Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Thomas Monsson (1811- ) og Synne Christensdotter (1817- ) - utvandra frå Luster i 1856 til Dane Co., WI - mannen skal vera avliden undervegs til Amerika - kona attgift - kvar vart det av borni deira? - ei skikkeleg utfordring!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei kjempeutfordring eg har jobba med i mange år og som eg no freistar finna ei løysing på.  Eg trur eg er komen noko nærere gjennom nye oppdagingar i amerikanske folketeljingar...:

 

Lat meg syna dykk manuskriptet mitt slik det ser ut i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange imponerande nye funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 nedanfor.  Berre detaljane frå dei amerikanske folketeljingane 1860, 1870 og 1880 står att for referanseformål!

 

                       * 1860 census Springdale township, Dane Co., WI:

              ** Tarje Chersersen – 57 – Nor – farmer

              ** Sunnou Chersersen – 43 – Nor – wife

              ** Gunnild Chersersen – 25 – Nor – daughter (truleg dotter av Tarje i tidlegare ekteskap?)

              ** Halvor Johannesen – 47 – Nor – day laborer

              ** Ingeborg Johannesen – 56 – Nor – wife of Halvor

              ** Johannes Thompson – 12 – Nor – son (truleg son av Sunnou?)

              ** Christine Thompson – 7 – Nor – daughter (truleg dotter av Sunnou?)

 

       * 1870 census Springdale township, Dane Co., WI:

              ** Torger Ramlet – 67 – Nor – farmer

              ** Synnyv Ramlet – 50 «uncertain» - Nor – wife

              ** John Ramlet – 20 – Nor – son – farm laborer

              ** Christine Ramlet – 16 – Nor – daughter – domestic)

 

       * 1880 census Springdale township, Dane Co., WI:

              ** Torger Tjestelsen – 79 – Nor  Nor  Nor – retired farmer

              ** Sonne Tjestelsen – 63 – Nor  Nor  Nor – wife

              ** Hans Paulson – 15 – Nor Nor  Nor – adopted son)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei store utfordringane her ligg i følgjande:

 

** Få på plass opplysningane om foreldri til Synne i Skjåk?

 

** Identifisera Synne sin andre mann Torger Tjostelson og finna ekteskapet?

 

** Finna lagnaden til dotteri Kari Susanna?

 

** Finna lagnaden til dotteri Brit?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

** Identifisera Synne sin andre mann Torger Tjostelson og finna ekteskapet?

 

Ved US Census 1880 står Torger Tjestelsen med alder 79 år, f. 1801. I stamrullen for Fronske kompani finner jeg denne karen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/44/pp00000000007493

 

Men kanskje det er samme mann som gifter seg i 1828....??

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWCV-WVH

 

Men i 1870 står det Ramlet på familien, og da ser det ut som vi har med et gårdsnavn i Holt i Aust-Agder å gjøre...?? 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her finner jeg en Kjøstel Torjesen døpt i Holt i 1834, sønn av Torje Kjøstolsen og Marthe(?) eller det er vel Berthe Nilsdatter Ramlet:

 

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 6 (1820-1835), Fødte og døpte 1834, Side 122
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131040356.jpg
 

Gunnhild, døpt samme år, med samme foreldre:

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 6 (1820-1835), Fødte og døpte 1834, Side 123
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131040357.jpg
 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
2 minutter siden, Grethe Flood skrev:

Her finner jeg en Kjøstel Torjesen døpt i Holt i 1834, sønn av Torje Kjøstolsen og Marthe(?) Nilsdatter Ramlet:

 

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 6 (1820-1835), Fødte og døpte 1834, Side 122
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131040356.jpg
 

Gunnhild, døpt samme år, med samme foreldre:

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 6 (1820-1835), Fødte og døpte 1834, Side 123
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131040357.jpg
 

Kan det stå Bertha? Se innlegg #3

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-8XX

 

