Gå til innhold
Arkivverket

Martha Johannesdotter (1838) og Ingebrigt Johannesson (1845) - søsken frå Ølnes/Årøy i Sogndal - til Amerika i 1861/1871 - kvar vart det av dei? - kan henda Dane Co., WI? - ei amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Ingebrigtson frå Ølnes i Sogndal (1802-1878) og kona Margretha Olsdotter frå Urnes i Hafslo (1807-1882) var i mange år innerstfolk på Ølnes i Sogndal, men vart so paktarar hjå søster hennar, Siri Olsdotter, gift med Gerhard Munthe på Årøy i Sogndal før dei hamna som plassfolk under Årøy.  Dei fekk fekk born i lag, dotteri Anna (1841-1920) vart gift med ein husmann på Årøy og budde i Sogndal, medan dei andre fire utvandra til Amerika:

 

** Hermund alias Herman J. Aaroen (1851-1928), den yngste av dei, utvandra i 1873 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI.  Han var gift og fekk tretten born!

 

** Ole alias Ole J. Aaroen (1848-1909) utvandra i 1882 og budde som farmarbeidar i McFarland, Dane Co., WI, men miste livet då han og ein kamerat spaserte på jarnbanelinja og vart råka av eit tog.  Ole var ugift.

 

Desse to har eg «kontroll» på...  Men so var det dei to eldste:

 

** Martha Johannesdotter (Ølnes), fødd i Sogndal 10.12.1838, utvandra i 1861 og er førebels heilt ukjend!

 

** Ingebrigt Johannesson (Ølnes eller Aarvold), fødd i Sogndal 12.1.1845, utvandra i 1871 og er likeins heilt ukjend!

 

Det er vel ikkje urimeleg å tru at Martha og/eller Ingebrigt òg kan ha busett seg i eller nær McFarland, Dane Co., WI, men eg har so langt ikkje vore i stand til å finna spor etter nokon av dei korkje der elles andre stadar.  So no set eg min lit til Brukarforum, at ein eller annan «ser» noko som eg har oversett!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg nettopp oppdaga at skiftet etter Ole J. Aaroen, som forulukka i 1909, er skanna og ligg ute på ancestry.com,

 

https://www.ancestry.com/interactive/9088/007711172_01311?pid=317610&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DUSProbateWI%26h%3D317610%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx539%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D60525&usePUB=true&_phsrc=Nzx539&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=007711172_01354

 

og der får me vita at han i 1909 vart etterlevd av berre tre søsken:

 

* Anna Johannesdotter Aarøen, 70 år, Indre Sogn

 

* Albert J. Aaroen, 68 år, Saginaw, MN

 

* Herman J. Aaroen, 58 år, Dunn township, Dane Co., WI

 

Dette tyder med andre ord at søsteri Martha døydde før 1909 utan å etterlata seg born!

 

Og no finn me Albert Aaroen i FT1900, 1910 og 1920 som farmar i Industrial township, St. Louis Co., MN.  Han var ugift og døydde truleg i McFarland, WI 5.8.1927!

 

Dette var ei rask løysing av eine helfti av denne utfordringi, men eg er framleis svært interessert i kva lagnad Martha Johannesdotter fekk i Amerika!?  Eller kan ho ha vore mellom dei mange som døydde av epidemien (eg hugsar ikkje kva for ein) som eg veit råka eitt av utvandrarskipi frå Bergen i 1861??

 

Kanskje skipslistene for 1861 kan fortelja oss meir?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei.Eg er ny her.Prøverå finne bestemor mismot var gift med Herman Johan Årøy,laksefisker.Fødd 1877.Finn ingenting nokon stad om besta da ho opptrer med ulike navn.Ho heitte Ingeborg Årøy,fødd i 1890.Har sett pikenavn både som Kroken,Nyheim og Skjerdal..Skulle gjerne visst om bakgrunnen hennar.Kor ho kom frå og kvifor ho havna på Årøy i Sogndal.Vil gjerne gå attende i t

Ser at det står ein Herman Aarøen lengre oppe her,men det kan vel ikke være bestefar.Har aldri hørt at han var i Amerika.Han døde før jeg ble født i 1953.

