Gå til innhold
Arkivverket

Ole Christenson (1782-1839) og Anna Nilsdotter (1783-1848) - frå Luster til Øyberg i Skjåk - kvar vart det av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å finna ut kva som skjedde med borni til Ole Christenson og Anna Nilsdotter - som i mange år budde på Berge i Luster og som i 1832 flytte til Øyberg i Skjåk.  Fire av dei seks borni deira var fødde etter at mori var 40 år.  Tre born døydde unge, men dei tre andre følgde med foreldri til Skjåk.

 

Dei opplysningane eg so langt har samla, inntil eg no står «bom fast», kjem fram av manuskriptet mitt;

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christenson Øyberg, son av føregåande brukar og herifrå Berge, vart døypt 24.10.1782.  Han gifte seg i Luster 24.6.1818 med Anna Nilsdotter frå Ve i Årdal, ei dotter av husmann Nils Paulson på Nausti under Ve (1742-1805), som ei tid var brukar på Steig.  Ho vart døypt i Luster 9.3.1783.  Som nemnt over fekk Ole utlagt 1 pund og 3 merker smør i Berge ved skiftet etter mori slutta 6.11.1784.  Denne parten selde han i 1811 til faren, Christen Berge, mot kår av garden.  Etter at Ole vart gift, vart han dels kalla innerst og dels (frå kring 1826) kårmann på Berge, so det er klart at han budde på garden, og det gjorde han fram til 1832.

Ole Christenson og kona Anna flytte i 1832 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Øyberg.  Ole d. som sjølveigar på Øyberg 1.5.1839, medan Anna d. som kårkone same staden 30.1.1848.

Ole og Anna fekk seks born i lag, alle fødde i Luster:

 1. Torger Olson, f. 31.10.1818,

Torger Olson flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og

 

##### (1865: ugift innerst og «sagbordskjerar» på Aamodt øvre i Skjåk – seinare lagnad?)

 

 2. Martha Olsdotter, f. 27.12.1820,

Martha Olsdotter flytte òg med foreldri til Skjåk i 1832 og tente ei tid på Gubhage i Skjåk, men gifte seg i Skjåk 21.4.1874 med Ole Olson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av husmann Ole Hansson på Ulen under Mallaug, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. 1798 – kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

og kona Marit Arnesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. 1802 – òg kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

og f. i Skjåk 13.4.1846. 

 

##### (lagnaden deira? – budde 1874 på Øyberg i Skjåk – sidan??)

 

 3. Inga Olsdotter (1823‑1829).

 4. Unni Olsdotter (1825‑1828).

 5. Unni Olsdotter (1828‑1829).

 6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og

 

##### (levde i 1839 – seinare lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ætteboki for Skjåk har kanskje svar på noko av dette?

 

Elles takkar eg i alle fall so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

 

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og

 

 

 

##### (levde i 1839 – seinare lagnad?)

 

Kan dette være konfirmasjonen til Inga/Inger Olsdatter - se nr. 76 - døpt 21 nov. 1830 i Lyster: 

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 6A (1837-1863), Konfirmerte 1845, Side 303
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070130630308.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inga Olsdt Øiberge nr 202 på emigrantlista på skipet Atalanta fra Stavanger til Quebec i 1869

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=169&ps=48676

 

Nr 23 i utflytterlistene i 1869

Oppland fylke, Nordberg, Skjåk i Skjåk, Ministerialbok nr. 1 (1863-1879), Inn- og utflyttede 1869, Side 323
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10040906233271

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Anne for spennande og nyttige opplysningar om denne huslyden!

 

Mange hòl i manuskriptet mitt er no borte, og her følgjer ei oppdatering til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christenson Øyberg, son av føregåande brukar og herifrå Berge, vart døypt 24.10.1782.  Han gifte seg i Luster 24.6.1818 med Anna Nilsdotter frå Ve i Årdal, ei dotter av husmann Nils Paulson på Nausti under Ve (1742-1805), som ei tid var brukar på Steig.  Ho vart døypt i Luster 9.3.1783.  Som nemnt over fekk Ole utlagt 1 pund og 3 merker smør i Berge ved skiftet etter mori slutta 6.11.1784.  Denne parten selde han i 1811 til faren, Christen Berge, mot kår av garden.  Etter at Ole vart gift, vart han dels kalla innerst og dels (frå kring 1826) kårmann på Berge, so det er klart at han budde på garden, og det gjorde han fram til 1832.

