Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Siri Jacobsdotter (1852-1934) - frå Lom til Luster - dotter til Christiania/Rakkestad - gift med Christian Holth (1878-1965) - detaljar frå Lom og frå Rakkestad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få introdusera denne huslyden der ei jente frå Lom, Siri Jacobsdotter, i ung alder kom til Luster for å tena og sidan vart buande.  Ho fekk tre born, og dotteri Christina Maria flytte til Christiania der ho gifte seg med Christian Holth frå Rakkestad.

 

Eg har vanskar med å identifisera opphavet til Siri og foreldri hennar i Lom, og likeins lagnaden til dotteri i Christiania og Rakkestad.

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Jacobsdotter Heltne, opphavleg frå Sulheim i Lom,

 

     ##### (sjekka om ho verkeleg voks opp der? – Sulheimsbakken under Sulheim?)

 

     var dotter av husmann Jacob Hansson på Kleivesletten under

 

     ##### (kva gard ligg denne plassen under?)

 

     opphavleg frå

 

     ##### (kva gard/plass var han oppvaksen på? – kalla Gaupar ved vigsli i Lom 29.6.1852 – 34

            år med far Hans Johnson)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ##### (kva gard/plass var ho oppvaksi på? – kalla Gaupar ved vigsli – 23 år med far Ole

            Jacobson)

 

     og f. i Lom 22.2.1852.  Siri kom kring 1870 til Luster for å tena, og her vart ho buande.  Det må ha vore kring 1880 at ho fekk sett opp ei ny stove her i Leabakken 2 under Heltne, og ho budde her til ho d. 21.11.1934.  Ho arbeidde kringom på gardane, helst som budeie.  Siri Jacobsdotter vart ikkje gift, men me kjenner til tre born etter ho:

 1. Anna Christophersdotter Heltne, dotter av Siri og fiskar Christopher Olson Bolstad i Tromsø (1852-1908), opphavleg husmannsson frå Flatane under Bolstad, var f. 25.4.1876.

Anna Christophersdotter, og kjend som Anna Bolstad, flytte til Bergen i ung alder, men d. der på eit sjukehus 24.6.1899, ugift.

 2. Christina Maria Christophersdotter Heltne, likeins dotter av Siri og fiskar Christopher Olson Bolstad i Tromsø (1852-1908), opphavleg husmannsson frå Flatane under Bolstad, var f. 20.3.1879.

Christine Marie Christophersdotter flytte til Christiania (Oslo) der ho 1.5.1900 gifte seg med Ole Christian Edvardson frå Thorudholtet, Sandbæk i Rakkestad, sidan kjend som Christian Holth.  Han var son av skomakar og gardbrukar Edvard Nilsson på Thorudholtet, Sandbæk i Rakkestad, opphavleg frå

 

##### (ein plass, men kva for ein plass? – f. Rakkestad 26.3.1852)

 

under Julsrud, og kona Lovisa Marie Andersdotter frå Thorudholtet, Sandbæk og f. i Degernes, Rakkestad 8.5.1878. 

 

##### (yrke og bustad? – 1900: militærmusikar – 1910: Christian Holth: gardbrukar og skomakar Frydelund, Linnestad i Rakkestad – kva sidan?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1910!)

 

Christian d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Rakkestad)

 

10.3.1965.  Dei fekk ei dotter i lag:

a. Edel Christiansdotter Holth, f. i Christiania 22.10.1900, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd med far og son i Rakkestad)

 

     3.3.1987.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med

 

     ##### (fullt namn? – opphavet hans?)

 

     Grav, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Kristian Martin Grav – f. 26.2.1941 – d. 11.10.2002 – gravlagd med mor og morfar Rakkestad)

 

 3. Jakob Erikson Heltne (1886-1976), son av Siri og

 

     ##### (gift mann frå Lom, Erik Isakson på Stamstad i Lom – oppl.?)

 

     fekk stova her i Leabakken 2 etter mori.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at nokon dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg henta fram fleire detaljar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
35 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Edel Christiansdotter Holth, f. i Christiania 22.10.1900, d.