Håper på svar.

Mvh Ingunn Aarøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ingunn,

 

Velkomi skal du vera i Brukarforum på Digitalarkivet, ei av dei beste sidene når det gjeld ættegransk8ng i Noreg, ein stad der ein kan få hjelp og gje hjelp, at ettersom!

 

Som bygdebokskrivar for Luster kommune kjenner eg godt til besteforeldri dine og mykje av ættene deira, og endå meir vil komma i band XII av Bygdebokserien vår når den boki kjem ein gong på nyåret.

 

Men lat meg syna deg kva eg pr. i dag har skrive om besteforeldri dine i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Oline Nilsdotter Nyheim, f. i Aurland 26.11.1889,

Ingeborg Nyheim flytte til Sogndal der ho 24.6.1920 gifte seg med enkjemannen Herman Johan, kjend som Johan Jensson Aarøy frå Årøy i Sogndal, ein dotterson av gardbrukardotteri Margretha Olsdotter frå Urnes (bnr. 19) (1807-1882).  Han var f. i Sogndal 14.4.1877.  Johan gifte seg første gongen i Sogndal 1.11.1906 med Ranvei Thomasdotter Natvik frå Natvik i Årdal.  Ho var dotter av husmann Thomas Thomasson på Bø under Natvik, opphavleg frå Vollane nedre under Hæreid, og kona Metta Rasmusdotter frå Hola under Hovland og f. i Årdal 13.4.1884, men d. som husmannskone på Steig i Sogndal 29.8.1910, og Johan gifte seg att i Nykyrkja i Bergen 2.11.1911 med Anna Nilsdotter Kvamme frå Kvamme nedre i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av husmann Nils Andersson på Øyni under Kvamme nedre, opphavleg frå Teigolane under Rå, og kona Kirsti Knutsdotter frå Syne under Seltun og f. i Lærdal 6.8.1890.  Men Anna d. som husmannskone i Årøyane 23.11.1918.  Johan Aarøy var kleppar og smed og budde som husmann på Steig under Ølnes der han d. 8.8.1951.  Ingeborg Aarøy d. i Sogndalsfjøra i Sogndal 20.6.1976.  Johan og Ingeborg fekk åtte born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nyheim var namnet som far hennar Ingeborg gav heimen sin på Urnes då han flytte dit seint på 1800-talet, men det offisielle bruksnamnet er Kroken, medan Skjerdal er garden han kom frå i Aurland.  Her er kva eg har skrive om Nils Hansson Nyheim og kona hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Hansson Nyheim, opphavleg frå Skjerdal i Aurland, var son av husmann Hans Nilsson på ein plass under Skjerdal og kona Anna Larsdotter frå Skjerdal og f. i Aurland 16.4.1853.  Nils gifte seg i Aurland 10.1.1882 med Anna Knutsdotter frå Bakkane 1 under Urnes.  Ho var f. 10.10.1849.

Nils og Anna busette seg først i Aurland der dei var plassfolk på Sæl under Høydal og frå kring 1883 på ein plass under Skjerdal fram til kring 1898.

Men 26.4.1898 fekk Nils Nyheim skøyte på Kroken av Urnes, og han og Anna var sidan gardbrukarar her fram til kring 1920.  Anna d. som gardbrukarkone på Nyheim 14.1.1919.

Som enkjemann flytte Nils Nyheim på 1920-talet til dotter si på Steig under Ølnes i Sogndal der han d. 20.7.1930.

Nils og Anna fekk seks born i lag, men Anna hadde òg to born frå før:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er i alle fall litt å børja med.  Slekti di kan førast langt attende på fleire av desse linjene.  Men eg har òg eit spørsmål til deg, Ingunn.

