Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ingeborg Christensdotter (1800-1834) - frå Luster til Lom - gift på Røyseim og fekk tre born - lagnaden til denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi handlar om ei ung «moderne» dame frå Luster som først fekk to born med kjæresten sin på hi sida av Sognefjellet, og so gifte dei seg før tredje barnet kom til verdi.  Men ho døydde i ein alder av 34 år og let etter seg tre born i alder 1- 8 år.

 

Kan nokon hjelpa meg finna ut litt meir om lagnaden til denne huslyden i Lom?  Eg reknar med at bygdebøkene kan by på ein del...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Christensdotter (Berge), døypt i Luster 11.12.1800,

Ingeborg Christensdotter flytte i ung alder til Lom der ho 5.3.1830 gifte seg med Iver Nilsson frå Røyseim i Lom.  Han var son av husmann Nils Ellefson på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass? – kan henda Åsen der sonen budde?)

 

under Røyseim, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – garden Røyseim??)

 

og kona Brit Iversdotter frå

 

##### (opphavet hennar?  garden Hoft?)

 

og vart døypt i Lom 22.1.1797.  Ingeborg og Iver vart plassfolk på Åsen under Røyseim i Lom der Ingeborg d. alt 11.8.1834. 

 

##### (seinare lagnad for Iver Nilsson? – kan henda attgift?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Dei fekk tre born i lag:

a. Ellef Iverson, f. i Lom 29.11.1826,

 

     ##### (levde i 1846 – lagnaden hans?)

 

b. Christen Iverson, f. i Lom 27.3.1829, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1910!)

 

     Christen gifte seg i Lom 7.6.1856 med Torø Gulbrandsdotter frå Nørsteneshaugen i Lom, f. i Lom 21.10.1830.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1910!)

 

     ##### (yrke og bustad? -  1865: gardbrukar Haugom i Lom – 1875: gardbrukar Storlien nedre i Lom – 1900/1910: kårfolk på Storlien nedre i Lom hjå sonen Lars)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?

            * Lars, f. Lom 21.8.1856 – n. 1865/1875/1900/1910 som gardbrukar på Storlien!

            * Christen, f. Lom 1862 – n. 1865/1875)

 

c. Brit Iversdotter, f. i Lom 18.12.1833,

 

     ##### (konfirmert i Lom 1849 – 1875: ugift veverske og innerst hjå broren Christen på Storlien nedre – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Christen døde i 1914

 

SAH, Lom prestekontor, K/L0012: Ministerialbok nr. 12, 1904-1928, s. 94
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10040809111079

 

Brit Iversdtr. Storlien døde i 1917

 

SAH, Lom prestekontor, K/L0012: Ministerialbok nr. 12, 1904-1928, s. 96
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10040809111081

 

Torø døde i 1918

 

SAH, Lom prestekontor, K/L0012: Ministerialbok nr. 12, 1904-1928, s. 97
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10040809111082

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Nr. 40 Iver Ellefsen, f. 1796, død 1884 på Iverstuen (samme sted som FT 1875)

 

SAH, Lom prestekontor, K/L0007: Ministerialbok nr. 7, 1863-1884, s. 276
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115620766

 

Nr. 40 enke Margrethe Olsd.??, f. 1803, død 1886 på Iverstuen

 

SAH, Lom prestekontor, K/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1885-1898, s. 149
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115630065

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 18.4.2017 den 20.28, Lars E. Øyane skrev:

c. Brit Iversdotter, f. i Lom 18.12.1833,

 

     ##### (konfirmert i Lom 1849 – 1875: ugift veverske og innerst hjå broren Christen på Storlien nedre – lagnaden hennar?)

 

Brit Iversdatter

1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037080002634

1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036427002789

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Her er omtalen av bruker Åsen under Røysheim side 176, band 4 av bygdebok for Lom. Eg prøvde å laste opp bilete frå dei andre stader i bygdeboka med omtale av familien, men får ikkje rett format og retning på bileta, så lar det vente foreløpig.

IMG_9725.PNG

Endret av Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Lars W. og Per for interessante og nyttige innlegg, som eg no har sete og arbeidt meg igjennom.  Eg har òg finne att Ellef Iverson i Amerika og fått på plass det meste ogso der.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Christensdotter (Berge), døypt i Luster 11.12.1800,

Ingeborg Christensdotter flytte i ung alder til Lom der ho 5.3.1830 gifte seg med Iver Nilsson frå Røyseim i Lom.  Han var son av husmann Nils Ellefson på Heggerusten under Galde,

 

##### (stemmer det at dette var bustaden deira? – ikkje ein plass under Røyseim?)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – garden Røyseim??)

 

og kona Brit Iversdotter frå

 

##### (opphavet hennar?  garden Hoft?)

 

og vart døypt i Lom 22.1.1797.  Ingeborg og Iver vart husmannsfolk på Åsen under Røyseim i Lom der Ingeborg d. alt 11.8.1834.  Iver gifte seg 17.1.1840 att i Lom med Margretha Larsdotter frå Vågesarøygarden

 

##### (sjekka at ho vaks opp der?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?  - er det ho som vart døypt i Lom 1.12.1805 som dotter av Lars Syverson (avdød) og Ingeborg Hansdotter på Sletten??)

