Gå til innhold
Arkivverket

Anders Andersson Tangen (1768-1819) - frå Årdal til Bergen - gift med Olina Hansdotter (?1767-1818) - kven var Olina? - kan henda frå Skarstein i Davik?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet tek utgongspunkt i tema #82516 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/167851-82516-anders-olson-tangen-i-årdal-1726-1774-og-fem-born-som-berre-forsvinn-ysogn/#comment-1434676

 

Anders Andersson (Tangen), fødd i Årdal 20.7.1768, døydde i Bergen 6.5.1819.  Han gifte seg som enkjemann i Bergen 6.9.1797 med ei Olina Hansdotter, som ifølgje FT1801 skal vera fødd kring 1767, uvisst kvar.  Ho døydde i Bergen 5.7.1818.

 

Kven var denne Olina Hansdotter?

 

I innlegg #14 i det gamle emnet nemner Grethe at ei Olina Hansdotter vart døypt i Davik 22.11.,1767 av foreldri Hans og Synneva Skarsten: https://media.digitalarkivet.no/view/8750/125

 

Denne Olina synest vera EINASTE kandidat fødd på Vestlandet med «høveleg» fødselsår!

 

Anders og Olina fekk fire born i lag:

 

* Anders, f. 13.11.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/127

* Hans, f. 25.11.1799: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/141

* Ole, f. 19.11.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/151

* Anna Caroline, f. 13.12.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/173

 

Diverre kan eg ikkje sjå at nokon av fadrane har direkte skyldskap med Olina Hansdotter.

 

Er det mogeleg å identifisera Olina Hansdotter og opphavet hennar?  Er det jenta frå Skarstein i Davik?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ser ikkje ut til å vere så heilt enkelt. Hans Olsson Skarstein som gifter seg med Synnøve Olsdtr Berle i 1767 er vel truleg det paret som får Oline same året (dei står då utan patronym) - og dei er sannsynlegvis også foreldre til Kristen i 1769.

 

Hans er i alle fall ikkje brukar på Skarstein etter faren, så kvar det vart av dei, er ikkje godt å seie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase for eit nytt og spennande innlegg!

 

Det er tydeleg at Hans og Synneva må vera flytte frå Davik, dersom dei er foreldri til den Olina som eg leiter etter.  Eg bladde raskt igjennom konfirmantane i Davik, men fann ikkje Olina blant dei.  So kvar gjorde dei av seg?  Kan heile huslyden vera flytt til Bergen?

 

Finst det ei bygdebok for Davik?  Kan den ha opplysningar av interesse for oss?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Olina og huslyden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1803 i Bergen er Christen Hansen Glofok f. 1770, Gloføk er jo en gård i Davik og ikke i Rodve Skibr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var eit interessant funn, Rune. Det er ikkje spor etter nokon Hans på Gloføyk, verken i bygdebok eller kyrkjebok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er en Christen Hansen som gifter seg i Bergen NK 21/8-1803 med Berthe Pedersdatter, de er i Bergen i 1815, da er han 45 aar og hun 34 aar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dåpsinnførsla til den aktuelle Kristen, og når ein får med fadrane, er det opplagt at det er same paret, sjølv om dei her er kalla Hans og Synnøve Rylandsholm. 

 

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 129
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630527

 

Og litt seinare i boka finn eg Kristen Hansson Rylandsholm gravlagd 8 dagar gammal - så då er gjerne denne bergensaren eit blindspor.

 

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 332
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418640196
 

Det finst rett nok ein Hans Edvardson Rylandsholm på denne tida, men eg er nokså sikker på at dette døde barnet må høyre til Skarstein-familien; Rylandsholm ligg nemleg ikkje i Davik, og det er ingen andre Rylandsholmarar som er døypte eller døde i Davik; dei må ha hatt ein spesiell grunn til å gjere det.

 

Så då er Rylandsholm neste stad å sjå etter Hans og Synnøve, men der har eg ikkje bygdebok som dekkjer. Der er i alle fall ikkje spor etter dei der i 1801.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune, Aase og Harald for nye spennande innlegg om opphavet til Olina Hansdotter!

 

Det er tydeleg at denne saki ikkje skal vera so lett å finna svar på...

 

Eg hadde forresten oversett kommentaren i FT1801 om søsterdotteri til Oline, Karen Johnsdotter på 12 år, som budde hjå dei.  Men den einaste «kandidaten» som eg finn der alt «høver», er ei Kari Johnsdotter døypt i Ringebu 9.11.1788 av foreldri John Johnson og Mari Hansdotter Bøe:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9264/26

 

Pussig nok ser dette ut til å vera det einaste barnet dei fekk, og eg ser korkje vigsli deira eller noko til dei i FT1801 i Ringebu!  Merkeleg huslyd!

 

Kanskje andre ser noko som eg har oversett?

 

Eg finn forresten heller ikkje denne Karen Johnsdotter konfirmert i Nykyrkja mellom 1803 og 1808!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet til Olina Hansdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Harald L. Bakke skrev:

Hans Olson og Synnøve Olsdtr. er heller ikkje nemnde under Rylandsholmen i Bremanger Bygdebok.

Det er vel neppe særlig tvil om at Hans og Synneve på Rylandsholm kom fra Skarstein. Disse bygdebøkene inneholder desverre en god del feil og mangler. At de var fra Skarstein ser vi  også i lenka som Aase har lagt ut foran.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005517805

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Tor Kvien skrev:

Det er vel neppe særlig tvil om at Hans og Synneve på Rylandsholm kom fra Skarstein. Disse bygdebøkene inneholder desverre en god del feil og mangler. At de var fra Skarstein ser vi  også i lenka som Aase har lagt ut foran.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005517805

Nei, at Hans Olson og Synnøve Olsdtr. var frå Skarstein  eller rettare sagt har budd på Skarstein er det inga tvil om.

Dei er nemnde der i bygdeboka, men det er ikkje nemnt under Rylandsholmen at dei dei hadde budd der.  ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.