Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jørgen Andersson Tangen (1761-1841) - frå Årdal til Bergen - gift med Maren Christensdotter (?1763-1828) - kven var Maren?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgongspunkt i tema #82516 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/167851-82516-anders-olson-tangen-i-årdal-1726-1774-og-fem-born-som-berre-forsvinn-ysogn/#comment-1434676

 

Jørgen Andersson (Tangen), døypt i Hafslo 27.9.1761, men oppvaksen i Årdal, døydde i Bergen 22.10.1841.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 26.2.1792 med ei Maren Christensdotter, som ifølgje FT1801 skal vera fødd kring 1763, uvisst kvar.  Ho døydde i Bergen 5.5.1828.

 

Kven var denne Maren Christensdotter?

 

I innlegg #13 i det gamle emnet nemner Grethe at ei Maren Christensdotter var kommunikant i Krosskyrkja i Bergen i 1790 og at ho då var nemnd i lag med ei Ragnhild Christensdotter og ein Henrik Christenson, som kan henda var søskeni hennar?  Om det då var den same Maren Christensdotter??

 

Elles var borni til Jørgen og Maren dei følgjande:

 

* Jørgen, f. KK 22.10.1789: https://forum.arkivverket.no/uploads/monthly_2017_05/kb20070321610442.jpg.ad4ff835e821929c517efcd1d544c00d.jpg

* Andreas, f. DK 20.1.1793: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/43

* Carl Christian, f. NK 1.9.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/114

* Andreas, f. NK 8.3.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/130

* Johannes, f. NK 30.6.1800: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/144

* Andreas, f. NK 15.10.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/162

* Anna Karine, f. NK 27.8.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/182

 

Ingen av fadrane til nokon av desse borni er til hjelp når det gjeld å seia noko om mori og opphavet hennar...

 

Eg står med andre ord ganske so «fast» når det gjeld opphavet til Maren Christensdotter, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har sett litt på konfirmantlistene for Krosskyrkja i Bergen, og ser at:

 

** Ragnhild Christensdotter, 16 år, vart konfirmert i 1786

 

** Henrik Christenson Garnæs, 15 år, vart konfirmert i 1790

 

Ragnhild, Henrik og Maren opptrer i lag som kommunikantar seinhaustes 1790, medan Ragnhild og Maren er kommunikantar utan Henrik våren 1790.  Høyrest rimeleg ut, for Henrik var jo enno ikkje konfirmert på våren...

 

Elles ser det ut til at Ragnhild Christensdotter ogso kommuniserte åleine i 1800 som tenande hjå Krøpelin, og då må det vera ho som i 1801 vart ugift 32 år gamal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390014914

 

Kan denne Ragnhild, rimelegvis ho som vart konfirmert i Krosskyrkja i 1786, vera identisk med denne jenta døypt i Kvinnherad 28.5.1769 som dotter av Christen Erikson Malmanger? https://media.digitalarkivet.no/view/11552/161

 

Eller er eg fullstendig på «bærtur»?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×