Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

SF Innvik - Arne Olsson Heggdal si kone Mari Antonsdtr, ca 1735-1790 - frå Ytre Henden?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg lurer på om nokon har arbeidd med desse personane og kan bekrefte eller avkrefte det eg trur eg har funne i dag.

 

I samband med eit anna spørsmål vart eg sitjande og sjå på 2 Mari Antonsdtr Ytre Henden, fødde med ca 5 års mellomrom. Den eine, fødd i 1730, var dotter til Anton Endreson og kona Mari Gullbrandsdtr, og ho vart seinare gift med Ola Nilsson Rygg, og er godt ivareteken der.

 

Den andre var dotter til Anton Jonson og kona Synnøve Olsdtr, og bør vere fødd ca 1737 (det er pause i kyrkjeboka akkurat då). Eg finn henne i 1753, både som konfirmant, og som nemnd i skiftet etter stefaren - der står ho nemnt saman med ein bror og tre systre, fordi dei har farsarv til gode i buet.

 

Seinare har eg ikkje funne henne. Men i dag gjorde eg som eg rett som det er gjer - søkte gjennom basen min for å finne om eg hadde ei Mari Antonsdtr med ukjent opphav - og det hadde eg. Kona til Arne Olsson Heggdal har dette namnet, og skal etter alder ved død, vere fødd rundtom 1735. Eg finn ikkje vigsla til desse to nokon stad, og bygdeboka har føreslått at ho var frå Hilde i Innvik (eg veit ikkje kvifor).

 

Eg spør meg då straks om det kan vere Mari Antonsdtr Henden eg har funne. Heggdal og Henden ligg ein ikkje altfor dryg rotur frå kvarandre, og det har vore mykje gifting fram og tilbake mellom Gloppen og Innvik. I tillegg til passeleg namn og alder, bit eg meg merke i to ting:

 

Arne og Mari har mange born. Den dottera som etter gammal skikk bør kallast opp etter mormor, heiter Synnøve - som Mari Henden si mor gjer.

 

I 1767 er Ola Apalset fadder på eit av borna deira. Han er gift med Rebekka Antonsdtr Henden - syster til den aktuelle Mari Antonsdtr Henden.

 

Eg har berre desse få indisia, og før eg grev meg lenger ned, spør eg: Er det nokon som har sett på dette spørsmålet før?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Nytt indisium: I 1772 er Arne Heggdal fadder på eit av Anton Jensson Rand sine born. Anton er gift med Brite Andersdtr Ytre Henden, som er halvsyster til den aktuelle Mari Antonsdtr.

 

Og på motståande side er Maren Heggdal fadder til tvillingen Synnøve. Eg er meir og meir sikker på at eg har rett.

 

SAB, Innvik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1750-1816, s. 80
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509640362
 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg har nokon kjennskap til desse personane frå før, men eg legg merke til at til slutt i skiftet etter Mari Antonsdtr. Heggdal, vart nemnt at enkemannen Arne Olsen hadde vore formynder for Mons Antonsen Tvinnereim, men seinare skulle guten sin stefar vere ny formynder. Slike endringar var vanlege når barnet var den avdøde si slekt. Mons Anthonsen sin far heitte Anthon Andersen, og var ifølge giftermålet i Davik frå Henden. Kanskje var han halvbror til Mari Anthonsdtr. Henden? Anders Mathissen og Synneve Olsdtr. fekk i alle høve ein son Anthon i 1747, noko som høver bra med alderen til Anthon Andersen Tvinnereim ved dødsfallet hans. Kona Jøde Monsdtr. var frå Sigdestad i Ålfoten, og ved eit skifte der etter Ole Monsen finn vi både Anthon Andersen Tvinnereim og Arne Olsen Heggdal som formynder for borna: https://media.digitalarkivet.no/sk20081201630213

Ole Monsen Sigdestad si kone Anne Christine Anthonsdtr. var frå Ytre Henden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for interessant svar! Ja, Anton Andersson var halvbror til Mari Antonsdtr - som vanleg oppkalla etter den avdøde ektefellen til mora.

Og Anne Kristine Sigdestad er heilsyster til Mari Antonsdtr. At Arne Heggdal er med som formyndar i dette skiftet, gjer meg overtydd om at eg har funne rett løysing - at Mari Antonsdtr Heggdal og Mari Antonsdtr Ytre Henden er den same. Takk igjen!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.