Name:    Kjostulf Torgerson Rambit
Name Note:    
Titles and Terms:    
Event Type:    Marriage
Event Date:    15 Nov 1877
Event Place:    Springdale, Dane, Wisconsin, United States
Father's Name:    Torger Kjostolfsen 
Mother's Name:    Berthe Nilsdatter
Spouse's Name:    Thorah Rolfsen Odegaard    
Spouse's Father's Name:    Rolf Christensen   
Spouse's Mother's Name:    Ronoug Erlandsdatter

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Tjøstel Torjesen ble konfirmert i 1849:

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 8 (1849-1860), Konfirmerte 1849, Side 159
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131041124.jpg
 

Og her er Gunild - se nr. 23

Aust-Agder fylke, Holt i Holt, Ministerialbok nr. A 8 (1849-1860), Konfirmerte 1849, Side 162
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060131041127.jpg


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
1 time siden, Grethe Flood skrev:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-8XX

 

Name:    Kjostulf Torgerson Rambit
Name Note:    
Titles and Terms:    
Event Type:    Marriage
Event Date:    15 Nov 1877
Event Place:    Springdale, Dane, Wisconsin, United States
Father's Name:    Torger Kjostolfsen 
Mother's Name:    Berthe Nilsdatter
Spouse's Name:    Thorah Rolfsen Odegaard    
Spouse's Father's Name:    Rolf Christensen   
Spouse's Mother's Name:    Ronoug Erlandsdatter

 

Denne Rolf Christensen er kanskje en bror av Synne siden Odegaard-navnet er med?

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGJ-JZB

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWCJ-7TB

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052087000343

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XL6H-8DJ

 

Name:    Chester Torgerson 
Event Type:    Death
Event Date:    1906
Event Place:    Mt. horeb, Dane, Wisconsin
Gender:    Male
Age:    77    
Birth Year (Estimated):    1829
Father's Name:    Torger   
Mother's Name:    Bertha Ramlet   
Spouse's Name:    Thore Odegard

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=157792261

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=157792260

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGJ-JZB

 

Name:    Rolf Christensen 
Birth Date:    26 Mar 1815
Birthplace:    
Christening Date:    27 Mar 1815
Christening Place:    LOM,OPLAND,NORWAY
Father's Name:    Christen Rolfsen   
Mother's Name:    Brith Rasmusdr

 

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 3 (1801-1825), Fødte og døpte 1815, Side 47
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603500230.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for ein ny imponerande dugnadsinnsats med denne so utfordrande huslyden!

 

Særleg oppsiktsvekkjande er det at opphavet til andre mann hennar Synne, Tarje Kjøstelson Ramlet frå Holt, er avslørt, og dette har gjeve meg eit høve til å foreta ei oppdatering av manuskriptet i innlegg #1 som føgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Grethe og nye oppdagingar i Amerika er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #15 nedanfor!

 

Eg har «luka bort» detaljane frå 1860, 1870 og 1880-teljingane frå Springdale township, Dane Co., WI, men let dei står att i innlegg #1 ovanfor for referanse, om naudsynt...

 

Som de vil sjå, har eg leitt fram ein del detaljar om opphavi til Tarje Kjøstelson og første kona Bertha Nilsdotter, men ogso i dette området har eg litt vanskar med geografien, so kan henda er noko av det eg har skrive litt for upresist?

 

Bortsett ifrå oppsporingi av Tarje Kjøstelson er dei store utfordringane frå innlegg #1 framleis aktuelle...

 

Eg takkar på ny for den framifrå bistanden eg so lang har fått når det gjeld denne huslyden og vonar at fleire «gullkorn» vil dala ned...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Synne Christensdotter frå Ødegård i Skjåk.  Ho var dotter av

 

 

 

     ##### (yrkestitel?)

 

 

 

     Christen Rolfson på Ødegård, opphavleg frå

 

 

 

     ##### (opphavet hans?)

 

 

 

     og kona Brit Rasmusdotter frå Bræk og f. i Skjåk 18.11.1817.

