Gå til innhold
Arkivverket

Eit par tips til leiting etter "vanskelege" personar (17-1800)


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Som gammal ringrev gledar det meg å sjå at det er så mange nye som vil finne fram i slekta si. Eg har drive med dette i over 50 år, og på den tida er det ikkje til å unngå at ein gjer seg sine erfaringar, så eg tenkte eg kunne prøve å dele eit par triks? Eg har stort sett berre arbeidd med lokalområdet mitt, Sogn og Fjordane, og veit at forholda td på sentralt Austland kan vere mykje annleis, men uansett - det kan kanskje vere nyttig å lese dette likevel.

 

Noko som har ergra meg ufatteleg mykje, er når ein går udokumenterte snarvegar, til og med i bygdebøker (eller kanskje spesielt der). Døme:  Dersom vi kjem fram på ei brur som heiter Marte Hansdotter Sunde - berre eit konstruert namn - så er ho nok dotter til Hans Jakobson Sunde, for der er ikkje andre Hans Sunde på denne tida. Ho står rett nok ikkje i kyrkjeboka som døypt, men det hender at barn blir utelatne. Så kjem påstanden på trykk, og kan vere bortimot umuleg å bli kvitt igjen. Kanskje manglar Marte også i skiftet etter Hans - men det hender arvingar blir gløymde også.... men her er nokre alternativ eg heller vil satse på i leitinga.

 

- Hugs at Sunde er eit adressenamn. Du blir oftast skriven med gardsnamnet der du bur, så Marte Hansdtr kan vere fødd ein annan stad, og då er det å prøve å finne ut korleis ho har hamna på Sunde. Eit kortvarig tenesteforhold er oftast ikkje nok, og langvarige tenesteforhold indikerer ofte slektskap.

 

- I staden for å leite etter ein høveleg far på Sunde, leitar vi etter ei MOR med tilknyting til Sunde. Sjå t.d. etter ei enkje som blir gift til garden, og har med seg born frå eit fyrste ekteskap med ein Hans. Desse borna vil få Sunde som adressenamn. Eit alternativ er også at ho ikkje er enkje, men har eit barn utanfor ekteskap. Dersom vi veit namna på Marte sine eventuelle døtre, har vi eit hint om kva mora kan heite, og det kan lette leitinga.

 

- Svært mange unge vaksne frå bygdene våre flytta til andre stader. Der etablerte dei seg gjerne og fekk born, og mange greidde seg bra. Men sjukdom, fattigdom, store barneflokkar og andre forhold kunne gjere at det vart vanskeleg å holde familien samla, og då vart det ofte til at ein sende eit barn eller fleire heim til slekta. Så Marte Hansdtr Sunde kan vere dotter til Johanne Olsdtr Sunde som reiste til Bergen og så vidt rakk å gifte seg med Hans Hanssen der, før ho døydde på barnseng og han sat att med eit spebarn som han ikkje kunne eller ville ta seg av. Løysinga blei å sende Marte heim til Johanne sin familie.

 

Som sagt - berre fiktive namn. Eg kunne sikkert skrive meir om konkrete måtar å leite på, men det får eventuelt bli til seinare. 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom ein held seg ut på 1800-talet eller på 1900-talet er kyrkjebøker og folketeljingar så gode kjelder at det ikkje er så vanskeleg å setje opp eit slektstre. Dersom ein går lenger tilbake manglar ein ofte gode kjelder. Når ein Ole Aven i Lavik døyper dottera Synneve i 1771 og det same skjer i 1779 kan det vere vanskeleg å vite kven som er Ole Hansen Aven og Ole Olsen Aven. Er ein skikkeleg uheldig kan det også ha vore fleire Ole Olsen eller Ole Hansen til stades på same stad til same tid. Då blir alternativa å gjette seg fram eller å gje seg på desse personane før ein finn betre kjelder. Men er ein så heldig å finne skifte vert det enklare å setje opp slektstreet. I det konkrete tilfellet som eg nemner kan ein lure på om bygdebokforfattaren har lese skifta, folketeljing frå 1801 osv. Den lokale folketeljinga frå 1815 var neppe tilgjengeleg heller. (Side 208 er eit einaste rot, og så blir bygdeboka brukt som kjelde på Geni osv.). Men så er det slik at dersom ein skal gje ut bygdebok kan ein ikkje bruke for lang tid til å spekulere på enkeltopplysningar, og då kan ikkje alt arbeidet bli like nøye. Dessutan fanst det gjerne verken PC eller skanna kjelder då bygdebøkene vart skrivne. Slik sett er det eigentleg imponerande kva bygdebokforfattarane har greidd, og ei bygdebok er i mange tilfelle eit livsverk.

