759

            * Andreas Graaner, døypt 3.7.1762 – gravlagd 8.3.1766)

 

d. Anders Aamundson (Bergen), døypt i Årdal 29.10.1731, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Anders gifte seg på Kongsberg 31.1.1760 med enkja Anna Dorothea Baltzersdotter Withart, opphavleg frå Kongsberg,

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

     Ho gifte seg første gongen på Kongsberg 23.1.1740 med Nils Haagenson Tislegaard frå Kongsberg,

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

     ##### (yrke og bustad for Nils og Anna Dorothea?)

 

     ##### (yrke og bustad for Anders og Anna Dorothea?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Engel, døypt Kongsberg 3.9.1740 – gift med Hans Martin Johanson Linnert, d. Kongsberg 1782

            * Haagen, døypt Kongsberg 26.3.1744

            * Haagen, døypt Kongsberg 11.6.1746 – gravlagd Kongsberg 2.4.1796

            * Synneva, døypt Kongsberg 30.11.1748

            * Baltzer Conrad, døypt Kongsberg 11.4.1750

            * Hans Bautz, døypt Kongsberg 8.6.1754)

 

e. Christopher Aamundson, døypt i Årdal 4.4.1734,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

f. Martha Aamundsdotter, døypt i Bergen 27.9.1737,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som det går fram over, har eg freista kartleggja borni som Anna Dorothea Baltzersdotter Withart fekk i første ekteskapet sitt.  Dersom ho og Anders «forsvinn» frå Kongsberg, kan dei jo vera flytte med eitt eller fleire av borni hennar?

 

Når det gjeld den Christopher Aamundson som gifte seg på Bragernes i 1765, har eg sett litt på fadrane som dei nytta, og ser namn som Maren og Kirsten Aamundsdøtrer, og dei namni kjenner me ikkje frå «vår» slekt, so den Christopher er nok ganske sikkert eit «blindskòt»...

 

Jørgen Haagenson veit eg ikkje noko meir om enn kva eg alt har skrive, men eg vil ikkje så bort ifrå at ogso han kan «dukka opp» på Kongsberg?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkanta» innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal ikke ha noen bestemt oppfatning av opphavet til etternavnet Bergen/Bergan. Jeg kjenner noen svært få tilfeller der folk på Kongsberg brukte andre norske bynavn som etternavn, men det var svært uvanlig. Da var gårds-, plass-, bygde- og landskapsnavn mer vanlige. Kan i stedet bakgrunnen for navnet ligge et sted i Sogn? Jeg har ikke lokalkjennskap der til å plukke ut mulige opphavssteder. Ellers fins Bergan som gårdsnavn i flere av bygdene rundt Kongsberg, men det kan vi vel se bort fra her.

 

Her er to aktuelle konfirmasjoner fra Kongsberg:

Haagen Amundsen Aardal, 8/10 1747: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000001540756

Anders Amundsen Bergen, 4/10 1750: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000001539758

 

Kan også denne være relevant?

Amund Amundsen Berg, 8/10 1747: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000001540751

 

Det er fullt mulig at også Aamund Haagensson selv kom til Kongsberg. Det kom svært mange dit fra Årdal på 1730- og 1740-tallet. Hvis han så gjorde er det sannsynlig at han fins i kommunikantprotokollene fra denne tiden. Du bør også sjekke om det gis noen tilleggsopplysninger i de originale protokollene om de sannsynlige sønnene Haagen og Anders i forbindelse med deres konfirmasjoner, f.eks. hvem de bodde hos.

 

 

Nå har jeg funnet det som må være skiftet etter Haagen Amundsen i 1766. Selv om både hans farsnavn og navnet på datteren han etterlot seg er feilført, stemmer kona navn og datoen i skiftet etter hennes andre ektemann: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000539879

 

Her ser vi igjen formuleringen om at "han hadde ingen beslægtigede her Paa Stædet".

 

Hennes andre ektemann var ikke smed av yrke. Smed var etternavnet han brukte, et eksempel på den status (gruve)smedene hadde på Kongsberg. Det kan du lese om i artikkelen om Henrik Ibsens aner i siste utgave av NST. (Han hadde slike aner på morssiden.) Smed var derfor et ganske vanlig etternavn på Kongsberg på denne tiden, omtrent slik som tilsvarende varianter i bl.a. engelsk og tysk i våre dager.