 

Christen og Brit ble gift i Lom i 1812:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001268824

 

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 3 (1801-1825), Viede 1810-1812, Side 107
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603500276.jpg
 

Christen kom fra Ødegaard, Brit fra Bræk. Jeg vil kanskje tro at dette er foreldrene til Christen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058251002076

 

For i 1812 døper Christen og Brit en datter og hun heter Brynnild (oppkalling etter farmor Brynnild?):

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012430091

 

Ættebok for Skjåk. 1 : Skjaaks slægter : alfabetisk ordnet efter gaardsnavnene

Brit Rasmusdatter.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for avklarande opplysningar om opphavet hennar Synne i Skjåk.  Då er alle detaljane der komne på plass, og for oversikti si skuld legg eg her inn eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #13 ovanfor!

 

Men ikkje berre det.  Eg har det meste av dagen i dag sete og leitt etter dei to manglande døtrene i Amerika, og jamen fann eg dei òg.  Den eine av desse, Brit «Betsy», finst det masse opplysningar om på ancestry.  Ikkje alt er enno systematisert, men eg held på....

 

Derimot har eg meir vanskar med eldste dotteri Kari.  Ifølgje FT1900 hadde ho og mann hennar, Ole England, hatt sju born, men berre to var ilive, og ein av dei var ein son som budde på eit mentalsjukehus!

 

Opplysningane om dei fire borni er medtekne, og for Kari sin del, der eg ville setja stor pris på lite vetta hjelp, er ogso neste generasjonen medteken...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #19 nedanfor!

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at eitt og anna «gullkorn» framleis kan dala ned, både når det gjeld England-ætti i Amerika og ætti til Torje Kjøstelson frå Holt i Aust-Agder...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

og kona Helje Jensdotter frå

 

 

 

##### (opphavet hennar? – kalla Myre ved vigsli!)

 

???

Helje i folketellingen 1801?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058323002151

 

Aust-Agder fylke, Gjerstad, Vegårshei, Risør, Søndeled i Gjerstad, Ministerialbok nr. A 2 (1717-1779), Kronologisk liste 1775, Side 177
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070529360289.jpg


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for kjempefine og imponerande innlegg!

 

Etter at innlegget til Sven kom i aftes, har eg freista finna meir ut om denne England/Johnson huslyden, og noko har eg finne, mellom anna vigsli til Susan OLSON i Chickasaw Co., IA i 1881,  men fødsli hennar er det heilt uråd å gjera noko med!  MEN, kyrkjebøker i Hamlin Co., SD syner at det rette førenamnet hennar var SYNNEVA, oppkalla etter bestemori!

 

Framleis er det ei stor utfordring å finna ut kva som skjedde med Kari (Carrie) og dei andre borni hennar, og der står eg skikkeleg «fast».  No vil eg freista finna obituaries for Susan og ikkje mist for far hennar, Ole England.  Eg vonar det lukkast...

 

Elles er det òg vanskeleg å finna fleire detaljar om Synne og andre mann hennar i Wisconsin.  So langt er gravene deira eit «mysterium»...

 

Eit spørsmål som gjeld utvandringi til Thomas og Synne i 1856:  Er det mogeleg å finna skipslistene som eventuelt syner at Thomas døydde på vegen over??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden som erstattar manuskriptet i innlegg #15 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Monsson Ormelid, opphavleg frå Drægni, vart døypt i Luster 10.2.1811, men gifte seg i Skjåk 30.3.1840 med Synne Christensdotter frå Øygard i Skjåk.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Rolfson på Øygard og kona Brit Rasmusdotter frå Bræk og f. i Skjåk 18.11.1817.

Thomas Monsson flytte i ung alder til Skjåk og tok først over som gardbrukar på Hole nedre i Skjåk som far hans ei tid hadde drive.  Men kring 1842 flytte Thomas og Synne til eit bruk på Stamstad i Lom der dei var gardbrukarar fram til 1852.

