Gå til innhold
Arkivverket

Mons Tollefson på Bringe i Luster - døydde 1679 - ei gåte kvar det vart av borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan å komma nokon veg med, men kanskje kan ekspertisen i Brukarforum hjelpa meg vidare?

 

Mons Tollefson, fødd i Luster kring 1643, var i 1665 dreng på Talle i Luster, men gifte seg noko seinare med ei Alis Ellingsdotter og bygsla eit bruk på Bringe i Luster der Mons døydde kring 1679.  Han let etter seg tre born:

 

** Elisabeth Monsdotter, fødd i Luster kring 1671, ukjend.

 

** Tollef Monsson, fødd i Luster kring 1674, var i 1701 tenestedreng på Sjøtun i Hafslo, men er elles ukjend.

 

** Sjur Monsson, fødd i Luster kring 1677, ukjend.

 

Borni hadde ein farbror Rasmus Tollefson som i 1679 budde på Søvde i Luster, men som elles òg er ukjend.

 

Eg står med andre ord «bom fast» når det gjeld lagnaden til denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Simon Mognesøn, f 1676*, stilling: Sognemand (kva no det er) døyr 41 år gamal i Wiig, Haus.

Begravelse: Domin Exaudi i Stamnes kyrkje. 

Kjelde:  Haus Prestegjeld 1713-22.

 

Kan der væra ein av dei 3 ongane ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ellers så ser eg ein stor skilnad på brødrene, Mons f 1643

og Rasmus f. 1679 (same år som broren Mons døydde).

 

Men der er OK ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye innlegg!

 

Du skriv ikkje kva tid denne Simon døydde, men utifrå alder og fødselsår må det vel ha vore i 1717.

 

Eg meiner eg har observert før at det stundom er oppgjeve fødestad på avlidne i Haus på den tidi, og denne Simon kan godt ha vore sogning, men om han var son av Mons Tollefson på Bringe, sjå det er ikkje godt å seia i ettertid...  Sjur - Simon...?

 

Elles er det ikkje fødselsåret til Rasmus Tollefson som er 1679.  Han er berre nemnd i skiftet som i live og har nok vore godt vaksen på den tidi...

 

Ein ny kjempetakk for freistnaden til å løysa desse flokene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nytt spennande innlegg!

 

Nokon Kari kjenner eg ikkje til i huslyden til Mons Tollefson på Bringe i Luster, og det vert truleg ganske so vanskeleg å prova ein samanhang mellom Bringe i Luster og denne huslyden på Stamnes i Haus.  Men opplysningane får liggja der i påvente av at andre kjelder kan dukka opp og stadfesta...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats for å freista løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles er det ikkje fødselsåret til Rasmus Tollefson som er 1679.  Han er berre nemnd i skiftet som i live og har nok vore godt vaksen på den tidi...

 

Legger for ordens skyld inn dette fra (de gamle) nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

 

Namn arvtakar: Mogens, Tolefsen 
Gard: Bringe, nr.:2
Husmannsplass:  
Yrke:  
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 1-301
Datering: 1666-1685
Dato: 30.10.1679
Eiga: 44 Dalar, 2 ort, 15 skilling
Gjeld: 53 Dalar, 1 ort, 0 skilling
Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Merknad: Falitt
Personar i skiftet :
(1) Tolef Mogensen Søn
(2) Sifuer Søn
(3) Boets gjeld Kreditor
(4) Rasmus Søvde Bror
(5) Elisabet Datter
(6) Alles Elingsdatter Enken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innleggjing av det opphavlege skiftet som stadfestar opplysningane i innlegg #1.  Berre so synd at me ikkje for vita noko meir om huslyden der...

 

Men ein dag vil eg tru at dei kjem «til rette».  Berre me finn dei rette stadane å leita...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.