Gå til innhold
Arkivverket

SF Eid - Hans (Pederson?) (Hansson?) Lemmichen, kapellan på 1600-talet - oversyn over hans etterslekt?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I samband med ein annan diskusjon har eg gått meg fast i denne slekta, og vil gjerne invitere til ein dugnad for å få nøsta opp. Eg ser at denne slekta, på linje med mange andre slekter på denne tida, for ein stor del blir diskutert gjennom å sitere bøker og andrehands-kjelder, men no når vi sjølve kan gå i eldre kjelder, oppdagar vi oftare og oftare feil i vedtekne sanningar, og i denne tråden vil eg gjerne vere med på å avlive slike standhaftige feil som her heilt sikkert er i denne familien også.

 

Så her er det DOKUMENTERTE SANNINGAR som gjeld - og tilvisingar til dokumentasjonen.

 

Men for å ha eit utgangspunkt, startar eg sjølv med å skrive av. Eg siterer heidersmannen Jacob Aaland og hans Nordfjord-soge, Eidabandet som vart avslutta frå hans hand i 1909.

 

Der skriv han - noko redigert frå mi side:

 

Hans (Pederson) Lemmichen - studert i Rostock og frå 1619 på høgskulen i København. Ca 1622 kapellan i Eid; heldt fram i ca 50 år. Han fekk bruke Osnes (prestebolsgard) og attåt dreiv han gjestgjeveri (og handel?) på Skipenes. Han "grov saman ikkje so lite pengar" og lånte ut til borgarar og bønder mot pant i jordegods. Kona hans heitte Berette og var enkje i 1673; truleg var ho andre kona hans.

 

REDIGERT:

 

Resten av dette innlegget er opplysningar henta frå den gamle bygdeboka for Eid. Ei oppdatert oversikt over syskena vil vi bli lagt ut ein stad etter innlegg # 27 i løpet av kvelden 13.05.

 

Så langt Aaland om mannen sjølv. Dersom nokon har dokumentasjon på ei eller fleire av desse påstandane, tek eg gjerne i mot.

 

Deretter reknar han opp 5 søner og 2 døtre - eg tek ikkje med alt han skriv, enno i alle fall.

 

ABEL - brukte Myklebust i 1660-åra. Truleg var han borgar og; sidan flytte han til Skipenes. Dokumentasjon?

 

PEDER - 54 år i 1701, budde då på Øvre Os, som han åtte. Borgar i Bergen; borgarbrev 1667-1683. Dreiv truleg borgarverksemda på Eid. Hadde hus på Myklebust grunn, og døydde der i 1704. Gm Malene Kristoffersdtr Sand - 9 born - Eg sluttar her i fyrste omgang; dette skal vi kome tilbake til. Men dokumentasjon så langt?

 

LUDVIG - budde på Osnes frå 1685, men døydde ca 1688. Kona heitte Maren Pedersdtr (min merknad: frå Fitje i Gloppen), "vart so uppattgift" fyrst med Jon Anfinnson, og etter hans død med Hans Bersveinson. Dette siste er ikkje tilfelle, for Jon er enkjemann etter Maren i skiftet etter henne i 1702. Lenkje kjem seinare. Lensmanns-stova hans står endå, og her bur ættlingarne hans, frk Hammer og enkjefur Bjørndal den dag i dag (1909). Denne siste påstanden let eg også ligge i fyrste omgang, men -  Dokumentasjon elles?

 

ISAK - var også borgar og hadde borgarbrev frå 1674 til 1688. Han budde på Skipenes, truleg i gjestgjevarhuset som faren hadde brukt, men hadde ikkje noko gardsbruk, Han døydde i 1709; kona heitte Lene Jakobsdtr. Dei hadde 4 born. Dokumentasjon?