Ole Christenson og kona Anna flytte i 1832 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Øyberg.  Ole d. som sjølveigar på Øyberg 1.5.1839, medan Anna d. som kårkone same staden 30.1.1848.

Ole og Anna fekk seks born i lag, alle fødde i Luster:

 1. Torger Olson, f. 31.10.1818,

Torger Olson flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og budde ei tid som innerst og «sagbordskjerar» på Aamodt øvre i Skjåk, men vart sidan sagemeistar på Stamåhaugen i Skjåk, men han d. på Øyberg 8.4.1878.  Torger var ugift.

 2. Martha Olsdotter, f. 27.12.1820,

Martha Olsdotter flytte òg med foreldri til Skjåk i 1832 og tente ei tid på Gubhage i Skjåk, men gifte seg i Skjåk 21.4.1874 med Ole Olson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av husmann Ole Hansson på Ulen under Mallaug, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. 1798 – kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

og kona Marit Arnesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. 1802 – òg kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

og f. i Skjåk 13.4.1846.  Ole og Martha busette seg som husmannsfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein? –kalla allmenningshusmann i 1901!)

 

under Øyberg i Skjåk der Martha d. som almenningshusmannskone(!) 17.4.1901.  Ole vart sidan gardbrukar på Øyberg nordre, men d. som enkjemann på Nordberg i Skjåk 23.3.1935.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka at dette stemmer?)

 

 3. Inga Olsdotter (1823‑1829).

 4. Unni Olsdotter (1825‑1828).

 5. Unni Olsdotter (1828‑1829).

 6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og tente ei tid på Mork nordre i Skjåk, men utvandra i 1869 til Amerika. 

 

##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nokre detaljar står framleis òpne om foreldri til Ole Olson frå Mallaug, han som gifte seg med Martha, men elles er vel kanskje den største attverande utfordringi å freista finna lagnaden til Inga i Amerika?  Eg trur ikkje det vert so enkelt...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bidrag so langt, og eg krossar armar og bein for at kanskje eit par «gullkorn» vil komma til etter kvart...  Anna Nilsdotter var ei søster av mi eige 3 x tippoldemor!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 19-4-2017 den 20.08, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Anne for spennande og nyttige opplysningar om denne huslyden!

 

Mange hòl i manuskriptet mitt er no borte, og her følgjer ei oppdatering til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christenson Øyberg, son av føregåande brukar og herifrå Berge, vart døypt 24.10.1782.  Han gifte seg i Luster 24.6.1818 med Anna Nilsdotter frå Ve i Årdal, ei dotter av husmann Nils Paulson på Nausti under Ve (1742-1805), som ei tid var brukar på Steig.  Ho vart døypt i Luster 9.3.1783.  Som nemnt over fekk Ole utlagt 1 pund og 3 merker smør i Berge ved skiftet etter mori slutta 6.11.1784.  Denne parten selde han i 1811 til faren, Christen Berge, mot kår av garden.  Etter at Ole vart gift, vart han dels kalla innerst og dels (frå kring 1826) kårmann på Berge, so det er klart at han budde på garden, og det gjorde han fram til 1832.

 

Ole Christenson og kona Anna flytte i 1832 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Øyberg.  Ole d. som sjølveigar på Øyberg 1.5.1839, medan Anna d. som kårkone same staden 30.1.1848.

 

Ole og Anna fekk seks born i lag, alle fødde i Luster:

 

 1. Torger Olson, f. 31.10.1818,

 

Torger Olson flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og budde ei tid som innerst og «sagbordskjerar» på Aamodt øvre i Skjåk, men vart sidan sagemeistar på Stamåhaugen i Skjåk, men han d. på Øyberg 8.4.1878.  Torger var ugift.

 

 2. Martha Olsdotter, f. 27.12.1820,

 

Martha Olsdotter flytte òg med foreldri til Skjåk i 1832 og tente ei tid på Gubhage i Skjåk, men gifte seg i Skjåk 21.4.1874 med Ole Olson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av husmann Ole Hansson på Ulen under Mallaug, opphavleg frå Bråtå, son av Hans Larsson Bråtå 1738- (opprinneleg frå Hyrve/Hørven) og Marit Larsdotter 1756- (opprinneleg frå Skamsar)

 

 

 

##### (opphavet hans? – f. 1798 – kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

 

 

og kona Marit Arnesdotter frå Bøje, dotter av Arne Halvorsson Bøje 1775- og Anne Nilsdotter 1777-. 

