Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kirsti Dyresdotter alias Christie Olson, fødd i Luster 1827 - utvandra som enkje i 1888 og budde hjå sonen Nils i Buffalo Co., WI i 1900 - kvar vart ho av, og kvar vart det av sonen og ein soneson som òg reiste over?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei kjempeutfordring som eg har vore nær ved å gje opp fleire gongar, men Brukarforum har ein eigen evne til å greia slike oppgåver, so eg vågar å freista:

 

Kirsti Dyresdotter (Prestegard), fødd i Luster 4.9.1827, var enkje etter husmann Ole Nilsson Kroken (Teigen) (1817-1874) då ho i 1888 utvandra til Amerika.

 

Sonen Nils Olson Kroken (Teigen), fødd i Luster 28.6.1863, utvandra alt i 1887, og ved FT1900 budde mor Christie Olson og son Nels W. Olson i lag i Nelson township, Buffalo Co., WI - sonen er ugift «cook»:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6P97-JH9

 

Ein soneson Ole Andersson Kroken (Teigen), fødd i Hafslo 13.1.1876, utvandra i 1892, truleg for å bu hjå onkel og farmor, men han skal ha vorte sjuk og døydde tidleg, truleg før 1900!?

 

Eg ser ikkje noko meir til Christie etter 1900, men Nels W. Olson er nemnd både i 1905 og i 1910, då han arbeidde som bartender og boarding house manager i nærliggjande Chippewa Falls, Chippewa Co., WI, framleis ugift.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6P97-JH9?mode=g&cc=1443899

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-9HG3?mode=g&i=12&cc=1727033

 

Men so vert han borte for meg!!

 

Er det mogeleg å finna lagnaden til Christie Olson, son hennar og soneson hennar i Wisconsin???

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

So har eg etter ein del leiting sjølv greidd å finna lagnaden til Kirsti:

 

Etter at sonen Nels flytte frå Nelson township, Buffalo Co., WI, flytte ho tydeleg inn hjå ei brordotter Mary Nelson som budde i Modena township, Buffalo Co., WI (jmf. FT1910), og der døydde ho 10.7.1914.

 

MEN sonen Nels W. Olson er framleis eit «mysterium», som eg vonar at nokon kan greia å finna ut av?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som står ganske so «uløyst», men der i dag har gjort ei ny oppdaging...

 

Eg fann i fjor sjølv lagnaden til Kirsti Dyresdotter (sjå innlegg #2), som døydde hjå ei brordotter i Buffalo Co., WI 10.7.1914, men framleis saknar eg fleire opplysningar om:

 

** Nils Olson, alias Nels W. Olson, son hennar, fødd i Luster 28.6.1863, utvandra i 1887 og sist kjend som busett (ugift) i Chippewa Falls, WI i 1910, men i dag oppdaga som «clerk» på «Norway Hotel» i Chippewa Falls, Chippewa Co., WI i 1920:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/15420274?pid=988560003&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D988560003%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10150%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10150&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

** Ole Anderson, alias Ole A. Teigen eller Krogen, soneson hennar, fødd i Hafslo 13.1.1876, utvandra i 1892, som etter kva som vert fortalt, skal ha vorte sjuk og døydde snart etter han kom til Amerika!

 

Er det i det heile tatt mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til desse to gutane?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempegåta?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen

? "Farming interests in Dakota"

The Chippewa Herald (Chippewa Falls, Wisconsin) 27 Sep 1903, Sunday, Page 3

 

The Chippewa Herald (Chippewa Falls, Wisconsin) 27 Sep 1903, Sunday, Page 3.jpg

Edited by Egil Johannessen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
På 8.5.2017 den 0.59, Lars E. Øyane skrev:

Sonen Nils Olson Kroken (Teigen), fødd i Luster 28.6.1863, utvandra alt i 1887, og ved FT1900 budde mor Christie Olson og son Nels W. Olson i lag i Nelson township, Buffalo Co., WI - sonen er ugift «cook»:

 

På 8.5.2017 den 0.59, Lars E. Øyane skrev:

Ein soneson Ole Andersson Kroken (Teigen), fødd i Hafslo 13.1.1876, utvandra i 1892, truleg for å bu hjå onkel og farmor, men han skal ha vorte sjuk og døydde tidleg, truleg før 1900!?

 

Har du noen anelse om hvor de bodde før 1900?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
På 8.5.2017 den 0.59, Lars E. Øyane skrev:

Sonen Nils Olson Kroken (Teigen), fødd i Luster 28.6.1863, utvandra alt i 1887, og ved FT1900 budde mor Christie Olson og son Nels W. Olson i lag i Nelson township, Buffalo Co., WI - sonen er ugift «cook»:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6P97-JH9

 

Lenken din går til 1905 Census

 

Legger inn 1900 - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMK9-LFH

 

The 1900 United States Federal Census
Name:    Nels W Olson
Age:    37
Birth Date:    Jun 1862
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Nelson, Buffalo, Wisconsin
Sheet Number:    4
Number of Dwelling in Order of Visitation:    71
Family Number:    73
Race:    White
Gender:    Male
Immigration Year:    1887
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Single
Father's Birthplace:    Norway
Mother's name:    Christie Olson
Mother's Birthplace:    Norway
Years in US:    13
Naturalization:    Na
Occupation:    Cook
Months not employed:    0
Can Read:    Yes
Can Write:    Yes
Can Speak English:    Yes
House Owned or Rented:    O
Home Free or Mortgaged:    M
Farm or House:    F
Household Members:    
Nels W Olson    37
Christie Olson    70

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye innlegg om denne huslyden!

 

For å svara på det siste spørsmålet ditt, nei, eg har ingi aning om kvar dei kan ha butt før 1900 om dei ikkje var i Buffalo Co., WI, men det var interessant å sjå at Nels hadde «farming interests» i Dakota!  Det var ei viss flytting av sogningar frå Buffalo Co., WI før hundreårsskiftet til Dakota; eg kjenner soleis til fleire som hamna i Polk Co., MN og i Grand Forks County, ND, men ein rask sjekk av dødsregisteri for North Dakota, som ikkje ligg hjå ancestry.com, syner ingen «mistenkelege» dødsfall der for nokon Nels Olson, med eller utan mellombokstav...

 

Denne utfordringi er nok ikkje av dei enklaste å løysa, men eg rettar ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane på å løysa denne kjempenøtta!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som harf lege «i dvale» i to år.

 

Eg står framleis «på staden kvil» når det gjeld lagnadane til Nils alias Nels W. Olson og brorsonen Ole Anderson Teigen/Kroken.  Eg syner til innlegg #3 der siste status er attgjeven:

 

** Nils Olson, alias Nels W. Olson, fødd i Luster 28.6.1863, utvandra i 1887 og sist kjend som (ugift) «clerk» på «Norway Hotel» i Chippewa Falls, Chippewa Co., WI i 1920:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/15420274?pid=988560003&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D988560003%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10150%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10150&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

** Ole Anderson, alias Ole A. Teigen eller Krogen, brorson hans, fødd i Hafslo 13.1.1876, utvandra i 1892, som etter kva som vert fortalt, skal ha vorte sjuk og døydde snart etter han kom til Amerika - dødsfallet hans er ikkje finne i Buffalo Co., WI der huslyden då budde...!

 

Eg ville vorte svært so glad om  nokon kunne hjelpa meg finna lagnadane til desse to gutane og takkar på ny for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.