 

ABSALON - var brukar av halve Nedre Os frå 1680, men berre nokre få år, døydde truleg ca 1685. Han var gift med Lisbet Hansdtr og hadde to born, Jørgen og Susanne. Susanne var gift med Fr.Becher som i lang tid var klokkar i Eid. Enkja Lisbet vart gift med Henrik Krøyer, strandsitjar på ein grunn på Osnes, død før 1706. Dokumentasjon?

 

AGNETE - vart gift med Jens Biering, som var lensmann i Eid. Dokumentasjon?

 

KAREN - "høyrer ein lite um". I 1722 fekk ho tinglyst skøyte på 2 pd 3 mk i ein gard som ikkje er namngjeven. Dokumentasjon?

 

Ja, då er det berre å fyre laus. Vi utvidare til seinare generasjonar etter kvart. Alle er velkomne - også med sitat frå bøker, men målet er å få bekrefta alle sitat med dokumentasjon.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er lenke til skiftet etter Maren Pederdtr, Ludvig si kone. 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0002a: Skifteprotokollar, 1701-1703, s. 187b-188a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127680614
 

Av det kan vi lese: (her redigerer eg inn etter kvart).

 

Til stades er enkjemannen Jon Anfinnson, og "hendis med forrige mand avlede børn" - Karen Ludvigsdtr, med farbroren Peder Hansson Lemmeken som formyndar - Susanna Ludvigsdtr, med formyndar Isak Lemmeken (slektskap ikkje presisert).

 

Her får vi dokumentert at Ludvig og Peder er brør.

 

Med attlevande mann Ludvig, Margrete, Agnete og Synnøve (11, 15, 13 og 10 år gamle) Jonsson og -døtre.

 

Skiftet held fram i neste protokoll og, og det er heilt sikkert interessante ting å finne i oppramsinga av gods og ikkje minst gjeld. Det får vere til seinare, eg må gjere litt nyttigare ting ei stund.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg sitter nok ikke med mye dokumentasjon vedr. denne slekten, men her er en referanse til Lampes bok om Biskoper og Prester i Bergens Stift etter reformasjonen.

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=643&innhaldid=22&storleik=

 

Jeg ser at det har vært uklart om denne Hans het Pedersen eller Hansen som farsnavn. Hvorledes kom man frem til at Hansen var det rette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aaland nemnr ikkje Hansson som alternativ, men no har eg redigert det inn i overskrifta. Kvar finn du forresten den usikkerheita? Uansett, Hans sin bakgrunn har ikkje fyrsteprioritet for meg, no er det etterslekta eg prøvar å få klarlagt.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var nok trolig i en tidligere debatt. Jeg har notert det i en gammel notisbok og har ikke noe kildebelegg for det. Samme sted har jeg også notert med spørsmålstegn bak om kona var en Mogensdtr. og mulig datter av Mogens Abelsson og kona Margrethe Johansdtr. Iden, født i Selje.Men vi lar det ligge ettersom det er etterslekten du her prøver å dokumentere. Men jeg ser jo ingen Hans eller Mons blant barna så det taler kanskje mot den antakelsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har diverre ingen konkrete kjeldereferansar, men nokre opplysningar synest vera «faktaopplysningar» som sikkert kan etterprøvast:

 

Rådmann Johan Andersson i Bergen døydde kring 1620, og ein del jordegods, mellom anna i garden Lerum i Luster, vart delt likt mellom to av borni hans.  Dotteri Margretha gift med sokneprest Mons Abelson til Vikør i Hardanger fekk eine helfti, og denne gjekk før 1647 over til kapellan Hans Lemmichen til Eid, rimelegvis som gift med ei dotter av Mons Abelson.  Kanskje ei forklaring av Abel-namnet i Lemmichen-ætti?

 

Elles hadde me i Hafslo ein sokneprest frå 1636 med namn Mathias Lemmichen.  Han vart som student frå Bergen skule 12.11.1632 innskriven som student i København.  Mathias, truleg fødd kring 1612, døydde i Hafslo 15.2.1659.  Han var gift med Anna Sørernsdotter Friis, og me kjenner til to born, Mari og Børge.  Tidsmessig kan Mathias godt ha vore ein bror av kapellanen til Eid...

