Aase R Sæther - Gloppen

SF Eid - Hans (Pederson?) (Hansson?) Lemmichen, kapellan på 1600-talet - oversyn over hans etterslekt?

887 innlegg i emnet

Skrevet (endret)

Eit laust funn til - Karen Lemmichen gravlagt i Bergen i 1749; kan vere Ludvigsdotter? Står dessverre verken alder eller patronym.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000728199

 

Kanskje finst det skifte etter henne også? Har vi register over desse bergens-skifta?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Redigert inn i eit seinare innlegg.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ja, men der er stort sett berre "prominensen", og eg finn ikkje denne Karen der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Her er et skifte etter en Karen Ludvigsdtr. 29.04.1749. Om dette er den Karen Lemmichen som ble gravlagt i 1749, men kanskje noen med bedre øyne enn mine kan lese det. Jeg synes det er snakk om Margrethe, Agnethe og Synnøve Jonsdtr. I så fall stemmer jo de navnene med barna Maren Pedersdtr. Fittie, enken etter Ludvig Hansen Lemmichen) fikk i sitt andre ekteskap med Jon Anfindsen.

 

Skifte nr.49.

https://media.digitalarkivet.no/view/24001/16?indexing=

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Du jobbar på du! Her var mykje interessant. Skiftet etter Karen Ludvigsdtr viser som eg mistenkte at Ludvig-greina går i null.

 

Dei tre borna til Anna Marie Eriksdtr var litt mystiske - ingen ting som minner om Lemmichen her, så langt i alle fall...

 

Redigert: Jau, Hans Blyt. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Her er den noverande oversikta over Hans Lemmichen (eg ser eg skriv i og e om kvarandre) sine born - 

 

Hans Lemmichen – gift med Beritte - eg har ikkje prioritert å spekulere på deira opphav (endå), men om nokon har DOKUMENTERTE opplysningar om det, tek eg gjerne i mot.

 

Bygdeboka for Eid skriv at ho kan ha vore andre kona hans; eg har funne at ho i alle fall var mor til ei av døtrene, og det er ikkje brukt ord som «halvsysken» som kan tyde på anna enn at ho var mor til alle.

 

Det finst også udokumenterte påstandar på nettet om at Beritte var gift med Jørgen Nilsson Knag og hadde ein son med han – eg tvilar, men held ope for det også; dersom nokon har dokumentasjon for eller mot, blir eg glad for det.

 

REDIGERT: Denne Jørgen Nilsson Knag hadde sonen Nils (som etter nett-påstanden også skal vere Beritte sin son) som igjen hadde born som var i live i 1750, så OM dette ekteskapet har eksistert, skulle dei vore arvingar i det skiftet eg straks nemner - og det er dei ikkje. Så eg trur vi kan skrote denne greina.

 

Men så til borna til Hans og Beritte. Ei viktig kjelde er dette skiftet etter Anna Pedersdtr i Bergen, i 1750/51.

 

SAB, Byfogd og byskriver i Bergen*, C*, 1748-1760, s. 108b-109a

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081111640111

 

Eg ser rundtom at det er mange som har brukt dette skiftet til kjelde, men ser også at det er fleire som har feiltolka det, og dermed misforstått innhaldet. Dei som arvar, er IKKJE born av Anna sine sysken, men Anna sine syskenborn – og alle, så langt eg har sett no, er av Lemmichen-slekt. Dersom ein klarer å dra ut innhaldet av dette skiftet korrekt, skal ein sitje att med ei god oversikt over dei av Hans og Beritte si etterslekt som levde i 1750/51, og kven dei var "unda".

 

Fyrst arvelataren sjølv – Anna Pedersdtr. Ho må ha vore utan etterkomarar, og ho kan heller ikkje ha hatt sysken, sidan syskenborna er dei næraste arvingane. Far eller mor må ha vore Lemmichen – om det er far Peder, må Hans og Beritte ha hatt 2 søner med det namnet, men det ser vi ingen teikn til elles, så eg trur heller at det er ei førebels namnlaus Hansdotter som er involvert som mor.

 

Eg brukar rekkjefølgja i Bergens-skiftet for å fastsetje rekkjefølgja på borna, men gutane er som alltid nemnt fyrst, så kvar jentene skal puttast inn, veit vi ikkje - men rekkjefølgja jentene i mellom, er truleg også rett.