 

I 1765-manntallet kalles han Ole Hansen Smeed, var 37 år, født på Kongsberg, gift med 1 sønn og to stedøtre og bosted i bergstaden. Han arbeidet som hauer ved 2. revir og hadde 19 års tjenestetid. I 1771-manntallet er han oppført som Ole H. Smeed. Alderen oppgis til 44 år og tjenestetiden til 28 år. Han oppgis også denne gangen som gift, hadde 2 barn og arbeidet som "hauer med boring" ved Gamle Segen Gottes gruve. Opplysningene om alder og tjenestetid i de ulike manntallene er ofte ikke konsistente, og må derfor leses med forsiktighet. Men min erfaring er at opplysningene i 1765-manntallet ofte er mer til å stole på enn de fra 1771.

 

Kona deres kalles både Andreasdatter og Andersdatter i kildene, noe som har sin bakgrunn i at faren hennes vekselvis omtales som Andreas, Andres og Anders. Han giftet seg 30/7 1716 med ei Karen Jacobsdatter. De døpte to barn som kan ha vært den aktuelle datteren:

Kirsten, døpt 15/7 1719: https://media.digitalarkivet.no/kb20070315660708

Kirstine Marie, døpt 25/3 1724: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610038

 

Trolig dreier det seg om den første av disse, men begravelseslistene i kirkebøkene før utpå 1730-tallet er så spartanske (f.eks. "Gravlagt trende smaae børn", uten noen videre spesifisering). I hvert fall ble hun konfirmert 12/4 1739 som Kiersten Graners: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000001542435 

(Broren Jacob, f. 1725, ble konfirmert i 1743.) Som du ser fins det også flere stavemåter av etternavnet hennes. På 1600-tallet skrives det delvis Cranner, så Granner og Graner, før Graaner fester seg som eneform rundt midten av 1700-tallet, men det er helt tiden snakk om samme slekt.

 

 

Anna Dorothea Baltzersdatter Withart ble døpt 17/7 1717 på Kongsberg: https://media.digitalarkivet.no/kb20070315660701

 

Foreldrene hennes var Baltzer Conrad Withart (ofte bare kalt Baltzer/Baltzar Conrad i kildene) og Inger Jansdatter, viet 19/12 1701 på Kongsberg: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610010

 

Som sagt vet jeg ikke hvor det ble av henne og ektemannen, men magefølelsen min er at de ble værende på Kongsberg og fins gravlagt der. Skiftet etter sønnen Haagen i 1796 viser at han ble arvet av utarvinger, søskenbarn og deres etterkommere: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000554511

 

Han giftet seg 4/11 1786 med Ragnhild Karine Olsdatter Seierstad (flere ulike stavemåter på flere av navneelementene): https://media.digitalarkivet.no/kb20070316630223

 

Dermed må søsteren Engel og hennes sønn være død før 1796: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000548891

 

Engel giftet seg 21/12 1770: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620530

Da kalles ektemannen hennes Sundt.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for eit nytt spennande innlegg om denne utfordrande huslyden!

 

Når det gjeld dei tre konfirmantane som du nemner, so er Haagen Amundson Aardal og Anders Amundson Bergen ganske sikkert «våre».  Derimot trur eg ikkje Amund Amundson Berg høyrer til her, for han har mellom anna ein merknad om «Hitterdal»...

 

Eg ser forresten at kommunikantlistene frå Kongsberg er ganske so omfattande, so der kan eg godt tenkja meg det kan gøyma seg ein og annan «godbit», men det treng eg tid på å leita gjennom.  Eg vil tru kanskje Knut Bryn alt har vore gjennom det materialet?