 

Elles vil eg gjerne få attgje eit avsnitt frå gnr. 176 Valaker i Hafslo, som eg har arbeitt mykje med.  Her kjem me inn på ei dotter av Peder Hansson Lemmichen på Os:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witman Hansson Rein, opphavleg frå Bergen, var truleg f. Danmark 1.5. 1660 og gifte seg kring 1685 med Elsa Marie Thisdotter Nagel frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Ho var f. kring 1665.

Thomas var først fenrik og frå 4.7.1685 premierløytnant ved Søndmørske kompani.  Han og Elsa budde mellom anna på Naustdal i Eid fram til 1697.

Men i 1696 vart Thomas overflytt til Indresognske kompani, og året etter busette huslyden seg her på Valaker.  Thomas dimitterte 10.10.1699, men vart 10.4.1700 til-sett som premierløytnant ved indre og ytre Sognske reservekompani.  Thomas Rein fekk 8.5.1701 bygslebrev på den helfti i garden som Ole Sjurson tidlegare dreiv, og ved skiftet etter This Nagel i 1702 fekk han skøyte på ½ laup smør i garden og vart soleis sjølveigar.  Thomas dreiv sidan garden levetidi ut og d. her 28.9.1709, men skiftet etter han vart ikkje halde før enkja i 1714 ville gifta seg att.  I mellomtidi hadde ho drive garden åleine i fleire år.  Ho d. på Valaker kring 1732.  Det levde att fire born etter Thomas og Elsa på Valaker:

 1. Hans This Thomasson Rein, f. i Eid kring 1687,

Hans This Rein reiste kring 1705 til utlandet og gjekk inn i utanlandsk hærteneste.  Han levde fram-leis i 1714, men den seinare lagnaden hans er førebels ukjend.

 2. Arnt Christopher Thomasson Rein (1690-1749), vart handelsmann og prokurator og budde på Heltne i Dale sokn, Luster.

 3. Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Witman Rein flytte i ung alder til Bergen der han kring 1717 gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Pedersdotter Lemmichen frå Os i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar og handels-mann Peder Hansson Lemmichen på Os og kona Malena Christophersdotter Sand frå Sand i Trøg-stad og f. i Eid kring 1686.  Witman var handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen.  Wit-man vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, og Margretha gifte seg att i Bergen 13.11.1737 med Peder Friderichsen (Lund) frå Bergen.  Han var visstnok son av ein Fredrik Monsson i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter og vart døypt i Bergen 10.3.1706.  Han tok 26.2.1737 borgarskap som skreddar-meistar i Bergen.  Dei budde på Klosteret i Nykyrkjesokni i Bergen, og derifrå vart Peder gravlagd 14.7.1742.  Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763.  Ho fekk to søner som båe var frå første ekteskapet med Witman Rein:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722, er nemnd som faddar i Bergen 1745, men den seinare lagnaden hans er førebels ukjend.

 4. Anna Marie Thomasdotter Rein (1700-1776), vart gift med handelsmann og gard-brukar Lars Sørenson Rødberg i Sjøtun (1696-1771).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar noko av dette kan vera til nytte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er muligens noe tidlig i debatten men her er skiftet etter Peder Hansen Lemmichen på gården Ous 03.06.1704. Det bekrefter enkens navn, Malene Christophersdtr.

Som vanlig har jeg problemer med teksten men synes å kunne lese føgende barn.Hans Pedersen Lemmichen, gift, Abel Pedersen Lemmichen, gift, Absalon Pedersen Lemmichen ....?, Kari Pedersdtr.  gift, Beate? Pedersdtr. gift, Brite Pedersdtr. 20 år, Margaretha Pedersdtr. 18 år, Anna Pedersdtr. 16 år og Brite Sophie Pedersdtr. 10 år.