 

 

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd med far og son i Rakkestad)

 

 

 

     3.3.1987

 

Id  Fnavn  Enavn  Fdt  Får  Ddt  Dår  Kj  Merk  Mtekst  Gravsted Kommune Korr
902478  Edel Alvilde  Grav  2210  1900  0303  1987  Fellesgrav m. Christian Holth, Kristian Martin Grav  Takk for alt  Vis  Rakkestad  Rakkestad

 

https://www.myheritage.com/FP/genealogy-search-ppc.php?lang=NO&type=&action=person&siteId=242705631&indId=1503511&origin=profile

Kristian Martin Grav
Født: Dag Måned 1941
Død: Dag Måned 2002
Foreldre: Begge foreldres navn
Søsken: Magna Lovise Rødland (født Grav) og navnene til 8 flere søsken

Edel Alvilde Holth, Grav Hans mor. Magna Lovise Rødland (født Grav) Halvsøster. Borghild Bjørklund (født Grav) Halvsøster. Johannes Martinsen Grav Halvbror.

 

????

2794901 Borghild  Bjørklund  2703  1917  2005  1985  2805  1985  015  0A  22  Fred over minnet  Vis  Ullensaker Ullensaker

 

Johannes Martinsen Grav
Født: Dag Måned 1918 - Sted
Død: Dag Måned 2011 - Sted
Foreldre: Begge foreldres navn
Søsken: Magna Lovise Rødland (født Grav) og navnene til 8 flere søsken
Kone: Navnet til kone

Borghild Bjørklund.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg!

 

Det var diverre ikkje so lett å verta «klok» på desse opplysningane, men kanskje kjem det av at eg ikkje er medlem av My Heritage?

 

Eg oppfattar det slik at Edel Holth vart gift i ganske so i ung alder med ein Grav, og at dei fekk ti born i lag?

 

Her ser eg forresten konfirmasjonen til Edel Alvilde i Rakkestad 1915: https://media.digitalarkivet.no/view/4762/145

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Jeg er tipp oldebarnet til Siri Heltne (Sigrid Jacobsdatter Sulheim)

Jeg begynte å snuse i slektshistoren vår bare for noen dager siden, og har akkurat funnet ut at min oldefar Jacob E. Heltne hadde 2 eldre søstre. Så disse har jeg liten kjennskap til, uten om navn.

 

Men historien til denne familien på fire har fasinert meg dypt. Det var nok ikke enkelt på noe vis. Vi snakker om mobbing i dag, men denne familien var nok ubeskyttet for en hel bygds spott.

 

I min familie var det masse skam rundt Siri, og jeg tror det har blitt gjort stor innsats for å glemme at hun har eksistert. Jeg snakket med faren min om dette og ikke heller han viste at hans bestefar hadde 2 søstre.

Jeg er opptatt av å hedre Siri om mulig. Hun klarte og få til det få på den tiden klarte. Og ta vare på 3 barn født utenfor ekteskap. Pappa omtaler min oldefar som en god og varm mann. Den varmen må han ha fått fra en plass.

 

 

 

 

Endret av Synnøve Heltne Skjoldhaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Slettet

Endret av Synnøve Heltne Skjoldhaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

Hun het vel egentlig Sigrid? Kleivsletten ligg under Glømsdal. Faren het Jacob Hansson (Reins-Jacob) f.1818 i Glømsdalsøyen under Glømsdal. Moren Anna Olsdotter født 1829 på Øyjordet under Gaupar De bodde også på Sulheimsbakken under Sulheim. Trenger dere flere opplysninger så si ifra

Endret av Gro Anita Ringebo Roen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Synnøve og Gro Anita for spennande og interessante innlegg.

 

Eit lite tips til deg, Synnøve:  Det er vanleg ikkje å leggja ut opplysningar i Brukarforum om nolevande personar.  Elles er etterslekti til Jakob Heltne for ein stor del omskrivi i bygdebøkene for Luster...

