Gå til innhold
Arkivverket

Søstrene Gjertrud Marie (1860) og Kari (1862) Olsdøtrer Berge (Ugulen?) - frå Luster til Hafslo - so den eine til Amerika og hi til Christiania - men kvar vart dei av? - og kvar vart det av mori Susanna?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Thomasson Berge (1800-1863), gardbrukar på Berge i Fortun sokn, Luster, var gift to gongar, men borni frå første ektesjaet, som alle budde i Luster, var meir eller mindre vaksne då han i 1855 gifte seg andre gongen med Susanna Sølfestsdotter Fortun (1819-1891).  Då Ole var avliden, ville eldste sonen frå første ekteskapet ha garden for seg og sine, og Susanna laut flytta!  Ho kjøpte i 1867 eit bruk på Ugulen i Hafslo og flytte dit med dei tre borni sine.

 

Sonen tok over bruket på Ugulen i 1877, men selde i 1891 og flytte til Austre Aker.  Truleg flytte mori Susanna med, for ho er ikkje avlidi i Hafslo!  Dødsåret hennar har eg fått oppgjeve til 1891!  Dei tre borni hennar:

 

** Thomas Olson Berge (1856-1893) - tok som nemnt garden på Ugulen i Hafslo, men var frå 1891 gardbrukar på Kjelsrud i Austre Aker der han døydde alt 2.3.1893.  Enkja og borni flytte kring 1896 til Stuenes i Austre Moland.  Merk at han alltid skreiv seg for BERGE (og ikkje Ugulen!) https://media.digitalarkivet.no/view/6231/321

 

** Gjertrud Marie, kjend som Marie Olsdotter Berge (Ugulen), fødd i Luster 1.4.1860, flytte med mori til Ugulen i 1867, men utvandra til Amerika i 1879.  Ho var framleis i live i 1903, men me har ingen opplysningar om lagnaden hennar!

 

** Kari Olsdotter Berge (Ugulen), fødd i Luster 25.10.1862, flytte òg med mori til Ugulen i 1867 og flytte truleg med broren og mori til Austre Aker i 1891.  Ho var i 1903 i live og budde då i Christiania, men ingen fleire opplysningar ligg føre.

 

Referansa til 1903 kjem frå ei dødsmelding eller eit skifte i Luster, men dette hadde ingen supplerande opplysningar!

 

Eg har søkt etter Kari i FT1900 og FT1910 i Christiania, men finn ikkje spor etter ho!

 

Eg har òg leitt etter Gjertrud Marie i ulike kjelder i Amerika, men utan resultat!

 

No vonar eg at nye auge kan sjå på dette og kanskje komma litt vidare?  Hovudutfordringane er:

 

*** Dødsfallet til Susanna Sølfestsdotter - truleg i Austre Aker eller i Christiania i 1891 (eller seinare?)

 

*** Lagnaden til Gjertrud Marie i Amerika?

 

*** Lagnaden til Kari i Christiania?

 

Eg ville setja stor pris på endeleg å få ei løysing på denne gamle utfordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

???

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037045046032

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0301&kenr=106&bnr=0002&lnr=01

 

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Kristiania
  • Kommunenummer: 0301
  • Gatenavn: Calmeyergade 11
  • Gatenr:
  • Bydel:
  • Gårdeier:
  • Antall leiligheter: 7

Antall personer registrert på bostedet: 35


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Ole A. Glesne el ug Elektriker og Sergent 1868 Sigdal  
  Nils Johansen Haug el ug Politikonstabel 1871 Aremark  
  Andreas Brekke el ug Politikonstabel 1868 Nordfjoræide  
  Kari Berge d ug Afholds Cafe 1862 Indre Sognn  
  Susanne Berge hm e med datter 1818 Indre Sognn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari Berge bodde på samme adresse ved den kommunale folketellingen 1903:

 

Oslo fylke, Kommunal folketelling nr. 1-14 (1903-1903), Dokumentside, Side 2411
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-of20130423061249.jpg
 

Oslo fylke, Kommunal folketelling nr. 1-14 (1903-1903), Dokumentside, Side 2412
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-of20130423061250.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000566167

 

Hun ankom New York 30. oktober 1905

 

Hun skulle til søsteren Gertie Dunbar i Los Angeles, California

 

Gertie Dunbar døde 11. juli 1914 i Los Angeles https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=57342564&ref=acom

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MH43-H7S

 

Name:    Lodger Carrie Berge
Titles and Terms:    Lodger
Event Type:    Census
Event Date:    1920
Event Place:    San Francisco Assembly District 33, San Francisco, California, United States
District:    ED 263
Gender:    Female
Age:    58
Marital Status:    Single
Race:    White
Race (Original):    White
Can Read:    Yes
Can Write:    Yes
Relationship to Head of Household:    
Relationship to Head of Household (Original):    
Own or Rent:    
Birth Year (Estimated):    1862
Birthplace:    Norway
Immigration Year:    1905
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MV2L-LGZ

