Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Adolf Milde Johansen (Gjertsen) , fødd i Ankenes 1882, død i Tromsø 1923 - kone og barn døydde før han - kven var dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er «plukka ut» som ein mindre del frå følgjande større tema for at dei som kan ha spesiell kunnskap om denne Adolf Milde Johansen kan treffa på personen utan å måtte lesa eit langt tema: https://forum.arkivverket.no/topic/207967-johannes-gjertsen-fødd-i-luster-1832-fiskar-via-nordland-måsøy-kåfjord-til-ankenes-narvik-gift-med-maren-christine-holm-baptist-frå-tromsø-huslyden-deira/

 

Det gjeld denne sonen i huslyden: Adolf Milde Johansen - òg kjend som Adolf Milde Gjertsen - fødd i Ankenes 1.4.1882 som son av Johannes Gjertsen og Maren Christine Ambrosiusdotter f. Holm: https://media.digitalarkivet.no/view/6689/19

 

Konfirmasjonen hans i Ankenes i 1896: https://media.digitalarkivet.no/view/2106/101

 

FT1900 for Ankenes: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037534006854

 

FT1910 for Ankenes: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036932002067

 

Vigsli til søsteri Marie 5.12.1912 i Narvik der Adolf Gjertsen er forlovar: https://media.digitalarkivet.no/view/39669/71

 

Fram til og med 1912 synest han kalla seg for Adolf Milde Gjertsen, men ved dødsfallet er namnet vorte til Adolf Milde Johansen, død i Tromsø, skipstømmermann og enkjemann, 11.6.1923: https://media.digitalarkivet.no/view/3741/473

 

I dødsmeldingi hans står følgjande:

 

«Adolf Milde Johansen, enkjemann og sjømann, død 11.06.1923, 41 år - Tromsø - ingen bopel.  Som ervingar er oppgjevne søsken:

* Castor Gjertsen, Vestregt 43

* Charloth Pedersen, Gryllefjord

* Marie Kristensen, Gryllefjord

* Konstance død i Amerika etterlet to born

Adolf vart innlagd på Tromsø tuberkulosehjem 27.12.1921.  I journalen er det oppgjeve at kone og ett barn er døde av tuberkulose.»

 

Som me har sett, var Adolf framleis ugift i Ankenes i 1910, og han er nemnd som forlovar då eine søsteri gifte seg i Ankenes i 1912.

 

Utfordring:

 

*** Er det mogeleg å finna ut kven kona hans var, vigselsdato og -stad, kvar dei budde og kva barn dei fekk?

 

Eg er heilt «blank» her og ville setja stor pris på kvar einaste vesle detaljopplysning som måtte dukka opp!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

 

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Tromsø
  • Kommunenummer: 1902
  • Gatenavn: Rektor Stens gate 15
  • Gatenr:
  • Bydel:
  • Gårdeier:
  • Antall leiligheter: 2

Antall personer registrert på bostedet: 8


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Kastor Gjertsen hf g Sømand 27.03.1876 Altinfjord n
  Adine Gjærtsen hm g Husligt arb. 23.10.1878 t  
  Karl Johan Gjærtsen s ug Barn 18.01.1899 t  
  Vilmar Gjærtsen s ug Barn 05.06.1905 t  
tidslinje.gif Henrik Kornelius Holm hf g Snedker S 22.05.1848 Vardø n
  Anna Johanna Holm hm g Husligt arb. 25.08.1867 Lyngen  
  Henry Ivan Holm s ug Barn 13.01.1903 t  
  Hildur Agnete Holm d ug Barn 13.05.1910

t

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1902&kenr=006&bnr=0058&lnr=01

 

----

 

Her står Adolf med feil dødsår.

 

Adolf Milde Gjertsen icn_world.gif?1374097518

Kjønn: Mann
Født: 1. april 1882 
Ankenesstranda, Nordland, Norway
Død: 1925 (42)
Nærmeste familie:

Sønn av Johannes Gjertsen Fladhammer og Maren Christine Holm 
Bror av Kastor Kristian Gjertsen; Marie Kristine Holm Johannesdatter Abrahamsen; Charlotte Gurine Johannesdatter Gjertsen og Konstanse Johanna Rut Johannesdatter Gjertsen 
Halvbror av Ambrosius Amandus Holm; Johannes Johannessen og Elise Margrete Kristiansdatter Løb 

Lagt til av: Karl Ragnar Gjertsen 5. februar 2008
Administrert av: Karl Ragnar Gjertsen

https://www.geni.com/people/Adolf-Milde-Gjertsen/5113666938230064208?through=4932503877350138609

 

Kommentaren  i basen stemmer vel ikke helt.Han var jo gift,ifølge dødsmeldingen.

 

"Adolf var ikke gift. Han døde av tuberkulose på sanatoriet i Tromsø."

 

Har sendt melding til administrator av basen.

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Har ikke funnet at han giftet seg i Tromsø.Sjekket vielser f.o.m 1910 t.o.m.juni 1923.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Har heller ikke funnet at han giftet seg i Ankenes .Sjekket vielser f.o.m 1910 t.o.m.juni 1923.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for tapre freistnader på å lokalisera Adolf Milde Gjertsen/Johansen og vigsli hans.

 

Me kan vel berre slå fast at han gøymer seg skikkeleg godt...  Som sjømann kan han vel forsovidt ha gift seg nær sagt kvar som helst...

 

MEN, han må vera der ute ein eller annan stad, og me veit det nyttar å leita...

 

Ein ny kjempetakk til Ann-Mary for kjempefin innsats!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har ein kjenning av meg finne svaret på denne utfordringi!  Han vil gjerne vera anonym, men skriv følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her gravlegges en Arne Meier med far Adolf J.
Arne Meier var født 26.08.1914 og døde 8.2.1915
SATØ, Hammerfest sokneprestembete, Ministerialbok nr. 14, 1906-1916, s. 186
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050217010409
 
Her er Arne Meier innført som nr 3 og vi får bekrefte at ha er Adolf Mildes sønn:
SATØ, Hammerfest sokneprestembete, Ministerialbok nr. 14, 1906-1916, s. 72
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050217010295
 
Her gravlegges Alida Kristine Engel som nr. 11:
SATØ, Hammerfest sokneprestembete, Ministerialbok nr. 14, 1906-1916, s. 186
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050217010409

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette fann eg vigsli deira i Hammerfest 9.3.1914: https://media.digitalarkivet.no/view/114/155

 

Eg fann ikkje dåpen hennar, men fødselsdatoen er oppgjeven ved vigsli, og følgjande manuskript er då klart:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

f. Adolf Milde Johannesson Gjertsen, kjend som Adolf Johansen, f. i Narvik, Ankenes 1.4.1882, d. som sjømann og enkjemann på ein sjukeheim i Tromsø 11.6.1923.  Han gifte seg i Hammerfest 9.3.1914 med Alida Kristine Engel Christophersdotter Paulsen frå Hammerfest, f. i Hammerfest 4.11.1889.  Ho d. i Hammerfest 3.6.1915.  Adolf var dagarbeidar og sidan fiskar, harpunar og sjømann.  Han budde i Ankenes til kring 1913 og sidan nokre år i Hammerferst, men flytte til sist til Tromsø.  Han og Alida fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dermed er dette problemet løyst, og opplysningane vert overførte til hovudemnet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne gigantiske utfordringi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.