 

Elles forstår eg det slik at Anders Aamundson og kona Anna Dorthea ser ut til å «forsvinna» frå Kongsberg, men har du fleire detaljar om:

 

** Ole Hansson Smed, dåp og gravferd?  Er det kanskje han som er son av Hans Getmundson og vart døypt på Kongsberg 22.3.1727: https://media.digitalarkivet.no/view/8569/30

 

** Kirstine Andreasdotter Graaner - gravferd?

 

** Nils Haagenson Tislegaard, dåp og gravferd?

 

Elles har eg i dag ved hjelp av Statsarkivet i Bergen lokalisert skiftet etter den Christen Aamundsen som vart gravlagd i Bergen 24.12.1766.  Han var barnlaus, og ingen visste å gjera greie for slekti hans: https://media.digitalarkivet.no/view/24004/80?indexing=

 

Dette sansynliggjer at han verkeleg var eldste sonen av Aamund Haagenson og at ingen andre familiemedlem var att i Bergen då han døydde!  Erik Aamundson, som òg var i Bergen, må anten vera avliden eller bortflytt...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordrande huslyden og vonar på fleire «gullkanta» innlegg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, jeg kan anbefale kommunikantprotokollene for Kongsberg. Mye "snadder" å finne der! Du kan jo høre med Knut om han har noe på "din" familie. Han har jo samlet mye stoff om årdalsfolkene på Kongsberg. Når jeg i et tidligere innlegg kommenterte at jeg fant kjente årdalsnavn på fadderlistene, gjaldt det bl.a. bror av en av hans aner i Bryn-slekten.

 

Jeg vet ikke når Ole Hansson Smed var født eller døde, men utfra sølvverksmanntallene bør han være født i siste halvdel av 1720-tallet en gang. Men han var ikke den sønnen til Hans Gietmundsen som du lenker. Denne sønnen kalles konsekvent for Hans Olsen Gietmundsen, står oppført i manntallene ved siden av Ole Hansson Smed og oppgis å være ett år eldre enn ham.

 

Dette kan jeg så langt ikke bevise, men min magefølelse er at Ole var sønn av han som gikk under navnet Hans Hanssen Smed, og trolig hadde en bror med navn Ole. Denne Hans må være han som i 1732-manntallet står oppført som 46 år, hammersmedsvenn ved den Kgl. hammer, gift, 4 barn, født i Vestfossen i Øvre Eiker og bosatt i eget hus på Kongsberg. jeg kan ikke se at han døper noen sønn Ole på Kongsberg i aktuelt tidsrom, men sønnen kan jo være døpt på Eiker der faren var fra. Veien dit er jo ikke lang.

 

I 1732-manntallet står det oppført to Nils Haagenssønner, 31 og 33 år gamle, og begge født i Sandsvær. Siden Nils Haagenson Tislegaard på dette tidspunktet ikke var gift, må det være han som var 33 år, 23 års tjenestetid og bodde hos moren som var bergmannsenke. I 1711-manntallet har jeg så en av samme navn som oppgis som 12 år, født i Sandsvær og uten tjenestetid, d.v.s. nyansatt. Og i samme manntall finner jeg også Haagen Nielsens enke, 40 år, født i Sandsvær og bor til leie i "Tiselhafn". Det siste må være enten en sterk forvrengning av Tislegård eller en underliggende av denne. Dermed er det overveiende sannsynlig at han var døpt i Hedenstad i Sandsvær 29/9 1698 som sønn av Haagen Hotvedt som forsvinner fra kirkebøkene i Sandsvær noen år etter denne dåpen. For å finne begravelsen hans må en rett og slett bla seg gjennom kirkebøkene f.o.m. han døpte sitt siste barn i juni 1754 t.o.m. kona giftet seg igjen i 1760.

 

Også for de andre må samme metode benyttes da jeg ikke kjenner til at begravelseslisten for Kongsberg for denne tiden foreligger i søkbar form.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg har no sete og lese gravferdslister for Kongsberg for perioden 1756 til 1759.  Dette tek jaggu tid, men eg fann våren 1757 først ein Nils Andersson Aardahl og so ein Mons Andersson Aardahl, båe kring 36 år gamle, som døydde, men som eg ikkje finn att i basen til Knut Bryn....

