Gå til innhold
Arkivverket

Clara Johnsdotter Lavold (1738-1820) - frå Luster til Fresvik - so til Fimreite - til Jevnaker i Årdal og attende til Fimreite - utfordrande huslyd!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg forska på alt midt på 1980-talet.  For nokre veker sidan tok eg han opp att på «teiknebrettet», men no kjem eg ikkje lenger og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare!?

 

Clara Johnsdotter (1738-1820) frå Lavoll i Luster flytte i ung alder til Fresvik i Leikanger og tente der.  Ho vart gift og flytte først til Fimreite i Sogndal og sidan til Jevnaker i Årdal.  Mannen døydde der, og ho flytte attende til Fimreite der ho døydde.

 

Det er ikkje so mange detaljane som manglar, men ei stor utfordring er spørsmålet om lagnaden til yngste dotteri Mari Hansdotter, fødd 1780.  Ho levde i 1797, men vert sidan borte!

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Clara Johnsdotter (Lavold), døypt i Luster 22.7.1738, vart konfirmert i Luster i 1757.

Clara Johnsdotter flytte kring 1760 til Fresvik i Leikanger der ho 27.10.1766 gifte seg med Hans Olson frå Nyborg i Fresvik.  Han var son av gardbrukar Ole Lasseson på Nyborg og kona Ingeborg Christensdotter frå Stegen i Aurland, men vart døypt i Leikanger 3.2.1737.  Hans og Clara budde først nokre år på Nyborg i Fresvik, men flytte først i 1770‑åri til plassen Haugaviki under Fimreite i Sogndal.  Derifrå flytte dei so noko seinare til plassen Ospeteigen

 

##### (sjekka om det var på denne plassen dei budde?)

 

under Jevnaker i Årdal der Hans d. 1.8.1795.  Clara flytte som enkje attende til Fimreite og vart gravlagd som legdelem i Sogndal 16.1.1820.  Clara og Hans fekk seks born i lag:

a. Inga Hansdotter, døypt i Leikanger 10.8.1766, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – før 1773)

 

b. Hans Hansson, døypt i Leikanger 4.1.1769, d. som husmann på Fimreite 21.3.1844.  Hans flytte sist på 1790-talet med mor si attende til Fimreite og gifte seg i Sogndal 14.11.1810 med Synneva Andersdotter frå Sanden under Nornes, døypt i Sogndal 15.2.1784.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ei husmannskone Synneva Andersdotter Stutun, d. 5.6.1832, 61 år gamal, men er nok litt for gamal!?)

 

     Hans og Synneva var husmannsfolk på Tangen under Fimreite og fekk fem born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Britha, døypt 22.12.1811  Fimreite

            * Hans, døypt 8.5.1814  Fimreite

            * Anders, f. 14.1.1816  Tangen u. Fimreite

            * Ole, f. 7.5.1822  Fimreite – hd.

            * Christen, f. 19.10.1824  Tangen u. Fimreite)

 

c. Ingeborg Hansdotter, døypt i Leikanger 25.11.1770, er truleg ho som i 1801 var «vanfør» og budde på Seim i Årdal og d. på Aspreim i Årdal 18.10.1803, ugift.

d. Inga Hansdotter, døypt i Sogndal 30.5.1773, d. som legdelem på Vandanes i Sogndal 19.3.1854.  Ho tente ei tid på Fimreite, men gifte seg i Sogndal 8.11.1808 med enkjemannen Jens Larsson, opphavleg frå Kvam i Sogndal, døypt i Sogndal 17.10.1756.  Han d. som legdelem på Vandanes 27.9.1835.  Jens gifte seg første gongen i Sogndal 17.5.1796 med Cecilia Olsdotter frå Navarsete, f. i Sogndal våren 1765, men ho vart gravlagd frå Vandanes 16.6.1808.  Jens var husmann på Vandanes under Barsnes og fekk tre døtrer; av dei var ei frå andre ekteskapet med Inga.

 

     ##### (borni:

            * Agatha Jensdotter, døypt Sogndal 1.12.1798

            * Anna Jensdotter, døypt Sogndal 2.10.1803

            * Cecilie Jensdotter, f. Vandenes 4.12.1815 – døydde 2.7.1906)

 

e. Ole Hansson, døypt i Sogndal 16.5.1776, vart gravlagd som husmann frå Fimreite 6.5.1820.  Han flytte òg med mori attende til Fimreite, men tente òg ei tid på Simlenes i Leikanger til han 16.6.1812 gifte seg i Sogndal med Britha Pedersdotter frå Slinde,

 

     ##### (sjekka opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1784?)

 

     Ho d. som strandsitjarenkje på Slinde 25.12.1858.  Ole og Britha busette seg som husmannsfolk på Kvammen under Fimreite og fekk fire born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Sigrid, døypt 29.11.1812  Krogen (under Fimreite?)

            * Hans, f. 23.7.1815  Kvammen under Fimreite

            * Hans, f. 28.2.1817  Kvammen under Fimreite

            * Peder, f. 26.11.1818  under Fimreite)

 

f. Mari Hansdotter, døypt i Sogndal 19.9.1780,

 

     ##### (n. 1797 – seinare lagnad)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt om Nyborg. Dette er ein plass på Frønningen oppe på Frønningaåsen. Folka på Frønningen nytta vanlegvis kyrkja i Fresvik, så dei er nok registrerte under Fresvik i kyrkjebøkene. Far til Hans Olson heitte Ole Lasseson Grundeland og kom frå Grundeland i Fresvik, men meir veit me ikkje om han.

Anne Marie Bøtun Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne Marie for interessante opplysningar om Nyborg og Ole Lasseson.

 

Eg har notert opplysningane i manuskriptet mitt!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden, særleg med von om at lagnaden til yngste dotteri Mari vil komma for ein dag...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.