 

 

 

##### (opphavet hennar? – f. 1802 – òg kalla Bøye ved vigsli 1822)

 

 

 

og f. i Skjåk 13.4.1846.  Ole og Martha busette seg som husmannsfolk på

 

 

 

##### (ein plass, men kva for ein? –kalla allmenningshusmann i 1901!)

 

 

 

under Øyberg i Skjåk der Martha d. som almenningshusmannskone(!) 17.4.1901.  Ole vart sidan gardbrukar på Øyberg nordre, men d. som enkjemann på Nordberg i Skjåk 23.3.1935.  Dei var barnlause.

 

 

 

##### (sjekka at dette stemmer?) Ja, det stemmer. 

 

 

 

 3. Inga Olsdotter (1823‑1829).

 

 4. Unni Olsdotter (1825‑1828).

 

 5. Unni Olsdotter (1828‑1829).

 

 6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

 

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og tente ei tid på Mork nordre i Skjåk, men utvandra i 1869 til Amerika. 

 

 

 

##### (lagnaden hennar?)

Ho reiste saman med Tore Jakobsson Mork m.familie, dei busette seg i Vernon county, Wisconsin.  

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nokre detaljar står framleis òpne om foreldri til Ole Olson frå Mallaug, han som gifte seg med Martha, men elles er vel kanskje den største attverande utfordringi å freista finna lagnaden til Inga i Amerika?  Eg trur ikkje det vert so enkelt...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bidrag so langt, og eg krossar armar og bein for at kanskje eit par «gullkorn» vil komma til etter kvart...  Anna Nilsdotter var ei søster av mi eige 3 x tippoldemor!

 

Nokre svar frå meg med utheva skrift ovanfor.

Helsing Kåre 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for eit interessant og utfyllande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har oppdatert dei detaljane du har skaffa om Ole Olson, mann hennar Martha, og eg har vore på leiting etter Inga Olsdotter i Amerika.

 

Diverre, det er ikkje noko å sjå til Inga Olsdotter i Vernon Co., WI.  Ho bur ikkje i lag med Thore Jacobson Mork og huslyden hans, korkje i 1870 eller i 1880 og heller ingen andre stadar i dette området!  Og ho er ikkje i vigselsregisteret for Vernon Co., WI!  Kva kan kjelda for denne opplysningi vera, tru?  Dei kan jo vera farne i lag, men skilde lag straks dei kom fram?

 

Lagnaden til Inga står altso framleis òpen...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne husyden der no berre to detaljar står att, lagnaden til Inga og spørsmålet om bustaden til Ole og Martha...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christenson Øyberg, son av føregåande brukar og herifrå Berge, vart døypt 24.10.1782.  Han gifte seg i Luster 24.6.1818 med Anna Nilsdotter frå Ve i Årdal, ei dotter av husmann Nils Paulson på Nausti under Ve (1742-1805), som ei tid var brukar på Steig.  Ho vart døypt i Luster 9.3.1783.  Som nemnt over fekk Ole utlagt 1 pund og 3 merker smør i Berge ved skiftet etter mori slutta 6.11.1784.  Denne parten selde han i 1811 til faren, Christen Berge, mot kår av garden.  Etter at Ole vart gift, vart han dels kalla innerst og dels (frå kring 1826) kårmann på Berge, so det er klart at han budde på garden, og det gjorde han fram til 1832.

Ole Christenson og kona Anna flytte i 1832 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Øyberg.  Ole d. som sjølveigar på Øyberg 1.5.1839, medan Anna d. som kårkone same staden 30.1.1848.

Ole og Anna fekk seks born i lag, alle fødde i Luster:

 1. Torger Olson, f. 31.10.1818,

Torger Olson flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og budde ei tid som innerst og «sagbordskjerar» på Aamodt øvre i Skjåk, men vart sidan sagemeistar på Stamåhaugen i Skjåk, men han d. på Øyberg 8.4.1878.  Torger var ugift.

 2. Martha Olsdotter, f. 27.12.1820,

Martha Olsdotter flytte òg med foreldri til Skjåk i 1832 og tente ei tid på Gubhage i Skjåk, men gifte seg i Skjåk 21.4.1874 med Ole Olson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av husmann Ole Hansson på Ulen under Mallaug, opphavleg frå Bråtå. og kona Marit Arnesdotter frå Bøye, og f. i Skjåk 13.4.1846.  Ole og Martha busette seg som husmannsfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein? –kalla allmenningshusmann i 1901!)