Thomas fekk 11.3.1852 skøyte på dette bruket i Ormelid, som han og Synne dreiv fram til 1856.

Thomas Monson og kona Synne utvandra til Amerika i 1856. 

 

##### (det vert fortalt at Thomas skal vera avliden på veg over Atlanterhavet og vart gravlagd i havet!?)

 

og Synne gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli? – før 1860!)

 

med enkjemannen Torje Kjøstelson, opphavleg frå Østebø i Holt, i Amerika kjend som Torger Ramlet. 

 

##### (sjekka denne namneformi?)

 

Han var son av gardbrukar Kjøstel Torjeson på Østebø, opphavleg frå Ås i Djupvåg, Holt, og kona Helje Jensdotter frå Myre i Vegårdshei, Gjerstad og vart døypt i Holt 1.8.1802.  Han gifte seg første gongen i Holt 24.7.1829 med Bertha Nilsdotter frå Ramlet.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Andersson på Ramlet og kona Gunnhild Torjesdotter frå Songe

 

##### (sjekka dette opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Holt 28.11.1802.  Torje og Bertha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Ramlet og budde der til dei i 1853 utvandra til Amerika.  Dei fekk tre born i lag. 

 

##### (sjekka desse, Helje, Kjøstel og Gunnhild)

 

Torger og Bertha Ramlet slo seg ned som farmarar i Springdale township, Dane Co., Wis. der Bertha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1855?)

 

Torger og Synneva Ramlet vart buande på farmen i Springdale township, Dane Co., Wis. der Torger d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Synneva Ramlet d. same staden 26.1.1892. 

Thomas og Synne i Ormelid fekk fire born i lag:

 1. Kari Susanna Thomasdotter, f. i Skjåk 22.1.1841,

Carrie Thompson utvandra med foreldri til Amerika i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 16.10.1859 med Ole Olson frå England i Sogndal, i Amerika kjend som Ole England.  Han var son av gardbrukarsonen Ole Olson frå England og jenta Durdei Olsdotter frå ein plass under Barsnes og f. i Sogndal 7.7.1829.  Han voks opp på England, men utvandra i 1851 til Amerika.  Ole og Carrie farma ei tid i Arena township, Iowa Co., Wis., men flytte kring 1864 til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia.

 

##### (budde framleis der 1900 – åleine – hadde sju born, men berre to var ilive!)

 

Ole England budde siste levetidi si hjå dotteri Susan i Norden township, Hamlin Co., S.D. der han d. 7.12.1909. 

 

##### (lagnaden til Carrie England?)

 

Dei fekk sju born i lag:

a. Ole England, Jr., f. i Iowa Co., Wis. 22.2.1860,

 

     ##### (nemnd 1860/1870/1880 – lagnad?)

 

b. Synneva, kjend som Susan England, f. i Iowa Co., Wis.

 

     ##### (fødselsdato? – august 1862?)

 

     d. i Hamlin Co., S.D. 9.6.1945. 

 

     ##### (sjekka dødsstaden? – gravlagd West Norden, Hayti, Hamlin Co., SD)

 

     Susan gifte seg i Chickasaw Co., IA 27.2.1881 med Hans (Bilden) Johnson, f. i Winneshiek Co., Ia. 24.10.1854.  Han d. i Hamlin Co., S.D. 24.2.1940. 

 

     ##### (sjekka dødsstaden?)

 

     Etter nokre år i Jacksonville township, Chickasaw Co, Ia. slo dei seg kring 1886 ned som farmarar i Norden township, Hamlin Co., S.D., og der vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

c. Thomas England, f. i Chickasaw Co., Ia. 8.3.1866, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900)

 

     Thomas var sjuk og flytte sist på 1890-talet inn på ein sjukeheim i Independence, Buchanan Co., Ia.  Han var ugift.

d. John England, f. i Chickasaw Co., Ia. 19.2.1868,

 

     ##### (nemnd 1870 – truleg d. kort tid etter?)

 

e. Christian England, f. i Chickasaw Co., Ia. 22.1.1870, d. i Chicakasaw Co., Ia.