 

** I manuskriptet mitt tek eg med opplysningar ogso om borni til Ingeborg Nyheim Aarøy, og der lurer eg på:  Anton Johan Aarøy (1920-2003) og kona Kari «Kaia» f. Kvam (1912-1995) skal ifølgje opplysningar eg har motteke vera avlidne på omsorgssenteret på Årdalstangen.  Men kvar er dette?  Er det den gamle sjukestova på Tangen eller er det «nybygget» i Seimsdalen?

 

Vonar eller du finn noko av dette av interesse...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltid vanskelegar å finne dåpen til ein person når det er feil fødselsår på gravsteinen!

Me vil gjerne tru at det er rett informasjon her. Men ikkje så i dette fallet.

Men her er dåpen til Ingebjørg / Ingeborg Oline - nr 2:

SAB, Aurland Sokneprestembete*, Ministerialbok nr. B  1, 1880-1909, s. 30
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050811030303

 

I bygdeboka for Aurland https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016011905008

kan du finne Nils Hansen som nr 122c på side 10. Faren var, som Lars skriv, Hans Nilsen Vinjum (1822 – 1869) frå Vinjum 105b på side 54. Mora til Nils var Anna Larsdotter Skjerdal (1826-1867) frå Skjerdal 102a på side 8.

Slik kan du følgja Ingeborg si farsætt attende i denne boka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.11.2018 den 18.51, Lars E. Øyane skrev:

Hei Ingunn,

 

Velkomi skal du vera i Brukarforum på Digitalarkivet, ei av dei beste sidene når det gjeld ættegransk8ng i Noreg, ein stad der ein kan få hjelp og gje hjelp, at ettersom!

 

Som bygdebokskrivar for Luster kommune kjenner eg godt til besteforeldri dine og mykje av ættene deira, og endå meir vil komma i band XII av Bygdebokserien vår når den boki kjem ein gong på nyåret.

 

Men lat meg syna deg kva eg pr. i dag har skrive om besteforeldri dine i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Oline Nilsdotter Nyheim, f. i Aurland 26.11.1889,

 

Ingeborg Nyheim flytte til Sogndal der ho 24.6.1920 gifte seg med enkjemannen Herman Johan, kjend som Johan Jensson Aarøy frå Årøy i Sogndal, ein dotterson av gardbrukardotteri Margretha Olsdotter frå Urnes (bnr. 19) (1807-1882).  Han var f. i Sogndal 14.4.1877.  Johan gifte seg første gongen i Sogndal 1.11.1906 med Ranvei Thomasdotter Natvik frå Natvik i Årdal.  Ho var dotter av husmann Thomas Thomasson på Bø under Natvik, opphavleg frå Vollane nedre under Hæreid, og kona Metta Rasmusdotter frå Hola under Hovland og f. i Årdal 13.4.1884, men d. som husmannskone på Steig i Sogndal 29.8.1910, og Johan gifte seg att i Nykyrkja i Bergen 2.11.1911 med Anna Nilsdotter Kvamme frå Kvamme nedre i Borgund, Lærdal.  Ho var dotter av husmann Nils Andersson på Øyni under Kvamme nedre, opphavleg frå Teigolane under Rå, og kona Kirsti Knutsdotter frå Syne under Seltun og f. i Lærdal 6.8.1890.  Men Anna d. som husmannskone i Årøyane 23.11.1918.  Johan Aarøy var kleppar og smed og budde som husmann på Steig under Ølnes der han d. 8.8.1951.  Ingeborg Aarøy d. i Sogndalsfjøra i Sogndal 20.6.1976.  Johan og Ingeborg fekk åtte born i lag:

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nyheim var namnet som far hennar Ingeborg gav heimen sin på Urnes då han flytte dit seint på 1800-talet, men det offisielle bruksnamnet er Kroken, medan Skjerdal er garden han kom frå i Aurland.  Her er kva eg har skrive om Nils Hansson Nyheim og kona hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Hansson Nyheim, opphavleg frå Skjerdal i Aurland, var son av husmann Hans Nilsson på ein plass under Skjerdal og kona Anna Larsdotter frå Skjerdal og f. i Aurland 16.4.1853.  Nils gifte seg i Aurland 10.1.1882 med Anna Knutsdotter frå Bakkane 1 under Urnes.  Ho var f. 10.10.1849.

