Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Jens Nilsson Gudvangen (1842) og Guri Simonsdotter Skjerpe (1838) - flytte 1868 frå Aurland til Aure på Nordmøre - lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jens Nilsson Gudvangen, fødd i Aurland 12.2.1842 og

Guri Simonsdotter Skjerpe, fødd i Ulvik 9.3.1838

gifte seg i Aurland 21.12.1867 og fekk i 1868 flytteattest til Aure på Nordmøre

 

Huslyden i FT1875 på Saugstuen i Aure: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052357005161

 

Huslyden i FT1900 på Sæmundset i Aure: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037421001414

 

Huslyden i FT1910 på Sæmundset, Solstad i Aure: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036801001669

 

Eg har blatt meg igjennom klokkarbøkene for Aure sokn i Aure, der Sæmundset skal liggja, frå 1910 til 1936, men finn ingen av dei avlidne der.

 

Eg søker for mitt føremål følgjande opplysningar om denne huslyden:

 

** Kva årstal vart Jens og Guri gardbrukarar på Sæmundset og kvar budde dei før den tid?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Jens Nilsson Gudvangen?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Guri Simonsdotter Gudvangen, f. Skjerpe?

 

** Talet på søner og døtrer fødde til desse foreldri?

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Aure som kan gje svar på dei fleste av desse spørsmåli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for kjempefint innlegg!

 

Eg fann ein referanse til dødsfallet hennar Guri i 1918, og ved nærare ettersyn fann eg ho avlidi på Sæmundset som kårenkje, fødd i Hardanger, døydde 14.2.1918: https://media.digitalarkivet.no/view/6375/263

 

Då bladde eg lite vetta nøyare gjennom sidene foran, og der fann eg ogso dødsfallet til Jens, kårmann på Sæmundset, fødd i Aurdal(!), døydde 20.5.1915: https://media.digitalarkivet.no/view/6375/255

 

So då er dei to spørsmåli med eitt løyste!!

 

Ein ny kjempetakk til Randi Elisabeth, som eg ser i mellomtidi òg er kommi med dødsfallet hennar Guri!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for siste innlegg som stadfester dødsfallet til Jens Gudvangen!

 

Då har eg sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Nilsson, f. i Aurland 12.2.1842, d. som kårmann på Sæmundset i Aure 20.5.1915.  Jens gifte seg i Aurland 21.12.1867 med Guri, kjend som Gyri Simonsdotter frå Skjerpe, f. i Ulvik 9.3.1838.  Ho d. som kårenkje på Sæmundset 14.2.1918.  Jens og Gyri flytte i 1868 til Aure på Nordmøre der dei på 1870-talet slo seg ned som gardbrukarar på Sæmundset.  Dei skreiv seg for Gudvangen ogso i Aure og budde på Sæmundset levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (kor mange? - minst fem! – inkl.:

            * Nils, f. Aure 1869 – n. 1875

            * Marie Rakel, f. Aure 1871 – n. 1875

            * Simon, f. Aure 15.12.1876 – n. 1900/1910

            * Johanna, f. Aure 5.2.1880 – n. 1900

            * Endre, f. Aure 1884 – n. 1900)

 

     born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar Randi Elisabeth på ny for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden og vonar kanskje talet på born ogso kan sjekkast ut etter kvart?  Det er mange hòl i denne barnerekkja...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nils konfirmert i 1885:

https://media.digitalarkivet.no/view/15681/118

 

Rakel Marie i 1887:

https://media.digitalarkivet.no/view/15681/122

 

Simon konfirmert i 1891:

https://media.digitalarkivet.no/view/15681/132

 

Johanna konfirmert i 1895:

https://media.digitalarkivet.no/view/15681/143

 

Endre i 1899:

https://media.digitalarkivet.no/view/15681/152

 

De fem barna som er nevnt, nådde alle konfirmasjonsalderen.

 

Har ikke lett etter flere barn i dåpsbøkene.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Då forstår eg det slik at Jens og Guri ikkje fekk fleire born enn dei fem som er nemnde, og med dette er problemet løyst!

 

Ein ny kjempetakk til Randi Elisabeth for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.