 

Elles har du, Gro Anita, fylt ut det meste som eg treng vita om opphavet til Siri (Sigrid) i Lom.  Det einaste eg vel er i stuss om no, er kvar Siri eigentleg voks opp?  Var det på Kleivesletten eller på Sulheimsbakken?  Kva tid flytte foreldri frå den eine staden til hin?

 

Ligg det føre fleire opplysningar om Erik Isakson Stamstad, far til Jakob?

 

Elles er kanskje den største utfordringi no å finna dødsfallet til Christina Maria, anten i Christiania eller i Rakkestad - og likeins fleire detaljar om dotter hennar, Edel Alvilde Holth Grav?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden og vonar det vil «dala ned» endå nokre «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

På Stamstadeiet bodde Eirik Isakson. Han var født ca 1854 på Sel. gift 1874 med Kari Olsdotter f. 1852 på Blakarsberget. Han hadde 6 barn til .

Rønnaug f. 1874 med Kari Johannesdotter i Veslhågån. Rønnaug utvandra ti Amerika.

 

med Kari hadde han

Iver født 1874. Budde blant annet på Randklevneset på Ringebu. Utvandret i 1904 . gift med Ingeborg (f 1877)barn: Inga f.ca 1899 og Kristine f ca 1903

 

Ola Morkarunningen (husmannsplass under Mork) f 1877

Kristen f. ca 1881 Utvandret i 1903 til Amerika

Torø f. 1883 død 1900

Johannes f. 1886 . Budde i Stamstadberget 

Endret av Gro Anita Ringebo Roen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for siste meldingi om Erik Isakson.

 

Då må vel Erik var den Erik som var fødd i Vågå 22.12.1854 og døypt 11.1.1855

 

Her er huslyden på Åsbrekken under Haugen i Vågå i 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0515&kenr=010&bnr=0019&lnr=000

 

Men so er eg litt i stuss.  Eg er ikkje i stand til å finna Erik i FT1900 eller 1910 endå du seier han var husmann i Stamstadeiget.  Døydde han kan henda før 1900?  Under Johannes står det «Budde i Stamstadberget».  Tok han kan henda over heimeplassen etter foreldri sine?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand for å få oversyn over denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

I følge bygdaboka bodde Kari igjen alene i 1900 i ei stugu kall Vevar-Kari stugu. Mest sannsynlig er Johannes død. Det er også uvisst når de flyttet fra Stamstadberget men bodde ikke der i 1900  ihvertfall

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Finnes det bilder?

Av Siri/Sigrid , Anna, Christine Marie / Christina Maria og Jacob?

 

Jeg vet mamma fant Siris gravstein i Sjolden/Forthun da jeg var liten (tidlig 1990 må det ha vært). Eksisterer den enda?

Jeg tror Anna Maria - Jacobs 4. barn tok seg av gravplassen. Hun døde for noen år siden nå...

Endret av Synnøve Heltne Skjoldhaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

My Heritage sier at Edel gifter seg med Mattheus Martinsen Grav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Videre sier My Heritage at Edel Alvilde og Mattheus hadde 8 barn:

Kristian Martin 26.02.1941 - 11.10.2002

Margith Mathilde

Magna Lovise

Borghild

Johannes Martin

Alfred

Olav

Astrid

 

(tipper dette er ditt tre Grete Flood)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita, Synnøve og Trond for nye interessante og spennande innlegg!

 

Om gravsteinen til Siri framleis eksisterer, veit eg ikkje, men han er ikkje i DIS-Noreg sitt gravminneregister, so eg fryktar for at han er borte.  Eg kjenner heller ikkje til bilete av Siri eller borni hennar, men om du får kontakt med etterkomarane etter Edel Grav, bør det vel vera godt håp om at dei i alle fall har eit bilete av Christine Marie...?  Og eg vil vel tru at det finst bilete i alle fall av Jakob mellom andre etterkomarar etter Jakob?