 

Her har jeg vansker med  navn på ektemennene til de to eldste døtrene.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24217/177

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Tommesen Ruus og Samuel Christensen er vel de to ektemennene.

 

  Men noe av dette har vel vært diskutert før:

 

 

Endret av Kjell Fredly Smøla
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg set stor pris på lenker til tidlegare debattar; vi treng ikkje finne opp alt krutet på nytt denne gongen, men eg tykkjer det er så viktig å få dra fram det som er dokumentert. Så takk for denne!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg set stor pris på lenker til tidlegare debattar; vi treng ikkje finne opp alt krutet på nytt denne gongen, men eg tykkjer det er så viktig å få dra fram det dokumentert. Så takk for denne!

Som nevnt tidligere, vil litt av problemet med gamle dabatter være at lenkene i disse ikke virker. Men selvsagt kan man bruke de gamle debattene som grunnlag. Men evt. lenker i disse debattene må i stor grad legges inn på nytt.

 

Her er skiftet etter Isach Hansen Lemmichen på gården Ousnes  05.06.1709.

Her nevnes hva jeg kan se enken Lene Jacobsdtr. og barna Hans Isachsen 22 år, Jacob Isachesen 17 år, Dorethe Isachsdtr. 21 år og Birette Isachsdtr. 11år? (klarer ikke å tyde alder.)

 

I tillegg nevnes Hans Pedersen Lemmichen, Lensmannen Didrich Madsen og Joen Anfindsen Ousnes,som altså var gift med Ludvig Hansen Lemmichen's enke.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24219/157

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette skiftet etter Isak er stappfullt av tilleggsopplysningar om ulike familieforhold. Her skal lesast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opplysningar frå Isak sitt skifte:

 

Enkja heiter Lene Jakobsdtr, og etterlatne born er Hans, 22 (ca 1687), Jacob 17 (ca 1692), Dorethe 21 (ca 1688) og Birette i tolvte år (ca 1697). Namna er skrivne som dei står.

 

Nederst i 1.spalte på andre side blir det nemnt at Susanne Ludvigsdtr er Isak sin myndling, og i neste spalte får vi vite at denne formyndarskapen skriv seg tilbake til eit skifte etter faren Ludvig Hansson i januar 1686 – dermed får vi eit nokså nær dødsår på han; sannsynlegvis 1685.

 

Denne arven er det ein del tull med; ho har fått ei dyne som har blitt ståande i ei kiste og er blitt «fordervet», så det blir framlagt eit skriv frå Susanne, der ho omtalar Isak som «sin kjære faderbroder» - og dermed har vi dokumentert endå ein av brørne: Ludvig, Peder og Isak.

 

Nederst på h side (155a) er Cathrine Biering nemnt – kvifor?

 

Vidare skriv Susanne at ho har arva noko etter si salige bestemor Beritte – dermed veit vi at ho er mor til Isak. Like etter får vi vite meir om Susanne si syster Karen; ho er fattig og lemster.

 

Abel, Dorthe og Karen Lemmechen har krav i buet, men det står ikkje slektskapsforhold.

Det var visst stort sett det eg kunne dra ut av familieopplysningar.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skriver i ditt første innlegg at Absalon Hansen Lemmichen hadde barna Susanne og Jørgen. Men var ikke Dorthe Absalonsdtr. gift med Lars Knudsen Kruse også datter av Absalon Lemmichen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Du skriver i ditt første innlegg at Absalon Hansen Lemmichen hadde barna Susanne og Jørgen. Men var ikke Dorthe Absalonsdtr. gift med Lars Knudsen Kruse også datter av Absalon Lemmichen?