 

Men so fann eg Nils Haagenson Tislegaard gravlagd 20.5.1758, 62 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/8571/222

 

Og elles fann eg ei anna innførsle som kan vera interessant med omsyn til ein annan huslyd som eg arbeider med i Årdal:

 

23.6.1759 vart gravlagd Lisbet Uriansdotter, sal. Søren Johanson Aardahls kone, 66 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8571/230

 

Neste økt vert då frå 1760 og utover for å freista finna gravferdene til:

 

** Anders Aamundson Bergen, fødd 1731, døydde etter 1760

 

** Anna Dorthea Baltzeresdotter Withart, kona til føregåande, fødd 1717, døydde etter 1760

 

** Ole Hansson Smed, fødd 1728, døydde etter 1776

 

** Kirstine Andreasdotter Graaner, kona til føregåande, fødd 1719, døydde etter 1776

 

Elles held eg òg augi òpne om eventuelt nokon av desse skulle dukka opp:

 

** Jørgen Haagenson, fødd 1702, døydde etter 1734

 

** Inga Olsdotter(?), kona hans, døydde etter 1734

 

** Aamund Haagenson, fødd 1698, døydde etter 1739

 

** Bertha Christensdotter, kona hans, fødd 1698(?), døydde etter 1739

 

** Erik Aamundson, fødd 1723, døydde etter 1747

 

** Martha Olsdotter, kona hans, fødd 172?, døydde etter 1747

 

** Christopher Aamundson, fødd 1734, døydde ??

 

** Martha Aamundsdotter, fødd 1737, døydde ??

 

Eg børjar verta meir og meir overtydd om at både Aamund Haagenson og kona Bertha flytte til Kongsberg, Aamund kan henda før 1739 og Bertha etter 1739, og då ville det vera naturleg at ogso dei to yngste borni Christopher og Martha flytte med dei...

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden og gler meg alltid over sjølv det minste lille «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er tidkrevende å gå gjennom kirkebøkene for Kongsberg i denne perioden. Folketallet var rundt 10.000 da det var på sitt høyeste rundt 1770, og byen var da landets nest største - etter Bergen, men før Christiania.

 

Niels Andersson Aardal giftet seg 31/10 1750 med Ingeborg Ingebrethsdatter Stor-Eeg fra Eiker: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610556

 

Kona giftet seg igjen 10/12 1757 med enkemann Knud Hanson Brecke: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620157

 

Mons har jeg ingen opplysninger om.

 

 

Jeg ser også at jeg i min database har en innførsel som må gjelde denne Haagen Amundsen: 20/2 1749 sto Haagen Amundsen fra Aardal åpenbart skifte for leiermål med piken Maren Olsdatter Huchen: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316610570

 

Det står om ham at han bodde som losjerende hos stiger Hans Caspar Vibach. Hvis du blar bakover et blad til 26/9 1748 finner du hennes skriftemål. Der leser jeg at hun først hadde oppgitt navnet hans til Haagen Pedersen, men det kan ikke dreie seg om noen annen. Vi får videre vite at Haagen tituleres som bergkarl og at hun fødte barnet i Hof, Vestfold, der det ble døpt 7/7 og gravlagt 17/8.

 

Og her er dåpen i Hof (begynner nederst til høyre og fortsetter på neste side): https://media.digitalarkivet.no/kb20070402660090 

 

Barnet var en sønn som ble kalt Ole, og der kalles den utlagte barnefaren også Haagen Pedersen.

 

Maren var trolovet med Anders Pederson Voss, som døde før de rakk å gifte seg. Men de må ha flyttet sammen, da hun oppgis å ha hatt enkepensjon etter ham da hun giftet seg 6/9 1766 med enkemannen Peder Pederson Grina: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620171

 

Jeg kjenner ikke alderen og opphavet hennes eller når hun døde. Jeg lurte en stund, med bakgrunn i etternavnet hennes, om hun kunne være datter av Ole Jonsson/Johanson Sjøvolden/Hugen som hadde tre barn etter seg som tidvis skrev etternavnet sitt på samme måte som henne, men hun nevnes ikke i noen av skiftene i den familien. Hvis hun skulle være hans datter, må hun enten være født utenfor ekteskap eller før han giftet seg i 1723. Ole var sønn av Jon Johanson Sjøvolden fra Røros som i 1732-manntallet oppgis å ha vært understiger ved Årdal kobberverk før han kom til Kongsberg som understiger.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal ved leilighet se om jeg kan bidra til å nøste opp noen av de mange løse trådene her. I denne omgang rekker jeg bare noen mindre viktige av dem:

 

1. Ole Hansen Smed døde trolig i 1776. Skifteforretning ble åpnet 21. mai 1776. Kona hans og hennes datter Anne Barbra fra ekteskapet med Hågen Amundsen levde ennå.