 

1. Isak. Han veit vi budde på Eid og var gift med Lene Jakobdtr. Dei hadde 4 born; Hans var gift med Lisbet Mikkelsdtr og hadde berre ein son Isak, som døydde nokså ung. Dei tre andre av Isak sine born blir presenterte slik i skiftet frå Bergen:

 

  • Jacob Lemmichen, gift og boende her i Bergen.

  • Dorte Lemmichen, boende i Nordfjord.

  • Birte Lemminchen, død og efterladt sig en søn Hans Knudsen.

 

2. Abel. Han har truleg budd i Bergen; i alle fall er det der vi finn dei tre døtrene hans. Dottera Emerense døydde barnlaus i 1741, og dei to andre blir presenterte slik i skiftet:

 

  • Margaretha Lemmichen, død og efterladt sig 2 sønner og 1 datter, nembl Abel Knudsen, Stephen Knudsen og Karen Knudsdtr, enke og forhen gift med Erik Schanche. Alle 3 her i byen og myndige.

  • Anna Dorthea Lemmichen, værende her i byen.

 

3. Absalon. Han budde på Eid og var gift med Lisbet Hansdtr, og skiftet etter henne viser 3 born i dette ekteskapet. To av dei, Jørgen og Dorte, må vere døde før Bergens-skiftet, men den tredje blir presentert slik:

 

  • Susanna Lemmichen, død og efterladt sig 2 sønner og 2 døtre, nembl Paul Becher, ligesaa død og efterladt sig 1 datter Else Maria Becher; Hendrich Becher, udenlandz. Her avsluttar skrivaren, og har openbart gløymt at han skulle ta med 2 døtre også. REDIGERT: Døtrene kjem med i utloddinga, og namna er Maria og Dorthe.


4. Peder. Han budde også på Eid, var gift med Malene Kristofferdtr Sand, og hadde 9 born, men Hans og Absalon må vere døde utan etterkomarar. Dei andre blir presenterte slik i dette skiftet:

 

  • Abel Lemmichen, her i byen.

  • Karen Lemmichen, død og efterladende sig 1 søn og 1 datter, sic Lars Christensen, myndig og i Nordfjord; Birthe Margretha, ogsaa død, efterladt sig 1 datter Karen Lind, myndig.

  • Beata Lemmichen, død og efterladt sig 3 sønner og 5 døtre, navnlig Peder Samuelsen, Christen Samuelsen, Hans Samuelsen, alle i Nordfjord og myndige; Berthe, gift med en Klocher (?) i Nordfjord ved navn Ole; Ingebor, gift med Lars Rund (?) paa Sundmøer; Anna Margretha, gift med Rasmus Kaabernes paa Sundmøer; Anna, 28 aar, værende i Nordfjord, Bodil (?), 26 aar, værende samme sted.

  • Birthe Lemmichen, død og efterladt sig en datter, Anna Malena, gift med Jørgen Høq?

  • Anna Margretha Lemmichen, enke her i byen boende.

  • Anna Lemmichen, død og efterladt sig 2 sønner og 2 døtre, navnlig Petter Falch, Mogns Falch, Margretha Malena gift med Schach Guldbrandsen, Mette Petrina, 22 år, værende hos faderen Gilius Witter, alle værende heri byen.

  • Birthe Sophia Lemmichen, her i byen boende.


Då er det slutt på mannslinje-arvingane i skiftet, men vi veit at der har vore ein son til, nemleg

 

Ukjent nr i rekkja Ludvig – han var gift med Maren Pederdtr Fitje og hadde døtrene Karen og Susanne; Susanne døydde barnlaus i 1719, og Karen like eins i 1749, så dermed døyr denne greina ut.

 

Af Søstrene – og no tek det til å bli spennande, for her er mykje som er uklart.

 

1. Førebels namnlaus Hansdotter som har vore gift Blyt og er mor til 4, nemleg

 

  • Hans Blyt død og efterladt sig 2 døtre, navnlihg Margretha lihgeledes død og efterladt sig 1 søn og 2 døtre: Jan Holmer 8 aar gl, Elen Holmer 5 aar gl, Maren Holmer, 9 1/2 aar gl (ja, det står slik, kan ikkje lesast som 2 1/2); Abelona, død og efterladt sig 5 sønner Hans, John, Poul, Jørgen og Willadz Blyt, alle umyndige.

