Gå til innhold
Arkivverket

Agnes Dyste frå Christiania (1878-1967) - kven var ho? - gift i 1917 med Andreas Land frå Norderhov - første kona hans frå Strømsø, Drammen - kven var foreldri hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ettersom fødselsdatoer i FT 1910 ikke alltid er til å stole på, så er det en kandidat til Oline født 30.3.1848 i Nes med foreldre Christian Amundsen og Marianna Engelsdatter på Sundbyeie:

SAO, Nes prestekontor Kirkebøker, A/Aa/L0007: Ministerialbok nr. I 7, 1846-1858, s. 92
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060307020488

 

Christian og Marianna i FT 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038023005081

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for eit interessant innlegg!

 

Det høyrest so absolutt ut som om du har finne den «rette» Oline.  Det var to Christian Amundsen i Nes i 1865 som var i alder til å ha born på den tidi, men ingen Oline var å sjå under nokon av dei...  Ho er nok flytt heimefrå i svært ung alder...

 

Det som no er spørsmålet, er om bygdebøkene frå Nes kan fortelja oss kva for ein plass under Sundby denne huslyden budde på?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for eit utfyllande og nyttig innlegg!

 

Då er denne delen av manuskriptet i mine auge fullstendig, so no manglar berre detaljane kring første kona hans Andreas Land frå Strømsø/Hurum.  Her følgjer eit nytt manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #20 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter siste oppdagingi av Bente har eg erstatta manuskriptet med eit nytt og nesten komplett i innlegg #31 nedanfor!

 

Endå ein gong vil eg takka for framifrå bistand med denne huslyden so langt!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for det siste kjempespennande innlegget!

 

Med hjelp av desse opplysningane har eg finne att huslyden på Modum, og eg meiner eg har fått svar på det meste.  No er det berre sjølve utvandringi til denne Finnerud-huslyden som manglar, men eg ser at flyttelistene frå Strømsø på 1850-talet er heller «tunne», so det vert sikkert ikkje so lett å finna ut nøyaktig kva år dei reiste over...

 

Uansett, manuskriptet frå innlegg #29 er no erstatta av dette:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Olsdotter (Urnes), f. i Luster 27.8.1855,

Gertrude Urness utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1862 og budde òg hjå dei i 1880 i Decorah, Winneshiek Co., Ia.  Ho gifte seg i Minneapolis, Minn. 27.11.1893 med enkjemannen Andreas Erikson, opphavleg frå Land i Norderhov, i Amerika kjend som Andrew E. Land.  Han var son av gardbrukar Erik Andersson på Land, opphavleg frå Strømsod, og kona Karen Kirstine, kjend som Kirstine Larsdotter frå Bønstøen, Røste på Modum og f. i Norderhov 22.8.1851.  Han utvandra med foreldri sine til Amerika i 1871 og gifte seg første gongen i Decorah, Ia. 9.10.1875 med Gustava Emilie, kjend som Emilie Hansdotter Finnerud frå Strømsø, Drammen, i Amerika kjend som Emelie Finrow.  Ho var dotter av skipstømmermann Hans Andersson Finnerud i Drammen, opphavleg frå Nymoen under Finnerud på Modum, og kona Bertha Karine Pedersdotter frå Hole søndre på Modum og f. i Strømsø, Drammen 10.12.1852, men utvandra visstnok til Amerika med foreldri sine i 1856. 

 

##### (sjekka utvandringsåret? - «tre år gamal»)

 

Andrew og Emelie farma ei tid i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men flytte i 1882 til ein farm i Forman township, Sargent Co., N.D. der Emelie d. 12.1.1891.  Andrew og Gertrude farma vidare i Forman township, Sargent Co., N.D., men Gertrude d. i Decorah, Ia. 30.7.1907.  Andrew gifte seg so tredje gongen i Grønland kyrkje i Christiania 3.2.1917 med Agnes Evensdotter Dysthe frå Christiania.  Ho var dotter av bakarmeistar Even Nilsson Dysthe i Christiania, opphavleg frå Dyste søndre på Vestre Toten (no Austre Toten), og kona Oline Christiansdotter frå Sundbyvangen under Sundby i Nes, Akershus, og f. på Vålerenga i Austre Aker 10.12.1878.  Ho hadde vore skohandlar og frihandlar i Christiania, men utvandra i lag med Andrew i 1917.  Dei heldt fram som farmarar i Forman township, Sargent Co., N.D. der Andrew d. 9.3.1922.  Agnes var ei tid hushaldar i Forman, Sargent Co., N.D. og gifte seg att med ein eldre svensk enkjemann, men d. sjølv som enkje i Fargo, N.D. 4.7.1967.  Andrew fekk to døtrer, men dei var båe frå første ekteskapet hans.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg gjerne endå ein gong få takka for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.