 

2. Maren Olsdatter Huken var født i Årdal høsten 1721 (dpt. 5. okt.) og døde på Kongsberg i 1783 (bgr. 21. juni). Hun var datter av gruvearbeideren Ole Torbjørnsen Huken (ca.1684-ca.1734) og Maria Hansdatter (ca. 1677-1740).

 

3. Stedsnavnet (eller tilnavnet) Baken som er brukt på Amund Hågensens mulige kone ved en introduksjon i Årdal i 1734, vet jeg lite om, men jeg har funnet det tidligere brukt om en "Mons paa Baken" som hadde datteren Sissel til dåpen i Årdal 3. okt. 1728. Fadderne kom alle fra Øvre Årdal, de fleste fra Midttun. Jeg vil i samme slengen nevne at en "Osmund paa Blaken" hadde datteren Elen til dåpen i Årdal 14. feb. 1728. Fadderne kom da ikke fra Øvre Årdal, men fra Hofland (og Offerdal), så det er kanskje forskjell på "Blaken" og "Baken"? Det er likevel verdt å legge til at Osmunds kone trolig het Brite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag og Knut for nye spennande og interessaante innlegg frå sist veke!

 

Eg har i helgji tenkt mykje på denne huslyden!  Det er tydeleg at dei var aktive både på det eine og det andre viset, anten dei var i Årdal eller på Kongsberg...  Men eg er svært glad for at me i fellesskap kanskje klan greia finna ut litt meir om dei...

 

Eg har to merknadar til siste meldingi di, Knut:

 

** Ole Hansson Smed: Eg oppfatta Dag slik at Ole heldt eit slag «oppbods»-skifte i levande live i 1776, og at han truleg døydde seinare?

 

** So til denne Osmund Blaken, som du nemner.  Som du kanskje har lagt merke til, har me eit «sprik» på om lag fem år mellom Haagen Aamundson 1726 og Anders Aamundson 1731, og eg har verkeleg spekulert på om ikkje Aamund og Britha må ha hatt eit barn imellom dei to.  Difor kjem denne Elen, døypt i Årdal 14.2.1728, som ei svært velkommi gåve, for kven elles skulle ho vera dotter av om ikkje Aamund og Britha?  Me har jo sett andre døme på at mannsnamni Aamund og Aasmund vert blanda av presten på den tidi!  Men so er spørsmålet:  Kvar kan denne Elen ha vorti av?

 

Ei Elen Aamundsdotter med tilnamnet Nøttestad gifte seg på Kongsberg 6.6.1752 med ein Jacob Sørenson Ejtrop.  Kven var ho??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er rett som du skriver, Lars, at Ole Hansson Smed fortsatt var i live i 1776, og at skiftet hans da var et oppgivelsesskifte. I den forbindelse er det notert følgende i skifteregisteret: "han var i live og oppgav boet til kreditorene, da han har agtet at fraflytte Bergstaden; ingen oversikt over eventuelle arvinger": https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000546273

 

Dermed må nok hans og konas begravelser søkes utenfor Kongsberg.

 

 

Du kan se bort fra Ellen Amundsdatter Nøttestad. Det var skifte etter henne i 1766: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000538102

 

Der fremgår det at hun hadde en bror, Jens Amundsson Nøttestad. Han finner jeg i Sølvverkets 1765-manntall som 40 år og født på Hedemarken; der Nøttestad er gårdsnavn i Stange. Så det var nok der de var fra.

 

 

Ellers er ikke presters og andre øvrighetspersoners sammenblanding av navn et ukjent fenomen på Kongsberg-kanten heller. Det ser en bl.a. på alle innflytterne som er kjent med en navneform på hjemstedet, og så får dem konsekvent forandret i de skriftlige kildene fra Kongsberg. Ett eksempel, som kan være relevant her, er at skriverne synes å ha hatt store problemer med å sondre mellom Amund og Anund med varianter. Den sammenblandingen er kjent fra de eldste bevarte diplomene fra området og til langt ut på 1800-tallet.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for siste innlegget.

 

Då er «vår» Elen Aamundsdotter altso ikkje flytt til Kongsberg, i alle fall ikkje som me veit...