  • Jørgen Blyt boende i Hamborg

  • Birthe Blyt død og efterladt sig 1 søn ved navn Cornelius Blyt ligeledes død og efterladt sig 6 sønner og 5 døtre (!!) nemblig Ole Blyt Præst i Karsund, Michel Blyt Guldsmed her i byen, Cornelius Blyt myndig ibid, Hans Blyt hos Madme Forman ibidem, Petter Blyt 14 aar ibidem, Jacob Blyt farer med Jørgen Blyt, Birthe gift med Jørgen Holmer, Margretha gift med Rorich? Reimers, Emerence 20 aar hos Hans Blyt, Vibecha? Umyndig tiener hos Deichmann, Anna ligeledes umyndig værende hos Jorich? Reimers (ser ikkje ut til at det står R her).

  • Karen Blyt afdød og efterladt sig 1 datter navnl Elen gift med Ole Fridrichsen her i byen.

 

2. Førebels namnlaus Hansdotter som har vore gift med ein Christen og har ei dotter

 

  • Maren Christensdatter, død og efterladt sig 1 søn, sc Jacob boer her i byen og gift.


3. Førebels namnlaus Hansdotter som har vore gift med ein Erik og har ei dotter

 

  • Anna Maria Erichsdatter, død og efterladt sig 2 sønner og 1 datter, navnlig Erich, Morten og Barbra, myndige og her i byen boende.


Den observante lesar vil her sikkert innvende at det slett ikkje er sikkert at vi har 3 namnlause Hansdøtre her. To av dei kan kanskje slåast i hop til EI som har vore gift med 2 menn – eller skal vi kanskje endåtil slå saman alle tre? Dette kan eg ikkje seie noko om endå.


4. Agnete – busett på Eid og gift med Jens Biering og seinare Didrik Madsson frå Eide i Gloppen; hennar to døtre blir presenterte slik i skiftet:

 

- Cathrina Biering, enke og her i byen boende.

- Regisa, gift med Capitain Bejer.


Usikker plass i rekkja: førebels namnlaus Hansdtr som har vore gift med ein Peder, og som er mor til arvelataren Anna Pedersdtr.


Også usikker plass: Karen – nemnd i bygdeboka for Eid, der det står at ho fekk eit skøyte i 1722; dette har eg ikkje funne. Merk at ho, OM ho eksisterer, kan vere identisk med minst ei av dei namnlause som eg har lista opp ovanfor.

 

PUH – det var det eg hadde så langt. Velbekomme.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Rune Thorstensen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Bare en liten kommentar, Susanna Absalonsdtrs 2 døtre er nevnt på neste side, nemlig Maria Becher og Dorte Becher

Aase R Sæther - Gloppen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

37 minutter siden, svein rindedal skrev:

Bare en liten kommentar, Susanna Absalonsdtrs 2 døtre er nevnt på neste side, nemlig Maria Becher og Dorte Becher

Ja, eg fann dei nettopp sjølv, så dei skal eg redigere inn :-)

 

Elles er dessverre arvereglane slik at kvar av dei mannlege arvingane får ein broderlodd og dei kvinnelege får ein systerlodd. Hadde arven i staden blitt delt ut på dei opphavlege syskengreinene fyrst (som dagens reglar), hadde vi kunna rekne ut kor mange systre det var snakk om.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Rune Thorstensen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jeg finner en Jørgen Blyt født før dette skiftet. Den 12.03.1719 døper Hans Blyt og Emmerentze Michelsdtr. en sønn Jørgen i Domkirken i Bergen.Samme par døper en datter Rebecca13.08.1724 og en datter Margrethe 28.01.1729.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

På GENI blir kvinne nr 1 (Blyt-greina) kalla Margrethe - gift med Hans Hansson Blyt - kan det dokumenterast? 

 

Eg tykkjer det er vanskeleg å tidfeste desse Blyt-ane, så muleg denne Hans som du har funne, er i seinare generasjonar, td etter Abelone? Eg må nok legge dei inn i slektsprogrammet mitt slik at det blir lettare å forstå kven som er kven. Men kvelden er lang..