 

Nils og Anna busette seg først i Aurland der dei var plassfolk på Sæl under Høydal og frå kring 1883 på ein plass under Skjerdal fram til kring 1898.

 

Men 26.4.1898 fekk Nils Nyheim skøyte på Kroken av Urnes, og han og Anna var sidan gardbrukarar her fram til kring 1920.  Anna d. som gardbrukarkone på Nyheim 14.1.1919.

 

Som enkjemann flytte Nils Nyheim på 1920-talet til dotter si på Steig under Ølnes i Sogndal der han d. 20.7.1930.

 

Nils og Anna fekk seks born i lag, men Anna hadde òg to born frå før:

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er i alle fall litt å børja med.  Slekti di kan førast langt attende på fleire av desse linjene.  Men eg har òg eit spørsmål til deg, Ingunn.

 

** I manuskriptet mitt tek eg med opplysningar ogso om borni til Ingeborg Nyheim Aarøy, og der lurer eg på:  Anton Johan Aarøy (1920-2003) og kona Kari «Kaia» f. Kvam (1912-1995) skal ifølgje opplysningar eg har motteke vera avlidne på omsorgssenteret på Årdalstangen.  Men kvar er dette?  Er det den gamle sjukestova på Tangen eller er det «nybygget» i Seimsdalen?

 

Vonar eller du finn noko av dette av interesse...

Takk for svar. Da fekk eg forklart alle navna på bestemor.Tante Ranveig lever,men ho hugsa det ikkje.Mine foreldre døydde begge to på sjukeheimen på Årdalstangen.Skjønar ikke kor de Finn slike opplysningar.Eg lure og på familien til bestefar på Mor di side,Ivar Andersson Mannsverk Kvam.Han opplevde eg,men Finn lite bakover om han og.Han kom fra Midthun i Sogndal,Norum sokn trur eg.Veit berre at mor heitte Sunniva og at ho døde tidleg.Trur difor oldefar hadde fleire koner utifrå det eg har høyrt.På forhånd takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar.Da fekk eg forklart alle navna på bestemor.Tante Ranveig lever,men ho hugsa ikkje.Mor mi døde på sjukeheimen på Årdalstangen og far min på Lærdal sjukehus.Eg lure og. På om nokon veit litt meir om morfar Ivar Andersson Mannsverk  Kvam.Han kom frå Sogndal og arbeidde som snakka og budde i Kvam.Det vil sei han kom fra Midthun  uti Fardal.Veit at oldemor Sunniva døde tidleg,men har høyrt at oldefar hadde fleire born.Lurer og på korleis ein kjem inn på kirkebøker.Finn fram,men det berre søker og søker.Glad eg kan få hjelp her,har lurt i fleire år.

Mvh Ingunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jostein og Ingunn Marie for nye innlegg.  Og Godt Nytt År til dykk båe!

 

No vart eg litt i stuss, for ein stad skriv du Ingunn Marie, at far din døydde på sjukeheimen på Årdalstangen, medan du i neste innlegget skriv at han døydde på Lærdal.  Eg går ut ifrå at det siste er rett, men skulle eg ha «bomma», vonar eg du gjev meg melding om det...