 

Det er elles eit problem at det i mange tilfelle ikkje finst skifte for dei personane som ein er ute etter, eller så kan personane vere nemnde i skifte som ein ikkje veit om eller greier å finne fram til. Her kan bygdebøkene eller informasjon som andre har lagt ut på internett vere gode leietrådar. At mange bygdebøker er søkbare, f. eks. via nb.no er ein stor fordel når ein skal leite etter skifte som er aktuelle. Dessutan er ein avhengig av skifteregister dersom ein skal finne fram, og dette finst ikkje alle stader.

 

Eg er imponert over kor flinke enkelte er til å finne fram i skifte og andre relevante kjelder, slik som denne tråden frå Gaular i Sunnfjord er eit godt eksempel på:

https://forum.arkivverket.no/topic/190741-hvem-var-anders-knudson-skilbrei-gaular-sf-f-ca-1740-sønn-av/

Eg prøvde å leggje ut det som kom fram her på Geni, men hadde eigentleg følelsen av at det gjekk trill rundt for meg ;-)

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja her er det mange gode tips. Jeg har et tips jeg også, og det er å merke seg fadderne til barna til dem en leter etter. Faddere var ofte slekninger.  

Kan jo ta min formor Helene Olsdatter Hovdal på Frosta født 1792 som eksempel. Foreldrene var Ole Jensen Hovdal, og Marit Helgesdatter Buset.

Blant fadderne finner jeg Karen Helgesdatter som en av fadderne, og andre kilder viser at Karen var søster av moren Marit her. Karen var også

fadder på 2 av søsknene til Helene, og som fadder til en av søsknene finner en også Jacob Helgesen Buset(andre kilder viser at han var bror av

Karen og Marit) 

 

Et annet tips kan være å se etter hvor barna til dem en søker slekt på dro. Jeg kan ta et eksempel fra egen slektsforskning. Min tippoldemor

Lovise Kristine Knutsdatter var født i Vågan i Lofoten i ca 1840, og giftermålet hennes i Lurøy på Helgeland i 1865 viste at hennes far var 

Knut Nilsen. Kirkebøkene for Vågan før 1841 er gått tapt ved brann, og foreldrene hennes var ikke å finne i Vågan ved folketellingen 1865.

Så her så det ganske håpløst ut å komme videre. Jeg visste også at Lovise hadde en søster Anna Nicoline som var i Hemnes på Helgelands

som voksen. Fant henne i bygdebok for Hemnes og ved folketellingen 1900. Der sto det at hun var født i Vikna i Trøndelag. Så kirkebøkene

for Vikna(den gang fjernlånt på mikrofilm), og fant ut at hun var vaksinert og konfirmert i Vikna med født i Vågan. Der sto jo også navnet på

jentenes mor Berit Johanne Nicolaysdatter. Fant også min tippoldemors konfirmasjon, men det var i Lurøy på Helgeland. Letet lenge i andre

kilder enn kirkebøker for Vågan, og fant også skiftet etter deres mor Berit Johanne i 1844(altså mistet disse jentene sin mor som små). Så

kom jeg på at jeg skulle se etter faren Knut Nilsen og kona Berit i Vikna, og fant at Knut Nilsen med foreldre hadde flyttet inn dit fra Ål i

Hallingdal i 1826-1827, og dette sto det en del om i bygdebok for Vikna. Fant også Knut Nilsen som utflyttet til Lofoten i 1837 eller 1838.

Så Knut Nilsen og hans aner har jeg etterhvert funnet svært mye om i Hallingdal, men her ikke hatt samme hell med kona hans Berit Johanne

Nicolaysdatter. Så her var det faktisk en feil angående fødested på min tippoldemors søster Anna Nicoline i 1900(da hadde hun flyttet fra

Vikna til Hemnes i Nordland), og i bygdebok for Hemnes fikk meg altså på spøret videre bakover her 

Endret av Anne Lise Hovdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 2 Når det gjelder bygdebøkene for Gaular så er det tydelig at skiftene ikke er gått opp. I innledningen til bøkene står det en beskrivelse av hvordan arbeidet har vært organisert og hvilket kildegrunnlag det er basert på. Her nevnes ikke skiftene. Jeg kan se at enkelte skifter er brukt, men åpenbart er ikke alle "tatt med", og informasjonen fra disse skiftene er i hvert fall ikke systematisert, registrert og tatt med som datagrunnlag (de har vel hatt mer enn nok arbeid i forhold til den tid de hadde tilgjengelig for å få registrert det øvrige datagrunnlaget), men dessverre betyr dette at produktet har store mangler. Gjennomgangen vi hadde i den aktuelle debatten viser dette med all tydelighet.

 

Dessverre tror jeg at denne problemstillingen ikke er unik for Gaular. Mandat, tid og ressurser (penger bla.) setter klare begrensninger i forhold til hvordan resultatet blir.

 

På den annen side betyr dette at ivrige slektsforskere har et materiale tilgjengelig som ikke er gjennomgått eller kun delvis brukt og som uten tvil vil gi betydelige bidrag i utformingen av slektshistorien om dette materialet blir gått opp og systematisert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.