 

Men merknaden om at Ole Hansen Smed og kona hadde til hensikt å reisa frå Kongsberg, er absolutt spennande.  Kvar ville det vera naturleg for dei å flytta?  Dei var båe fødde og oppvaksne på Kongsberg og hadde butt der heile livet.  Einaste attlevande dotteri hennar budde jo òg på Kongsberg, eller gjorde ho det??

 

* Anna Barbara Haagensdotter gifte seg på Kongsberg 4.1.1777 med Christian Jacobson Vogt, men eg kan ikkje sjå at dei fekk born på Kongsberg!!  Flytte dei bort og i so fall kvar?

 

Ole Hansen Smed vart tydeleg gift første gongen på Kongsberg 30.5.1761 med ei Gunnhild Eriksdotter, og dei fekk i alle fall desse borni:

 

* Lars, døypt Kongsberg 5.11.1757

* Jens, døypt Kongsberg 26.7.1760

* Gunnhild Marie, døypt Kongsberg 25.6.1763

 

I 1765 står det at Ole Hansen Smed hadde ein son og to stedøtrer, medan han i 1771 er oppgjeven ha to born.  Det eine av desse er sikkert Anna Barbara Haagensdotter, men det andre var kan henda ein av sønene hans?  Kan han identifiserast og følgjast vidare?

 

Kanskje er det «von i hangande snøre» om at me likevel skal greia finna ut kvar det vart av Ole Hansen Smed og kona Kirstine etter 1776 om me finn Anna Barbara og Christian Vogt?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å finna ut av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg må visst arrestere meg selv når jeg i et tidligere innlegg skrev at jeg ikke fant barn av Christian Jacobsen Vogt og Anna Barbara Haagensdatter. Nå finner jeg i hvert fall disse barna:

Christine Marie, døpt 8/11 1777: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620321

Berthe Cathrine, døpt 29/9 1781: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620389

Anne Margrethe, døpt 2/7 1785: https://media.digitalarkivet.no/kb20070316620606

 

Kirkebøkene for Kongsberg nevner som regel bare farens navn på denne tiden, så også her. Men det gjennomgående innslaget av Graaner-slekt gjør det møyst sannsynlig at Anne Barbara er mor til alle. Ingen av disse barna finner jeg imidlertid igjen som konfirmert eller gift på Kongsberg.

 

Også Ole Hansen Smeds sønn Lars vokste opp, ble værende på Kongsberg, giftet seg der i 1785, var død innen 1796, og hadde enke og 2 barn etter seg ved FT 1801.

 

En må gå ut fra at de to barna Ole Hansen Smed står oppført med i 1771-manntallet var denne sønnen samt stedatteren. Det er dermed ikke godt å si hvor han og kona kunne tenkes å ta veien.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera.  Men sidan du ikkje kan sjå noko meir til huslyden på Kongsberg etter dåpen av Anne Margrethe i 1785, tenkte eg:  Kvifor ikkje leggja denne Vogt-huslyden ut som eige tema i Brukarforum?  Og dette kjem eg til å gjera.  Kanskje nokon greier finna dei att?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden frå Kongsberg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg fekk her om dagen ei melding frå Dag om at han hadde lese dødsfallsprotokollar for Kongsberg på 1700-talet, og som resultat fann han fleire interessante opplysningar for å supplera manuskriptet mitt for Aamund Haagenson og huslyden hans.

 

Men før eg syner fram eit oppdatert manuskript, vil eg gjerne få leggja fram nokre tankar om denne huslyden:

 

Me veit at Aamund Haagenson døydde i Bergen i 1754.  På den tidi var sønene Haagen og Anders busette på Kongsberg, og sidan me ikkje kan finna spor etter nokon av dei andre søskeni på Kongsberg, korkje som vigde, foreldre eller fadrar hjå broren Haagen, som jo hadde ganske so mange born, trur eg dei to har vore ganske so «åleine» i bergverkstaden!  Samstundes veit me at eldste broren Christen døydde i Bergen i 1766, og då det vart halde skifte etter han i 1767, var det INGEN der i byen som visste noko som helst om ervingane/søskeni hans.  Då har me to alternativ:

 

** Anten var mori og alle dei andre søskeni avlidne før 1767 utan å etterlata seg born i Bergen.

 

** Eller dei var alle flytte frå Bergen før den tid.

 

Kanskje er det ein «kombinasjon» av desse svari me er ute etter.  Mori Bertha kan godt vera avlidi, men kanskje eldste broren Erik, underkonstabelen, har «teke med seg» dei yngste søskeni og flytt kort etter yngste sonen hans, Aamund, var fødd i 1747?  Spørsmålet er då KVAR dei kan ha flytt??  Attende til Årdal flytte dei ikkje, og altso heller ikkje til Kongsberg.  Kan dei vera flytte til KØBENHAVN??  Eller kan det vera denne Erik Aamundson som med kone Malena Olsdotter dukkar opp i Nes å Romerike like etter 1748?