Mitt fyrste innlegg er reint sitat etter Jacob Aaland, berre for å ha eit utgangspunkt. Så får vi sjå kva vi kjem fram til etter kvart :-)

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg set opp det eg har så langt:

 

For øyeblikket har eg tre dokumenterte brør og ei syster:

 

Ludvig Hansson, gift med Maren Pederdtr – ved hennar skifte i 1702 har dei 2 born i live:

 

Karen og Susanne. Alder ikkje oppgjeven, men frå skiftet etter Isak veit vi at faren truleg døydde i 1685. Skiftet etter Isak viser at Ludvig og Isak var brør, og Karen Ludvigsdtr er omtala som «fattig og lemster».

 

Dokumentasjon: Skifte etter Maren. Skifte etter Isak. Eg har vore gjennom heile skiftet etter Maren, men finn ingen tilleggsopplysningar. Abel Lemmechen er omtala, men ikkje oppgjeve slektskapsforhold.

 

 

Peder Hansson, gift med Malene Kristofferdtr Sand; i innleiinga til skiftet står ikkje eksplisitt at ho er mor til borna.

 

Borna i skiftet er Hans Pederson Lemmechen, gift, Abel Pederson Lemmechen, gift, Absalon Pederson Lemmechen, i trettiande år (dvs ugift), Karen Pederdtr, hennar mann Lars Tommesson Ruus, «Beiata» Pedersdtr, hennar mann Samuel Kristenson, Beritte Pedersdtr 20 år, Margarete Pedersdtr 18 år, Anna Pedersdtr 16, og Beritte Sophie, 10 år.

 

Undervegs i skiftet er Karen Hansdtr Lemmechen nemnt, men det framgår ikkje noko slektskapsforhold.

 

Isak Hansson:

 

Enkja heiter Lene Jakobsdtr, og etterlatne born er Hans, 22 (ca 1687), Jacob 17 (ca 1692), Dorethe 21 (ca 1688) og Birette i tolvte år (ca 1697). Namna er skrivne som dei står.

 

Agnete Hansdtr:

 

Skiftet etter Jens Biering i 1702 dokumenterer denne systera – enkja Agnete Hansdtr har sin broder Peder Hansson Lemmechen som lagverge. Her er to døtre, Katrine 18 (ca 1684) og Regitze 17 (ca 1685). Elles får eg ikkje ut nye opplysningar om Lemmichen-folket i dette skiftet.

 

Dersom eg tek utgangspunkt i Aaland sin påstand i innlegg nr 1, manglar eg dokumentasjon på to søner - Abel og Absalon - og ei dotter, Karen. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Abel Hansson fra Nordfjord er registrert i Borgerrullene i Bergen 06.04.1668. Jeg vet ikke om han er identisk med Abel Hansen Lemmichen.

 

Dessuten står det følgende.Peder Hansen Lemmeken, Hr. Hans Lemmekes søn ble borger 25.11.1667. Borgerskapet oppsagt 14.05.1683.

 

Isac Hansen Lemmeken løste borgerbrev 04.06.1674. Dette ble oppsagt 31.05.1688

 

Jacob Lemmeken, urtekræmer løste borgerbrev 01.10.1733. Alle fra Nordfjord.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=borg1600

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sollied sier at Susanne Ludvigsdatter Lemmeckens skifte var 22 juli 1719. Arvinger en fuldsöster Karen 41, og fire halvsöskende med far Joen.

Enkemanden Rasmus Rasmussen Floe.

 

Konklusjonen blir vel da at Susanne ikke hadde  barn.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for den! Det vil vel då seie at Ludvig si grein døyr ut, for fullsystera Karen som tidlegare er blitt kalla "fattig og lemster" har vel neppe skaffa seg make og born etter 41 års alder.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så var det Absalon. Her går eg inn via skiftet etter Henrik Henrikson Krøger på «Eidet» i 1706. Han etterlet seg enkja Johanne Nilsdtr, men sidan dei ikkje har born, er det mora, Lisbet Hansdtr Krøger, og full- og halvsyskena hans som arvar.