 

under Øyberg i Skjåk der Martha d. som almenningshusmannskone(!) 17.4.1901.  Ole vart sidan gardbrukar på Øyberg nordre, men d. som enkjemann på Nordberg i Skjåk 23.3.1935.  Dei var barnlause.

 3. Inga Olsdotter (1823‑1829).

 4. Unni Olsdotter (1825‑1828).

 5. Unni Olsdotter (1828‑1829).

 6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og tente ei tid på Mork nordre i Skjåk, men utvandra i 1869 til Amerika. 

 

##### (med Thore Jacobson Mork til Vernon Co., WI? – men eg finn ho ikkje der! – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok som du skriv at dei berre reiste ilag - tilfeldigvis var dei av dei få Skjåkverane som reiste frå Stavanger.

Alle meldt som utflytta i April 1869: https://media.digitalarkivet.no/kb10040906233271   Det står noko om Mork under namnet på Inge Olsdotter som eg ikkje klarar å tyde. 

 

Marta og Ole busette seg nok på nordre Øiberget, som er "rydningsjord" ved folketelijinga for 1891:

https://media.digitalarkivet.no/ft10061011076827 - mogleg det var dei som rydda plassen og (eg veit ikkje om dette kan stå i Norske Gardsbruk,

som dessverre berre er tilgjengelege for norske ip-adresser). 

Folketeljinga i 1900, da nevnt som nordre Øiberget: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037079001345

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste innlegget frå i kveld!

 

Då har eg retta opp teksten min om Martha og Ole på Øyberg nordre, og manuskriptet ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christenson Øyberg, son av føregåande brukar og herifrå Berge, vart døypt 24.10.1782.  Han gifte seg i Luster 24.6.1818 med Anna Nilsdotter frå Ve i Årdal, ei dotter av husmann Nils Paulson på Nausti under Ve (1742-1805), som ei tid var brukar på Steig.  Ho vart døypt i Luster 9.3.1783.  Som nemnt over fekk Ole utlagt 1 pund og 3 merker smør i Berge ved skiftet etter mori slutta 6.11.1784.  Denne parten selde han i 1811 til faren, Christen Berge, mot kår av garden.  Etter at Ole vart gift, vart han dels kalla innerst og dels (frå kring 1826) kårmann på Berge, so det er klart at han budde på garden, og det gjorde han fram til 1832.

Ole Christenson og kona Anna flytte i 1832 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Øyberg.  Ole d. som sjølveigar på Øyberg 1.5.1839, medan Anna d. som kårkone same staden 30.1.1848.

Ole og Anna fekk seks born i lag, alle fødde i Luster:

 1. Torger Olson, f. 31.10.1818,

Torger Olson flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og budde ei tid som innerst og «sagbordskjerar» på Aamodt øvre i Skjåk, men vart sidan sagemeistar på Stamåhaugen i Skjåk, men han d. på Øyberg 8.4.1878.  Torger var ugift.

 2. Martha Olsdotter, f. 27.12.1820,

Martha Olsdotter flytte òg med foreldri til Skjåk i 1832 og tente ei tid på Gubhage i Skjåk, men gifte seg i Skjåk 21.4.1874 med Ole Olson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av husmann Ole Hansson på Ulen under Mallaug, opphavleg frå Bråtå. og kona Marit Arnesdotter frå Bøye, og f. i Skjåk 13.4.1846.  Ole og Martha rydda seg ein heim under Øyberg i Skjåk der Martha d. som almenningshusmannskone(!) 17.4.1901.  Ole vart sidan sjølveigar og er kalla gardbrukar på Øyberg nordre då han d. som enkjemann på Nordberg i Skjåk 23.3.1935.  Dei var barnlause.

 3. Inga Olsdotter (1823‑1829).

 4. Unni Olsdotter (1825‑1828).

 5. Unni Olsdotter (1828‑1829).

 6. Inga Olsdotter, f. i Luster 11.11.1830,

Inga Olsdotter flytte i 1832 med foreldri til Skjåk og tente ei tid på Mork nordre i Skjåk, men utvandra i 1869 til Amerika. 

 

##### (med Thore Jacobson Mork til Vernon Co., WI? – men eg finn ho ikkje der! – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Teksten som står om Inga Olsdotter ved utvandringi, er at ho «opholdt sig paa Mork».  So diverre har me ingen haldepunkt for kvar det vart av ho i Amerika...  Og dette siste spørsmålet i denne huslyden vert truleg ikkje so lett å finna svar på...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å samla opplysningar om denne huslyden med røter i Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.