Name:    Gertrude M Dunbar
Titles and Terms:    
Event Type:    Census
Event Date:    1910
Event Place:    Los Angeles, Los Angeles, California, United States
District:    ED 115
Gender:    Female
Age:    50
Marital Status:    Married
Race:    White
Race (Original):    White
Relationship to Head of Household:    Wife
Relationship to Head of Household (Original):    Wife
Birth Year (Estimated):    1860
Birthplace:    Norway
Immigration Year:    1879
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway


Household    Role    Sex    Age    Birthplace
George Dunbar    Head    M    40    California
Gertrude M Dunbar    Wife    F    50    Norway
Gertrude S Dunbar    Daughter    F    22    California
Carrie E Dunbar    Daughter    F    19    California
Raymond S Dunbar    Son    M    15    California
Pearl M Dunbar    Daughter    F    10    California


 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9PK-HCB

 

Name:    Gurtie M Dunbar
Titles and Terms:    
Event Type:    Census
Event Year:    1900
Event Place:    Precincts 66 and 68 Los Angeles city Ward 9, Los Angeles, California, United States
District:    89
Gender:    Female
Age:    40
Marital Status:    Married
Race:    White
Race (Original):    W
Relationship to Head of Household:    Wife
Relationship to Head of Household (Original):    Wife
Number of Living Children:    4
Years Married:    13
Birth Date:    Apr 1860
Birthplace:    Norway
Marriage Year (Estimated):    1887
Immigration Year:    
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Mother of how many children:    4


Household    Role    Sex    Age    Birthplace
George A Dunbar    Head    M    32    California
Gurtie M Dunbar    Wife    F    40    Norway
Gurtie S Dunbar    Daughter    F    12    California
Carrie E Dunbar    Daughter    F    10    California
Raymond S Dunbar    Son    M    5    California
Pearl M Dunbar    Daughter    F    2    California


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som Kari Berge var en tur i hjemlandet mellom 1930 og 1933.

Census 1930 https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XCJT-MHJ

Her reiser hun tilbake til Los Angeles https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G561-DSM?mode=g&i=241&cc=1923888

 

Ser at immigrasjonsåret står som 1925 her....

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og ein ny takk til Carsten og Grethe for den kjempefine innsatsen son de har gjort med denne huslyden!

 

Eg har no i kveld verkelleg sete og kost meg med å leggja inn dei mange fine opplysnngane i manuskriptet mitt, og eg har greve etter fleire detaljar frå Amerika.  Noko har eg finne, men langt ifrå alt.  Men kanskje Sven eller ande med tilgjenge til desse avisbasane i Amerika kan greia finna fleire detaljar, særleg kring ekteskapi til Raymond Dunbar og søstrene Gertrude og Carrie?  Carrie var først gift med ein «Mr.» Carr, som ho vart skild ifrå (tenkja seg å heita noko slikt som Carrie Carr!?), og er berre ikkje i stand til å finna vigsli til Fred Bantow og Gertrude...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript der eg har teke med heile huslyden, ogso frå første ekteskapet til Ole Thomasson Berge:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Thomasson Berge, frå Optun, vart døypt 21.9.1800 og d. som kårmann på Berge 14.11.1863. Han gifte seg første gongen 6.7.1829 med Gjertrud Jensdotter, stedotter av føregåande brukar og herifrå garden.  Ho vart døypt 20.10.1809, men d. som gardbrukarkone på Berge 2.4.1849.  Ole gifte seg 16 11.1855 att med Susanna Sølfestsdotter frå Fortun, f. 2.5.1819.  Som før nemnt fekk Gjertrud Jensdotter utlagd halve garden ved skiftet etter faren 28.4.1812, og hi helfti fekk ho skøyte på 26.8.1813.  Men Gjertrud var då enno berre fire år gamal, så det vart stefaren som dreiv garden til Gjertrud og mannen Ole tok over drifti i 1830.  Gjertrud fall ifrå i 1849, men Ole heldt fram med garden til 1855.  Susanna flytte som enkje til Hafslo og var gardbrukar på Uglo og sidan kårkone der fram til 1891.

Susanna Berge flytte i 1891 med sonen Thomas til Kjelsrud i Austre Aker og sidan vidare med dotteri Kari til Christiania der ho d. 11.1.1901.

Ved skiftet etter Gjertrud som vart halde før Ole gifte seg att, vart garden utlagd til sonen Jens.  Ole Thomasson fekk i alt fjorten born, ni frå første ekteskapet og fem frå det andre:

 1. Susanna Olsdotter (1830‑1842).

 2. Maria Olsdotter (1831‑1847).

 3. Jens Olson (1833-1911), fekk garden her på Berge etter foreldri.

 4. Ingrid Olsdotter (1834-1899), vart gift med gardbrukar Ole Christenson på Bringe (1816-1903).

 5. Bertha Andrea, kjend som Andrea Olsdotter (1836‑1909), vart gift med gardbrukar Arne Arneson på Drægni (1833-1897).

 6. Gjertrud Olsdotter (1839‑1909), vart gift med gardbrukar Lars Larsson på Skåri (1825-1903).

 7. Kari Olsdotter (1841‑1909), vart gift med gardbrukar Tøger Henrik Christian Nitter, kjend som Henrik Henrikson på Skagen (1838‑1922).

