Gå til innhold
Arkivverket

Anna Ingvaldsdotter (1839-1908) - frå Hauge i Luster til Grevelstad (eller Gløverstad?) i Skjåk - hvar vart det av borni hennar, Hans (1870) og Anna Marie (1876) - til Amerika - gift med Engebret Engebretsen frå Aurskog-Høland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har stått «bom fast» på i mange år, og eg sit i dag med følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Ingvaldsdotter (Hauge), f. i Luster 30.5.1839,

Anna Ingvaldsdotter flytte i ung alder til Skjåk der ho 25.4.1865 gifte seg med Ole Hansson frå Grevelstad øvre i Skjåk.  Han var son av gardbrukar Hans Thorson på Grevelstad øvre og kona Marit Olsdotter frå Dagsgård og f. i Skjåk 13.7.1829.  Ole og Anna vart først ei tid gardbrukarar på Kårstad i Skjåk, men tok snart over heimebruket hans på Grevelstad øvre der Ole Hansson d. 22.3.1892. Anna Grevelstad budde som enkje mellom anna som spinnerske på Bersu i Skjåk, men d. på Grevelstad i Skjåk 25.11.1908.  Dei fekk to born i lag:

 

 

##### (hadde dei kan henda fleire som døydde?)

 

 

a. Hans Olson Grevelstad, f. i Skjåk 20.10.1870,

 

 

     ##### (konfirmert Skjåk 1885 – fadder i Skjåk 1890 – lagnaden hans?)

 

 

b. Anna Maria Olsdotter Grevelstad, f. i Skjåk 5.6.1876, utvandra til Amerika i 1897,

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I kveld er det so dukka opp ein spennande «leietråd» etter at eg for snart to veker sidan la inn eit spørsmål om dødsmelding etter Anna i Arkivforum til Statsarkivet på Hamar!

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209481-dødsmelding-skjåk-1908-grøvelstadgløverstad/

 

Dotteri Anna Marie, som utvandra til Amerika i 1897, vert på ein GENI side sagt å ha gift seg med Engebret Engebretsen, fødd i Aurskog-Høland 10.1.1876, og dei fekk ei dotter Anna Borghild, fødd i Christiania 25.4.1903.  Eg pleier vera ganske skeptisk til det som eg finn på GENI, og difor har eg førebels ikkje ført dette inn i mitt manuskript, men eg tykkjer dette høyrest ganske so interessant ut, at eg gjerne vil få sjekka det ut?

 

I WW1 draft records frå Amerika finn eg ein Edward Engebretson, fødd 10.1.1877, farmar og saloon keeper i Eau Claire, WI.  I Social security recorden hans er namnet skrive Engebret Edward Engebretson.  Men han vert i 1920 oppgjeven vera gift (kring 1911?) med ei Inga, fødd i Noreg kring 1883... 

 

Ein Ingebret er fødd i Aurskog 10.1.1876 av foreldri Robert August Ingebretsen og Helene Mathea Johnsdotter Storebak under Stubjo....: https://media.digitalarkivet.no/view/5700/488

 

Kan det vera han?

 

Sonen Hans Olson, fødd i Skjåk i 1870 er nemnd som faddar i Skjåk so seint som i 1890, men forsvinn tydeleg òg frå bygd1...

 

Elles er eg svært i stuss når det gjeld dette gardsnamnet.  Stundom ser eg det skrive Grevelstad eller Grøvelstad, andre gongar Gløverstad, og eg er like viss på kva som rett...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant denne om Anna Borghild Engebretsen på diskusjonsforumet til DIS: https://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=68003

 

Anna Borghild, f. 25.4.1903, døpt i Trefoldighetskirken (nr. 42): https://media.digitalarkivet.no/view/694/92

Konfirmert i Aurskog 30.9.1917 (nr. 6): https://media.digitalarkivet.no/view/25959/12

(Anna) Borghild, bosatt på Slorbak i 1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036377003088

 

Anne Marie Ols. Grevelstad, utvandret til N. Dakota 5.7.1907: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000001094836

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for spennande og lovande innlegg!

 

Då ser det ut til at opplysningane frå GENI stemmer bra, bortsett ifrå at Anna Marie og Engebret aldri vart gifte, og eg ser jo då at dotter deira voks opp hjå farsætti si i Aurskog.

 

Det var svært so bra å få korrigert opplysningane eg hadde om at Anna Marie skulle ha utvandra alt i 1897.  Ho reiste altso 10 år etter med Nord Dakota som reisemål.  Eg har saumfare FT1910 for Nord Dakota, men finn ingen gode «treff»; det næraste eg kjem er denne jenta:

 

* Marie DANZ, fødd i Noreg 27.6.1875, døydde i Bottineau Co., ND 16.11.1944

 

Ho utvandra i 1907 og gifte seg i 1909 med Albert DANZ, fødd i Sveits 1879, som døydde i 1981, 102 år gamal.

