Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Astrid Knutsdotter Disrudeiget - fødd i Nord-Aurdal 1860 - til Amerika før 1865? - kven var foreldri hennar? - utvandringsår? - kva plass under Disrud budde dei på?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny utfordring er kommi frå Amerika:

 

Astrid Knutsdotter Disrudeiget var fødd i Nord-Aurdal i Valdres 22.2.1860 av foreldri Knut Nilsson og Ragnhild Arnesdotter, husmannsfolk: https://media.digitalarkivet.no/view/8983/67

 

Foreldri gifte seg i Nord-Aurdal 8.3.1853 - Knut er kalla Disrudeiget, medan Ragnhild er kalla Sørum(?): https://media.digitalarkivet.no/view/8983/125

 

Knut Nilsson vart konfirmert i Disrudeiget i 1843: https://media.digitalarkivet.no/view/8983/84

 

Foreldri budde 1865 på plassen Svartholet under Disrud nedre, so der må Knut vera oppvaksen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038074005520

 

Ragnhild Arnesdotter vart konfirmert i Disrudeiget i 1845: https://media.digitalarkivet.no/view/8983/87

 

Huslyden utvandra i 1862 til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/8983/160

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Valdres, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, som kan hjelpa meg finna ut:

 

** På kva plass under garden Disrud var det at Knut og Ragnhild budde før dei i 1862 utvandra til Amerika?

 

** På kva plass under kva gard var Ragnhild Arnesdotter oppvaksi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Marit, 1853

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW15-QFS

 

Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Fødte og døpte 1853, Side 39
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610043.jpg
 

Nils, 1855

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW15-WLR

 

Oppland fylke, Aurdal i Nord-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1842-1863), Fødte og døpte 1855, Side 47
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207610051.jpg
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det er tydeleg at denne huslyden heldt seg til plassar under Disrud.  Det er berre so synd me ikkje får greie på namni til desse plassane.

 

FT1865 syner at det under Disrud nedre var tre plassar, Svartholet og to plassar som berre heitte «Pladsen», medan det under hin Disrud-garden (Disrud nordre), var to plassar, som båe òg heitte «Pladsen»

 

FT1875 er det under Disrud nordre berre ein plass, «Pladsen» eller «Disrudpladsen», medan det under Disrud nedre er tre plassar, to av dei med namn «Pladsen» eller «Disrudpladsen» og ein tredje som heitte Navarskaar!

 

Her treng me nok lokal kunnskap for å få greie på kven som budde kvar i tidi før 1862...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og gler meg over kvart einaste vetle «gullkorn» som fell ned...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.