 

og f. i Lom

 

##### (1805)

 

Iver og Margretha busette seg

 

##### (veit ein om lag kva år?)

 

som husmannsfolk i Iverstuen under Bakkeberg, men Iver livnærte seg òg som dreiar og spelemann.  Han d. som fattiglem i Iverstuen 9.11.1884, medan Margretha d. som enkje same staden 14.9.1886.  Iver fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Ingeborg:

a. Ellef Iverson, f. i Lom 29.11.1826, flytte i 1838 til besteforeldri på Berge og derifrå kring 1846 vidare til Danmark der han skal ha vore gartnararbeidar, mellom anna  Helsingør.  Han gifte seg i Helsingør 18.3.1866 med Laura Hansine Fredrikke Carlsdotter Packert, f. i Helsingør, Frederiksborgs amt på Sjælland, Danmark 22.10.1844.  Ellef og Laura utvandra til Amerika i 1866

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – oppgjeve 1900!)

 

     og busette seg i Baldwin, St. Croix Co., Wis., der Ellef var arbeidar («laborer») til dei i 1890-åri flytte vidare til Tacoma, Pierce Co., Wash.  Ellef d. i Tacoma, Wash. 1.10.1896, og Laura flytte kort tid etter til Snohomish Co., Wash.  Ho budde fleire stadar der til ho på 1920-talet flytte inn hjå ei dotter i Hobart, King Co., Wash. der ho d. 16.2.1935.  Ellef og Laura fekk sju born i lag.

b. Christen Iverson, f. i Lom 27.3.1829, d. som kårmann i Storlien 9.8.1914.  Christen gifte seg i Lom 7.6.1856 med Torø Gulbrandsdotter frå Nørsteneshaugen i Lom, f. i Lom 21.10.1830.  Ho d. som kårenkje i Storlien 9.12.1918.  Christen og Torø var først gardbrukarar på Haugom i Lom,

 

     ##### (kva matrikkelgard ligg det under?)

 

     men vart sidan

 

     ##### (kva år? – mellom 1865 og 1875!?)

 

     gardbrukarar i Storlien nedre i Lom der dei budde levetidi ut.  Dei fekk to søner i lag.

 

     ##### (sjekka at talet på born stemmer?

            * Lars, f. Lom 21.8.1856 – n. 1865/1875/1900/1910 som gardbrukar på Storlien!

            * Christen, f. Lom 1862 – n. 1865/1875 – til Amerika)

 

c. Brit Iversdotter, f. i Lom 18.12.1833, d. som arbeidar i Storlien 11.1.1917.  Brit arbeidde som veverske og spinnerske ulike stader i bygdi, men budde stort sett hjå bror sin i Storlien nedre.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg må tilstå eg er ganske so usikker på geografien i Lom.  Er Røyseim eigen matrikkelgard, eller høyrer denne garden under ein annan, til dømes Galde?  Og kva med Haugom?

 

Eg forstår det slik at Iver Nilsson ikkje fekk born med Magretha Larsdotter, men det hadde vore kjekt å fått med litt opplysningar om opphavi (foreldri) til både Iver og Margretha?

 

Og kanskje let det seg òg gjera å finna svar på nokre av dei andre spørsmåli...?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden so langt og vonar på eitt og anna «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Iver Nilsson var fødd 1797 på Heggerrusti under Sygard Galde som son til Nils Eilevsson fødd på Storhaugen i 1767 og Brit Ivarsdotter fødd på Uppistugu Bakkeberg i 1769.

 

Margrethe Larsdotter var fødd 1805 på Slettom under Kvåle (gnr. 62) som dotter til Lars Syversson fødd ca 1771 på Nordistugu Kittilstad i Skjåk og Ingeborg Hansdotter fødd 1771 på Gutubø i Lom. Margrethe hadde ein son med Hans Guttormsson f.1809 på Sjugardsholen: Guttorm f.1831 som bygdeboka ikkje har ytterlegare informasjon om. Margrethe døydde 1886.

 

Bygdeboka (side 507, band 4) opplyser at Kristen og Torø var brukar i Nedre Storlii 1872-ca. 1890. Kristen var også tømrar. Dei hadde berre to søner, Lars 1866-1944 og Kristen f.1862, utfl 1883 til USA, d.1924 i Buffalo Springs, ND. 

 

Røysheim er eigen matrikkelgard.

 

Haugom (også kalle Kristenstugu), gnr. 124-3, er eit bruk, var opprinneleg husmannsplass under Uppistugu Slålii.

 

Med helsing

 

Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for avklarande og nyttig innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, har eg med dette fått svar på alt som manglar på «norsk» side.  Berre utvandringsåret for Ellef og Laura frå Danmark manglar, men so nokolunde har me jo det òg på plass!

 

Denne sonen hennar Margretha, som bygdeboki ikkje nemner, trur eg kanskje eg har oppdaga i FT1865 i Nes i Hallingdal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036465001741

 

Eg er kjempenøgd og takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.