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Rune Thorstensen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Jeg finner en Cornelius Blyt gift med en Anne Margrethe Michelsdtr. som får 10 barn som jeg finner hvorav 8 stemmer med de du har oppgitt under punkt 1 i innlegg 59. Disse barne er født mellom 1719 og 1735. Dersom dette er den rette Cornelius Blyt, så skulle altså han igjen være sønn av en Birthe Blyt. Da begynner vi å bevege oss ned på 1600 tallet.

 

Jeg begynner å tro at det må ha vært en sønn Hans som mangler i oversikten over barna etter Hans Hansen Lemmichen. 

 

Videre finner jeg en Jørgen Holmer som får mange barn med en Margrethe Blytt, der iblant Jan, Elen og Maren.

De giftet seg 26.09.1725 i Nykirken. Der er alle barna også døpt. Og jeg skal prøve å sjekke databasen over døpte i Nykirken med fadre 1700-1780 i håp om å se noen kjente navn blant dem.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg har også vore innom ein eventuell son Hans, men frå og med Blyt er vi over i kvinneled; Det står Af søstrene til overskrift. Sjølv om det ikkje gjev utslag for kva arvingane fekk, vil eg tru at det må vere rett.

Rune Thorstensen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

I fare for å skape mer forvirring. Dette fant jeg blant fadderne.

Jacob Lemmichen, Birthe, Cornelius, Hans, Emmerentze, Anna, Petter, Abelone, Birgitta, Michael, Ole, og Jørgen Blytt. Dessuten Margrethe Corneliadtr. Blytt, Ane Margrete, sal Cornel Blytts, Hans Pettersen Blytt og Michel Corneliussen Blytt.

 

Problemet er at jeg ikke finner en eneste far med etternavn Blytt før 1719 i Domkirken. Dessverre er kirkeboka for Domkirken før den tid borte.I i databasen over døpte i Bergen finner jeg ingen før 1719 uansett vilket kirkesogn.

Endret av Rune Thorstensen
Aase R Sæther - Gloppen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Her har vi eit ekteskap i 1725 mellom Jørgen Holmer og Margrethe "Plyt" - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000196430

 

Då kan vi i alle fall fastslå at vi skal omlag til 1700 for å finne Margrethe fødd; faren Hans bør då vere fødd på 1670-talet, og den namnlause Lemmichen-mora kanskje på 1650-talet.

 

Og kanskje kan dette vere vår Hans - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/37/pc00000000021145 - Hans Petterson?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Rune Thorstensen liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ja du finner den vielsen i innlegg 84, dog uten lenke.

Jeg har tenkt i de samme baner som deg, og dersom det er slik det forholder seg, vil vi få store problemer med å dokumentere det. Som nevnt finner jeg ingen dåp i Bergen før 1719 med far som har et navn som inneholde Bly.... I den grad de har vært der må de ha vært i Domkirken og der er kirkeboken over døpte borte fra tiden før 1719.

 

Jeg har sjekket koppskatten i Bergen 1675, 83 og 89 og først i 1689 finner jeg en Peter Blytt, men ingen Hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Slik det ser ut no, vil det då vere denne "Peter Blytt" som har vore gift med ei Lemmichen. Men som du også antydar - det er langt mellom kjeldene på denne tida!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Aha - fødd i Nordfjord altså - dette luktar i alle fall av fugl.

 

Men her er 2 borgarskap her - skomakaren Hans Blyt i 1705 og mestergullsmeden Hans Petterson Blyt i 1711; det er vel neppe den same? Og kven av dei skal vi konsentrere oss om?

 

På Geni blir skomakaren kalla Hans HANSSON.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Margreta og Apollone - ja, då har vi i alle fall rette paret. Synd dei ikkje har spandert eit farsnamn på han. Takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Når det gjelder Hans Pettersen Blydt er det nærliggende å tro at han er sønn til den Peter Hansen Blydt som tok Borgerskap i 1682.

 

Om du går til avansert personsøk og skriver inn etternavnet Bly* og angir tidsrommet til venstre til 1650-1750 og velger område Vestlandet (Rogaland,Hordaland,Sogn og Fjordane og møre og Romsdal) får du opp mange personer, bl.a mange av dem som var nevnt i skiftet.

 

Men nå prøver jeg heller å finne sengen min, så får jeg fortsette jakten i søvne  ;-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!


Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.


Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive