Gå til innhold
Arkivverket

Heksa Angjerd Oland i Gjøvdal-Åmli


Torbjørn Steen-Karlsen
 Del

Recommended Posts

Agderposten har en artikkel om hekser. Her nevnes bl.a.

 

Angjerd Oland blei i 1588 beskylt for trolldom, men blei redda ved at sognepresten sammen med bygdebefolkningen gikk god for dem på kirkebakken. Gro Eppeland i Åmli nevnes i 1572 og ei Kirsti Kvåle i Bygland i 1595.

 

http://www.agderposten.no/meninger/agder-og-reformasjonen-1.1798202

 

Hva vet vi om Angjerd Oland i Gjøvdal. Var hun gift. Hadde hun barn. Hvem var hun. Jeg lurer på om hun kan ha hatt ei datter som blei gift til Trydal i Gjerstad og bl.a. hadde ei datter Angjerd Ånonsdatter.

 

Mvh. Torbjørn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Kan det vere at forfattaren har dikta litt?

 

Det finst noko som vert kalla "Trolldomsarkivet". Det er gjort tilgjengeleg på internetti nyare tid, men vart samla inn og dokumentert av

Norsk Folkeminnesamling, UiO, i 1920-åra. Då gjekk dei gjennom rekneskap og tingbøker og samla avskrifter av alle "trolldomssaker" dei kunne finne.

Det kan vere ting dei har oversett, eller at saker viser att i dokument dei ikkje har sett på (gjerne andre arkivserier enn rekneskap og tingbøker).

http://www.edd.uio.no/ikos/heksearkiv/prosesser.html

 

Angjerd Oland og Kirsti Kvåle er ikkje nemnde i dette materialet.

 

Gro Eppeland er nemnd i 1571. (ikkje -72)

Det er ikkje eit klagemål, men eit tingsvitne.
http://www.edd.uio.no/perl/ikos/visprosess.cgi?prosessid=176

Det seier at "Vlffuer Thuiland" aldri har skulda henne for trolldom.

Presten og 5 andre namngjevne personar (lagrettemenn) vitnar om at Ulf ikkje har sagt noko slikt.

Dei har også vore vitne til at Ulf spurde Torgie og Gru Eppeland om dei hadde noko

å skulde honom for, og dei hadde svara at det hadde dei ikkje.

Det står ikkje noko om at det er på kyrkjebakken. Venteleg vart det kunngjort på bygdetinget,

og så er det sendt inn til sentralmakta  (Lensherren?, Lagmannen? - det vil truleg vise i arkivet, men det er ikkje notert her).

 

Det kunne vere ille å verte skulda for trolldom.

Men det var også gale å bere ut rykte om nokon; det gjekk på æra laust - og det var ei alvorleg sak i 1571.

 

Det er mogeleg at det har gått "rykte på bygda" om at Gro dreiv med slikt og at Ulf skal ha sett det og fortalt om det.

Dersom det var lause rykte, ville Gro kunne gå til sak mot Ulf. Han måtte anten stå ved påstanden og gje prov for det,

eller bøte til Gro og til kongen - og i tillegg få ein kraftig æremink (kanskje vel så viktig som å sleppe bot).

Alternativt kunne han får vitne på at han aldri hadde sagt noko slikt.  Då gjekk han fri.  Samstundes stadfesta det at det

heller ikkje var nokon grunn til å klage på Gro.

 

Her har forfattaren i Agderposten ikkje lest kjeldene om Gro, men heller dikta litt sjølv.  Det tyder vel på at han har dikta om dei to andre han nemner også.

 

Det er ikkje sikkert at det finst andre kjelder om Gro, kanskje ikkje om ektemannen Torgie.

Dersom dei to andre er nemnde på same vis i ei eller anna kjelde (ukjend for Norsk Folkeminnegransking), kan det også vere den einaste gongen dei er nemnde.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.