 

Denne huslyden er med andre ord ei gigantisk utfordring, men eg har enno ikkje gjeve opp all vón om at nokon i Brukarforum kan greia løysa i alle fall delar av denne «floki»...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Haagenson (Nausene), f. i Luster kring 1698, gifte seg kring 1720 med Britha Christensdotter frå

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     truleg òg f. kring 1698.  Aamund og Britha budde framleis i bygdi i 1722, og kan henda hadde dei tilhald her i Nausane i lag med foreldri hans.

Men midt på 1720-talet flytte Aamund Haagenson og kona til Årdal der dei visstnok busette seg som plassfolk i Bakken under

 

 

##### (kva gard?)

 

 

##### (Aamund arbeidde òg på verket??)

 

 

Kring 1735 flytte so Aamund og Britha, då kjend som Bertha, til Bergen der Aamund vart gravlagd 19.7.1754.  Bertha Christensdotter d.

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1739)

 

 

##### (NB: Det høyrest ut som Aamund IKKJE var heime då sonen Christen vart konfirmert i Bergen 1739 – var han kan henda borte på bergverksarbeid? – Kongsberg? – ikkje nemnd som k0mmunikant på Kongsberg i 1740 el. 1747!)

 

 

Før han vart gift fekk Aamund ei dotter her i bygdi:

a. Kari Aamundsdotter (1717‑1791), dotter av Aamund og ei Ingeborg Sjursdotter, som me ikkje veit noko meir om, vart gift første gongen med paktar Hermund Erikson på Steig (1713‑1764) og sidan attgift med husmann og enkjemann Christen Nilsson på Stubbøy under Øyene (1705‑1783).

Dette var altso dotter hans Aamund.

Men Aamund og Bertha ser òg ut til å ha hatt sju born i lag:

 

 

##### (kan henda fleire?)

 

 

b. Christen Aamundsen, f.

 

 

     ##### (fødestaden hans? – konfirmasjonen i Bergen seier «Leirdal» (i.e. Årdal), men foreldri skal framleis ha butt i Luster i 1722!)

 

 

     kring 1721, flytte med foreldri til Bergen og vart visstnok gravlagd frå Nøstet i Bergen 24.12.1766.  I so fall er han truleg identisk med den Christen Aamundsen som gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 1.1.1743 med Karen Jacobsdotter

 

 

     ##### (opplysningar om ho?)

 

 

     So gifte Christen seg 6.1.1755 att i Domkyrkja i Bergen med Christenca Olsdotter

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     Men ho vart gravlagd i Bergen alt 28.7.1759.  Christen var dikselmann og budde i Bergen levetidi ut, men var barnlaus.

c. Erik Aamundsen, f.

 

 

     ##### (kring 1723 – gift KK 2.7.1744 med Martha Olsdotter:

            * Anna Marie døypt KK 20.2.1745

            * Aamund, døypt KK 19.2.1747 – Erik då underconstabel på Korskirkealmenningen

            huslyden ser ut til å vera borte frå Bergen før 1766, for ingen der kjente då til ervingane etter broren Christen!!

            Ein Erik Aamundson med kone Malena Olsdotter fekk tre born i Nes på Romerike:

            * Aamund, døypt i Nes 15.5.1749

            * Aamund, døypt i Nes 2.4.1752

            * Paul, døypt i Nes 5.1.1755

            kan dette vera same huslyden?)