 

Når det gjeld bestefaren på morssida di, Ivar Andersson Mannsverk Kvam, er eg heilt blank, men eg finn huslyden nemnd i bygdeboki for Sogndal, bd. I på side 285.  Ivar var fødd på Midtun i 1870 og døydde i Årdal i 1962.  Han gifte seg i 1893 med Marta Sølfestsdottr Kvam, fødd i Kvam 1871.  Ho døydde i Kvam i 1940, og dei fekk tretten born i lag.  Det burde ikkje by på so altfor store vanskar å følgja denne ætti bakover i Sogndal.  Alt ein treng er litt tid og tålmot...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden og lukke til med vidare gransking!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gjorde eit lite søk i materialet frå Sogndal og fann dette:

 

Databasen for fødde i Sogndal syner at Ivar var fødd utanfor ekteskap 23.10.1870 av Anders Iverson Midtun og Synneva Ingebrigtsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=111269&merk=111269#ovre

 

Eg ser vidare at foreldri gifte seg i Sogndal 13.1.1871, Anders frå Meisterplassen, og Synneva frå Midtun: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=30148&merk=30148#ovre

 

Her er so Synneva Ingebrigtsdotter i FT1865 med foreldre og søsken.  Dei ser ut til å vera innflytte frå Leikanger: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038256004076

 

Ikkje so mykje i denne omgongen, men  alle fall litt å gå vidare med...

 

Lukke til vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.Godt Nytt År.Far døde  på Lærdal sjukehus,men busett iÅrdal.Mor på sjukeheimen på Årdalstangen.Det har jeg  skrevet før.Når det gjelder besteforeldre på morsida har det ikkje vore lett.Bestefar Ivar budde hjå oss iÅRDAL til han dø,men sa ingenting om slekta.Jeg er likevel mest opptatt av slekta på far sin side.Syns det er vanskelig å søke iDigitalarkivet,men det går seg vel til.

 

mvh Ingunn M Aarøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ingunn Marie for siste innlegget!

 

Det er i grunnen ganske so enkelt å jobba med Digitslarkivet, men det er jo ein prosess som først må lærast...

 

Eg har sett litt meir ætti til Anders Iverson og ser av databasen for fødde i Sogndal at han var fødd 11.1.1847 som son av innerst Iver Andersson Langenes og kona Gjøri Johannesdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=112615&merk=112615#ovre

 

Og då «demrer» det for meg.  Det er nokomkjent med denne huslyden, og går me no attende til Hafslo, finn me at Iver Andersson Langenes var fødd som son av husmann Anders Sjurson og kona Gjørond Endresdotter på plassen Nauststodi under garden Beim på Hafslo, og i band X av Gards- og Ættesoga for Luster finn me dette avsnittet om denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Iver Andersson, døypt {i Hafslo} 2.6.1805,

Iver Andersson flytte i ung alder til Sogndal der han 17.11.1846 gifte seg med Gjøri Johannesdotter frå Langenes under Haugesida almenning i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Johannes Johannesson på Langenes, opphavleg frå Sogndalsfjøra, og kona Anna Johannesdotter frå Kjørnes og f. i Sogndal 4.4.1825.  Iver og Gjøri tok over etter foreldri hennar som plassfolk på Langenes under Haugesida almenning i Sogndal der Iver d. som husmann 10.5.1884.  Gjøri d. som husmannsenkje same staden 4.11.1906.  Dei fekk fem born i lag:

a. Anna Iversdotter, f. i Sogndal 18.4.1844, d. i Sogndal 30.10.1845.

b. Anders Iverson, f. i Sogndal 11.1.1847, d. som snikkar på Stedje 23.5.1899.  Han gifte seg første gongen i Sogndal 13.1.1871 med Synneva Ingebrigtsdotter frå Midtun i Sogndal.  Ho var f. i Sogndal 12.10.1844, men d. som gardbrukarkone på Mannsverk i Sogndal 29.1.1886.  Anders gifte seg so att i Sogndal 14.5.1891 med Bertina Dorthea Wilhelmsdotter frå Reksten i Kinn, f. i Kinn 13.7.1860.  Ho d. som enkje på Stedje 9.3.1943.  Anders var snikkar og budde ei tid på Meistermannsplassen i Sogndal og var sidan gardbrukar på Mannsverk i Sogndal.  Med andre kona Bertina flytte han til ein plass under Heggeteig i Sogndal, men kring 1898 hamna dei som plassfolk i Øyane under Stedje.  Anders fekk i alt ti born, seks frå første ekteskapet og fire frå det andre, m.a. denne dotteri:

