Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Martha Johannesdotter (1838) og Ingebrigt Johannesson (1845) - søsken frå Ølnes/Årøy i Sogndal - til Amerika i 1861/1871 - kvar vart det av dei? - kan henda Dane Co., WI? - ei amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Johannes Ingebrigtson frå Ølnes i Sogndal (1802-1878) og kona Margretha Olsdotter frå Urnes i Hafslo (1807-1882) var i mange år innerstfolk på Ølnes i Sogndal, men vart so paktarar hjå søster hennar, Siri Olsdotter, gift med Gerhard Munthe på Årøy i Sogndal før dei hamna som plassfolk under Årøy.  Dei fekk fekk born i lag, dotteri Anna (1841-1920) vart gift med ein husmann på Årøy og budde i Sogndal, medan dei andre fire utvandra til Amerika:

 

** Hermund alias Herman J. Aaroen (1851-1928), den yngste av dei, utvandra i 1873 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI.  Han var gift og fekk tretten born!

 

** Ole alias Ole J. Aaroen (1848-1909) utvandra i 1882 og budde som farmarbeidar i McFarland, Dane Co., WI, men miste livet då han og ein kamerat spaserte på jarnbanelinja og vart råka av eit tog.  Ole var ugift.

 

Desse to har eg «kontroll» på...  Men so var det dei to eldste:

 

** Martha Johannesdotter (Ølnes), fødd i Sogndal 10.12.1838, utvandra i 1861 og er førebels heilt ukjend!

 

** Ingebrigt Johannesson (Ølnes eller Aarvold), fødd i Sogndal 12.1.1845, utvandra i 1871 og er likeins heilt ukjend!

 

Det er vel ikkje urimeleg å tru at Martha og/eller Ingebrigt òg kan ha busett seg i eller nær McFarland, Dane Co., WI, men eg har so langt ikkje vore i stand til å finna spor etter nokon av dei korkje der elles andre stadar.  So no set eg min lit til Brukarforum, at ein eller annan «ser» noko som eg har oversett!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg nettopp oppdaga at skiftet etter Ole J. Aaroen, som forulukka i 1909, er skanna og ligg ute på ancestry.com,

 

https://www.ancestry.com/interactive/9088/007711172_01311?pid=317610&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DUSProbateWI%26h%3D317610%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx539%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D60525&usePUB=true&_phsrc=Nzx539&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=007711172_01354

 

og der får me vita at han i 1909 vart etterlevd av berre tre søsken:

 

* Anna Johannesdotter Aarøen, 70 år, Indre Sogn

 

* Albert J. Aaroen, 68 år, Saginaw, MN

 

* Herman J. Aaroen, 58 år, Dunn township, Dane Co., WI

 

Dette tyder med andre ord at søsteri Martha døydde før 1909 utan å etterlata seg born!

 

Og no finn me Albert Aaroen i FT1900, 1910 og 1920 som farmar i Industrial township, St. Louis Co., MN.  Han var ugift og døydde truleg i McFarland, WI 5.8.1927!

 

Dette var ei rask løysing av eine helfti av denne utfordringi, men eg er framleis svært interessert i kva lagnad Martha Johannesdotter fekk i Amerika!?  Eller kan ho ha vore mellom dei mange som døydde av epidemien (eg hugsar ikkje kva for ein) som eg veit råka eitt av utvandrarskipi frå Bergen i 1861??

 

Kanskje skipslistene for 1861 kan fortelja oss meir?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×