 

 

d. Haagen Aamundsen (Aardal/Bergen), f. i Årdal kring 1726, vart gravlagd på Kongsberg 8.3.1766.  Han gifte seg på Kongsberg 12.9.1750 med Kirstine Andreasdotter Graaner frå Kongsberg, døypt på Kongsberg 15.7.1719.  Ho vart gravlagd som enkje på Kongsberg 1.5.1784.  Som enkje gifte Kirstine seg 12.12.1767 att på Kongsberg med enkjemannen Ole Hansson Smed, opphavleg frå Kongsberg, døypt på Kongsberg 19.12.1730.  Han d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – e. 1776/før 1784 – ikkje funnen på Kongsberg!)

 

 

     Haagen tok alt kring 1739, berre 13 år gamal, til som bergverksarbeidar på Kongsberg og heldt fram med dette arbeidet levetidi ut, medan Ole Hansson Smed òg var bergverksarbeidar.  Kirstine fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet med Haagen, men berre ei dotter levde att etter han.  Ole Hansson Smed hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

 

 

     ##### (borni:

            * Karen, døypt Kongsberg 22.10.1750, gravlagd Kongsberg (kopper) 6.7.1754

            * Erik, døypt Kongsberg 14.1.1753, gravlagd Kongsberg 28.4.1753

            * Anna Barbara, døypt Kongsberg 13.4.1754, gravlagd Kongsberg 1.2.1755

            * Andreas, døypt Kongsberg 15.11.1755, gravlagd Kongsberg 7.2.1756

            * Anna Barbara, døypt Kongsberg 9.4.1757, gravlagd på Kongsberg 30.9.1786 – gift Kongsberg 4.1.1777 med

               Christian Jacobson Vogt, døypt Kongsberg 23.5.1750 - born:

               ** Christine Marie, døypt Kongsberg 8.11.1777, Kistine Marie gravlagd Kongsberg 5.1.1787, 5½ år gamal

               ** Berthe Cathrine, døypt Kongsberg 29.9.1781

               ** Anne Margrethe, døypt Kongsberg 2.7.1785, gravlagd Kongsberg 15.12.1786

            * Amund, døypt Kongsberg 24.11.1759, gravlagd Kongsberg 17.10.1761

            * Andreas Graaner, døypt Kongsberg 3.7.1762, gravlagd Kongsberg 8.3.1766)

 

 

e. Eli Aamundsdotter, døypt i Årdal 14.2.1728,

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

 

f. Anders Aamundson (Bergen), døypt i Årdal 29.10.1731, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1771 – ikkje funnen Kongsberg!)

 

 

     Anders gifte seg på Kongsberg 31.1.1760 med enkja Anna Dorothea Baltzersdotter Withart, opphavleg frå Kongsberg, døypt på Kongsberg 17.7.1717.  Ho vart gravlagd som enkje på Kongsberg 20.4.1771.  Ho gifte seg første gongen på Kongsberg 23.1.1740 med Nils Haagenson Tislegaard frå Kongsberg, truleg f. på Hotveit i Sandsvær og døypt i Sandsvær 29.9.1698.  Han var bergverksarbeidar, og han og Anna budde på Kongsberg der Nils vart gravlagd 20.5.1758. 

 

 

     ##### (yrke og bustad for Anders og Anna Dorothea?)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Engel, døypt Kongsberg 3.9.1740 – gift med Hans Martin Johanson Gaudt, d. Kongsberg 1782

            * Haagen, døypt Kongsberg 26.3.1744

            * Haagen, døypt Kongsberg 11.6.1746 – gravlagd Kongsberg 2.4.1796

            * Synneva, døypt Kongsberg 30.11.1748

            * Baltzer Conrad, døypt Kongsberg 11.4.1750

            * Hans Bautz, døypt Kongsberg 8.6.1754)

 

 

g. Christopher Aamundson, døypt i Årdal 4.4.1734,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 

h. Martha Aamundsdotter, døypt i Bergen 27.9.1737,

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne vanskelege huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik Aamundson: Vi kan se bort fra "kandidaten" fra Romerike. Han var født på Hunstad i Nes og var sønn av Amund Eriksen Hunstad. Se bygdeboka for Nes, bd. 4, s. 410f

ErikAmundsen.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for nytt avklarande innlegg!

 

Erik Aamundson i Nes på Romerike er med andre ord IKKJE «vår» Erik, og eg har stroke han frå manuskriptet i innlegg #16 ovanfor!

 

Men eg vonar framleis på at nye opplysningar kan «dukka opp» om borni i denne huslyden frå Luster/Årdal og takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.