 

     ##### (dødsdato? – våren 1870?)

 

##### (to born manglar!)

 

 2. Brit Thomasdotter, f. i Lom 9.9.1844,

Betsy Thompson (Lee) utvandra òg til Amerika med foreldri i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 3.3.1865 med enkjemannen Mikkel Johnson, opphavleg frå Borlaug i Feios, Leikanger, i Amerika kjend som Michael Johnson.  Han var son av husmann John Mikkelson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Borlaug, opphavleg frå Dalsbotnen i Aurland, og kona Randi Bottolfsdotter frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Flåm i Aurland og f. i Leikanger 4.1.1832.  Han gifte seg første gongen i Leikanger 29.3.1853 med Gjøri Nilsdotter frå Hove i Feios, Leikanger.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Tøgerson på Hove og kona Kirsti Gjestsdotter frå Dale og f. i Leikanger 20.2.1832.  Michael og Gjori Johnson utvandra til Amerika i 1853, men Gjori d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – undervegs eller kort etter framkomst til Dane Co., WI? – ingen kjende born)

 

Michael gifte seg so 23.5.1856 att i Dane Co., Wis. med Britha Sams0nsdotter frå Fosse i Leikanger, i Amerika kjend som Betsey Sampson.  Ho var dotter av gardbrukar Samson Larsson på Fosse og kona Randi Lassesdotter frå Torsnes i Balestrand og f. i Leikanger 10.2.1835, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1847.  Michael og Betsy Johnson slo seg ned som farmarar i Springdale township, Dane Co., Wis. der Betsey so d. alt 19.4.1864.  Michael vart buande på farmen i Springdale township, Dane Co., Wis. ogso etter han gifte seg med Betsy Thompson, men ved hundreårsskiftet flytte dei som pensjonistar inn til Mt. Horeb, Dane Co., Wis. der Michael d. 11.2.1908.  Betsey d. same staden 5.7.1918.

 

##### (sjekka dødsstadane?)

 

Michael Johnson fekk i alt ni born, to frå andre ekteskapet og sju frå det siste med Betsy Thompson:

 3. Johannes Thomasson, f. i Lom 25.12.1847,

John Thompson, sidan kjend som John T. Lee, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1856 og voks opp hjå mori og stefaren i Dane Co., Wis.  Han slo seg sidan ned som farmar i Castlewood township, Hamlin Co., S.D., men d. i Sioux Falls, S.D. 10.5.1915.  John var ugift.

 4. Christina Monsina Thomasdotter, f. i Lom 8.8.1853,

Christine Monson utvandra òg til Amerika med foreldri i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 22.3.1876 med Peder Skakson frå Skjeldestad i Sogndal, i Amerika kjend som Peter S. Shelsta.  Han var son av gardbrukar Skak Jensson på Skjeldestad og kona Synneva Johnsdotter frå Heggeteig og f. i Sogndal 20.12.1848, men utvandra med foreldri til Amerika i 1856.  Peter og Christine farma ei tid i Vermont township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1878 til ein farm i Norden township, Hamlin Co., S.D. der Peter d. 5.3.1919.  Christine flytte som enkje til Watertown, Codington Co., S.D. der ho d. 17.5.1933.  Dei fekk sju born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden og lever vidare i voni om nye «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hvor fortelles det at Thomas omkom på veien over til Amerika?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Det var medan eg arbeidde med denne ætti første gongen sist på 1970-talet at ein lokal kjeldeperson i Luster kom med «ryktet» om at Thomas skulle vera omkomen på veg over.  Denne opplysningi skulle stamma frå ein lokal slektning av Thomas!

 

Meir kan eg diverre ikkje seia til saki, men når me ser at Synne gifte seg att før 1860, er det ikkje usannsynleg...!

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.