 8. Susanna Olsdotter (1843‑1918), vart gift med gardbrukar Erik Christenson på Hæri (1841-1925).

 9. Thomastina Olsdotter (1845‑1868), sette livet til i ei snøskrede på Bringebøen, ugift.

10. Thomas Olson (1854-1855).

11. Thomas Olson (1856‑1893), var ei tid gardbrukar på Uglo i Hafslo (s.d.)

12. Gjertrud Olsdotter (1858‑1859).

13. Gjertrud Maria, kjend som Maria Olsdotter, f. 1.4.1860, flytte med mori til Ugulen i Hafslo og budde der til 1879.

Gertie Berge utvandra til Amerika i 1879 og gifte seg i Los Angeles, Cal. 27.4.1887 med George A.

 

##### (middle name)

 

Dunbar, f. i San Francisco, Cal. 7.7.1869.  George var vaskeri- og renserieigar («laundry owner»), og han og Gertie budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der Gertie d. 11.7.1914.  George Dunbar d. same staden 30.12.1953.  Dei fekk fire born i lag:

a. Gertrude Susan Dunbar, f. i

 

     ##### (place of her birth? – CA)

 

     14.4.1888, d. i Los Angeles, Cal. 29.1.1958.  Gertrude gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – after 1910/prior to Sep. 1918)

 

     med Fredrick Julius, kjend som Fred J. Bantow, f. i Melbourne, Victoria, Australia 2.6.1883.  Han d. i Los Angeles, Cal. 11.1.1958.  Fred var elektrikar og sidan snikkar («electrician and carpenter»), og han og Gertrude budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. 

 

      ##### (verify? – cannot find in the US 1930!!)

 

     Dei var barnlause.

b. Carrie Ellen Dunbar, f. i

 

     ##### (exact date and place of her birth? – CA!)

 

     .12.1890, vart myrda og d. i Los Angeles, Cal. 4.4.1924.  Carrie gifte seg første gongen i Kern Co., Cal. 26.12.1912 med Edward D.

 

     ##### (middle name? – last name Carr?)

 

     Barr,

 

     ##### (date and place of his birth?)

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     Dei vart skilde

 

     ##### (year of their divorce?)

 

     og Carrie gifte seg att i Santa Barbara, Cal. 29.8.1918 med William Thomas Stone, f. i Ventura Co., Cal. 4.9.1891.  Han d. i Los Angeles, Cal. 28.2.1921.  William var politimann («police officer and patrol man»), medan Carrie, som siste åri kalla seg Vera Stone, var frisør («hair dresser»).  Med båe ektemakane budde hoi i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal., men vart barnlaus.

c. Raymond Stanley Dunbar, f. i Fresno, Cal. 30.3.1895, d. i Los Angeles, Cal. 15.12.1970.  Raymond gifte seg i Santa Ana, Cal. 20.6.1914 med Anna Lowe, f. i Denver, Colo. 25.7.1894.  Ho d. i Los Angeles, Cal. 26.3.1975.  Dei vart skilde alt kring 1916,

 

     ##### (more precise date of divorce?)

 

     og Anna gifte seg att i Riverside Co., Cal. 28.8.1922 med William Miam Cappelle, f. i Vancouver, BC 9.8.1892.  Han d. i  Los Angeles, CA 12.12.1948.  William var drosjeeigar («taxi cab proprietor»), og han og Anna budde i San Pedro, Los Angeles Co., Cal.  Raymond gifte seg ikkje att.  Ei tid arbeidde han i renseriet hjå far sin («laundry worker»), men sidan var han mellom anna jarnbanearbeidar («car repairer») og oljearbeidar («oil driller»).  Anna fekk ein son, og han var frå første ekteskapet med Raymond Dunbar.

 

     ##### (son: Edward Owen Dunbar, born Los Angeles, CA July 9, 1914 – died San Pedro, CA Jan. 17, 2000)

 

d. Pearl Marie Dunbar, f. i

 

     ##### (exact date and place of her birth? - CA)

 

     .4.1898, d.

 

     ##### (place of her death? – bur. Inglewood)

 

     14.2.1928.

 

     ##### (occupation?)

 

     og budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal., ugift.

14. Kari Olsdotter, f. 25.10.1862,

Kari Berge flytte i 1891 med mori og broren Thomas til Austre Aker og sidan vidare til Christiania der ho dreiv pensjonat og avhaldskafé.  Men i 1905 utvandra ho til Amerika, og under namnet Carrie Berge finn me ho att som hotellarbeidar («hotel maid») i San Francisco, Cal.  Ho flytte på 1920-talet til Los Angeles, Cal.  Ho var ein tur heime på vitjing i 1933, men reiste attende til Los Angeles, Cal. der ho d. 9.1.1943.  Carrie var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 

Ein ny gigantisk takk for framifrå og imponerande dugnadsinnsats for å komplettera manuskriptet for denne huslyden.  Og kanskje kjem det dalande eitt og anna «gullkorn» i ettertid?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.