- Synneva Andersdotter (1873-1940), vart gift første gongen med innerst Thomas Olson på Langrovi under Seim i Årdal (1875-1896) og sidan attgift med husmann, snikkar og enkjemann Lars Jensson Stølen i Hola under Nattvik i Årdal (1867-1957), opphavleg ein husmannsson frå Stølen under Hilleren i Hafslo (s.d.).

c. Anna Iversdotter, f. i Sogndal 14.9.1850, budde heime hjå foreldri i 1865, men vart sidan borte frå bygdi, og lagnaden hennar er førebels ukjend.

d. Gjertrud Iversdotter, f. i Sogndal 6.1.1854, d. i Sogndal 29.6.1856.

e. Johannes Iverson, f. i Sogndal 30.4.1859, d. i Øyane, Stedje i Sogndal 5.8.1947.  Han gifte seg i Sogndal 29.6.1880 med Britha Jensdotter frå Venesvik under Venes.  Ho var f. på Lindborg i Sogndal 28.1.1861 og d. som enkje i Øyane, Stedje i Sogndal 20.1.1952.  Johannes og Britha tok over som plassfolk etter foreldri hans på Langenes under Haugesida almenning i Sogndal og fekk elleve born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Borghild Johanne Johannesdotter Langenes (1902-1988), vart gift med vegarbeidar og fabrikkarbeidar Alf Johan Johannesson Hillestad i Sogndalsfjøra i Sogndal (1905-1959), opphavleg frå Haugen, Hillestad (bnr. 30) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So med dette kjem du endå litt lenger attende i slekti di, og eg kan leggja til at ættene til Anders Sjurson og Gjørond Endresdotter kan førast lenger attende på Hafslo!

 

Hadde me no berre greidd å finna lagnaden til Anna Iversdotter, fødd i 1850.  Men det vert nok ikkje so lett...

 

Lukke til med vidare gransking!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Ein kjenning av meg har nettopp sendt meg ei melding som syner at Anders Iverson Midtun, f;ød 1847, hadde tre born utanfor ekteskap, so teorien din om at han hadde born med fleire damer, ser ut til å stemma godt.  Deg attgjev oplysningane som eg har motteke:

 

~~~~~~~~~~

 

Her er nr. 1 Lars, se nr. 80:

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 14, 1864-1877, s. 22

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115370438

Lars sin lagnad er ukjent for meg.

 

Her er nr. 2 Elling, se nr. 54:

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 14, 1864-1877, s. 54

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115370470

Elling var gift med Sigrid Olsdotter fra Kværnes, Møre og Romsdal.

Jeg har ikke funnet vielsen, men de døpte to barn i Stedje:

B_nr:

Fornavn

Født

Gard

Prestesogn

Fars_Yrke

1

Olav

1896.10.24

Stedje

Stedje

Gartner

2

Gudrun

1895.05.02

Stedje

Stedje

Gartner

 

 

Her er nr. 3 Ole, se nr. 12:

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1878-1899, s. 60

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070116310040

Ole sin lagnad er ukjent for meg.

 

~~~~~~~~~~

 

Lukke til med vidare gransking!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.Takk.Det er berre det at når eg går inn på digitalrkivet på lenken eller prøver å finne andre står det berre eit hjul og søker og søker.Veit ikkje kva eg gjer feil.Men da hadde søskenbarnet mitt rett.Han er 91 år og bur i Sogndal.Han visste ikkje meir.

mvh Ingunn Aarøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Her er nr. 1 Lars, se nr. 80:

 

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 14, 1864-1877, s. 22

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115370438

Lars sin lagnad er ukjent for meg.

 

Det er kanskje denne Lars Andersson Aarøyar, nummer 2?

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Klokkerbok nr. A 2 (1908-1924), Døde og begravede 1915, Side 226
Permanent bilde-ID: kb20060817010060
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060817010060
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060817010060.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.