Gå til innhold
Arkivverket

Ole Hansson Natvik - fødd i Årdal 1766 - konfirmert i Årdal 1784 - forsvinn so frå bygdi - kan henda til Gulen? - eller til Bergen? - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Olson (1722-1795) og Kirstina Halvorsdotter (1732-1816) var husmannsfolk under Natvik i Årdal og fekk sju born i lag.  Tre av dei døydde kort etter fødsli, medan tre vart buande i Årdal, men so var det denne sonen:

 

* Ole Hansson, fødd i Årdal 28.5.1766, vart konformert i Årdal i 1784, men forsvinn deretter!

 

Kan han vera faren til ytre Sogn?  Eller kanskje til Bergen?

 

I Gulen har me i alle fall to «kandidatar» i 1801:

 

** Ole Hansson, 36, gardbrukar og enkjemann på Vikingevåg: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391001404

 

** Ole Hansson, 36, tenestedreng, gift, på Engeseter i Brekke: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391004067

 

Men i Bergen har me òg to gode «kandidatar»:

 

** Ole Hansson DAHL, 35. fiskevrakar_ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390016610

 

** Ole Hansson, 34, bøkkar: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390017134

 

Og den første av dei to i Bergen er særleg interessant etter at me finn han att i undersøkjingskommisjonen frå 1804 som 38 år og fødd i LEIRDAL: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=4681&merk=4681#ovre

 

Her er første ekteskapet hans: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11343&merk=11343#ovre

 

Her er han attgift som enkjemann: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5696&merk=5696#ovre

 

Men er det han me leiter etter??  Tok hans DAHL etter ÅRDAL?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at dikselmannen i 22. rode nr. 85 i Bergen døydde i Bergen 8.11.1813.  Alderen er oppgjeven til 40 år, men han er fødd i Sogn:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=69965&merk=69965#ovre

 

Eg har etter kvart ganske so god tru på at dette er mannen me leiter etter frå Årdal i Sogn, men eg har vanskar med å finna ut om konene hans:

 

* Første vigsli i Krosskyrkja 20.11.1793 etter truloving 14.10.1793, men heller ikkje trulovingi seier noko meir om partane, gesell Ole Hansson Dahl og Elisabeth Sunde: https://media.digitalarkivet.no/view/4578/149

 

* Andre vigsli i Domkyrkja 8.12.1805 - enkjemann og dikselmann Ole Hansson Dahl med «pige» Agothe Eriksdotter . her finn eg ikkje noki truloving i det heile: https://media.digitalarkivet.no/view/8640/78

 

Pussig nok er det ei gravferd i Sandviken for ei Johanna Olsdotter, kona til Ola Hansson Dahl 21.6.1804: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000192865

 

men denne Ole Hansson LAL gifte seg som sjøfarande enkjemann med Johanna Olsdotter i Domkyrkja 13.8.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8640/61

 

so det må vel vera ein annan...

 

FT1815 for 22. rode nr. 85 i Bergen syner Ole Hansson Dahl's enkje - utan namn, men alder 48-63 (1752-1767) og huseigar: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=14133&merk=14133#ovre

 

Men noko dødsfall for Agathe finn eg ikkje i Bergen...

 

Kanskje nokon greier å løysa denne floki for meg?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sende eit soørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen med bøn om hjelp til å finna skifte, eventuelt eigedomspapir, for Ole Hansson Dahl i 22-85 i Bergen, og eg har fått eit spennande - og utfordrande - svar. 

 

https://forum.arkivverket.no/topic/210591-skifte-bergen-1813-hustransaksjon-etter-1815/

 

Dei fann ikkje noko skifte, men refererer til denne sida i panteregisteret for Bergen;

 

https://media.digitalarkivet.no/view/13160/97?indexing=

 

Her kjem det fram at enkja Agathe Hansen sat med huset i mange år etter at mannen var borte, og i ei skøyte frå 1834 følgde med løyve til enkja «fra hendes mands myndige arvinger hvorved hun gives ret at disponere frit over hans ejendom»!

 

Men kvar er denne skøyti?  Eg kan ikkje sjå at det står nokon referanse til pantebok og sidetal slik det er vanleg «på landet»...  Eg er jo nettopp interessert i å få greie på kven desse ervingane hans var...?

 

Eg har sendt spørsmålet attende til Statsarkivet, men kanskje det er nokon som er erfarne med slike kjelder som finn svaret kjappare?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ikke ut til å være referanser til pantebøkene i disse panteregistrene, men du kan finne de aktuelle tinglysningene ved å bruke navneregistrene i selve pantebøkene. Hvis du har tinglysningsdatoen, kan et bedre alternativ være å direkte til riktig dato. Slik fant jeg i alle fall det skjøtet det vises til, på den aktuelle siden i panteregisteret som det er vist til. Her er lenke til pantebok nr. II.B.a.31, 1833-1835, s. 589. Dette dreier seg altså om salg av eiendommen fra Agathe Hansen til Jacob Ellert Halvorsen. Dessverre er ikke erklæringen fra hennes manns arvinger ført inn i panteboka.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for framleiting og tolking av skøyti då Agathe Hansen selde eigedomen som ho hadde sete med etter mann sin i Bergen.

 

Det er tydeleg ikkje mogeleg å finna att erklæringi frå ervingane etter mann hennar, so då er me forsovidt like langt i freistadane på å identifisera Ole Hansson Dahl, men eg vil likevel påstå, svært mykje talar for at dette er «vår» mann.

 

Men kvar vart det av Agathe Hansen etter 1835?  Eg er ikkje i stand til å finna dødsfallet hennar.  Og heller ikkje opphavet hennar!?`

 

Ogso første kona Elisabeth Sunde synest vera ganske so «anonym», men Sunde-namnet KAN ha tilknytting til Sunde-ætti i Sogndal?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.