 

Då eg fekk sjå at Christian nytta Holth-namnet alt i 1900, gjekk eg gjennom dødsmeldingsregisteret i Christiania 1900-1910, men utan resultat.  So fann eg ut eg ville freista Rakkestad, og der fann eg dødsfallet til Christine Marie 5.3.1902: https://media.digitalarkivet.no/view/4764/152

 

Og med siste innlegget frå Synnøve fann eg fødsli til Mattheus Martinson Grav i Rakkestad 10.2.1893: https://media.digitalarkivet.no/view/4765/40

 

Her er huslyden på Grav i FT1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036353006365

 

Og med dei nye opplysningane som er komne om Erik Isakson, har eg oppdatert manuskriptet mitt som følgjer, til erstatning for manuskriptet i innlegg #8 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #23 under!

 

Det er kjekt på sjå at talet på «hòl» er på veg ned, og eg takkar på ny for framifrå innsats for å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne G. Sulheim

Far til Sigrid Jacobsdatter Sulheim, Jacob Hansson (1818-1884) budde i nokre år her på Nigard Sulheim. Han var reinsgjetar for Steinar Sulheim (1815-1856) som var brukar her. Det gjekk ord om skikøyringa til Jacob. Han vart nesten legendarisk på grunn av ferdigheitene han hadde på ski. Jacob fekk ein status i bygda på grunn av dette, og bragdene han gjorde og historiene om han vart vel ikkje dårlegare etter kvart. Det er skrive ein artikkel om han som kanskje er av interesse. («Litt om Reins-Jakup» av Eiliv Sulheim, Gudbrandsdølen 29.12.1967 og i «Heim og bygd» 1988, Lom heimbygdslag.)

Det var Jacob som rydda husmannsplassen Sulheimsbakken eller Jakobsjordet som den òg vert kalla. Det var ein nokså stussleg plass, bratt og austvendt med lite sol. Framleis ser ein murane her. Vi har prøvd å finne ut kor lenge denne plassen var i drift. Ut frå kyrkjebøkene finn vi at berre eit av borna (Synne 1854) vart fødd her. Det er fem år mellom Sigrid og barn nummer tre, - altså har dei maksimalt budd her i fem år, truleg stuttare.

Det var gardbrukaren her, Steinar Sulheim, som i 1851 kjøpte Eide i Luster. Sonen Torgeir Sulheim overtok etter kvart Eide. Det vert sagt at Sigrid reiste over fjellet og  vart tenestejente hjå Torgeir på Eide.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Hvis dette blir ei bok vil jeg kjøpe den!!

 

:)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Bestefar Johan fikk en Amerika arv fra familien i Lom har jeg hørt snakk om.....

Kan Erik Isakson dratt ditt, eller er dette noen andre??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

Matheus Grav har en kone nr 2. Lina Marie - født Tangen

 

Da er jeg usikker på hvor mange av de 8 barna som er Edel og Matheus felles barn...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Matheus Grav var enkemann da han giftet seg med Edel Alvilde Holth i 1941. Her er lysningen i Rakkestad (nr. 7): https://media.digitalarkivet.no/view/3209/4

 

Han døde 18.5.1953 i Rakkestad: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=470523

 

Han var først gift med Lina Marie Olsen. De giftet seg 19.9.1914 i Rakkestad (nr. 12): https://media.digitalarkivet.no/view/4762/184

Hun var født 12.11.1892 i Rakkestad (nr. 46): https://media.digitalarkivet.no/view/5478/170

Hun døde 24.8.1934 i Rakkestad (nr. 4): https://media.digitalarkivet.no/view/411/86

 

Jeg har funnet at Matheus og Lina Marie fikk 9 barn:

Magna Lovise, f. 26.1.1915: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/19

Borghild, f. 27.3.1917: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/22

Johannes, f. 4.9.1918: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/25

Margit Mathilde, f. 4.11.1920: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/29

Marta Lilly, f. 27.12.1922: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/33

Alfred, f. 18.2.1926: https://media.digitalarkivet.no/view/31871/39

Olav, f. 1.8.1928: https://media.digitalarkivet.no/view/31871/59

Astrid, f. 7.2.1933, jf. info på MyHeritage: https://www.myheritage.no/person-1500002_242705631_242705631/astrid-aasvistad-fodt-grav?show=events#!info

Jeg har ikke tilgang til navnet på det siste barnet (sperret på MyHeritage).