 

MEN, fødselsdatoen er om lag eitt år feil, og gravstøtta hennar i Bottineau Co., ND syner som namn: Marie B. DANZ.  So eg trur personleg dette er eit «blindskòt»...

 

Eg har i dag vore i kontakt med den personen som spurte etter denne huslyden hjå DIS-Noreg i januar 2008, men ho kunne fortelja at ho framleis ikkje har greidd å finna ut noko meir om lagnaden korkje til Anna Marie eller til broren Hans!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden, og vonar framleis på at eitt og anna «gullkorn» kan dukka opp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Sven for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg veit ikkje kva William Powell hadde å gjera med Anne Marie, men det budde verkeleg ein William Powell i dette området i North Dakota:

 

William Armstrong Powell, fødd i Mifflin, PA 24.7.1878, var ugift og døydde i Benson Co., ND 9.6.1950.

 

Hadde William kan henda sendt eit «friarbrev» til Noreg??  Eg vil jo då tru at ein eller annan «mellommann» har vore «formidlar»...

 

Uansett, nokon Anna Marie Olson er ikkje å sjå i nærleiken av William i folketeljingane frå North Dakota...

 

MEN, me får då greie på at broren Hans Olsen i 1907 budde på Notodden!!

 

Eg har no leitt gjennom klokkarbøkene for Heddal 1903-1910, men finn ingen vigsler eller barnefedrar som «høver»....

 

Kanskje han har vore jarnbanearbeidar og berre flytt med anlegget?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og lever vidare i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er usikker på koblingen til William Powell, men jeg ser at Josefine Borgersen fra Sandefjord, som står oppført på linjen under Marie Olsen i skipslisten, også skal til William Powell. Kanskje de skulle jobbe for ham?

 

Da er det sannsynlig at det er denne William Powell, som ifølge WikiTree giftet seg med Effie Richter i Grand Harbor i North Dakota i 1904: https://www.wikitree.com/wiki/Powell-9484

 

William Powell i 1910 (med to barn født i North Dakota): https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLCZ-N87

 

William Powell på Findagrave.com: https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=87641976

 

Men fremdeles ingen spor etter Marie Olsen ...

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg tall til Lars W. for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg tykkjer òg det høyrest svært so merkelg ut at desse to unge damene frå Noreg skulle dra til William Powell i Nord Dakota.  I 1910 var han «merchant», og eg tykkjer det står noko med «implement».  Kan henda handla han med maskinelt farmarutstyr?

 

Eg har i mellomtiodi identifisert Josefine Anette Borgersen som fødd i Sandefjord 29.10.1880: https://media.digitalarkivet.no/view/4791/15

 

Her er ho i FT1900 med foreldri sine i Sandefjord: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037133001430

 

MEN, heller ikkje ho er det meir å sjå til i Amerika!!

 

Dette vert verkeleg ei skikkeleg utfordring å bryna seg på!  Kanskje broren kan finnast på Notodden?

 

Eg takkar igjen for framifrå innsats med denne so vanskelege huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Torgeir og Lars W. for siste innleggi frå april.

 

Eg har no med nye briller freista leita litt meir etter dei to borni til Anna Ingvaldsdotter, men står like fast som før!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Ingvaldsdotter (Hauge), f. i Luster 30.5.1839,

Anna Ingvaldsdotter flytte i ung alder til Skjåk der ho 25.4.1865 gifte seg med Ole Hansson frå Grevelstad øvre i Skjåk.  Han var son av gardbrukar Hans Thorson på Grevelstad øvre og kona Marit Olsdotter frå Dagsgård og f. i Skjåk 13.7.1829.  Ole og Anna vart først ei tid gardbrukarar på Kårstad i Skjåk, men tok snart over heimebruket hans på Grevelstad øvre der Ole Hansson d. 22.3.1892. Anna Grevelstad budde som enkje mellom anna som spinnerske på Bersu i Skjåk, men d. på Grevelstad i Skjåk 25.11.1908.  Dei fekk to born i lag:

a. Hans Olsen (Grevelstad), f. i Skjåk 20.10.1870,

 

     ##### (fadder i Skjåk 1890 – budde på Notodden i 1907 – lagnaden hans?)

 

b. Anna Marie Olsdotter Grevelstad, f. i Skjåk 5.6.1876, flytte i 1897 til Christiania og arbeidde der som strykerske, men utvandra derifrå som Marie Olsen til Amerika i 1907. 

 

     ##### (reisemål Grand Harbor, North Dakota! – lagnaden hennar? – NB – hadde ei dotter i Noreg!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingen spor etter Hans på Notodden og heller ikkje i FT1910!  Kan han ha følgt etter søster si til Amerika?

 

Og Anna Marie er framleis sporlaust borte i Amerika...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til oppsporingi av desse søskeni!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.