 

Det er ei fullsyster Kirsten Henriksdtr gift med Just Larsson Bi, og tre halvsysken – Jørgen Absalonson Lemmichen (fråverande) – Susanna Absalonsdtr Lemmechen, gift med Friedrich Hansen Becher – og Dorte Absalonsdtr Lemmechen, ugift, og med formyndar Hans Pederson Lemmechen.

 

Lisbet Hansdtr har dermed vore gift med ein Absalon Lemmechen, men eg har endå ikkje beviset på at han var ein Hansson og bror til dei andre.

 

Men lenger ute i skiftet blir det nemnt at Lemmechen-syskena har inneståande noko arv etter farmora si – og der kjenner eg att årstal og summar frå andre skifte, så eg tillet meg å påstå at slektskapen er bevist.

 

Så då er også Absalon i boks.  Og der fekk du di Dorthe, Rune :-)

 

Men så var det Abel då - og eventuelt Karen i 1722 - ?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må elles kome med ein frustrasjon: I løpet av kvelden har eg orientert meg litt rundt på Geni m.m. for å sjå etter spor - og det er kort sagt INGEN GRENSER for kva slags openbart feilaktige opplysningar folk kan få seg til å legge ut. Den som evt skal ta mål av seg til å få Lemmichen-familien korrekt samansett ute på veven, må ha god tid og mykje tolmod. Eg er nok så avgjort ikkje den personen, men kan no prøve å få det rett her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

51 minutter siden, Vibeke Lund Åhling skrev:

Sollied sier at Susanne Ludvigsdatter Lemmeckens skifte var 22 juli 1719. Arvinger en fuldsöster Karen 41, og fire halvsöskende med far Joen.

Enkemanden Rasmus Rasmussen Floe.

 

Konklusjonen blir vel da at Susanne ikke hadde  barn.

 

For ordens skyld legger jeg inn skiftet etter Susanne i 1719. Det begynner på side 1298. Her får vi også navnet på de fire barna enken etter Ludvig, Maren Pedersdtr. Fittie fikk med sin ektemann nr.2, Joen Andfindsen.

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1302&storleik=

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når vi no ser at Ludvig-greina døyr ut, må vi arrestere Jacob Aaland sin påstand om Ludvig: "Lensmanns-stova hans står endå, og her bur ættlingarne hans, frk Hammer og enkjefur Bjørndal den dag i dag". Desse to damene er vel heller ættlingar etter Jon Anfinnson, men det vil eg ikkje bry meg med å studere på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjølv om det er etterslekta som har mest interesse - 

 

Fleire stader på nettet finn eg påstanden om at Beritte, Hans Lemmichen si kone, også var gift med Jørgen Nilsson Knag, men (sjølvsagt) utan dokumentasjon.

 

Er det hold i dette?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har jeg ingen formening om Aase. Men jeg har sett flere som har påstått at Hans Lemmichens hustru Berette skulle være en datter av Mogens Abelson I Selje og hustru Margrethe Johansdtr. (Iden?)

Om det skulle stemme så kan det forklare hvorfor en av sønnene ble døpt Abel. På den annen side hvorfor er der da ingen sønn Mogens/Mons?

 

 

Når det gjelder nevnte Abel Hansson Lemmichen har jeg kun notert 1633-ca 1690 med stort spørsmålstegn bak. Så der er jeg helt blank. Det samme må jeg dessverre også si om Karen. Jeg har kun registrert død etter 1722.

Om man bare hadde visst hvor denne gården lå som hun fikk skjøte på i 1722.Jeg har noen løse tråder til, men jeg må sjekke litt mer før jeg evt. legger det ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil tippe opplysninga om 1722 kan vere å finne i Tingboka - ? Og 1000-kroners-spørsmålet deretter er om dette er ei Hansdtr, eller om det kan vere Ludvig si dotter Karen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.