Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Synneva Halvorsdotter - fødd i Luster kring 1704 - levde i 1717 - forsvinn deretter frå bygdi - kan henda gift i Arnafjorden i Vik 1727? - eller finst det andre alternativ? - ogso broren Nils Halvorson f. 1706 forsvinn...

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei gamal utfordring som eg aldri har greidd å finna ut av!

 

Gardkona Ragnhild Olsdotter Berge døydde i Luster i 1717 og vart etterlevd av sju born.  Fem av desse vart gifte og budde i Luster eller Hafslo, men dei to siste forsvinn:

 

** Synneva Halvorsdotter, fødd i Luster kring 1704 - av vigslene registrerte av FamilySearch finst det i heile fylket berre eitt einaste alternativ for denne jenta, Synneva Halvorsdotter L.... og Peder Olson Eikefjord vigde i Arnafjorden i Vik 27.4.1727 (midt på høgre side): https://media.digitalarkivet.no/view/16798/2

 

** Nils Halvorson, fødd i Luster kring 1706 - FamilySearch har registrert ei vigsle for ein Nils Halvorson i Årdal i 1741, men han har eg sjekka ut av saki som uaktuell.

 

Arnafjorden er vel ikkje den første staden eg ville søkt etter utflyttarar frå Luster på tidleg 1700-tal, men dette var gardfolk, og den gongen var det stundom «strategi» som avgjorde giftarmåli...

 

Men eg vil tru at bygdeboki for Arnafjorden fort vil kunna stadfesta - eller avkrefta - om dette er jenta eg søker...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Dette var ikkje noko lett oppgåve, Lars, så svaret vært deretter:

Korkje i Ættabokji frå 2008, om Vik (og dermed Arnafjorden), eller Bygdabokji for Vik frå 1957, fann eg dette paret.

 

Navnet Eikefjord, gjorde at ville sjå på Ættabokji Kyrkjebø, utg1995.

På s 87 Søreide, budde det ei Ingeborg Jensdtr Østerbø. Født og død ukjent år. Gift m/ Ola Ivarson f 1616. 3 ongar:

1. Alf f. 1660 Død før 1699

2. Ivar f 1663 Død 1733

3. Ola f år ukjent. Død før 1699

----

På side 96, merknader om Søreide, står det at Ingeborg i 1699 har ein soneson, Peder Olsen.

Så det diverre vidare: Men ukjent kvar !  KANSKJE er han som var brudgom den 27 april. I såfall hadde det om 2 dagar vore 190 år sidan han og Sunniva gifta seg.

-----

1699 må væra eit skifte. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste meldingi og ogso for meldingi som eg fekk på e-post her om dagen:

 

~~~~~~~~~

 

«Ellers så ser eg ei Synneva Halvsdtr f 1704, døyr i 1734 i Sund, Ho. Ho er ellers inntr i 1732 og har då ein gut som lever.

Du får sjekka ho ut, Lars !»

 

~~~~~~~~~

 

Det er tydeleg ikkje noki enkel sak å finna ut av kvar det vart av Synneva Halvorsdotter frå Berge i Luster.  Eg må nok seia eg tviler sterkt på at ho kan vera flytt til Sund, men, eg har vorte overraska før, so ein skal aldri seia aldri...!

 

Kan du syna til eit GARDSNAMN i Sund, so kanskje er det lettare å leita?  Ei lokal bygdebok KAN ha svaret...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Synneva Halvorsdotter!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Oddvar Søreide

Det står ikke noe annet i Austevollsbøkene om Synneve enn introduksjon og dødsfall. Ingen indikasjoner mot Luster.

 

OS

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Denne Peder Wermundsen får barn i 1732, 1735, 1737 og 1743. Han må åpenbart ha giftet seg på nytt.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=intrsund&medbilete=&sokpostnr=1#a0

 

Han giftet seg andre gang 26.04.1734 med Kirsten Nilsdtr. Hochenæs.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sundvigd&gardpostnr=143&merk=143#ovre

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Oddvar, Lars J. og Rune for nye innlegg om Synneva Halvorsdotter.

 

So vidt eg forstår desse innleggi, har bygdeboki for Austevoll ingen opplysningar om opphavet til Synneva Halvorsdotter på Bjånes.  Ho kan jo då vera kvar som helst ifrå, men kor sannsynleg er det at ho er kommi so langt ifrå som frå Fortunsdalen i Luster?

 

Ho lyt førebels stå som ein mogeleg «kandidat», men heller ikkje noko meir...

 

Då trur eg «kandidaten» i Arnafjorden i Vik er mykje meir sannsynleg, ikkje minst på grunn av den hyppige reiseverksemdi mellom inste delen av Sognefjorden og bygdene utover langs fjorden...  Men kjeldene våre strekker nok ikkje til for å finna noko prov...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Synneva Halvorsdotter og lever vidare i voni om at ho eikosinne vil dukka opp...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.