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne, Synnøve og Lars W. for interessante og nyttige innlegg!

 

Her dukkar det opp nye spennande fakta heile vegen, so det er ikkje alltid godt å halda tunga beint...  Men eg prøver no i alle fall.

 

No er ogso vigsli til Edel og Matheus komi på plass, og det er no ikkje so mange detaljane som manglar før eg er nøgd.  Det spørs vel om du, Synnøve, etter kvart burde tenkja på å ta deg ein tur til Rakkestad for å leita opp slekt?

 

Dette manuskriptet er ein del av oppdateringsarbeidet som eg held på med for å gjera dei første bandi av bygdebøkene for Luster frå 1980-talet meir fullstendige.  Dette er ein del av band I som vart utgjevi i 1984 og som i mellomtidi er utseld.  Manuskriptet til den boki vart skrive på vanleg skrivemaskin, og det fanst ikkje elektroniske hjelpemiddel.  Difor er det for meg ein draum å kunna nytta Digitalarkivet og andre databaserelaterte kjelder for dagens forsking!  No er det ikkje sagt at band I vil verta utgjeve på ny.  Nettopp på bakgrunn av utviklingi i datateknologien er det meir sannsynleg at me i Luster kommune kjem til å laga ei «elektronisk» utgåve der me kan foreta endringar og tillegg etter kvart som det er naudsynt.  Me ser for oss ein modell der ein eller kanskje to personar får ansvar for å halda bøkene à jour over tid, men der lesarane kan koma med innspel og gjera merksam på manglar og feil

 

Du har ogso eit spørsmål om arv frå Amerika via Lom.  Dette har eg ikkje høyrt om, og eg har vel mine tvil om at det har skjedd på Stamstad-sida.  Den gongen hadde ikkje «uekte» born nokon arverett med mindre dei vart lyste «i kuld og kjøn», men det var svært uvanleg...  Då trur eg heller denne arven kan stamma frå ein slektning av Siri sjølv.  Hadde ho kanskje søsken som utvandra til Amerika?

 

Her kjem so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #17 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Jacobsdotter Heltne, frå Glimsdal i Lom, var dotter av husmann Jacob Hansson på Kleivesletten under Glimsdal, opphavleg frå Øyen under Glimsdal, og kona Anna Olsdotter frå Øyjordet under Gaupar, men f. på Sulheimsbakken under Sulheim i Lom 22.2.1852.  Siri kom kring 1870 til Luster for å tena, og her vart ho buande.  Det må ha vore kring 1880 at ho fekk sett opp ei ny stove her i Leabakken 2 under Heltne, og ho budde her til ho d. 21.11.1934.  Ho arbeidde kringom på gardane, helst som budeie.  Siri Jacobsdotter vart ikkje gift, men me kjenner til tre born etter ho:

 1. Anna Christophersdotter Heltne, dotter av Siri og fiskar Christopher Olson Bolstad i Tromsø (1852-1908), opphavleg husmannsson frå Flatane under Bolstad, var f. 25.4.1876.

Anna Christophersdotter, og kjend som Anna Bolstad, flytte til Bergen i ung alder, men d. der på eit sjukehus 24.6.1899, ugift.

 2. Christina Marie, kjend som Marie Christophersdotter Heltne, likeins dotter av Siri og fiskar Christopher Olson Bolstad i Tromsø (1852-1908), opphavleg husmannsson frå Flatane under Bolstad, var f. 20.3.1879.

Marie Christophersdotter flytte til Christiania (Oslo) der ho 1.5.1900 gifte seg i Gamle Aker med Ole Christian Edvardson frå Thorudholtet, Sandbæk i Rakkestad, kjend som Christian Holth.  Han var son av skomakar og gardbrukar Edvard Nilsson på Thorudholtet, Sandbæk i Rakkestad, opphavleg frå

 

##### (ein plass, men kva for ein plass? – f. Rakkestad 26.3.1852)

 

under Julsrud, og kona Lovisa Marie Andersdotter frå Thorudholtet, Sandbæk og f. i Degernes, Rakkestad 8.5.1878.  Christian Holth var skomakar, og han og Marie budde i Christiania til dei i 1901 flytte til Pålsrud i Rakkestad der Marie d. 5.3.1902.  Christian vart sidan gardbrukar på Frydenlund, Linnestad i Rakkestad der han d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Rakkestad)

 

10.3.1965.  Dei fekk ei dotter i lag:

a. Edel Alvilde Christiansdotter Holth, f. i Christiania 22.10.1900, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd med far og son i Rakkestad)

 

     3.3.1987.  Ho gifte seg i Rakkestad 19.2.1941 med enkjemannen Matheus Martinson Grav, opphavleg frå Grav i Rakkestad, f. i Rakkestad 10.2.1893.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Rakkestad)

 

     18.5.1953.  Matheus Grav var vegvoktar og budde på Os i Rakkestad.  Han fekk i alt

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 10 born? – av dei var kor mange frå andre ekteskapet med Edel? – inkl.:

            * Kristian Martin Grav – f. 26.2.1941 – d. 11.10.2002 – gravlagd med mor og morfar Rakkestad)

 

 3. Jakob Erikson Heltne (1886-1976), son av Siri og husmann Erik Isakson i Stamstadberget under Stamstad i Lom (1854-

 

     ##### (dødsåret hans? – før 1900!?)

 

     fekk stova her i Leabakken 2 etter mori.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med å oppdatera denne huslyden og vonar at kanskje endå nokre detaljar kan komma på plass?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Synnøve Heltne Skjoldhaug

OK.

Edel...

Hun mister sin mor som 2 åring da https://media.digitalarkivet.no/view/4764/152 (som du fant Lars e. Øyane)

 

Mattheus og Lina Marie har 8 barn. Viser til innlegget til Lars Waaltorp

Magna Lovise, f. 26.1.1915: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/19

Borghild, f. 27.3.1917: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/22

Johannes, f. 4.9.1918: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/25

Margit Mathilde, f. 4.11.1920: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/29

Marta Lilly, f. 27.12.1922: https://media.digitalarkivet.no/view/31873/33

Alfred, f. 18.2.1926: https://media.digitalarkivet.no/view/31871/39

Olav, f. 1.8.1928: https://media.digitalarkivet.no/view/31871/59

Astrid, f. 7.2.1933, jf. info på MyHeritage: https://www.myheritage.no/person-1500002_242705631_242705631/astrid-aasvistad-fodt-grav?show=events#!info

 

Mattheus blir Enkemann 1934

 

4. februar 1941 Gifter Edel og Matteus seg. Hun ca 41 han ca 48.

https://media.digitalarkivet.no/view/3209/4

 

Kristian Martin: 26.02.1941 - 11.10.2002

 

Så det finnes en etterkommer etter Edel. Men hadde Kristian Martin barn, eller slutter Christine Maries linje her?

 

 

Endret av Synnøve Heltne Skjoldhaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne G. Sulheim

I samband med dåp av Sigrid Jacobsdotter står det i kyrkjeboka "Gaupar" bak namna til båe foreldra. Det tyder vel at foreldra budde på Gaupar da ho vart fødd. Kanskje Øyjordet under Gaupar der mora kom frå? Slik eg forstår det, er altså Sigrid fødd på Gaupar og ikkje Sulheimsbakken, men ho var truleg ikkje stor da ho flytte til Sulheimsbakken. Elles er det kanskje naturleg å nemne i ei bygdebok at døypenamnet hennar er Sigrid sjølv om ho seinare kalla seg/ vart kalla Siri?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.